Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av FU

  1. Det er visst ikkje så mange sunnhordlendingar her, sikkert derfor ingen tok biletet ditt?
  2. Du skulle ha stilt til start i motbakkeløpet Vidasete Opp som gjekk no i helga du då, Stuttjukken!? Vinnaren kom opp på 38 minuttar. http://www.sognavis.no/bildeseriar/kultur/article2834733.ece?start=1
  3. Tenkte på dei same områda som kjellinge. Frå Tinnhølen er heller ikkje etappane så lange i retning Sandhaug-Besså-Hadlaskard, men litt flatt og småkjedeleg kan det jo vere. Det går jo også an å gå frå Hjølmo og innover mot Hadlaskard-Torehytten, der ligg det jo nokre hytter på vegen utan alt for lange strekk mellom, men det krev jo retur same vegen...men til gjengjeld er dalen flott.
  4. Takk for det, lurte litt på kor det gjekk an å gå opp på Fuglafjellet, og tenkte kanskje opp den snøfonna i den blå rundingen din. Det gjekk ganske ferske fotspor direkte frå Iendafjellet og opp på Fuglafjellet, så nokon har i alle fall gått begge fjella ein av dei siste par dagane.
  5. Eg kom meg på Iendafjellet i ettermiddag . Varmt og fint, bortsett frå akkurat rundt Iendatoppen der det var varmt nok, men ganske svart over. Det er eit veldig flott område dette, heilt frå Steinskvanndalen (bortsett frå den dårlege vegen inn, letta over at eg ikkje punkterte der) og opp via Gråurdskaret (varmen gjorde ikkje akkurat skaret mindre bratt...), og til toppen. Må bli Fuglafjellet ein annan gong!
  6. FU

    Fiskekort samnanger

    Det er ein fiskekortautomat ved Kvitingen, men då eg var der sist (søndag) var den tom og ute av drift. Men det var i alle fall Samnanger Jeger og Fiskarlag som dreiv den, så får du tak i eit telefonnummer til dei, kan det vel ordne seg?
  7. Flott, takk skal du ha! Får håpe eg klarer å kome meg avgarde!
  8. Har ikkje vore på Fuglen verken sommar eller vinter. Har heller ikkje vore på Iendafjellet, så eg lurer litt på å ta turen etter arbeid i morgon. Det er litt kortare enn opp på Fuglafjellet. Må nesten nytte det fine veret... Det skulle vel gå greit å gå på beina opp dit no, sjølv om det ligg ein del snø der? Og går det fortsatt an å leige nøkkel til bommen hjå NAF-campingen ved Jonshøgdi?
  9. Ser ut som ein skikkeleg flott tur! Eg sat på Bjørnaknausen og Gråhorgi i dag og kikka bort på blant anna Fuglafjellet. Lyt prøve å kome meg opp der i løpet av sommaren.
  10. FU

    Fra oven...

    Det er jo verst for Troll, han kan ikkje drive med virtuelle vandringar i fjellet gjennom bilete... I tilfellet foten ikkje er betre, eit par kommentarar til når det gjeld namnsetjing av Fresvikbre-biletet. Snarvegfjellet er vel Svinadalholtane (1564 moh)? Og Prestnosi er Blåfjell (1548 moh). Snarvegfjellet og Prestnosi ligg litt lenger aust enn det du har skrive. Det er eit flott område dette, eg må sjå til å kome meg dit nokre gonger i sommar!
  11. FU

    Fra oven...

    Ja, det er eit enormt arbeid du har lagt ned i namnefestinga på alle desse bileta. Forhåpentlegvis er blir du ikkje fotklein så lenge at du får alle detaljane på plass med det første. Troll får vel abstinens også?? Eller kanskje ikkje, ser han ønsker seg ny eigar...
  12. FU

    Fra oven...

    Jo, no får eg kartet til å stemme med terrenget (eller biletet...). Det einaste er at Nummestolane ligg endå litt nærmare fotografen her, omtrent rett opp dalsida frå der du har skrive Seljedalen
  13. FU

    Fra oven...

