Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av FU

  1. Det var nok rett det... Det var i alle fall ein flott tur over Vidden i det fantastiske veret. Eg gjekk på beina, men møtte like mange på ski. Då eg kom til Rundemanen og nedover mot Brushytten forandra jo det seg sjølvsagt, det var som å gå over Torgalmenningen ein laurdag - som vanleg på slike fine dagar.
  2. Nokon som kjenner seg att i dette området då? Biletet er ikkje det beste rett nok, tatt med mobilen min sist søndag.
  3. FU

    Ustetind feb 2007

    Tisseflske høyrest ut som ein god ide i kulda! Den tanken må eg innrømme ikkje har slått meg. Eg vil tru at dei fleste venter i det lengste med styret som følger med å måtte gå ut midt på natta i 20 minus...
  4. FU

    Ustetind feb 2007

    Fortrinnsvis ute ein stad, å tisse i soveposen gir kun kortvarig glede... Dette var flotte bilete som fanga inn vinterkulden godt synes eg! Har ikkje overnatta i telt i vinterkulda sidan militæret på slutten av 80-talet. Slike stemningsbilete gir meg (i alle fall nesten) lysta til å prøve det igjen.
  5. Har ikkje vore på Midtfjell, men kan slutte meg til at denne halvøya har kjempeflotte utsiktspunkter. Turen til Oksen ytterst på halvøya med utsikt innover Sørfjorden mot Odda og utover Hardangerfjorden mot Norheimsund er ei oppleving verd å få med seg.
  6. Ser på www.snoskred.no at faren for snøskred Finse-Upsete er redusert til 3, dvs. "Markert", i følge forklaringane til skalaen: Faregrad 3: Markert Snødekket har mange steder moderat til dårlig stabilitet. Skredutløsning er mulig allerede ved liten tilleggsbelasting spesielt i bratt terreng med ugunstige snøforhold. Brudd i snødekket forårsaket av skiløpere kan forplante seg til høyere områder. Snøflak kan enkeltvis utløses fra større distanse. Faren for naturlig utløste skred kan variere mye fra område til område. Ved ustabilt snødekke og liten snødybde kan det forekomme små naturlige skred. Ved større mengder nysnø kan det også forekomme enkelte større naturlige skred. Forsøk på nedsprengning av skred kan foretas for å hindre ukontrollerte skred på veier og i skianlegg. I noen tilfeller må stengning vurderes i korte perioder. Skiturer og kjøring utenfor markerte løyper bør kun gjøres dersom av personer som har erfaring med skredfarevurdering. Bratt terreng som har ligget i le for vinden er særlig utsatt. I Alpene forekommer ca. 45% av de dødsulykkene ved denne faregraden http://www.snoskred.no/default.asp?action=skredfareskala_bakgrunn
  7. Skredfaren er nok ganske stor, også i området Finse-Myrdal. Avisa Hordaland på Voss meldte 31. januar at skredfaren i området var ekstrem, og refererte til Norsk Geoteknisk institutt som hadde vurdert skredfaren til fire på ein skala frå 1 til 5 i området rundt Voss.
  8. Slike ulykker gjer det jo naturleg å tenke på korleis ein sjølv kjem seg til og frå fjellheimen. Kom til å tenke på ein tråd i fjor om det upraktiske med fartsgrenser når ein skal til fjells. https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=4815
  9. Ny artikkel om at isbreane forsvinn raskare enn før i Bergens Tidende i dag: http://www.bt.no/klima/article336072.ece Men med dei enorme snømengdene som er kome så langt i år på breane i vest (6 meter "and still counting"), vil ikkje det kunne skape framrykking av desse breane (sjølv om varmen stig)?
  10. Hei johnpd, eg feira også nyttår på Finse. Fekk fire dagar på rad med ski Synd veret ikkje var som fredagen alle dagane.
  11. Eg har ei Lowe Alpine Ice Light jakke. Den er forsåvidt god den, men eg har eitt problem som eg lurer på berre gjeld mi jakke eller om det er gjengs for jakka. Jakka har to lommer i fronten, og begge desse lekker vatn i regnver. Det er naturlegvis svært upraktisk, og ettersom jakka elles er tett fører det til at det dannar seg to små "innsjøar" i desse lommene. Har andre opplevd dette?
  12. Dårleg med respons på biletet ditt Atomsilda. Eg ser at dette i alle fall er utanfor mitt område, men kanskje nokon andre klarer det med eit hint eller to?
  13. Ein trist utgang!
  14. Er det ikkje vanleg å kviste løypene på ski? Turlaget eg kjenner til kvister ein del løyper, men det skjer alltid som dugnad der alle ber ein del kvistar bunde til sekken.
  15. No blei det satt i verk ein leiteaksjon, som også blei omtalt som ekstra vanskeleg. Når folk såpass bevisst utfordrar elementa for å setja diverse rekordar, er det då rett at leitemannskap må setje seg sjølv i fare for å redde dei? Same problematikken gjeld jo sjølvsagt også basehopparar som heng fast oppetter fjellsidene.
  16. I Oregon er tre "erfarne" klatrarar savna etter å ha forsøkt å bestige eit fjell på 3372 m. "Planen var å gjennomføre klatringen på kortest mulig tid, og det er grunnen til at mennene ikke pakket noe særlig med overlevelsesutstyr", i følge Aftenposten. Kor "erfarent" var no eigentleg dette? Er dette vanleg sport blant fjellklatrarar? http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/article1567884.ece
  17. FU

    Kartlav.

    Kartlaven veks 5 mm i løpet av 10 år, i følge "Fjellet. Flora, fauna, geologi" av Honoria Hamre, utgitt på Cappelens naturhåndbøker (s.74).
  18. Stuttjukken traff rett på alt her! Ein tur i Modalsfjella til neste sommar fristar det, blant anna til Skjerjevatnet og området der Skjerjevasshytta i si tid låg.
  19. OK, her er utsikten i motsatt retning. Hjalp det?
  20. Har aldri vore på Gavlafjellet, men det fristar til turar i dette området og området til Stuttjukken også. Her er ny quiz; Kva heiter fjella i bakgrunnen?
  21. Midt på biletet ser ein Lønahorgi og litt til høgre (og nærare) Kvitanosi. Det betyr at biletet er tatt nordvest for Lønahorgi. I framgrunnen ligg eit regulert vatn som _kanskje_ kan vere Skjeravatnet? I så fall vil eg tippe at biletet er tatt frå Gavlafjellet i Stølsheimen?
  22. Eg prøver meg med eit skot frå hofta her, og bommer sikkert grovt; Er det Mostraumsviki me ser nedi her ved Mofjorden, tatt frå Raunefjellet og med Sørfjorden så vidt i bakrunnen...? Eller noko heilt, heilt anna...?
  23. Nils har rett!
  24. Nei, det er ikkje Sulefjell. Men ved nærare studie av fylkesgrenser må eg tilstå at toppen nok ikkje heilt kan kallast ein Vestlandstopp. Toppen er 6 km frå Vestlandet (fylkesgrense).
  25. OK, betyr det at du reknar den som løyst? Kvar er dette då? Toppen er på over 1800 meter.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.