Gå til innhold
  • Bli medlem

thrill

Aktiv medlem
  • Innlegg

    160
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av thrill

  1. Klimaendringar er særs kompleks, truleg meir komplekst enn me enno veit. Årsakar kan vera ytre og indre prosessar som stråling frå sola (viktigast meinar somme forskarar), havstraumar, vulkanisme, skiftande jordplater (plassering av kontinent), variasjonar i atmosfæra, is/snø og vegetasjon. Det blir ofte tala om treigheit i systemet; atmosfæra reagerar til dømes veldig fort, medan havet er treigt. Endringar som skjer no, kan til dømes ha årsakar som går langt attende i tid.
  2. thrill

    Fjellsko

    Gummikanten er bra og ha dersom ein skulle sparke borti stein og røtter, den hindrar ei viss slitasje. Elles er den vel helst der for at ein skal kunne bevege seg over lengre tid i fuktig terreng. Spørsmålet er kor lenge gummikanten vert sittande fast i skinnet. Eg har brukt mine Varg Isogaisa hyppig i 3-4 månadar og ser enno ingen svakheitsteikn, og er soleis stadig nøgd.
  3. Har nokon prøvd boksarar i merino-ull? Eg har desse i kikkerten for tida, men blir skremt av prisen. Takk for tipsa over forresten.
  4. Det er eit godt poeng Langbein Rise, men på oppstillingsplass ser dette ut som ein feil som skuldast at uniformane er sydde i utlandet (noko Forsvaret aldri vil gå med på).
  5. Dette er så vidt eg forstår eit off-topic-forum, og mange nyttar forsvarets uniformar under jakta har eg lagt merke til. Om du har ein slik uniform eller har vore i forsvaret så veit du at flagget ikkje sit riktig på dei nye uniformane (det ser iallefall ikkje riktig ut dersom ein ser på uniformen, men kikkar soldaten ned på si eiga skulder ser det riktig ut...). Den observante lesar, kanskje GjestIII?, vil sjå at desse flagga ikkje sit riktig slik de alle påstår: Edit: Det skal altså sjå slik ut:
  6. Om du les kva eg skriv forstår du, Gjest, at dette ikkje "vaier i medvind".
  7. Har over ei lang periode lagt merke til at det norske flagget på uniformar (forsvar, politi, mm) er speglvendt plassert dersom A ser på B. Men det er rett dersom A kikkar ned på si eiga arm. Har spurt mange, også innan politi og forsvar utan å få retteleg svar. Fint om nokon kunne forklare dette komplekset. Takk.
  8. thrill

    Jakke

    Jo, det er dei. Du bør også sjekke ut Marmot glenmore 3, Mammut eiger og Arcteryx alpha eller theta. Dette er alle jakker som tåler kraftig bruk.
  9. Du skriv mykje fornuftig, men her er ein liten glipp. Stabilt klima har eller vil aldri finne stad, det er og blir ein konstant endringsprosess slik veret frå dag til dag er.
  10. Er dete berre mennesker som skapar CO2? Nei. Skuldast klimaendringar berre CO2? Nei. Men har _mennesklege_ CO2-utslepp framskunda prosessen? Truleg. Men vil det hindre klimaendring å lata vera å sleppa ut CO2? Nei, det vil forsinke prosessen, men aldri stoppe den. Så stor makt har ikkje vi mennesker at me kan styre klimaet! (Sjølv om me likar å tru det).
  11. Ein ting som er bevist er at klimaendringar har skjedd også før den industrielle revolusjonen, med andre ord er det ikkje berre Kyoto-brot som styrar klimaet slik mange trur.
  12. Kommunane har for stor makt, lokaldemokratiet har faktisk vorte større. Når lokaldemokratiet aukar, aukar også skilnadane mellom kommunane. Nokon kommuner gjev løyve til hyttebygging, medan andre grunneigarar berre får lov til å ta ta ut skog med hest. Denne skilnaden ser ein også på kommunale tenester og prisar. Det er alltid fattige kommuner som opererar med dei høgste gebyra ved behandling av søknadar og flest hytteutbyggingar (med få unntak i sentrale strøk). Lokaldemokrati høyrest jeggu flott ut, men sanninga er vel snarare at politikarane snart ikkje lenger har verkty til å styre kapitalen pga stadig underskriving at internasjonale avtalar.
  13. Eg finn tolkinga frå Allkunnboka like, om ikkje meir interessant av to grunnar: Tolkinga er nyare og reint historisk har det vore mykje ferdsel over Valdres. Uansett hadde det vore spanande å funne skrivemåten på Valdres i tidlegare tider, den kan ofte avsløre mykje. Olsen si tolking av vald til wald verkar lettvint og litt gjennomgåande typisk for tidleg 1900-talsforsking. Edit: Dessutan får Vågslids tolking av vald -> voll støtte av gardsnamn-virtuosen Rygh.
  14. thrill

