-
Innlegg
501 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av FU
-
Eg veit ikkje kva fjell dette er desverre, men har opplevd det same som du og gløymd kva eg har tatt bilete av... Det ser jo ut som det går nokre dalar (og fjordar?) her, ein på tvers i framkant av fjellet du spør om og ein inn til høgre i biletet. Kan det siste vere Osafjorden? I så fall kan fjellet til høgre vere Midtfjell og det i bakgrunnen Storeflåtten? Eg har aldri vore på Onen sjølv, og kjenner ikkje profilen til Storeflåtten frå denne sida. Berre ei gjetting frå mi side.
-
Ser ut som de har hatt ein flott tur! Eg tenkte i går kveld at eg kanskje skulle ta meg ein tur på Gulfjellet i dag, men kom meg aldri så langt...
-
Har ingen meining, men har tenkt å skaffe meg ei god gamal helsetrøye for å teste det ut. Eg er også litt nysgjerrig på evt. røynsle med det.
-
I juli/august bør ikkje snø vere noko problem, heller ikkje i dei vestlege delane der snøen ligg lengst. Med Bergen som utgangspunkt og ønske om å sleppe tur/retur er det jo naturleg å ta utgangspunkt i kollektivtrafikk, som tog til Finse eller buss mellom Eidfjord/Geilo eller til Haukeliseter (direkte frå Bergen). Hardangervidda nord/sør er jo fint, pass berre på å få med deler av Vestvidda. Flatvidda kan jo bli litt vel flat i lengden. Eit ruteforslag kan vere i desse traktene (med overnatting på hytter når det fristar): Finse-Krækkja-Raudhelleren-Mårbu-Lågaros-Besså-Litlos-Hadlaskard/Torehytten-Stavali-Kinsarvik
-
Eg var der i fjor på nyttårsaftan, og det var kjempefint der! Klart de må ha med ski! Hotellet kvistar rundruta om Klemsbu, ein flott tur om veret er ok. Elles går det jo an å gå andre turar i nærområdet. Fjellski er nok å foretrekke.
-
Dette er vel også litt avhengig av skiene bindingane er påmontert?? Går Fischer 109/Åsnes Nansen etc. ned i "trikkespor"?? Eg har Nansen, men ikkje prøvd trikkespor. Hjelper ikkje med skjærefjøl under bindingen når skia ikkje går ned i sporet...med mindre skiene også er oppbygd med skjærefjøler...
-
Jo, det som skal ned må først opp etc... Nei, det var ikkje meininga å starte den krigen der, men no er det vel gjort...beklager!
-
Spørsmålet om BC og 75mm minner meg litt om diskusjonane om Canon vs Nikon, PC vs. Mac, Hansa vs. (oppvaskvatnet) Ringnes - mange kjensler og klare meiningar om at det som passar meg også må passe andre best. Canon-Nikon og Hansa-Ringnes er kanskje mest smak og behag og gamal vane, PC Mac meir eit spørsmål om bruksområde i tillegg til smak og behag og gamal vane, og slik også med bindingar? Som Valencia skriv, mange foretrekker BC når det går mykje bortover, 75mm når det går mykje nedover.
-
Vestpå er det snø... I alle fall enkelte stader, som her under Finnbunuten på Voss i går søndag. Me får håpe på godt turver i jula!
-
norge på tvers fra bergen til oslo
FU svarte på sylvi_witter sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Det er fleire på forumet som har vore inne på tanken, og ruter er diskutert her: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=7178 -
Bruk av helikopter til dropp av skiløpere i fjellet....
FU svarte på askogvoll sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Er det eigenteg lov å drive "tulleflyging" over nasjonalparkar? Eg veit at t.d Ekstremsportveko på Voss har veldig strenge restriksjonar på å fly i Verdsarvområdet ved Nærøyfjorden og har også blitt nekta helikopterflying i området (det har blitt omgjort, men altså med store begrensingar). Er det verkeleg fritt fram for flyging i nasjonalparkane? -
Bruk av helikopter til dropp av skiløpere i fjellet....
FU svarte på askogvoll sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Om dei lander eller ikkje er jo irrelevant i for dei fleste, bråket er like ille. At Fri Flyt får lov å la helikopter rasere området lydmesig ein heil dag er vel kanskje heller ikkje verdas undergang. Men når Fri Flyt får lov, går det an å nekte nokon som helst andre....kva om helikopter ligg over fjellet kvar helg?? -
Bruk av helikopter til dropp av skiløpere i fjellet....
