Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av FU

  1. Som antyda i trådstarten er det ein del folk her som har ein tanke mannevonde kjensler knytt til turisthytter generelt og særleg enkelte spesielt, som også ein annan nyleg oppretta tråd illustrerer godt... Men takkar for mange gode tips om hytter folk har likt seg på så langt! Sjølv set eg stor pris på hyttene, både dei sjølvbetjente og betjente.
  2. Eg var på Memurubu 19-20. juli. Då var det greit ver, men ikkje spesielt varmt. Ein eldre kar på trappa, tydlegvis heimehøyrande på Memurubu, såg fram til august, då kom det til å bli så varmt at det ikkje var å halde ut der...men snøen kom han kanskje i forkjøpet i år?? Det var forøvrig litt nysnø på toppen av Surtningssue 20. juli i år. Det er vel no ein gong slik at ein må kalkulere med nynsø til fjells når som helst på året, i alle fall når det blir nokre høgdemeter. Men er ikkje det berre fascinerande??
  3. Dette var jo litt off-topic...men skotsikre ryggsekkar hadde sikkert vore greit å ha for friluftsfolk også no når jakta byrjar...med tanke på at det finst jegrar der ute som ikkje klarer å sjå forskjell på traktorar og elgar...
  4. Enkelte her inne forbanner alt som heiter turisthytter, og nokre hytter i særdelesheit (utan å nemne namn på hytter). Men enkelte av oss synes turisthytter kan vere hyggeleg, og eg ønsker gjerne tips om (betjente) hytter som er spesielt hyggelege å kome til. Sjølv var eg blant anna på Stigstuv turisthytte i sommar, og satte veldig pris på den. Hytta er ikkje spesielt stor, og me var uvanleg få gjester på hytta den dagen eg var der (berre fire!), noko som sjølvsagt gjorde at vertskapet fekk god til til gjestene, og til å fortelje om hytta, historia til hytta og om området. Trass i få gjester fekk me svært god mat (fjellaure), til dømes i motsetnad til Krækkja kvelden før der me fekk innbakt sei (klassiske fjellmat...?). Har andre tips om hyggelege turisthytter? Kva gjorde hytta hyggeleg?
  5. Om du gidd å bere opp kasser med øl på Fanaråkhytta, sel dei sikkert... Guiden på Galdhøpiggen hadde vel "gløymt" å skaffe seg skjenkeløyve...?
  6. Ja, god tur til deg!! Du skriv veldig fine rapportar, uansett kva fjell du er i, håpar me får meir av det!
  7. Mayhassen - du er ung, du har tid til å bruke litt lenger tid på å nå enkelte av desse toppane...tenk kor kjedeleg det blir den dagen (før du er 30!?) du har tatt alle over 2000?? Må elles seie at eg er imponert over turane dine, ikkje minst den du hadde over Hardangervidda!
  8. I wrote a long answear that disapperad somewhere....so here is a shorter one...: Prepare for cold weather in Norway any time of year! I assume you are equipped for hiking! If not, then I would say forget it and rather enjoy the very nice view you get just driving across the mountain! Fanaraaken is not a big deal in good weather. It is steep, but never any where near scary or anything. How many hours depends on how fit you are of course... Maybe someone else can give you a hint for a short walk for a few hours in the area?
  9. Maybe Fanaråken could be a good choice? You can park the car by the road between Gaupne and Lom at Turtagrø. http://www.turistforeningen.no/fannarakhytta/cabin.php?ca_id=29&fo_id=3582〈=eng
  10. FU

    Mygg tips

    Eit effektivt myggtips frå Finnmark eg såg på tv i går var ein blanding av tjære og fløyte...
  11. FU