    Turhansker

    Til kulde er ullvottar best, handskar førar til kvite fingrar i den strammaste kulden og iallefall i kombinasjon med fukt. Så gå for vottar, dei held varmen også når dei er fuktige.
  15. Om lavvoen kan pakkast ned spelar inga rolle, fast installasjon er fast installasjon. Ei hytte som vert demontert og flytta kvar dag blir ikkje automatisk eit telt.
  16. Nokon som har erfaring med Altitude-Sports? Dei seier dei kan sende pakken min som diskret gåve, og på denne måten vil eg sleppe norsk toll. Har nokon prøvd dette, og kva erfaring har de? Takk.
  17. lph: Hehe, stussa på dette sjølv, men tenkte eg like godt kunne sitere alt eksperitisen seier.
  18. Til å begynne med er det best å bruke en impregneringsspray (etter rengjøring med en fuktig klut og tørking). Påfølgende behandling i regelmessige intervaller med en fettfri krem (f.eks. basert på bivoks) eller en vaskemiddelemulsjon er en absolutt nødvendighet. Dette vil gjøre den originale finishen litt glattere. Børsting med en børste for semsket skinn vil gjenopprette noe av den fløyelsaktige overflaten. (lowa.no)
  19. Takk for innspel. Eg vurderar likevel å importere Arc'Teryx Alpha SV-jakke og Theta SK-bukse frå USA eller Canada, når dette blir sendt som gåve frå butikk får eg det til halv pris i førehald til norsk butikk. Det kjem også eindel under alternativ frå Norrøna. Edit: Har brukt ustyret ei veke no, og er imponert. Alle krava eg stilte på førehand er innfridd og passforma er utruleg bra.
  20. Spanande alternativ, men prisen vert omlag lik om eg vel billeg alternativ i jakke i softshell og sett i paclite eller eit dyrt Gore-Tex XCR-sett.
  21. Det er vel særs få i Noreg som trur at rovdyr er farlege for folk, kanskje nokre overbekymra småbarnsforeldre (og dei er det for så vidt mange av) men det stoppar der. Problemet er husdyr, og det er eit velkjendt problem, så får ein ta debatten om retten til utmarka... Eg ventar berre på dagen då ein ser svensk streifulv i Nordmarka
  22. Om det er lenge sidan du har rensa nåla (både manuellt og med magneten) må du demontere og rense for hand. Edit: Kan legge til at det kjem an på kva brensel du brukar også, sotar det mykje må du sjølvsagt rense oftare.
  23. Ja, dette er Lewis Gordon Pugh. http://www.extreme-planet.com/explorers.asp?expl_id=140
  24. Stigning (opp/ned), lengde, terreng er vel faktorar ein bør ta med. Vanskelegheitsgrad finn du på etojm.com (http://www.etojm.com/Norsk/topper.htm), inndelt i lett, middels og vanskeleg. Dette gjev iallefall ein liten peikepinn. Elles er informasjonen om kvar topp i dei fleste tilfelle veldig god.
  25. Hei. Eg er lei av å svette med regntøy på tur, og vurderar no noko meir pustande. Fint om nokon kan koma med konkrete tips til både jakke og bukse. Krava mine er: - pustande stoff, ventilasjon - slitestyrke - vind- og vanntett - vanntette glidelåsar og vindklaffar - utvendige og innvendig(e) lommer - hette med innstramming som følger hovudets bevegelsar - innstramming ved livet - bevegelegheit - heilårsbruk - forsterka i typiske slitasjeområder - få saumar Håpar nokon framleis har tips på lager. Takk.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.