-
Innlegg
501 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av FU
-
Kanskje et fy-emne, men: Høyest med bil i Europa?
FU svarte på Ole-Petter sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det høgaste ein bil har vore i Norge er forøvrig på Galdhøpiggen! Det var i 1932, og ein film frå turen kan sjåast hjå NRK: http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/109983 -
Akkurat det er vel litt individuelt? Det vil eg tru kjem an på eigne røynsle og praksis. Mayhassen har beskrive ein tur over Hardangervidda med truger, sjølv om han har eit par-tre gir meir enn dei fleste av oss...: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=7794&highlight=mayhassen
-
Det er masse snø i fjellet for tida, inkludert Stølsheimen! Du skriv du vil gå på truger, sjølv om eg trur at ski vil vere mest praktisk. Når du ikkje vil bruke bil, bør jo bussen over Vikafjellet vere sentral. Vikafjellet er jo litt usikkert, det varierer kor ope det er, men Fjord1 køyrer når det er ope: http://www.ruteinfo.net/ruter-f1/t/23-503.htm Du kan jo gå inn Sendedalen og mot Selhamarhytta (men unngå hytta om du har telt), eller starte ved Skjelingavatnet og gå mot Rappen. Neste etappe kan bli i retning av Åsedalen (der det også er turisthytte, men den kan jo unngåast...). Kor lange etappane kan bli med truger er eg litt usikker på, med ski når du jo langt. Frå Åsedalen mot Solrenningen er jo turen over Urdanipa meir spennande enn langs dalane, du får eit flott utsyn mot Sognefjorden og Vangsnes undervegs. Korleis det er med kollektivtransport lenger vest er eg usikker på. Kjem du deg fram til europavegen går det jo bussar der direkte til Bergen. Modalen har jo også bussruter, men desse kjenner eg ikkje. Eg trur eg ville ha snakka med Bergen Turlag, dette er jo kjerneområdet deira, og dei har sikkert masse kunnskap å dele, både når det gjeld ruteval og praktiske ting som bussruter og andre kollektivttilbod.
-
Her er det berre å bretta opp erma på skjorta og skrangle saman ein dugnadsgjeng og gjere som dei gjorde i Ffynnon Garw (Wales)... http://en.wikipedia.org/wiki/The_Englishman_Who_Went_Up_a_Hill_But_Came_Down_a_Mountain
-
Har lyst på softshell-jakke og tenker mest på Arcteryx Gamma MX. Er vel trygg på at det vil vere eit godt kjøp. Men kva med Arcteryx Sigma? Nokon som har røynsle med den?
-
Snøforhold på Gullfjellet ved Bergen
FU svarte på fjellogfjordtaus sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Pudderføre frå parkeringa ved Osavatnet og til Gulfjellstoppen i dag. Gjekk siste resten (frå Svartavatnet) og ned att til parkeringa då det var blitt litt for mykje grus i løypa til min (og skia mine sin) smak. -
Eg var med å skreiv Bergen Turlags historie for eit par år sidan, og scanna for min eigen del dei første årbøkene. Det er nokre spennande artiklar der som kanskje andre også kan ha interesse av?: http://dokkeveien.uib.no/frode/bt/
-
Det første (motivet) var heilt presist! Men det andre berre delvis. Biletet er tatt frå Grønahorgi på Gråsida. Fleire bilete frå turen kan sjåast her (22. mars): http://www.vossnow.net/ (Eg er han i blå Bergans)
-
-
Hva er vitsen med kart og kompass når en har GPS ?
FU svarte på Disip sitt emne i Navigasjon og elektronikk
Kart og kompass treng ikkje batteri...og virker alltid. Eg fekk meg ny gps i haust, den virka i fint - i éin dag før den konka ut. Det var god support der eg kjøpte den, og ny gps var i hus nokre dagar seinare. Men god support er lite hjelp når du står i snørstorm langt til fjells og gps'en har slutta å virke. -
Hardangervidda(Finse - Haukeli), 18-25. April. Litt hjelp angående rute.
