thrill
Aktiv medlem-
Innlegg
160 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av thrill
-
Toll er ein ting, men den er kun vel 15%. At me har mykje pengar er heilt rett, det same gjeld til dels konkurranse. Eit anna poeng, og kanskje nummer ein er at sportsnett etterkvart har bygd seg opp og fått ei lojal kundegruppe. Dessutan: Kva skal den jamne fjelldanske med ei dunjakke? Ergo: prisen må ned om salget skal skje. God tur til Danmark!
-
Det lurar eg også på, dei var iallefall lite viljuge til å gje meg spesialpris då me skulle handle inn stort.
-
Ikkje berre i nord, men i heile Europa. I følgje Lomheim er kuk eit av dei eldste orda me har, ei levning av eit indoeuropeisk ord for haug eller knaus. Eg veit ikkje kor mange han har med seg på denne teorien.
-
Det treng ikkje vera skog inne i biletet; eg syner til Rygh: "...rindi m. (Indl. S. 70), som kun er kjendt fra Dialekterne: Rinde m., Jordryg, Bjergryg, høi Banke, især om en opadgaaende Forhøining mellem to Bækkeløb, en Bjergside (Aasen)."
-
Alle som kjøper GT-jakke /-bukse til 2000+, inkludert meg sjølv, veit at sjølve plagget ikkje legitimerar prisen, likevel er det mange positive sider ved det, som alle er nevnt ovanfor.
-
Dette ser dyrt ut! Hald deg unna, seier eg: 98 kroner for 280 kaloriar (omlag 1200 kJ) er rett og slett skammeleg. Skal du ha tilsvarande, som blandast ut i varmt vatn og attpåtil gjev fleire kaloriar enn pakken for 98 kr, bør du gå for Real Turmat til 38 kr pr pakke hjå xxl.no: http://www.xxl.no/xxl_templates/Sok____129.aspx?quicksearchquery=real
-
Ull kjøper du på SparKjøp, hugs å møte tidleg før dei 50-årige damene inntek sjappa. Då sparar du 300% i høve til sportsbutikkar. Elles vil eg råde deg til å bruke vadmelsbukse med bukseselar, strømper, kvit skjorte og tilhøyrande svart skinnvest. Og hugs hatt, helst med band.
-
Eg trudde folket på Veitastrondi såg på dette som positivt for bygda. Mi meining får de ikkje, til meir eg set meg inn i saka, til meir kompleks framstår ho. Uansett, taktisk av Hareide og utsetja saka til ei ny regjering.
-
Når det gjeld ueinige forskarar skuldast dette ofte ulik innfallsvinkel og fokus på kva som gjer handlinga (her: tøying) nyttig: I denne artikkelen går det fram at: "Det er en myte at uttøyning hindrer støle muskler eller gangsperre dagen etter..." "Han avviser dessuten at personer som tøyer ut, blir raskere restituert enn andre". "...uttøyning ikke minsker risikoen for muskelskader." Eit anna poeng er at musklatur som har vorte utsatt for nedbryting (fysisk aktivitet) ikkje bør utsettast for hard uttøying, då dette vil bryte musklaturen ned ytterlegare og medføre auka skaderisiko. Kva som til ei kvar tid er gjengs avhengar av tida og samtidas augo. Livreddingsteknikken min far lærte på skulen er idag sett på som livsfarleg. Før skulle mødrer ligge i ro etter fødsel, idag vert dette sett på som farleg då det aukar faren for blodpropp. God arkeologisk forsking for 150 år sidan er i dag sett på som brot på kulturminnelova. Før var det ikkje farleg å røyke... osv. Folk flest er stokk konservative og likar ikkje å høyre at dei har teke feil heile livet, difor vil nok skulen lære ungane uttøying i åra framover også. Det same vil nok mosjonistar halda fram med. Her bør ein sjå kva toppidrettsutøvarar flest driv med, tøyer ein ut eller ikkje? Så følg dette eksempelet.
-
Er det snakk om storinnkjøp kan fly faktisk lønne seg; ca 350 kvar veg. Toll blir medrekna, dersom ikkje firmaet oppgir falsk verdi på pakken. Viss ikkje må du pårekna 40% prispåslag (25% moms og 15% toll). God tur til England!