    Fiske Hardangervidda

    Eg reknar i alle fall med området vest for Veigdalen (og vidare mot Litlos) som Vestvidda.
  12. FU

    tur i Jotunheimen

    På alle sjølvbetjente hytter i heile Norge (DNT-hytter) kan du betale med kort, dvs. du fyller ut ein eingongsfullmakt der du fører opp losji og det du tar ut av proviant, skriv kontonummeret ditt (ikkje VISA-nummeret, sjølv om du også kan bruke det), skriv under og legg fullmakten i ei kasse/safe. På betjente hytter reknar eg med du kan bruke kort alle stader, evt. med ei liknande ordning med fullmaktar. Eg pleier i alle fall ikkje dra med meg kontantar på tur.
  13. Og kano er ingen hindring... http://www.bt.no/lokalt/article383172.ece
  14. Gjer som tyskaren, her er det både bart og tørrt!! http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1883473.ece
  15. Tromsdalstinden er visst i ferd med å bli seld til investorar: http://e24.no/naeringsliv/article1869839.ece Kva for eit fjell kunne folk på Fjellforum tenkt seg å eigd sjølv??
  16. FU

    Bergen-Stryn

    Langs hovudvegen (inkludert tunellar) er det i følge Visveg.no 300 km frå Bergen til Stryn. Går du med 6km/t i snitt vil det ta 50 timar utan pause. Om du går til dømes sju timar kvar dag (ikkje inkludert pausar - dvs 35 km dagen), vil det ta akkurat ei veke og éin time... Skal du unngå tunellane, og evt. måtte gå over nokre fjell, tar det jo straks lengre tid.
  17. Eller det er ein ein RBK-supportar med ølvom som lurer på korleis han skal kome seg ned...?
  18. Finn ikkje så veldig mykje boss rundt om i fjellet, men stadig vekk tomme haglpatroner...Har lurt litt på kor vanleg det er blant jegrar å plukke opp patronene.
  19. På Glittertinden er det stort sett berre å vandre i veg. Er det lite snø, kan det bli litt isete på toppen. Men breførar er i alle fall ikkje nødvendig.
  20. På Vossestrand ligg Asbjørgsdalseggi.
  21. Har ikkje vore på Vikafjellet i år, men det er mykje snø i området for tida. Eg gjekk Gråsida-Ulvaskaret-Rapjahalsen i dag, og på sjølve Gråsida mot Timaglaset og vidare mot Slåttebakkhorgi var det nesten heilt kvitt og flott skiføre. Eg gjekk i same området i fjor 1. juli, og då var det så godt som snøfritt.
  22. Kjerringafjellet heiter det fleire stader, men det er altså ikkje eit namn sånn sett. Elles finst jo Kalda-Kari i Breheimen og Ingebjørgfjellet i Granvin.
  23. Er einig med ski i at Hardangervidda er eit godt alternativ. Litt skeptisk til å gå Dyranut-Sandhaug. Det er frykteleg kjedeleg etappe, delvis langs grusveg og delvis ganske paddeflatt. Kanskje båtruta inn Halnefjorden kan vere alternativ? Eller kva med å gå rundt Hardangerjøkulen? Finse-Rembesdalsseter-Kjeldebu-Finse, evt. Krækkja som ekstra stopp på vegen? Telt er sikkert ok, men det blir jo tungt å bere på saman med kokeutstyr etc. Eg ville nok heller ha satsa på turisthytter sidan dette er første gong med fjelltur over fleire dagar. Kan jo vere greit å finne ut om det å gå slik i fleire dagar er kjekt før ein lesser seg ned med tung oppakning. Joggesko trur eg ikkje eg ville ha satsa på, sjølv med hytte-til-hytte sekk. Godt fottøy er minst halve turen. Når det gjeld hund på turisthyttene er det vel litt ulik praksis rundt om? Det luraste er nok å ta kontakt med dnt og spørje, dei har oversikten over kva hytter som er "hundevennlege".
  24. Meteogrammet på yr.no manglar éin ting som dei kommersielle meteogramma til met har, nemleg skyhøgd. Det er stor forskjell på overskya ver med høgt og lågt skydekke...
  25. Met og NRK har saman lansert ein ny verteneste på nettet som ser veldig bra ut, blant anna med meteogram for stort sett alle stader i landet. Det er ein beta-versjon førebels, så det kan vere litt feil enno. Her med eksempel frå Leirvassbu: http://www.yr.no/stad/Noreg/Oppland/Lom/Leirvassbu/time_for_time.html
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.