Eg går å lurer litt på å kjøpe meg ei klokke som måler høgd, temperatur, barometer etc. (og tida...), og lurer litt på kva røynslene med slike klokker er der ute? Siste Fjell og Vidde hadde jo ein test, men den var ikkje til å bli så veldig klok av.
Eg ser f.eks. at det for tida er kampanjepris på Casio PRG 70 til 1500 kroner. Nokon som har brukarrøynsler med den? Er vel litt skeptisk til at den har oppladbare batteri som går på solcelle, men kanskje det fungerer greit? Lurer også litt på Suunto. I tillegg til sjølve funksjonane synes eg også det er ein klar fordel om klokka er minst mogleg, det er litt ukult å gå rundt med eit "gjøkur" rundt handleddet.