    Fantastiske bilete! Men når det gjeld biletet frå Fresvikbreen lurer eg på om du ikkje har gjort ein "brølar". Sat lenge og fekk ikkje heilt Rambertinden og Gulsetedalen til å stemme. Det du har namnfesta som Gullsetedalen trur eg bestemt må vere Seljedalen. Rambertinden blir dermed toppen lengst nede til venstre i biletet, og følgjeleg Nummestolane meir rett til venstre for der du skriv Gullsetedalen. Det du omtalar som Nyasetdalen må vere Sendedalen. Gullsetedalen blir dalen lengst til venstre på biletet.
  14. God tur!
  15. Her eit bilete til, tatt frå Hesten på 880 moh mot Tjørnadalsskardet. Høgabu ligg ved foten av det bakerste fjellet her, Bergsbukken opp til høgre. Som du ser er det rimeleg slitsomt skiføre her.
  16. Ski kan du stort sett gløyme, med mindre du har tenkt å gå rundt oppe på Bukkafjell... Eg gjekk frå Kvitingen og opp på Bergsbukken i går og legg ved nokre bilete som gir eit inntrykk av snøtilhøva. Det ligg ein del snø spredd i området mellom Høgabu og fjellet mot Dale, men det går sikkert greit å gå på den. Snøen på Bukkafjell var i alle fall veldig fast og fin. Frå Kvitingen og opp til vel 800 meter var det heilt bart langs stien mot Høgabu. Eg var ikkje gjennom Tjørnadalsskardet, og der kan det sikkert ligge litt snø?
  17. Troll A er riktig. Såg også Troll B. Biletet er tatt frå Gulfjellstoppen 106 km unna Troll A. Og det er riktig Rundemanen du ser til venstre.
  18. Er vel heller gass.
  19. Takk til Stuttjukken for oppdateringa på snøen i Stølsheimen. Reknar med det tar ei stund før snøen smeltar over 1000 meter, men kanskje det ikkje er så mange vekene før det er greit å gå til Åsedalen? Legg ved ein litt annleis fjellquiz...biletet er tatt frå eit fjell, men kva plattform kan ein sjå i horisonten her?
  20. På SeNorge.no finst det kart som viser kalkuleringar av snømengd, snøsmelting etc. for heile landet: http://senorge.no/mapPage.aspx Eg lurer litt på kva røynsle folket har med kor reelle desse karta er? I lengre tid har kartet vist at Gulfjellet er snøfritt, noko det ikkje akkurat er. Har vore nokre gonger på Gulfjellet no i vår og kikka innover mot Kvamskogen og særleg Bergsdalsfjella. I følge SeNorge.no er det svært lite snø der, mykje mindre enn i fjor. Men for meg ser det ut som det ligg ein god del snø der enno, meir enn i fjor på same tid...Er algoritmane til Met veldig omtrentlege her?
  21. Ja, det er jo logisk; det er mange som bryt fartslovene, ergo bør det bli fri fart. Det er mange som smugler, ergo bør det vere lov å smugle. Det er faktisk også ganske mange som begår tjuveri, bør det også bli lov å stele? Eller drepe?
  22. Eg betaler også gjerne fiskekort, det blir gjort mykje godt og viktig arbeid i kultivering av vassdrag. Men eg kunne vel ønske meg ei større samkøyring her. No er det ofte komplisert å finne ut kvar ulike fiskekort gjeld og korleis ein skaffer seg slike fiskekort. Før du veit ordet av det er du inne i nytt fiskekortområde. Eg kunne gjerne betalt for eksempel 500 kroner for eit nasjonalt sesong-fiskekort (utanom lakselever etc sjølvsagt) og sluppe å tenke på grenser (Harald Heide Steen sleit med å sjå grenser under vatn, dei er ikkje alltid like lette å sjå i fjellet heller!). Dei lokale fiskelagene kunne fått tildelt midlar frå eit slikt fiskekortfond.
  23. Jo, det er ikkje berre kanskje, men heilt rett! Veit Stuttjukken kanskje også korleis det er med snøtilstanden rundt Stølsvatnet og innover mot Åsedalen? Det er vel kanskje meir snø i området enn vanleg eller?
  24. Vargebreen er så godt som vekke, noko bileta på s. 52 i brerapporten for 2006 tydleg viser (utgitt 2007). Bileta er frå høvesvis 1941 og 2006: http://www.nve.no/admin/FileArchive/79/report2006.pdf (NB 21 mb...)
  25. Ny quiz...kva tre fjell ser me her - tatt frå kva fjell? Biletet blei tatt i går.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.