Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av FU

  1. Litt hjelp. Her er noko av utsikten frå toppen, nokre fjell i bakgrunnen som sikkert fleire kjenner att...?
  2. Ny quiz frå Vestlandet. Dette er dagferskt bilete (fantastisk ver på Vestlandet i dag!). Kva heiter denne toppen?
  3. Kinsarvik-Stavali-Lofthus er ein kjempeflott tur som kan anbefalast! Husedalen er ein opplevelse, også nedgangen via Munketrappene til Lofthus er flott.
  4. Opptur-boka er flott. Den tar for seg Sogn og Fjordane. I løpet av sommaren (våren?) kjem Opptur-bok også for Hordaland med 280 turar. På Hardangervidda er det meir snø enn normalt for årstida i følge met.no, så midten av juni kan nok bli eit problem. Met.no sitt snøkart over Hardangervidda
  5. Men når det er sagt, så er forslaget til Bergen Turlag godt! Husedalen (turen mellom Stavali og Kinsarvik) er kanskje Norges flottaste strekning med sine mange dramatiske fossar og overgangen mellom høgfjell og fjord!
  6. 15. juni er veldig tidleg. De skriv de vil gå (og då reknar eg med på beina, og ikkje ski?), og det begrenser jo alternativa fort. No er det uvanleg mykje snø i fjella på Vestlandet. Samtidig kom denne snøen før telen kom i jorda, så kor lang tid det tar å smelte snøen er eg veldig usikker på (sidan snøen også vil smelte nedanfrå). Men 15. juni er uansett tidleg for gåturar på Vestlandet, og Hadlaskard-Stavali kan eg vanskeleg tenkte meg er særleg greit til fots på den tida. Kinsarvik-Stavali derimot kan kanskje gå. Men igjen; det kjem an på kor raskt snøsmeltinga går denne våren.
  7. Nei, det er klart...
  8. Du kan nok trygt kan bokføre lesarbrevet på den ironiske posten. Men sjølvsagt, me ønsker vel alle å oppleve fjellet mest mogleg for oss sjølve, så ein aldri så liten dobbelt botn er det nok...
  9. Det har visst vore ein auke i talet på utanlandske fjellturistar tidleg i sesongen, desember-februar, den normalt barskaste tida i fjellet. Lurer på kor mykje turistforeningen sine marknadsframstøyt for norsk fjellturisme, seinast no den store i Berlin som også Krohn Devold deltok på, bidrar til at urøynde fjellturistar legg ut på turar dei ikkje er budd på? Er det romantiske "postkort"-bilete av fjellet som blir presentert på desse messene? Desse skottane var forøvrig innom Bergen Turlag i førre veke og vart advart mot turen pga vermeldingane, utan at det stoppa dei.
  10. FU

    Gaustadtoppen

    Apropos fly som sneier friluftsfolk... http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=180187
  11. Hehe, artig snutt! Korleis gjekk det eigentleg med den pulken, fann du den igjen...
  12. Hei Stuttjukken - Nei, eg gjekk opp frå sørvest og såg ingen "Mann", visste heller ikkje om ei slik steinblokk så eg måtte vel ha gått rett på den kanskje?
  13. Slingsby-stiftinga etterlyser no kandidatar til Slingsby-prisen. Den skal gå til ungdom under 21 år i Årdal eller nabokommunane som har utmerka seg ved å stimulere til fjellvandring m.m. gjennom "aktiv handling, i skriftleg materiale, fotografi, film eller andre kunstnarlege innslag." Kanskje nokon her inne kjenner nokon som kunne fortent ein slik pris? http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article2624762.ece
  14. Hm...det vart visst for lett
  15. Kvar er dette biletet tatt frå?
  16. Kor mange smøre og kor mange festar sin lit til fellene? Dette er sjølvsagt avhengig av terreng, men eg for min del heller vel kanskje til feller også der andre ville brukt skismøring utan feller. Er skifeller brukt for mykje?
  17. Ja, eg rekna med det...Eg er desverre ikkje så kjent i området. Men det er det kanskje andre som er?
  18. Gaularfjellet...?
  19. Det var rett det!
  20. Kvar er me her og kor ser me?
  21. No veit eg ikkje heilt når du trur vikingtida var, men det er ikkje riktig at Norge var fri for isbrear for ca. 1000 år sidan. Det er riktig nok at isbreane i dag ikkje er restar etter siste istid, men danna uavhengig av den. Men det er 4000-5000 år sidan dagens store isbrear vart danna. At enkelte småbrear/fonner kan ha smelta vekk i mellomalderen er ein annan sak.
  22. Hei Bjarne, I jula las eg litt i gamle DNT-bøker og såg bilete som du hadde tatt frå ein bretur (brekurs?)! Det var vel kanskje ei av årbøkene rundt 1966/67, stemmer ikkje det?
  23. Nordmannen som var sakna etter skitur i Utah er funnen omkomen i snøskred. Trist! http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=177680
  24. Rolf er sikkert inne på noko her. Eg har nokre Devold-ullgenserar som eg liker veldig godt - pene og godt eigna til turar i Bergensklima. Men dei er openbart tynnare enn andre ullgenserar eg har. Som for eksempel dei frå Spar Kjøp, dei koster ein brøkdel av dei som er meir "moteriktige", men er veldig gode og meir å foretekke når det blir kaldt.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.