Gå til innhold
  • Bli medlem

FU

Aktiv medlem
  • Innlegg

    501
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av FU

  1. For tre år sidan tok eg ein "snarveg" ned eit fjell, dvs. ramla kast i kast etter å ha mista fotfestet i eit temmeleg bratt parti. Det heile var naturlegvis sjølvforskyldt, eg burde aldri prøvd å gå ned akkurat der, og det var i alle fall ingen som gjorde det "mot" meg. Det resulterte i ei natt på sjukehus og øydelagde briller og fjellklede. Fekk nye briller og ny jakke utan spørsmål på mi reiseforsikring (buksa var ikkje verdt noko så eg ba aldri om noko for den).
  2. FU

    Sko-klage

    For låge sko (hikingsko?) vil eg jo seie at knappe 2000 kroner var allverdens dyrt, og det i seg sjølv burde vere god grunn for produsent/forhandlar å ta dine erfaringar på alvor. Eg ville gått tilbake til butikken og fortalt om problema.
  3. Riktig, den var vel kanskje litt for lett?
  4. Eg er litt samd med kjiver her. Eg har for eksempel aldri vore i Svartdalen, men trur kanskje at det er ein av dei verkeleg flotte dalane generelt i Norge! Hadde ein plan om ein tur der i sommar, men kom aldri så langt desverre... Men det er sikkert mange her som har ei velkvalifisert meining uansett om akkurat dette!?
  5. Kva er dette for hytte då??
  6. Jo, Vatnane mellom Arnafjorden og Finnafjorden.
  7. Sidan det vel berre er den aller siste rett over som ikkje er løyst no (?), så legg eg også ut ein ny.
  8. Jo, det er heilt riktig! Det må vere ei av hyttene i Norge med desidert flottaste utsikten (sjå bilete under)! Standarden derimot...Men har hytta namn, nokon som veit?
  9. Eg prøver meg med ei hytte eg også, kvar ligg denne?
  10. Lordehytta i Folarskardet?
  11. Men kvar er dette då??
  12. Det var sjølvsagt korrekt, Stuttjukken!
  13. Det er heilt riktig at det er Karaldenuten me ser til høgre, og då gjenstår det vel berre ein kikk på kartet før det er avklart kvar eg står...?
  14. Trur ikkje du skal frykte at nokon her inne ikkje trur på rapportane dine, sjølv om dei synes "utrulege" nok - også på meg som ikkje akkurat er lommekjent i Jotumheimen. Det har vore fascinerande - og litt skremmande...! - å følgje deg på tur i gjennom veldig flotte turbeskrivelsar!
  15. Sjølv er eg litt misnøgd med sommaren. Har blitt nokre fine turar, men det burde blitt fleire! Hadde planar som det aldri blei noko av. Veret har sjølvsagt mykje å seie her, og med litt flaks blir september som i fjor, dvs. ein sommarmånad med fine tursjansar. Men det virker ikkje sannsynleg når dei no melder om vanskelege fjellovergangar pga snø på 600 meter... (http://www.bt.no/lokalt/article404333.ece). Men dette må jo berre bety at sommaren 2008 blir ein knallsommar!!!! ( )
  16. Ei stund sidan det var liv i denne tråden, så eg prøver meg igjen. Kvar står eg her og kva heiter fjellet til høgre i biletet?
  17. No synes no eg det er stor forskjell på å kunne parkere i fjellet langs ein eller annan veg og slike stader som Eidsbugarden og Gjendesheim. Her er det stor trafikk og utan ein viss tilrettelegging blir det kaos. Her er det faktisk stor mangel på parkeringsplassar, i alle fall i periodar, og kan samanliknast med bystrok. At ein må betale litt for ei slik tilrettelegging er rimeleg.
  18. I staden for å ha bomsystem slik som parkeringshus har, kunne dei hatt ei ordning f.eks. med Fondsbu eller Eidsbugarden, der ein betalte for parkeringa i etterkant. Nokon ville då unnlate å betale sjølvsagt, men eg trur det ville vere få, på lik line med at det alltid er nokon som ikkje betaler for seg på sjølvbetjente hytter. Systemet ved Eidsbugarden gjer i alle fall at eg ikkje har så veldig lyst å starte fleire turar derifrå.
  19. Om parkeringen ved Fondsbu. 60 kroner døgnet er dyrt, men eg kan forsåvidt leve med det, det begrenser vel også biltrafikken innover. Men eg likte mindre at ein må førehandsbetale. Kor mange dagar ein har tenkt å vere inni Jotunheimen har ikkje alle planlagt ned i minste detalj. Det hadde i alle fall ikkje eg då eg parkerte der i sommar, og tanken på "parkometeret" som tikka nedover ved Eidsbugarden kunne eg tenkt meg å vere forutan. Hadde vore veldig greit om det gjekk an å betale i etterkant etter kor mange dagar ein faktisk var der.
  20. Sidan panda synes å lese ein heilt annan problemstilling i denne tråden enn dei fleste andre, kan det kanskje vere greit om panda reformulerer kva problemstilling han eigentleg har og kva det er han vil ha diskutert her?
  21. Tahiti er i praksis autonomt. Innbyggjarane på Tahiti er rett nok franske statsborgarar med fulle franske sivile og politiske rettar, men Tahiti er ikkje politisk-administrativt ein del av Frankrike på line med dei andre delane av sjølve Frankrike. I motsetnad til dei departementa i Vest-India og det indiske hav som eg nemnde over.
  22. Om same definisjonen på Europa (å vere ein del av ein stat i Europa på line med andre politiske einingar innan ein stat på Fastlands-Europa), så får "Europa" ein del enklavar rundt omkring. Frankrike har fire departement spreidd kring om i verda som har same status som departementa i Frankrike; Guadeloupe, Martinique - begge i Vestindia, Guyane i Sør Amerika og La Reunion i det Indiske hav. Kor høge dei høgste punkta på øyene her er, veit ikkje eg, men det er det sikkert andre som gidd finne ut... Til Dag-G; Bouvet-øya er ikkje ein administrativ del av Norge på lik line med Hordaland, Rogaland etc.
  23. Når snøen blir eit problem er nok heit uråd å seie. Mest sannsynleg vil den ikkje bli eit problem, men...Det har jo allereie vore ein del snøbyger i fjellet, men den smelter jo helst igjen fortsatt.
  24. Javel, og kvifor det? Kanskje du skal sjå mindre på tv og gå meir i fjellet?
  25. Kva er så utruleg med at folk har med gps i fjellet?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.