-
Støttar absolutt kjiver her, utskjelte SparKjøp sel merinoullskjorter for 149 kr stk (Varde). Heilt genialt. På sportsbutikkar må ein opp i, og over, 400 kr for tilsvarande. Kvaliteten er intet å utsette på. Edit: Varde ullboksar går for 89 kr stk, igjen: Geniale prisar.
-
Angåande krampe skuldast dette for lite vatninntak (og då igjen mineral), vatn og spekeflesk er ein fin kombo på tur.
-
Med langt over 200 treff på denne tråden og 10 stemmer tolkar eg det dit hen at ingen på lista er særleg godt likt. Men trøst dykk med at eg iallefall ikkje er godt likt, då eg overhovudet ikkje står på lista eingong.
-
Firda skriv at: "-Det vart gjort eit funn klokka 11.16, men helsepersonell har førebels ikkje vore inne i området, opplyser politiet..." NRK melde at ho hadda ramla ned ei skråning på hundre meter og ned på ein bre.
-
Trenden for 90-talet er faktisk på veg attende. Etter to år med nedsmelting av breane grunna varme sommarar og snøfattige vintrar på Vestlandet, veks breane igjen, las eg i ein rapport publisert av svenske forskarar for nokre veker sidan. Så kanskje den held seg, om ikkje veks om vintrane blir snørike framover?
-
Ja, i hagebutikkar går nok slikt for fleirfoldige hundre kroner per kilo, om eg kjenner den bransjen rett.
-
Fordi det er lett, billeg og meir praktisk enn mose og blad. Angåande driting i fjellet generelt; om ein kan plukke opp etter andre (hunden), bør ein kunne plukke opp etter seg sjølv også.
-
Har det skjedd nokre ulykker på Besseggen i moderne tid? Med tanke på det store talet (35,000) som tek turen i året er det rart om det ikkje har gått gale nokon gong, fort for at ein av dei 35,000 stivnar av høgdeskrekk, trår feil, glir osv. Det er iallefall eitt skummelt parti på veg opp, minnest eg.
-
Det der er eit moro fenomen, eg hugsar ikkje i farta kva det kallast, men ta til dømes Bergeberget: Det kan hende at det er ein gard i området som heiter Berge (som i eldre tider har fått namnet etter dette berget den ligg ved), når ein so namngjev berget so får det namnet til garden (Berge) i fyrste ledd for å lettare kunne plassere berget geografisk i dagleglivet. Resultatet blir då Bergeberget; berget som ligg ved garden Berge. (Dette er ikkje ei forklaring på sjølve namnet, men Bergeberget er berre nytta som eksempel.)
-
Gygrekjeften på Lifjellet i _Hyllestad_, gyger er ei kjerring eller hulder. Ei ganske spektakulær og stor steinblokk dannar ein kjeft.
-
Stortingsmeldingar, utval og offentlege høyringar er noko heilt anna enn faktisk endring av regelverket. Beitelova og gjerdelova er klar i mine augo: "Det er ikke forbudt med piggtråd i innmark eller elektriske gjerder, men dette må brukes med forsiktighet. Piggtråd i utmark må være i kombinasjon med lett synlig gjerdemateriale, jfr dyrevernloven §29."
-
Så lenge det ikkje er til fare for dyr eller folk er det lov, det må altså vera fornuftig brukt. Det er til og med lov i utmark dersom det er i lag med eit gjerde.
-
Nå vil de merke ruta over Knutshøe med røde T-er
thrill svarte på Alek sitt emne i Generelt om friluftsliv
Eg er ikkje einig, og kva er erfaren? Om du gir ein stolt, barsk nordmann med ski på beina spørsmålet om han er ein erfaren fjellkar vil han sjølvsagt svare ja. Ingen nordmenn tør innrømme noko anna. Eit anna problem er den stadige skrikinga etter å stenge folk ute frå fjellet. Du skriv at "...uerfarne folk som snubler og faller og sliter ned vegetasjonen..." Til dette er det ein ting å seia; uerfarne folk følger iallefall stien, og slit dermed ikkje ned vegetasjonen.