Eg har sjølv Storetind med Speed-binding og tlt5 sko. Ikkje den skia eg brukar mest, men absolutt eit oppsett er likar godt på alle turar der ein skal kombinere labbing med køyring. Enormt mykje lettare å gå med enn alle telemarksko eg har høyrt om. Både pga lav vekt, stort utslag i leggen, liten motstand i "hengslinga" og at rotasjonsaksen er langt bak i høve til tåa. Det vil seie at aksen går ca gjennom stortåa i staden for fleire cm lenger framme. Eg gjekk 5-dagars pulk-/telttur sist vinter med dette oppsettet. Er ikkje i tvil om at eg ville valgt same skia om eg skulle gått den turen på nytt. Men det er klart at til skiløping så ønskjer ein at sko og binding skal gje ein meir dynamisk fleks når hælen løftes i frasparket. Det skal likevel vere svært lite køyreterreng på ein tur for at eg skal velge fjellskia med kabelbinding og lærsko. Det største argumentet for sistnemte oppsett er at ein slepp å rigge om mellom gå- og køyremodus. Dette argumentet forsvinn om ein likevel skal ta av/på feller. Eg har brukt mine Storetind/tlt med kortfeller, langfeller, smurning og klister. På turar frå 5 til 30 km.