FU svarte på Alsaker sitt emne i Fjellvandring
Forstod ikkje heilt dette valet. Er det meininga å gå (den relativt korte strekninga) nordover igjen til Trondsbu før de held fram sørover? Det vil jo bli tilbake akkurat same vegen som de kom dagen før frå Kjeldebu. Du kan med andre ord kutte ut etappe 3 og heller gå frå Sandhaug til Litlos den dagen. -
Dette er ein flott tur, og Vossaskavlen skal ikkje by på problem (i fint ver). Isøks eller anna breutstyr er ikkje nødvendig. Det er ikkje kvista, men det står nokre jernstenger enkelte stader. Her er eit bilete tatt oppå skavlen: http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=00042_RJ Nedkøyringa er ikkje spesielt bratt, du ser den her: http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=00043_RJ
-
Som det står på DNT sine heimesider: http://www.turistforeningen.no/index.php?fo_id=3814
-
Snøen ligg lenger på vestvidda enn på austvidda. Akkurat når det er høveleg å gå på vestvidda varierer jo ein del frå år til år. I fjor låg snøen lenge, i 2006 var det veldig fint å gå der i byrjinga av juli. Korleis det blir i år er jo uråd å seie. Ruta frå Litlos til Kinsarvik er grei og flott! Korleis det er frå Mogen til Litlos opp langs Kvenna kunne eg tenkt meg å fått informasjon om sjølv! Kvennavassdraget er jo svært med stor vassføring og vel uråd å krysse. Bruer finst vel ikkje og det er vel også ein del sideelver som skaper problem? Hadde vore interessant å høyrt eventuelle erfaringar med å gå langs Kvenna.
-
Veit ikkje om det er ein generell oppgradering eller ikkje, men http://www.norgei3d.no/ må eg seie imponerer meg veldig i presisjon på topografisk attgjeving i 3d. I ettermiddag blei Bergen med alle hus lansert, også veldig imponerande. I fjellområde eg har sett på er 3d-attgjevinga veldig realistisk. Det er nesten som ein ikkje treng å gå på tur lenger...
-
Det var vel ikkje noko bombe at aske i dassen utløyste brannen. Skal som oftast noko til at ein dass byrjer å brenne utan tilførsle av varme.
-
Eg har også ein 60csx som eg er veldig fornøyd med. Men det er jo kome ein ny Garmin-modell: Colorado. Nokon som er prøvd den? http://www8.garmin.com/ces/colorado/index.html
-
http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article2217161.ece
-
Det hadde vore nyttig på mange måtar! Men; faren er vel kanskje at enkelte vil stole for mykje på gps og innlagde spor og ikkje vurdere ruter tilstrekkeleg sjølv. Det er til dømes stor forskjell å gå enkelte ruter når det er vått og sleipt eller kanskje is, enn tørre, fine sommardagar. Men med ein tilstrekkeleg tydeleg "Disclaimer" og advarsel er kanskje ikkje det problemet verre enn at ideen er god?
-
Bergen Turlag melder om fine forhold i Bergsdalen no: http://www.bergen-turlag.no/article.php?fo_id=198&ar_id=13479
-
Min erfaring med smørefrie ski er at dei (i mitt tilfelle Fischer E99) fungerer veldig fint på vårføre når snøen er fuktig. Er det veldig bratt vil sjølvsagt feller vere nyttige også på smørefrie ski. På hardt føre gir smørefrie ski dårleg feste. Før jul skaffa eg meg også Åsnes Nansen med kortfeller. Desse har eg ikkje fått testa ut skikkeleg, men så langt er inntrykket at ski med kortfeller oppfører seg litt som godt smurte ski. God heng i oppoverbakkar som ikkje er svært bratte, behov for langfeller når det blir skikkeleg bratt. Sjølve låssystemet har fungert greit for meg så langt, men korleis dei fungerer etter lengre bruk veit eg ikkje.
-
Takk for svar! Eg kjøpte denne i dag og prøvde den ut på kveldstur i mørket over Gullsteinen og Løvstakken (i Bergen) i kveld. Har ikkje erfaring med andre tilsvarande lykter og kan difor ikkje samanlikne. Men eg syntes den fungerte greit og gjorde det til ein flott tur! Var også deilig å vere heilt aleine i eit området det til vanleg er ganske mange andre ute og går.
-
Tenkte eg skulle kjøpe hovudlykta Petzl Myo XP i Bergen i dag, men fann ikkje den nokon stad. Vart på min veg tilrådd Black Diamond Icon (http://www.ute.no/vare/66/382.html). Nokon som har røynsle med denne (kontra Myo)?
-
Hehe, nei då kjøper eg greit din konklusjon her! Blir spennande å sjå om nokon har svaret på dette.
-
Har ikkje førstehandskjennskap til snøtilhøva på Mjølfjell, men like høgt i Myrkdalen er det i alle fall masse snø. Eg ville ringt til Mjølfjell Servicesenter på telefon 56518120 og fått høyrt med dei som er på staden.