-
Innlegg
501 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av FU
-
Det er ikkje heilt tilfeldig at hyttene ikkje er opna i slutten av juni. Aust på vidda er det sikkert greie forhold utan snø, men vestover på vidda er slutten av juni alt for tidleg. Frå Hadlaskar og vidare vestover må de rekne med å gå veldig mykje på snø. Men når det er sagt, vil ruta Mogen-Lågaros-Sandhaug/Besså-Hadlaskar-Stavali-Kinsarvik vere ei veldig flott rute når forholdene tillater det i vest, med dramatiske endringar i naturen.
-
Her er det vel på plass med ein referanse til kor det står at det skal "forskast" fram ei ny nasjonalkjensle. Elles kan det like godt diskuterast om det er bra at staten bruker 40 millionar på å bygge eit fjell på 8860 meter i Frognerparken. Like hypotetisk.
-
"Bibelen" for turar i Hordaland er sidene til Arnt Flatmo, her finn du ei utruleg mengde med tips og ruteskildringar: http://www.hordafjell.com/
-
Eg veit ikkje så mykje om alternative ruter ned att, men spør gjengen i trugelaget, dei har vel prøvd det meste på Voss....? www.trugelaget.com
-
Eg leigde bil på Island for eit par år sidan, Avis trur eg det var. I alle fall vart prisen ein god del rimelegare når eg brukte internettsida til Avis på islandsk språk enn på engelsk, kanskje det er sånn no også??
-
Eg har desse, og eg synest dei er veldig glatte på vått fjell. Dei fleste hiking-sko er det trur eg. Gode sko når det er tørrt, eller når du går på underlag som ikkje er sleipt.
-
Ja, Petzl-broddane er nok litt for kraftige til å gå noko særleg på stein og barmark elles. Men på hard snø/skare og is er dei fine. Dei er relativt lette og tar liten plass og eignar seg bra om du kjem til område der du må gå litt lenger på glatte område.
-
Desse kanskje? http://www.ute.no/index.php?k=75&uk=84&vk=4&v=425 Korleis dei passer på dine støvler veit eg ikkje, men fungerer bra på mine fjellsko.
-
Ein Rab Infinity til 2499,-, som andre sel til 3200,- Etc. etc. Dette er ein messekatalog og prisane gjeld under messa. Elles kan du lese sjølv og vurdere kva som er gode tilbod eller ikkje.
-
Neivel, kvar set du grensa for eit godt tilbod? Skibalubaprisane er ein del redusert. Crispi Sydpolen til 2200 som Ute og Sportsnett til dømes sel til mellom 2800 og 2900. Det siste er også Crispi sin rettleiande utsalspris. Men rundt 25 prosent avslag er kanskje ikkje så bra tilbod?
-
Sikkert ein del som er interessert i Skibaluba-katalogen? http://skibaluba.oskorei.no/
-
Ser ut som det er priskrig på Scarpa ZG65 om dagen, MX Sport (i Bergen i alle fall) sel den til 499,- og XXL til 449,- Til samanlikning sel Sportsnett den for 1799,-...
-
I kva retning er biletet tatt...?? Mot Hardangervidda? I så fall Gaustatoppen?
-
Om du først opnar eit spor i eit Mapsource-vindauge, og så opnar eit nytt Mapsource-vindauge og hentar inn det andre sporet der, kan du i alle fall kopiere sporet i det eine vindauga over til det andre. Og så vidare med eventuelt fleire spor...
-
God tur! Her er lenke til eit bilete frå Storafjellet søraust mot Tverrdalen, det er vel kanskje der de kjem til å gå? http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/visbilete.asp?filnamn=IMG_4326 Skal de gå om Høgabu, Trongaskaret og Trongasmog mot Eikedalen?
