Om det er flyttet stein/fjell som ligger løst oppå et annet lag så kommer vel kanskje denne med også
Hårteigen
Store norske leksikon
Geografi
Norges geografi
Hordaland
Ullensvang
Hårteigen, fjell i Ullensvang herad, Hordaland, den høgaste og mest dominerande topp på den vestlege Hardangervidda; 1690 moh.
Fjellet er ein rest av dei store skyvedekker som under den kaledonske fjellkjedefalding vart skovne inn over landet. Toppen består av prekambrisk gneis som er skoven oppå lausare skifer (fyllitt) og dannar difor bratte skrentar mot den omliggjande lågare vidda.
Aust for Hårteigen går fotturrute frå Litlos turisthytte til Torehytten, og frå denne ei merka rute opp på Hårteigen. Eit stykke av denne ruta går dels over, dels ved sida av ein glatt snøfonn, og her har Den Norske Turistforening sett opp rekkverk for å letta oppstiginga. Frå Hårteigen prektig utsyn over Hardangervidda til Hardangerjøkulen og Hallingskarvet i nordaust, Gaustatoppen i søraust og Folgefonna i vest.
Namnet.Fjelltoppen sett på avstand er samannlikna med ein teig. Første ledd er visstnok norrønt hárr, 'grå'. Namnet tyder då Gråteigen.