Gå til innhold
  • Bli medlem

thrill

Aktiv medlem
  • Innlegg

    160
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av thrill

  1. Det er klart høgde kan vera skummelt. No kan dødsårsakene på toppane sjølvsagt nyanserast mykje, men folk dør av høgde. Flotte bilete forresten.
  2. thrill

    Nytt telt

    Takk for innspela, men eg kan ikkje spandere godt over 4000 på eit telt. Eg har fått ein særs gunstig pris (50%) på North Face Roadrunner 23, og dette ser ut til å passe alle mine krav: http://www.thenorthface.com/opencms/opencms/tnf/gear.jsp?site=EU&model=APE3 Teltet har to store fortelt, er godt under 3 kg og med god høgde under taket. Til Jordbu: Gamleteltet er for slitt, og burde vore bytta før.
  3. Men hugs no endeleg Femte Bog. 10 Cap. Om Jagt: 1. Art.: En hver maa skyde Dyr paa sine egne Jorder, i hvor de ligge.
  4. Send bilete til kommunen; ein kopi til teknisk etat, ein til ordførar og ein til rådmannen. So kan du nemne at du går til media med det om det ikkje skjer noko. Då får iallefall ordføraren det heitt om øyra, og ting byrjar å skje.
  5. Mogleg det, men eg finn uansett naturattraksjonar i 9 av dei 15 fyrste, og om ein tek med Machu Piccu pga fotturen blir det 10 av 15.
  6. thrill

    Nytt telt

    Takk for tipsa, men isfjell camp 2 har kun ein inngang, og er i tillegg litt meir pro/extreme enn eg strengt teke behøver i det norske høgfjellet om sumaren.
  7. Mykje gode tips ovanfor, eitt som manglar er å ta av seg skoa ved lengre stopp. Fukt i støvlane går ut og sokkane tørkar noko, ta gjerne av sokken og tørk beina om du føler for det. Fuktig hud er meir sårbar for slitasje.
  8. thrill

    Nytt telt

    Vidda 3 er for tungt, men Helsport Istind ser greitt ut. Veit nokon om dette har stropper innvendig? Reagerar litt på prisen (5750), men det er iallefall betre enn det andre tipset eg har fått; Hilleberg Terra til 6750. Set pris på andre innspel også.
  9. thrill

    Nytt telt

    Vurderar å kvitte meg med det 20 år gamle norrøna-teltet. Uheldigvis ser det ut til at modellen er fasa ut for lenge sidan, og ikkje har nokre arvtakarar. Likevel lurar eg på om det finnast noko liknande på marknaden, eg har iallfall leita forgjeves. Her kjem krava: -tomannstelt -sumar, høgfjell -to inngangar med to tilhøyrande yttertelt med plass til oppakning til 1-2 veker -må kunne fyrast primus inni -evt. hemper til tørking av klede innvendig blir sett pris på -"regntett" treng det ikkje vera då eg nyttar presenningar over og under. -under 3 kg? -smart kondensløysing? Det viktigaste er i grunn to separate inngangar med to tilhøyrande yttertelt. Takk for svar.
  10. Ein kan jo byrje med å ta bort svulstfunksjonen, eller gjestfunksjonen om du foretrekker... Då sparar ein seg for ein del spam, iallefall slik eg definerar det.
  11. Gåsa: ...og grunnen til at du registrerte deg på forumet var? På tide at moderatorar tek tak! (Var forresten fristande å bruke gjest-funksjonen for å skrive dette innlegget, men...)
  12. Dei skriv at "prisene varierer kraftig", men har ikkje teke med det billegaste alternativet eg har funne; nemleg Varde som fåast på SparKjøp. Merinoullboxer for 79 kr pr stk og merinoulltrøye 139 kr. Dette er minst 1/3 av veil. pris.
  13. Sjølvsagt bør ikkje staten kjøpe opp all privat mark, poenget er at denne regjeringa stadig skapar eit inntrykk av at dei aktar å gjere dette; men har svikta her. Det er opplest og vedteke at private krefter skal styre Noreg, men politikarane prøvar febrilsk å underkommunisere dette gjennom symbolhandlingar. Dei får anten vera ærlege å fortelja tabloid-befolkninga at dei ikkje aktar å stoppe marknadskreftene og private initiativ, eller so må dei nasjonalisere alle bedrifter og jordflekkar her i landet.
  14. Mykje tydar faktisk på det skal ein tru Bjørnøy og Hermansen sine uttalelsar, men kva som vert sagt stemmer sjeldan overens med kva som vert gjort når det gjeld politikarar og grunneigarar under press frå media.
  15. Grønland reknast som Europa då det formelt ligg under Danmark (enn so lenge...). Kva gjeld Vatnajøkul (+/-8000km^2). Spørsmålet (og lærebøkene) er, som vanleg, håplaust formulert og kan romme mistforståelsar: Jostedalsbreen (+/-800km^2) er det europeiske _fastlandets_ største bre, og Vatnajøkul er Europa som heilheit sin største bre. Dei andre svara finn du garantert i eit atlas eller leksikon. Når du er inne på Kaukasus reknast dette normalt ikkje til Europa.
  16. Jaja, fristen gjekk ut fredag kl 12 og marknaden gav 111 millionar. Statskog bydde pinlege 25 mill. Bodet på 25 mill er ei hån både mot grunneigar, marknad og folket. Nok ei rekke i symbolpolitikken til den nye regjeringa. Det byrjar å bli eindel år sidan samtlege politikarar forsonte seg med marknadsliberalismen, og då er eit hån på 25 mill skammeleg, minsteprisen var på førehand sett til 100. Eg er ikkje jegar uansett, men no må politikarane bestemme seg, og ikkje berre syne seg når media slår saker opp!
  17. thrill