FU svarte på askogvoll sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Sjølvsagt bør helikopterflyging i fjellet avgrensast til det minimale, som forøvrig snøscooterkøyring også burde gjerast! Fril Flyt meg her og der, at dei synest at helikopterflyging til toppane er på sin plass seier vel det meste om Fri Flyt for mange av oss. Så askogvoll, eg er samd i din konklusjon! -
Hehe...meinte jo neste år sjølvsagt Nei, innan utgangen av hundreåret skulle det vere.
-
Dette var også ei av sakene i Dagsrevyen i kveld. Atle Nesje, professor og forskar ved Bjerknessenteret for klimaforskning viste til den sterke tilbaketrekkinga av breane og meinte at det meste av norske isbrear var vekke innan utgangen av året om det held fram på same viset.
-
Det vanlege er vel at rutene blir kvista til påske. Enkelte stader kanskje også til vinterferien? Påsken er neste år i veke 12, så frå helga 15./16. mars bør alle rutene vere kvista.
-
Trollheimen er tydlegvis eit par attraksjonar mindre: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_trondelag/1.4138839
-
Du skriv ikkje kor mange dagar du kan tenke deg å gå her, men det skulle vel vere nokre fine alternativ. Eg har ikkje sjølv så mykje erfaring med (vestlege) delar av Stølsheimen vinterstid, men det bør vere fint å gå frå vest mot aust. Her er mange turisthytter å ta inn på undervegs. Turen kan gjerast litt kortare ved å ta inn til Steinsland i Modalen og gå opp derifrå f.eks til Åsedalen og så vidare sørvestover mot Voss (evt. Vikafjellet). Eller kva med å ta bussen opp på Vikafjellet og gå til Åsedalen, evt. vidare mot vest over Urdeggi til Solrenningane og tilbake dalføret og til Selhamarhytta-Torvedalen-Volahytta og over Lønahorgi til Voss der bilen kan stå. Er du avhengig av eigen bil går det an å køyre ti Trefall i Eksingedalen og gå inn til Åsedalen, så til Selhamar-Torvedalen og retur til Eksingedalen. Vikafjellet kan også vere utgangspunkt, eller Engjaland ved Vinje. Køyrer du til Vikafjellet kan du til dømes gå inn Sendedalen og ta opp Tverrgavlane og ned Torvedalen til Torvedalshytta. Derifrå via Selhamarhytta til Åsedalen (og evt. ta ein tur til Solrenningen). Frå Åsedalen kan du gå over Tindafarangen til Rappen og Bjergane og tilbake til Vikafjellet og bilen.
-
Hendinga på Fanaraaken har vore omtalt her før: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=3225
-
Kanskje du skulle invitert ho på skitur til Stryn eller Rondane...? http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=177067
-
No må me vel rekne med å treffe på Katie Melua på turisthyttene framover. Kanskje best å gjere gitar til standard utrustning, hadde sikkert vore hyggeleg med innlagte Melua-konsertar på små sjølvbetjente hytter kring om... Ho er jo ikkje heilt ukjent med konsertar på litt avsidesliggande og sære plassar i Norge (som i foten av Troll-plattformen): http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/301827
-
Om ein bruker storleiken på isbreane som kriterie vil tidfestinga av den vesle istida variere frå område til område. Folgefonna nådde si største utbreiing på byrjinga av 1900-talet, medan dette skjedde mykje tidlegare f.eks. på Jostedalsbreen. Det har vel noko med nedbørsmønster å gjere?
-
Dette er vel ikkje heilt uvanleg, vel? Hyttereglementet til DnT oppmoder jo også om å tenke på dei som kjem seinare: "Fyr i ovnen med fornuft og varsomhet. Vedtransportene opp til hyttene er tunge og kostbare. Legg frem opptenningsved til nestemann som kommer før du reiser."
-
Nok ein dramatisk tur... Må berre få skryte av bileta du tar. Utruleg flotte!!
-
Det er ein som hevdar han såg bjørn i Sunnfjord på fredag: http://www.bt.no/dyr/article428098.ece I papirutgåva til Bergens Tidende har han uttalt at han følte seg så trua at han hadde skote om bjørnen hadde kome noko særleg nærmare enn 100 meter.