Gå til innhold
  • Bli medlem

thrill

Aktiv medlem
  • Innlegg

    160
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av thrill

  1. Er det nokon som har ein tommelfingerregel for oppkok av 1 liter vatn sommarstid med raudsprit og stormkjøkken? Normalt tek eg med for mykje raudsprit til fjells, men tenkte å pakke meir knepent dette året.
  2. Eg trur ikkje dette går så mykje på kjønn som ein kanskje likar å tru. Alle som vil gå åleine får reaksjonar på det. Årsaka til dette er veldig samansett. Det spenner frå sikkerheit til normer om sosial oppførsel.
  3. Preferansar: Utanom allfarveg, fiskevatn, variert terreng, sør-noreg. Takk.
  4. Ut i frå det fastlåste tidspunktet bør du nok søke deg til fjellheimen lengst sørvest i landet, der er det per i dag minst snø i fjellet.
  5. Er det nokon som veit om Varg sine fjellsko plar koma som tilbod inni mellom?
  6. Luftlommer mellom kleslaga, og i pullken, er undervurdert. Dvs kle junior opp i for store bukser og pappasokkar utan på sine eigne ullklede.
  7. "De to klatrerne ble funnet flere hundre høydemetere over Geiteneset, som er et kjent område for basehopp og klatring i Rogaland." http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=10043484 "Han snakket om en ubestiget islinje. Han sa at den så bra ut, sier Capellen, som beskriver ruten som tynn og bratt, og understreker at han ikke vet om de endte med å velge denne ruten." http://www.dagbladet.no/2012/02/12/nyheter/fjellklatring/innenriks/leteaksjon/20184520/
  8. Dette klarar du nok utan jakt med butikken nokre kilometer unna. Fyrste gongen treng ein ikkje gjera det vanskelegare enn det er å leve ute eitt år. Det vert nok også ei finare oppleving om du slepp bruke mesteparten av døgnet på å skaffe mat - og ikkje minst tenke på det dalande matlageret.
  9. To fungerar fint om ein er omlag på det same nivået, fleire enn dette så sprikar det fort meir. For min eigen del fungerar to maksimalt i ei veke, lengre enn dette vert det for tett og irritasjonsmomenta byrjar å koma. Er du ved god helse er det ingen problem å vandre åleine, dei fleste justerar også risikonivået tilsvarande. SPOTen er nok fin utanfor dekningsområde om ein går åleine over lengre tid i område der få ferdast.
  10. thrill

    Flått

    Eg trur ikkje det spelar noko rolle, flåtten er etter kva eg er fortalt blind. Årsaka til at ein nyttar kvitt tøy er for å gjera den enklare å oppdage, jf mot eit svart klede til dømes. Eg har god erfaring med bruk av kvitlauk, og et ofte nokre fedd kvelden før - eller eitt før eg går ut på turdagen. Saumfarar alltid bein, overkropp og armar når eg kjem heim. Erfaringsmessig sit ikkje flåtten i hovudet, men kan opptre i skjæringa mellom hår og nakke eller bak øyrene.
  11. Orsak meg. Inngår delar av Skarvheimen i Hallingskarvet nasjonalpark?
  12. På langtur er hygiene ekstra viktig. Du vil ikkje finne deg sjølv med laus mage fleire dagsmarsjar frå folk. For øvrig ein fin tråd. Mi vekt på 7-dagarsturar er jamnt over 20 kg, deretter dalande etterkvart som matlageret minskar. Kjem normalt heim med 10 kg, så her skal det trimmast kraftig ned.
  13. Du skal ikkje bære med ryggen. Det er hoftene og beina som skal bære vekta av sekken. Du skal lett kunne bevege handflata under stroppene som går over skuldra, dersom hoftereima er korrekt satt. Med det ligg det ikkje vekt på ryggen, men på hofte og bein som i teorien kan tåle fleire hundre kilo utan å ta skade.
  14. Tillat meg å gje alternativ til folkehøgskulane. Eg trur mange her inne er 'free spirits', som likar fridomen villmarka gjev. I folkehøgskulesystemet vert ein fort ein av mange. Det er hensyn som må takast, reglar, kveldsro, fellesturar, organisering, osv. Eg tykkjer innskrivaren bør halde fast ved sin draum om å gå Noreg på langs eller loffe rundt på viddene i Skandinavia. Du vil ikkje få mange fleire vennar, men garantert fleire naturinntrykk.
  15. Ei halv tannbørste hjelp lite dersom ein tek med seg eit telt og ein sovepose som veg det doble av det nødvendige. Det er også eit must å pakke energirik tørrmat, då maten på langturar er det som tek det meste av vekta.
  16. Eit søk på google vil avdekke fragmentariske ruter, som du i andre rekke kan sette saman og derved finne store delar av ruta frå Bergen til Trondheim.
  17. thrill

    foreldre?

    Eg ville vore meir bekymra for vind og nedbør, enn for temperaturen åleine. Det bør du lufte for dine foreldre.
  18. thrill

    Gnagsår

    Kort kommentar til M77: Dette er eit typisk kompromiss forsvaret har inngått, M77 eignar seg soleis særs dårleg i steinura. Den som har prøvd det vil snarast kjøpe seg støvlar med stiv såle. M77 er fin til turar i skog og mark, og til nøds marsjering på asfalt med innlagd appell.
  19. Lindap: Kokeapparat er obligatorisk om vinteren. Å ta med seg mykje drikke er både tungt å bære, og risikabelt mtp frost. Varmen kokeapparatet gjev i frå seg i telt/snøholer, og moglegheita for varm drikke, reddar liv og er skjerpande på moralen!
  20. Ja, det blåste så bra at to omkom på vidda denne helga...
  21. Ja, SparKjøp er tingen. Du blir regelrett flådd levande på dei fleste andre sportsbutikkar, særleg dei sentrumsnære. Får lyst til å banne, men eg let vera, det er seint.
  22. Ein kort kommentar til prisen, den reflekterar Drytech sin tilnærma monopolsituasjon i Noreg. Dei kjenner sin posisjon, og har etterkvart byrja benytte seg av denne etter år med ein heller låg nettomargin. Det hadde også vore interessant å sjå nærare på dei enorme prissvingingane butikkane i mellom, eg har på eitt kjøpesenter vore vitne til prisskilnad frå 39 til 69 pr pose. Det er soleis grunn til å tru at butikkane også forsynar seg grovt av denne middagen.
  23. Eg trur ikkje Vierma er faren, men mora, kjønn er likevel irrelevant i denne samanhengen. Det viktige er om ungane vil trivast, og dersom dei elskar fjellturar vil dei elske Besseggen. Likevel har eg sett eindel tunge, unge bein etter at toppen er passert... Er enig med mor10, er du usikker på om ungane ikkje klarar turen, så vent eit år eller to.
  24. Alt positivt om Isogaisa tiltredes, men ver obs på at skoa kan gi gnagsår også etter lengre tids bruk. Ved bruk formar dei seg ikkje så lett rundt foten som andre lærsko kan gjera. Dette skuldast i hovudsak gummiranda. Ver difor veldig nøye på at paret passar godt ved prøving i butikk.
  25. Mottek gjerne innspel på val av ruter og stadar/toppar å gå innom på vår ferd på Hardangervidda frå midten av juli. Utgangspunktet er Finse. Me er fjellvande og kan bera tungt (telt og mat for perioda). Takk.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.