Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av FU

  1. Har berre vore ein gong på Tveitakvitingen og er ikkje så kjent i området. Må nok la nokon meir lokalkjende ta den...
  2. Nok ein fantastisk rapport! Eller rapport og rapport, eg vil eller kalle det kvalitetsprosa! Du har ein fantastisk penn! Sender du inn to av turrapportane dine bør det vere håp om opptak i Forfatterforeningen!
  3. Ettersom Fjellforum med litt godvilje kan definerast som ein omnilokal organisasjon med særleg tilknyting til samtlege norske fjellnamn, så bør vel forumet også ha forslagsrett etter §5c...???
  4. Ettersom eg var litt heldig med det som var ei "kvalifisert" gjetting over, så prøver eg meg igjen: Biletet er tatt frå Høganovi?
  5. I følgje lov om stadnamn (http://www.lovdata.no/all/hl-19900518-011.html) kan desse ta initiativ: § 5. Fastsetjing av skrivemåten Saker om skrivemåten av stadnamn kan takast opp av a) offentleg organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd, eigar eller festar når bruksnamnet kjem inn under § 8 andre ledd, c) lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn, d) stadnamnkonsulentane når det gjeld stadnamn i deira område.
  6. Tveitakvitingen?
  7. Er nysgjerrig på denne Forerunner 305, fleire med erfaring med denne? Pulsklokke med gps høyrest unekteleg litt spennande ut. Ulempa med den er batterikapasiteten, den må oppladast etter ca 10 timar.
  8. Det skjer vel som alltid i samarbeid med NRK...(Nasjonalrett, nasjonalfjell etc.). I alle fall blei namnet på Finnmarks høgste punkt i fjor til i samarbeid med NRK, og vedtatt i kommunestyret: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/troms_og_finnmark/1.445049 Av ein eller annan merkeleg grunn skulle namnet godkjennast ved Universitetet i Oslo, men det reknar eg med er ein journalist som har misforstått. Det må vere eitt eller anna råd (men kanskje med medlemmar frå UiO) som skal godkjenne denslags. Fjellet var også oppe her i forumet for halvtanna år sidan: http://www.fjellforum.net/viewtopic.php?=&p=31653
  9. Vestpå er det ein del fjell som slutter med -bukken; Bergsbukken, Småbrekkebukken, Liabukken, Vetlebukken.
  10. Nokon som blir med på å teppelegge Jostedalsbreen og andre norske brear? http://www.dagbladet.no/nyheter/2007/05/05/499777.html
  11. FU

    REAL Turmat

    Jo, men kor mykje energi er det no i desse toroposane?
  12. FU

    REAL Turmat

    Smaken er openbart som baken. Siste Fjell og Vidde har ein "test" av desse og rangerer smaken til Real Turmat (tre ulike variantar) frå God til Ikkje så god. Mountain House får omtalen Mindre god på alle sine tre variantar. Sjølv liker eg Real Turmat, Mountain House har eg ikkje prøvd. Uansett blir smak så subjektivt at ein slik test som inkluderer smak blir tullete.
  13. FU

    Facebook

    Det blir skrive litt om dette i Bergens Tidende for tida, og det er kan hende rett at Facebook ikkje p.t. sel privat informasjon. Men når du opprettar ein profil i Facebook har du samtidig akseptert 12 sider med juridiske detaljar, inkludert dette: “In connection with these offerings and business operations, our service providers may have access to your personal information for use for a limited time in connection with these business activities.” (Sjå ) Med andre ord kan Facebook velje å selje privat informasjon om deg til kommersielle aktørar om dei ønsker det. Blant desse 12 sidene står det også at Facebook kan endre vilkåra for bruken av informasjon når som helst, iølgje professor Johan Giertsen: http://www.bt.no/bergenpuls/tv/article360122.ece
  14. FU

    DNT amok

    Uansett kva som blir gjort, vil nokon vere misnøgde. I Fjell og Vidde 6/2006 var det ein svenske som klaga over merkinga mellom Yksendalsbu og Fondsbu og meinte at T'ane burde bli "dubbelt så stora och placeras med en femtedel av dagens avstånd". Kanskje det er han som har påtatt seg t-merkinga i Femundsmarka?
  15. FU

    DNT amok

    Eg trur heller ikkje DNT står bak dette. Eg kjenner ikkje merkereglementet i detalj akkurat, men det er heilt sikkert reglar for avstand. Og den siste T'en er i alle fall ikkje i samsvar med reglementet, ingen T'ar skal merkast på fast fjell. Det er mange "private" aktørar som tar seg til rette. I går såg eg at nokon ein av dei siste dagane har tagga ein av stiane opp til Løvstakken med blå spraymaling, frå andre sida er det allereie tagga med gult.
  16. Kva med Kvitingen?
  17. I morgon fredag klokka 12.00 opnar Sognefjellsvegen (på dagtid). Med vermeldingane for helga er vel det ei gladmelding for enkelte kanskje?? http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article2736665.ece
  18. Som det blei nemnt over, GRÅ går att i mange ulike samanhangar. Ved søk på berre alle variantar av GRÅ fekk eg akkurat 500 treff, mens GRÅFJELL gav 88 treff.
  19. FU

    Fiske i fjellet på Voss

    Ta ein kikk på dette kartet: http://www.vossakart.no/ Vel "Friluftsliv" som kart, då får du oversikt over bestanden i dei ulike vatn og vassdrag (rangert tynn, middels og tett).
  20. Kan det vere mot Fuglafjell, for eksempel frå Bjørnaknausen og med Gråhorgi i midten?
  21. Når det stundar mot ei helg der planen er ein tur blir vermeldinga på nettet (met og storm) sjekka regelmessig. Erfaringane er at nettbaserte meldingar kan variere dramatisk (frå full sol til regn) frå time til time når det er snakk om meir enn eit par dagar. Det er jo ein tanke frustrerande, sjølv om eg sjølvsagt har stor forståing for at slike meldingar er usikre. Skulle ønske at usikkerheitsmarginen kunne blitt oppgitt, til dømes i prosent. Min erfaring er at tenesten hjå Aftenposten som viser barometer og kart er nyttig: http://www.aftenposten.no/vaer/?type=kart
  22. Akkurat no er i alle fall vermeldinga for helga god, søndagen ei einaste stor sol på Voss: http://www.dagbladet.no/vaer/uni/900109328 Men det kan jo skifte... God tur! Blir det ein liten rapport med bilete etter den eventuelle turen?
  23. Eg har dei same erfaringane med desse stavane frå Platou. Dei er litt vanskelege å bruke når det er hard snø. Dessutan dette trinsene lett av. Opplevde dette (under nedskriing) to gonger på ein tur for fjorten dagar sidan, og ein gong for ei veke sidan. Den siste gongen fann eg ikkje att trinsa og var dermed i praksis ein stav i manko resten av turen. Synes det er rart at Platou sel stavar av så dårleg kvalitet.
  24. Det virker som Stein P. Aasheim klarte å provosere ein del folk ja... Skjønner meg ikkje heilt på folk som blir så forbanna at dei byrjer å sende sms og ringe opp Aasheim for å skjelle han ut. http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1715783.ece
  25. Jo, det var som vanleg heilt korrekt Stuttjukken! VU hadde tur til toppen denne helga og var ytterst heldig med veret. Eg har ikkje vore så frykteleg mykje i området og har ikkje sett dyrefangsanlegga over Dyrdal sjølv. Men har sett eit anlegg på andre sida av Nærøyfjorden, mellom Skammadalshøgdi og Fessene som også er godt bevarte.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.