-
Innlegg
501 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av FU
-
Ein ny sak med utanlandske turistar som gir seg ut på noko i norske fjell dei aldri burde prøvd på...og som må reddast ned att: http://www.aftenbladet.no/lokalt/sirdalagder/1095692/Fire_funnet_i_god_behold_i_Hunnedalen.html
-
Ja, det er det. Flott "kyrkje".
-
I Sogn, men ikkje Nærøydalen.
-
-
Hadde nok vore spennande å stå på ski på sommarskisenteret då dette skjedde: http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Sjoeen-forsvann-paa-ei-natt-935136.html
-
Dømet over har vist at det å stole på media er risikoprosjekt, men det var også ein annan redningsaksjon i helga som for meg virkar temmeleg aktlaust. To tyske kvinner la ut frå Flåm i tretida om ettermiddagen for å gå til Grindaflethytta, ein tur som vel er oppgitt til 7 timar DNT-tid (altså utan pausar). Sola gjekk ned rundt kvart på åtte og halv ni, eller 5 1/2 time etter at dei la ut, var det mørkt. Kanskje hadde dei planlagt dette med hovudlykter, kva veit eg, men dei frann i alle fall ikkje fram og måtte flygast ut våte og kalde med helikopter morgonen, etter at Røde kors, Sivilforsvaret, Hovudredningssentralen i Sør Norge og politiet var mobilisert... http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article4595205.ece
-
Denne er dagens røvar også i dag (21. september) http://www.sportsnett.no/wsp/sportsnett/webon.cgi?func=show&table=PRODUCT&func_id=ARC005:DD&var_1=ARC005-01:DD
-
Her er eit bilete av teltplassen, tatt i fjor: http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=IMG_3906
-
Steike så dyrt det er å bruke turistforeningen hytter. Se eksempel!
FU svarte på kenny28 sitt emne i Generelt om friluftsliv
Eg har ingen ide om korleis inntektene blir fordelt/brukt, men det som haraldn skriv over er at 90 prosent går til DNT og at det skal dekke driften. Kva som ligg i det, veit eg heller ikkje, men kanskje at 10 prosent går til å lønne vertskapet? No er det litt forskjellig korleis belegget er, nokre hytter har mange, andre mindre. Men med 50 personar kvar natt i 3 månader som kvar legg att 1000 kroner pr døgn, så blir det brutto 450 000 kroner på vertskapet, før skatt...fordelt på to som oftast...(har ikkje rekna på moms etc.) Når realkapital som hyttene representerer skal vedlikehaldast, betjenting avlønnast, mat innkjøpast og transporterast etc etc, så ruller utgiftene. Synes det er snodig at det blir forventa å skulle få full pensjon langt til fjells til "telt-prisar". -
Steike så dyrt det er å bruke turistforeningen hytter. Se eksempel!
FU svarte på kenny28 sitt emne i Generelt om friluftsliv
Meiner du alle DNT sine hytter (ubetjente, sjølvbetjente, betjente), eller dei betjente? Trur ikkje det er så mykje profitt å hente akkurat når det gjeld alle dei sjølvbetjente og ubetjente hyttene, og dei er jo i det store fleirtalet. Kor mykje profitt det er å hente på dei betjente veit eg ikkje. Trur ikkje alle skjønner kva det kostar å drifte slike hytter, STORE pengar blir det vel knapt. For dyrt er det ikkje etter mi meining. Ein annan sak er om det bør vere slike hytter i fjellet, men det er eit heilt anna spørsmål og har ikkje noko med pris å gjere. -
Steike så dyrt det er å bruke turistforeningen hytter. Se eksempel!
FU svarte på kenny28 sitt emne i Generelt om friluftsliv
OK, ser at Stavanger turistforening skiller seg ut som ekstremt dyre samanlikna med andre turistforeningar for ikkje-medlemar: http://www.turistforeningen.no/files/Stavanger_Turistforening/Priser/Prisliste%20losji%2009.%20.pdf Du får finne deg andre turområde enn Stavanger sitt område då kanskje? Eller kjøpe telt... -
Steike så dyrt det er å bruke turistforeningen hytter. Se eksempel!
