Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av FU

  1. På denne tida av året er breen fri for sprekker slik at ski er tilstrekkeleg. Det vanlege er vel éi overnatting undervegs, og mange overnattar på Holmaskjer-hytta eller Fonnabu. Om du søker etter "Folgefonna på langs" på google, får du fleire treff, blant anna desse: http://www.folgefonni-breforarlag.no/turar/skitur.htm og ein annan tråd på Fjellforum: https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=13621
  2. Veldig bra! Eg har vore skeptisk til yr.no fordi det har formidla vervarsel utan å oppgi kor sikre varsla er. Dette hjelper i planlegginga. Så får me sjå kor sikre varsla om kor sikre varsla er...
  3. Som eg nemnde først, så gjeld åndsverklova uavhengig av kva "klistrelappar" ein set på biletet (som copyright) eller om ein skriv at biletet berre må brukast etter avtale. Opphavsmannen er som du skriv suveren. Men det er også nyansar her, som privat bruk og sitat. Det er klart at det burde vore oppgitt kvar biletet kom frå først i denne tråden, eller aller enklast: link til biletet der det var publisert.
  4. Copyright finns ikkje i Norge eller i norsk regelverk, det er ein amerikansk greie. Å sette copyright-symbolet på bilete er kun til pynt Derimot gjeld åndsverklova i Norge. Den slår fast at opphavsmann har rettane til åndsverk, som t.d. eit bilete, uavhengig av om dette er presisert på noko vis. Så lenge det ikkje står at åndsverket er til fri bruk, er det underlagt åndsverklova. GeirMU kan trygt bruke biletet som skrivebordsbakgrunn. Åndsverklova tillater privat bruk av åndsverk: "§ 12. Når det ikke skjer i ervervsøyemed, kan enkelte eksemplar av et offentliggjort verk fremstilles til privat bruk. Slike eksemplar må ikke utnyttes i annet øyemed." I tillegg er det lov å bruke å sitere frå åndsverk offentleg: "Sitat. § 22. Det er tillatt å sitere fra et offentliggjort verk i samsvar med god skikk og i den utstrekning formålet betinger." Definisjonen på eit sitat er litt problematisk når det gjeld bilete, men må vel kanskje knytast til kvaliteten (oppløysinga) på biletet? I dette tilfellet synes eg bruken av biletet (som no er fjerna, så oppløysinga etc. har eg ingen ide om) liknar mest på sitatbruk med formål om å finne opphavsperson/situasjon. Reaksjonen til Fjellfinn var også noko snodig ettersom han sjølv har lasta biletet opp her og der biletet tilsynelatande hadde til formål å vekke interesse for eit fjellområde.
  5. Tja, korleis synes du den nedlatande tonen overfor programleiarane og det dei driv med høver i forhold til f.eks desse paragrafane: Du skal ikke tro at du er noe. Du skal ikke tro at du duger til noe. Du skal ikke tro at du kan lære oss noe. Sidan det var du som drog inn jantelova...
  6. Eg prøvde å antyde at Dag G var den rette til å snakke om jantelov som sjølv innleiingsvis demonstrerer intim kjennskap til praktiseringa av den. etc...
  7. Den som fisen først blei var, han er fisens rette far. Jamfør trådstarten.
  8. Oppdatering: Arcteryx Canada svarte: "I am sorry to hear that you are experiencing problems with your Gamma MX jacket. It sounds like it is an issue that should be covered by our warranty. " Etter å ha fyllt ut eit skjema fekk eg ein RA (Repair Authorization) number og kan sende jakka til Nederland...Arcteryx tar i alle fall ansvar, i motsetnad til Norsk Fjellsport.
  9. Har akkurat sendt ein epost direkte til Arcteryx sin "Warranty"-epost og spurt om dette er offisielt Arcteryx-syn. Så får me sjå... Må vedgå at eg trudde servicen til Arcteryx i Norge var betre enn dette. Hjå Bergans er det aldri problem.
  10. Alt som tåler vatn tåler Milo...? Jakka låg ikkje så lenge, og den byrja å farge av ganske umiddelbart.
  11. I fjor sommar kjøpte eg ei softshelljakke frå Arcteryx; Gamma MX Jacket til 3000 kroner. Den er ikkje så veldig mykje brukt og handvaska to gonger med Milo. Begge gongene blei vaskevatnet mørkt og jakka har blitt falma, særleg på ryggen. Har brukt sekk berre nokre få gonger med jakka. Eg leverte inn jakka til forhandlaren i Bergen som meinte det ikkje skulle vere slik og at det var reklamasjon. Men Norsk Fjellsport AS, som tydlegvis handterer reklamasjonar for Arcteryx i Norge, meinte det ikkje var reklamasjon. Ifølge dei skal ikkje Polartec-materialet, som jakka er laga av, tåle spesielt mykje bruk før jakka mister fargen. Dette var heilt normalt. Fleire som opplever at softshell-jakker til Arcteryx (og andre Polartec-produkt) ikkje tåler å bli brukt eller å bli handvaska?
  12. Amundsen har aldri gått til Nordpolen. Han gjekk til Sørpolen. Men han har brukt moderne teknologi, først flyforsøk på å nå Nordpolen, seinare passerte han Nordpolen med luftskip. Han var altså veldig high-tec i si tid, og hadde nok også tatt i bruk det mest high-tec som er å få tak i i dag ved tilsvarande ekspedisjonar. Trur eg...
  13. Det stemmer også!
  14. Kva med denne (ubetjente) DNT-hytta?
  15. FU

