Gå til innhold
  • Bli medlem

thrill

Aktiv medlem
  • Innlegg

    160
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av thrill

  1. Kom gjerne med eksempel på spesifikke matvarer du siktar til. Takk.
  2. Ein kan byrje med å prøve å skrive 'intelligens' rett, så kan me diskutere korleis grupper ser på andre grupper. Generelt ser alle grupper på seg sjølv som sentrum, og definerar seg sjølv og andre deretter, difor oppstår denne type debattar i alle samfunnslag og subkulturar. Elles støttar eg tanken til Tom. Det er idiotar alle stadar, men kanskje der er færre i fjellet enn andre stadar? Eg ser iallefall uvettig framferd over alt. For å sette det på spissen rikiskerar fleire livet i fjellet enn i kvardagen, der folk flest ventar på grønt lys.
  3. ...og eg som trudde dronning Sonja vart årets villmarking kvart år.
  4. Takkar igjen for god respons. Det blir 10 dagar, så eg reknar med eg rekk over både Ben Nevis og Glen Coe.
  5. Tusen takk, dette var verkeleg bra!
  6. Skal tilbringe nokre dagar i Skottland i juni. Innimellom whiskyturar må ein sjølvsagt innom Ben Nevis på vestkysten når ein fyrst er der. Dersom nokon har vore der, hadde eg sett pris på litt informasjon rundt denne toppen. Takkar for svar.
  7. Kvifor betale meir enn dy må? Tre modellar, pris mellom 48 kr og 58 kr (10 kr i porto). Greitt nok til teltbruk, dug ikkje til joggeturar kveldstid. http://www.fairtrade.no/ftn1518.htm
  8. Hugs også at posen aldri skal lagrast i kompresjonstrekket, då dette flatar ut fibra og svekkar isolasjonsevna. Posen må også stappast, ikkje rullast saman slik speidarane gjer, av same grunn som over.
  9. I mine augo har 'nikkersadel' endra tyding (slik ord og uttrykk ofte gjer) frå før å beteikne ressurssterke friluftsfolk, som heller vandra og klatra i fjellet istadenfor å arbeide på fyrstikkfabrikken, til no å vera ein samlebetegnelse for personar (gjerne eldre) med motførestilling til alt nytt. Dette gjeld både i utstyrsvegen og generell samfunnsutvikling, som særleg angår utbyggingsaktivitet i bygdenoreg. Uttrykket brukast både negativt og positivt, avhengig av ståstad.
  10. Du skriv ikkje kvar og når du skal bruke teltet, så eg går ut i frå at du er på jakt etter eit tresesongarstelt? I so fall er eg særs nøgd med North Face Roadrunner 22. Det er veldig lett (2,3 kg), raskt å sette opp, to inngangar med to store yttertelt, og masse lommer og hemper innvendig. Du kan også ta av yttertrekket, og sjå på stjernene gjennom myggnetting. Veiledande pris i Noreg er tett opp under 4000, går du til statane får du dette under halvparten.
  11. Eg trur at framtida vil sette pris på at vår tid hadde sin spesielle arkitektur (som Fehn, og Jarmund/Vigsnæs) istadenfor romantiske kopiar av fortida. Måtte romantikarane få hakeslepp i høgfjellet oftare.
  12. I tillegg til lista de allereie har ville eg ha teke med salt spekemat og noko 'mør'/'morr'/spekepølse, til bruk opp harde kneikar. Kokesjokolade og rosiner er også bra energiboost. Ein pakke knekkebørd er også å anbefale pga låg vekt. Til havregrynsgrauten bør de unne dykk litt salt og kanel, elles blir det fort kjedeleg.
  13. Eg trudde fyrst dette handla om selektiv hukommelse, men etter det eg forstår gjer det ikkje det..? YKK er nærast einerådande på marknaden og vil soleis få skulda for samtlege glidelåsfeil. Personleg har eg berre gode erfaringar med glidelåsar, noko seier meg difor at du er hardhendt generelt og med glidelåsar spesielt. Til sist kan eg legge til at eg har to av produkta du syner til, og har enno ikkje opplevd slike scenario som du skisserar.
  14. Til siste: Bruk fleire lappar, og lapp over lappane etterkvart som du lappar. Oi, det var godt formulert!
  15. Eg trudde Ousland og Kagge gjorde dette i 1990? Og at Ousland gjentok dette åleine nokre år seinare.
  16. Vårt problem er ikkje islam, men tradisjonelle samfunn. Dette inkluderar mange ikkje-muslimar og ekskluderar mange muslimar.
  17. Takk for eit veldig godt svar. Det vankar nok ein PM til deg når me sett oss ned og studerar karta meir inngåande.
  18. Driv så smått å planlegg ein 7-10-dagarstur frå Stølsheimen inn i Hardangervidda (vest og/eller aust) i august. Me skal bu i telt, ha med mat sjølve og kan gå dagsetapper på 20-30 km. Problemet er at me er ukjende i området og ser gjerne å få innspel på ruter og anna sjåverdig. Turen startar i Vik/Vangsnes i Sogn og endar same stad. Takk for innspel. KR / RF
  19. thrill

    geitemelk

    Ja, geitemjølka seiast å ha god haldbarheit grunna bakteriehemmande stoff i mjølka. Soleis kan den også nyttast som konserveringsmiddel! Om ein skal på lengre turar vil eg uansett ha teke med mjølkepulver, om ein absolutt treng mjølk på tur.
  20. Eg brukar dei også om sumaren, og finn dei ikkje for varme. Som A.l skriv er dette ingen støvel for 'turer i skog og mark', du bør difor nøye sjå over behovet ditt. Isogaisa er stive i byrjinga, men mjuknar noko etter bruk. Gummikanten gjer at dei er vanskelege å gå inn, dei må difor sitte som støpt frå børjan av. Elles må du, slik som meg, bruke nokre veker med sportstape, og pleie dine gnagsår. Når du er over denne kneika er det fantastiske heilårssko med god pusteevne, vanntette og særs slitesterke.
  21. Kjeldekritikken bibelarkeologi.no her framsyner er verre enn sodomi! "Oisann, ein stein som liknar på ein fisk -- dette må då vera ein forsteina fisk!!?"
  22. Med fare for å dra opp ein gamal tråd; korleis er det å ta seg fram til (og litt oppover) Sognefjellet når vegen er vinterstengd, og kvar ligg bommen? Tenkjer då høvesvis frå Luster med bil.
  23. Interessant at slike apellar alltid kjem frå "Gjest". Støttar synet som er skrive over der ein går i djupna: omstilling, Devold og media. At folk melder seg ut av DNT fordi Devold kjem på toppen, seier alt om kva aviser ein les...
  24. cheetah: Eg tek poenget ditt, men høgt skaft og solide sålar er fint å ha på veg heim frå ei vellukka jakt med tung bør
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.