Dimex,om snøskuterkjøring er positiv friluftsliv, kjem i alle tilfeller ikkje fram i Stortingsmeldinga no. 39, dersom ein ikkje er alvorlig handicappet da.......
St.Meld. 39 - Friluftsmeldinga 9.4.2 Motorisert ferdsel
Løyve til å nytte motoriserte hjelpemiddel kan gjere naturopplevingar tilgjengelege for personar som elles ikkje vil vere i stand til å ta seg fram i naturen. Aukande fritidsbruk av motoriserte hjelpemiddel inneber likevel ei utvikling med negative konsekvensar for befolkninga si helse og for ei berekraftig utvikling; ei utvikling i retning av ein stadig meir passiv livsstil med lite fysisk aktivitet og bruk av ikkje fornybare ressursar framfor muskelkraft. Samstundes skapar motorisert ferdsel støy og kjem derfor i konflikt med dei viktigaste kvalitetane ved friluftslivet som er fred og ro.
Størst konflikt er knytt til bruk av motorkøyretøy som snøscooter og til dels fly og helikopter i dei store samanhengande (inngrepsfrie) naturområda og i dei by- og tettstadsnære markaområda. Konflikten er størst her fordi fred og ro har større verdi dess meir urørt eit område er. Motorbåtane er blitt fleire og større og med stadig større motorar. Med dette er òg motorbåten i ferd med å bli ein trussel mot naturen og andre delar av friluftslivet og då særleg i områda rundt Oslo og langs Sørlandskysten. Det er grunn til å følgje denne utviklinga nøye.