FU svarte på kenny28 sitt emne i Generelt om friluftsliv
Det står i prislistene, som denne: http://www.turistforeningen.no/sandhaug/article.php?fo_id=5390&ar_id=9667 Losji på 4-6-mannsrom kostar 125,- for barn (og de var vel fire?), frukost kostar 55,- Det blir 180,- SJølv synes eg ikkje det er spesielt dyrt. Når du vel å hyre deg inn med full pensjon inkludert 3 rettars middag, mange stader langt til fjells, så er det ganske billeg. Alternativet er jo som fleire nemner telt eller også sjølvbetjente hytter. -
Steike så dyrt det er å bruke turistforeningen hytter. Se eksempel!
FU svarte på kenny28 sitt emne i Generelt om friluftsliv
Det er eigne prisar for barn. Er dei født etter 2005 går dei gratis, mellom 1997-2005 til rabatterte prisar. Overnatting og frukost for barn blir til dømes 180 kroner...ikkje 425. Med to barn to netter, blir det 980 kroner mindre berre på det. -
Lokketilbud - eller får man Real Turmat til 19,- pr pakke?
FU svarte på Kjell Iver sitt emne i Generelt om friluftsliv
Eg fekk bestilt 30 pakker hjå XXL til 18 kroner... -
Kjøp deg ein stor leikeslange eller to, kanskje dei er like effektive mot skjor som mot måker? http://www.tv2nyhetene.no/innenriks/article1936159.ece
-
Duellen vol. 2: Blåskavlen (Aurland) vs. Vangsen (Luster)
FU svarte på Erling12 sitt emne i Turrapporter
Moderator si haldning til gamle "Tom" skjønner eg...men Tom er blitt eldre han også visst (og meir opptatt av fjellturar som er fokus i på fjellforum.net)...I alle fall har eg hatt stor glede av rapportane som er lagt ut, og duellen med poenggiving er morsom og interessant! Veldig gode turrapportar frå område utanfor Jotunheimen!mI Jotunheimen er vel snart kvar stein omtalt her...? -
Eg kjøpte eit Craft-sett til ein veldig billig penge, trur det var nedsett frå rundt 1000 til ca 300 kroner for eit års tid sidan. Eg trengte ei regnbukse til sykling, og den buksa er veldig bra og blir brukt elles når det regner. Jakka har eg aldri brukt, men den er sikkert ok den også....
-
Alt dette er jo litt avhengig av terrenget. Her på Vestlandet går det ofte i (lang)feller opp, og gliderpreparerte ski ned igjen...Med rett snø bruker eg gjerne smørefrie ski når terrenget er meir variert/kupert, elles smører eg. Smørefrie ski bråker litt meir og glir dårlegare, men med mindre griseri...Alt til sitt bruk...
-
Lite respons på Tøni sin quiz. Løfter den opp samtidig som eg legg ut ein ny quiz: Kva to fjell ser me rett fram her?
-
Denner er ein "bibel" for fjellturar i Hordaland, og etterkvart også for Sunnmøre. Den har også ein del om Sogn og Fjordane: http://www.westcoastpeaks.com/
-
Preparerte skispor over Folgefonnene? Nei. For å sitere Bjørn Eidsvåg: [...] Du må gå de sjøl men eg vil gå de med deg Eg vil gå de med deg Eg prøvde nemleg å gå Folgefonna på langs for eit par år sidan, men måtte avbryte turen ved Fonnabu pga kraftig uver. (http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/index.asp?Kriterie=2&sok=Nordre%20Folgefonna-Holmaskjer%2029.%20april%202006&alt=AND&Kriterie2=2&sok2=&felt=tur&fil=fjellbiletevis&sortering=biletid&nyttsok=ja) Skulle gjerne gått turen igjen heile vegen, men det blir nok ikkje i år er eg redd Ein fantastisk flott tur er det i alle fall!