    Ull undertøy

    Om du er plaga med mygg er kvite plagg ei frelse, då myggen ikkje ser kvitt. Alle er vel skitne på tur uansett, men eg følgjer resonnement ditt.
  18. thrill

    Ull undertøy

    Regelen er (og det gjeld alle merker), kommersielle varer eller varer som går frå undergrunn til kommers tapar kvalitet på bekostning av reklameutgifter. Dette har til og med skjedd med snusen siste åra. Grunnen er at dei kvalitetsbevisste kjennarane ikkje lenger utgjer fleirtalet av kundemassen.
  19. " For Bjørnøy er villig til å diskutere en pris mellom 20 og 30 millioner kroner. " Hahah, for det får ein ikkje meir enn nokre meter på Huk; skjerp deg Bjørnøy, og fortell folket at du ikkje vil ha denne jordlappen på statlege hender. Slutt med skodespelet, eller bla opp 100 mill.
  20. Det er vel berre å innbefatte seg med at namn endrar seg med tida, det som er korrekt i dag er ikkje korrekt i morgon (les: 2100), og var ikkje korrekt i går (les: 1900). Debatten blir heile tida forkludra av gamle kart, nye kart, gamle folk, unge folk, lokal uttale/skriving og "korrekt" uttale/skriving.
  21. Skriv bokmål eller nynorsk, tal dialekt.
  22. Lovene er diverre ikkje så klare og konsise som ein skulle ynskja. Høyr P2 laurdag kl 1603, eit program om den omstridde lova.
  23. Er ikkje denne jordlappen allereie på private hender? Det melde iallefall p2 då eg høyrde om saka for nokre veker sidan. Den noverande eigar ynskjer å vera anonym og krev 100 millionar, eg reknar med han no nyttar media til å få fart på debatten og kjøp og sikring av statsalmenning - og for å innvolvere dei raud-grøne for i det heile å få solgt tomta si. For øvrig fint at debatten dukkar opp igjen etter "finnmarkskuppet".
  24. Er ikkje denne jordlappen allereie på private hender? Det melde iallefall p2 då eg høyrde om saka for nokre veker sidan. Den noverande eigar ynskjer å vera anonym og krev 100 millionar, eg reknar med han no nyttar media til å få fart på debatten og kjøp og sikring av statsalmenning - og for å innvolvere dei raud-grøne for i det heile å få solgt tomta si. For øvrig fint at debatten dukkar opp igjen etter "finnmarkskuppet".
  25. Du bør gå for Bora 80 classic, då denne er i ferd med å bli fasa ut for ein modell over (med anna tapa glidelåsar), og du vil oppnå særs gunstige prisar på denne. Kjøpte sjølv sekken i juli og betalte då 2999, reknar med den kan fåast billegare no.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.