Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av FU

  1. Det er mykje det går an å irritere seg over her i verden, men her synes eg nesten du er litt overkreativ Dag-G. Når det først står ei hytte utpå fjellet ein stad, har eg litt vondt for å skjønne at eit solcellepanel på veggen gjer den store forskjellen. Men hytta kjenner eg ikkje...
  2. Han er vel stabssjef på Statsministerens kontor. Men Turi og Schjøtt Pedersen seier vel to ulike ting her. Turi har fått den geniale ideen å gjere guiding påbode i følge sitatet ditt. Schjøtt Pedersen seier jo ikkje noko anna enn generelle frasar om at kursing av guidar er ein god ide. Og det er jo forsåvidt vanskeleg å vere usamd i. Men det er eit langt stykke frå å kurse guidar til å gjere guidar påbode. Blei det nemnt kva poenget skulle vere, bortsett frå å tene pengar? Obligatorisk guiding kan eg ha forståing for i område som er spesielt sårbart for ferdsel, men det er fint få stader på Fastlandsnorge der det er aktuelt. På Finnmarksvidda er det ikkje folkeferdsel som er problemet, men ein reinbestand ute av kontroll og med tilhøyrande motorisert ferdsel like mykje ute av kontroll.
  3. Ja, det er nok det... Hytta var viktig for turistskyssinga over breen i hine hårde dagar (før første verdskrigen), og like ved hytta ligg fortsatt ein slede som blei brukt til det (sjå biletet under).
  4. Hytte med lange tradisjonar, men kva for ei hytte er det?
  5. Turnerhytten på Ulriken.
  6. Det finst tydlegvis to posisjonar her inne når det gjeld klimadebatten og følgjene av den. 1) Det er best å handle no i tilfelle fleirtalet av vitskapsfolk har rett og at klimaendringane er menneskeskapte og 2) Det er best å IKKJE gjere noko med miljøutsleppa i tilfelle fleirtalet av vitskapsfolk tar feil og at klimaendringane ikkje (berre) er menneskeskapte. Eg for min del foretrekker å ta med skikkelege klede i fjellet når metereologane melder dårleg ver, trass i at det hender dei tar feil dei også. Men Svein foretrekker kanskje å springe ut i snøstorm kun iført kortbukse i rein trass mot vitskapsfolk som KAN ta feil...
  7. Dermizax skal ikkje impregnerast, i motsetnad til Gore-tex. Vedlikehaldsråda til Bergans gjeld difor ikkje for Gore-tex.
  8. Det finst ein del leverandørar av foto på lerret, som Allkopi, FotoKnudsen og Eurofoto (og sikkert fleire). Det er sikkert fleire enn meg som kunne tenke seg å prøve dette. Er det nokon som har erfaring med nokon av desse leverandørane? Blir det bra resultat?
  9. Nobelkomiteens bidrag til denne diskusjonen: http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/article2044697.ece
  10. Det var jo riktig det RobinM...rask respons! Dette var min andre tur på Iendafjellet, eit fjell eg har fått litt sansen for. Flott utsikt! Det var litt isete og noko nysnø opp frå Purkagjelet til toppen i går etter nokre dagar med minusgrader, men det gjekk greit. Returen gjekk stien vest om Byrkjefjellet frå Såtedalen.
  11. Prøver meg igjen her eg, dette biletet blei tatt i går. Kva fjell ser me og kor er biletet teke frå?
  12. At dei smeltar bort er normalt. Om måten (og farten) det skjer på no er normalt, er ei anna sak.
  13. Breane er ikkje frå istida eller levningar frå istida. Dei aller fleste smelta vekk ein eller fleire gonger etter istida. Først for 5-6000 år sidan byrja breane me kjenner i dag å vekse fram att på ny etter at klimaet vart kaldare. Den kraftigaste veksten for dagens isbrear skjedde under den "vesle istida" mellom 1650-1920. Sidan har det gått raskt tilbake. (Kjelde: Naturhistorisk vegbok for Hordaland). At dei "alltid" har smelta er med andre ord feil.
  14. Flotte bilete! Blir litt frustrert av at helge-veret har vore såpass dårleg denne hausten, blitt smått med slike fine haust-opplevingar. Skulle vore lærar, denne veke er det haustferie her i Bergen med flotte vermeldingar no midt i veka (og med dårleg melding til helga igjen...). Skobilete bør forøvrig ikkje undervurderast! Eg hadde mitt bidrag under hytte-quiz'en: https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=8529
  15. Eg har Forerunner, og er også fornøyd med den. Men den eignar seg betre til trening enn til lengre fjellturar pga batterikapasiteten. Litt avhengig av temperatur etc. varer batteriet mellom 5-10 timar. Batteri kan ikkje skiftast ut, men må ladast opp med straum (via pc eller støpsel).
  16. Grindaflethytta er heilt rett!
  17. Hytta til Lindap var visst litt vanskeleg, kanskje eit hint? I mellomtida prøver eg med ein ny...
  18. Hei Stuttjukken! Takk for fine turbeskrivelsar i området. Nettopp turen frå Vatnane til Dunevollen, og gjerne ned i Finnabotnen står på ønskelista for neste år, så dette sette eg pris på! Området er veldig flott og vel det mest spennande i Stølsheimen. (Elles var svaret sjølvsagt rett... )
  19. Nei, det er sikkert ikkje hytteregulert...men som du seier er det eit veldig gjestfritt vertsskap. Eg blei invitert inn på kaffi og kjeks då eg var der
  20. Legg ved svaret som bilete...
  21. Det er riktig Jarle. Det er eit imponerande anlegg han har fått til. At det er omdiskutert kjenner eg ikkje til, men såpass stort som det er, er vel det å vente.
  22. Dei er namngitt i lenka over. Om det er så feitt å vere bonde, kvifor blir du ikkje bonde? Det er tusenvis av gardsbruk som blir lagt ned kvart år, det er fritt fram!
  23. Dette er ikkje ei dnt-hytte, men velkjend i sitt område.
  24. Når du beskylder namngitte folk på den måten, så bør du også legge fram bevis for påstandane dine. Kvar er dei? For eg reknar med du har bevis og ikkje berre publiserer slarv??
  25. Tja, det var i alle fall snø i går, og vel også i dag. Nok snø til at det blei kaos for bilane i går i alle fall: http://www.hardanger-folkeblad.no/hfnyhende/article2997062.ece Eg trur nok du må rekne med snø, slik veret er no.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.