    Noko for Norge?

    http://www.vg.no/reise/artikkel.php?artid=517542 Eigne T-merka ruter kanskje?
  16. Der kom den!
  17. Her var det visst ein quiz frå august som enno ikkje er løyst. Som litt ekstra hjelp legg eg inn utsikt frå toppen.
  18. Området Geb nemner trur eg er fint. Kva med Osterøy og Vestrevatnet? http://maps.google.com/maps?f=q&hl=nn&geocode=&q=vestrevatnet&sll=60.551709,5.587921&sspn=0.079669,0.219727&ie=UTF8&ll=60.561835,5.589981&spn=0.079644,0.219727&z=12&iwloc=addr Men der er det vel ikkje kanoutleige...
  19. Hardangervidda frå Finse til Haukelisæter? Eller omvendt...? Folgefonna på langs er jo også ein fin tur, men det skal godt gjerast å bruke fire dagar på det!
  20. Det var no ei pingle av ein sjåfør de møtte ved Fanaråken. Det var tøffare sjåførar før, slik som denne som køyrde heilt til Galdhøpiggen i 1932! Ein film frå turen kan sjåast hjå NRK: http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/109983
  21. Ruteboka er jo ein god stad å søke reiseinfo i: http://www.rutebok.no/ For Haukelisæter-Stavanger (litt usikker på om dette er lenke som er permanent): http://websrv4.reiseinfo.no/bin/query.exe/on?L=vs_rutebok&seqnr=2&ident=jw.01949386.1221076067&OK#focus Sjå også www.177.no
  22. FU

    Vær og værtegn

    Trekker derimot vær mot sau, fortrinnsvis søyene, er det fare for nattefrost. (Sidan dei helst styrer på utpå hausten/tidleg vinter). Beklager, kunne ikkje dy meg...
  23. Det er tydlegvis kome hoggorm på Hardangervidda: http://www.hardanger-folkeblad.no/hfnyhende/article3766313.ece Har andre truffe på "nye" dyr i fjellet som ikkje har vore så vanleg før?
  24. Eg vil også gjerne slutte meg til ønsket om mangfaldet! Eg trivst godt i fjellet utan å måtte klatre. Les litt av turrapportane som fjellsportarane driv med og lar meg fascinere av dei, sjølv om eg (kanskje?) ikkje kjem til å gå i fotspora. Forresten, kven veit, det er ikkje alltid like lett å avstå frå ei utfordring. Eg gjekk på tur med min gamle mattelærar frå Gymnaset i helga, han hugsar ikkje kor mange gonger han har vore på Storen, men har gått åtte ulike ruter i alt opp dit. Eg, med min høgdeskrekk, fekk litt lyst å prøve....kanskje eingong, og i mellomtida kan eg la meg inspirere av topptur-rapportane. Forresten hadde han ein interessant kommentar til drite-problemet på Besseggen, nemleg drite-problemet på Hjørnet. Er vel naturleg at enkelte slit med magen der kanskje...?
  25. Tja, det kan vel forfattarane sjølve svare for. Men gps'ar har sjølv varierande avvik, og om ein går med ansiktet inn i gps'en i tett skodde og går utfor eit stup fordi ein har fått oppgitt ein referanse som ligg 35 meter unna varden, så bør ein vel kanskje ikkje gå i skodde uansett??
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.