Har vokst opp på kysten og våre veldig mykje på havet... men når det gjeld friluftsliv til fots så har det stort sett begrensa seg til 2-3 timar lange søndagsturar opp og ned ein topp. Ei appelsin og ein kvikk-lunsj liksom. Ingen lengre fotturar med overnatting i hytte eller telt, mykje på grunn av at foreldre ikkje var nokon ivrige turgåarar men og på grunn av at muligheten ikkje låg der på den øya ein vaks opp. Blir litt meir stress og planlegging når ein må langt avgårde med både ferje og bil. Men uansett så det vel derfor eg nå har veldig lyst til å prøve dette.
Blir kanskje litt omfattande å spørja om dette på eit forum, men tar sjangsen og er veldig takknemlig for alle gode råd eg kan få! Det eg rett og slett lurer på er om eg kan få ein slags innføring i friluftsliv i praksis... hehe... kanskje litt søkt men skal prøva å begrensa spørsmålet litt...
For det først er det snakk om gåturar i vår/sommar/haust halvåret... ikkje skigåing. Eg ser for meg om nokre månadar når det vert litt mildare å begynna forsiktig med lette enkeltovernattingar og helgeturar som ikkje innebærer for mykje trakking. Berre for å komme i gang, og så viss ein innser at dette er kjekt kanskje prøve seg på ein litt lengre tur utpå seinsommar / haust.
Ok.. så la oss skildre litt meir spesefikt korleis eg forestiller meg at ein tur nå i vår kan sjå ut.
- Telttur ei helg som startar fredags ettermiddag. Relativ bratt stigning opp til 500 meters høgde, og så deretter ganske flatt innover et stykke. La oss sei 2-3 timar totalt før ein finn seg ein plass å slå leir... blir jo sikkert mørkt etterkvart. Neste dag vidare innover i to-tre timer, kanskje opp til 6-7-800 meters høgde før ein slår leir... prøva å fiska litt utover ettermiddagen i eit vatn og skaffa seg middag. Søndag 4-5-6 timar tur tilbake og ned. Turen blir til å begynne med garantert med enten ein kompis eller to, eventuellt kjæreste. Tenker det er best å være fleire når ein startar ut, men etterkvart så tar eg meg kanskje ein tur åleine og...
Så... når det er sagt så lurer eg vel eigentlig på det meste. Jo meir eg tenker på det så dreier vel da mesta seg om ustyr og klær, og eg har vel verken klær eller ustyr og heller ikkje peiling på kva eg bør kjøpe. Treng alt frå sko og klær, sekk, telt, sovepose, liggunderlag, ustyr for å lage mat (panne/kjele? - primus/bål?) osv. Vidare lurer eg på alt det praktiske... f.eks. kva gjer ein når ein har gått i to-tre timar og er svett og våt... har ein med seg kleskifte? Og kva og kor mykje klær har ein med seg. Korleis pakkar ein sekken? Og kor stor sekk treng ein til ein slik tur. Kva or kor mykje mat er fornuftig å ha med seg?
Eg prøver vel rett og slett å skaffe meg oversikt og det hadde vært interessant å fått eit detaljert døme på korleis ein typisk sekk til denne turen hadde sitt ut. Samt korleis reint praktiske gjøremål og utfordringar i løpet av turen hadde vore utført...
Som sagt... blir kanskje litt overkill på eit forum men men... er takknemlig for all hjelp!
BTW. Referansar til anna material i form av artiklar/bøker/filmar som kan være nyttige er og interessant!