-
4-5 mil kvar veg betyr at du kjem deg til Vaksdal/Herfendalen, evt. til Kvamskogen/Kvitingen om du lurer bilen din ei mil til kvar veg. Herfendalen er eit fint utgangspunkt for å gå mot Høgabu, det er også ein del vatn innover der. Men du må tilbake same staden, evt. gå til Dale og ta togen tilbake: http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/geokoding2.asp?b=60.483&l=5.799&z=12&info=Herfendalen Du kan også køyre til Boge rett før Vaksdal og gå oppover mot Krosstjørnane og Gråfjellet. Det er eit flott område med mange vatn: http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/geokoding2.asp?b=60.463&l=5.799&z=12&info=Krosstjørnane For å få tatt ein litt lengre tur ville eg kanskje anbefalt å køyre til Kvitingen i Samnanger. Her kan du gå mot Høgabu (evt. overnatte der) og så dag to gå mot Dukavatna og tilbake om Elvakrokane, eller om Vestre Trongasmog og ned Sotbotnen til Kvitingen. http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/geokoding2.asp?b=60.494&l=5.961&z=12&info=Dukavatna
-
Turen kan gjerast endå finare ved å ta bussen opp til Sendedalen og går den til du treffer t-stien frå Selhamar og vidare til Torvedalen. Då startar du litt høgare, går rett på sti og slepp den lange og litt kjedelege vegen opp til Reppabotn. Her er nokre bilete frå etappen Sendedalen-Torvedalen: http://tinyurl.com/36r4lm3
-
Det er god skikk i det minste å kreditere den du rappar bilete frå...
-
Eg har berre gått den om Hårteigen, og hadde ikkje stussa igjen. Avstikkaren om toppen er ein flott tur!
-
Du nemner ikkje kva slags terreng du ønsker, men her er nokre forslag (klikk på pilene): http://dokkeveien.uib.no/frode/fjellturar/fjellrute_2.asp?farge=blue&zoom=9&senterpunkt=60.57125,6.27442 Det eine er Sendedalen. Du køyrer til Vikafjellet, litt over hårnålssvingane og går inn ein dal vestover. Her kan det vere litt folk, men det er ein veldig fin dal. Eit alternativ er å stoppe rett før hårnålssvingane og så gå mot Grungane/Dueskaret og evt. vidare innover mot Yttredalsvatnet. Det er også veldig fint inn mot Grindafletane. Då kan du starte i Ljosanbotn, her stoppar også toget, og gå innover mot Borgarebuvatnet og Soleiefletene. Det siste forslaget er området rundt Storavatnet. Då køyrer du oppover Bordalen eit stykke og går opp forbi ein støl som heiter Kullset. Alle forslaga inneber (relativt) kort gåtid før du er i området.
-
Med kjæresten på Rambera (19.juni 2010), og en hyllest til juni måned!
FU svarte på oyvindbr sitt emne i Turrapporter
Fin rapport. Rambera er ein flott topp! -
Veit ikkje kva eg er mest imponert over, at dei kom seg på toppen eller at dei klarte å vere vekke frå foreldra lenge nok til å nå den... http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Smaaunger-besteg-Galdhoepiggen-1103574.html
-
Kva med å køyre til Bjergane på Vikafjellet, gå inn til Rappen og telte der. Fint fiskevatn der. Høve til å gå turar i fleire retningar, ikkje så mykje toppturar kanskje, men fint område. Eit alternativ er å gå inn Sendedalen frå Vikafjellet og slå leir ved eitt av vatna der. Då går det også an å køyre til enden av Eksingedalen og gå opp den vegen. De kan også køyre til starten av Vikafjellet (Holo), gå inn om Dueskarsvatnet til Ytredalsvatnet og slå leir der. Her er det veldig mange fine toppar i nærleiken. Men eg veit ikkje heilt korleis fisket er det. Det går også an å køyre til Mjølfjelltraktene og gå innover mot Grindafletane. Dette er eit veldig flott terreng med vatn her og der og høve til enkelte fine toppar.
-
Kva slags dagsturar tenker de på? Fiske eller toppar? Er de avhengig av å kome tilbake til same staden (bil)?