Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Stuttjukken

  1. For å ta det først, då g-arnt nemnte Taket-3.htm. I bakgrunnen frå venstre er Krakhellenipa (Sula), midten er Losnalandet, høgre er Lihesten.

    Hint vidare på biletet (linken) eg la ut: Sognefjorden ligg gøymt nedi djupet eit stykke unna, ja. Fjella bak til høgre burde Agnar ha rede på, då han har gått der ute. Elles kan g-arnt finna fram bileta sine på ein novembertur hans til ein topp på 1206 m.o.h. nokre km. lenger nord frå Taket på 1211 m.o.h. Dalføret det er snakk om er ikkje Steinslandsdalføret, men dalen er like i nærleiken (nokre km. unna). Dalen fører ned til bygda der avdøde og tidlegare minister og NRK-sjef har namnet sitt i frå. Det er eigentleg namnet på staden like ved der det er både butikk og kyrkje som er det mest rette svaret på bygdenamnet, medan den tidlegare NRK-sjefen har namnet frå ein av gardane i bygdesoknet. (Forvirrande, det vert vel verre..................).

    Helsing Stuttjukken.

  2. Lars spør om når det er nok. Det vert aldri nok for desse pengafolka uansett, ikkje eingong når alt mogleg som det kan produserast straum av i stort og smått er teke i bruk, all framtidig teknologi teke i betraktning, vert det nokosinne nok for pengafolka. Sjølv etter at den siste bekk og elv på kloden er bygd ut vil dei meina at det ikkje er nok. Eller når vindmøllene står så tett at dei bremser opp for vinden i si eiga eksistens, eller når den siste olje og gass og kolbit er brukt opp, eller.........

    For desse vert det aldri nok. Det er ikkje mogleg det, og det er naturstridig at dei får nok. Når mykje vil ha meir, vil dei som har mest ha absolutt alt. Verda er ikkje mindre kynisk enn det.

    Helsing Stuttjukken.

  3. Utanfor kjerneområde og yngleområde for rovdyra, er rovdyra kun streifdyr, men som streifdyr vandrar dei i det meste av Norge. Det betyr at sjansen for at eit rovdyr er nær deg på Hardangervidda er svært liten, men det betyr ikkje at det aldri er rovdyr innom Hardangervidda, for det hender år om anna både der og andre stader. Dette kan ein ta heilt med ro, og dessutan vil normale rovdyr unngå å treffa på deg om dei oppdagar deg. Sjølv har eg opplevd å bu på kloss hald til bjørn, jerv og gaupe på streif, og sett spor etter dei, utan at eg har teke skade av det.

    Helsing Stuttjukken.

  4. Eg trur vegen er fylkesveg frå Øvre Årdal og opp til litt over øvste garden i Fardalen som heiter Haug. Derifrå er den privat, forbi stølane oppover - Muradn - Berdalsbandet - Berdalen - Riingsdalen - Skarsstølen til Turtagrø.

    Helsing Stuttjukken.

  5. Eg veit ikkje kva for ein kommune som brukar finsk. Det er faktisk fleire kommunar som brukar finsk sidestilt med norsk og samisk. Finsk betyr her kvænsk/gammalfinsk, og er ganske forskjellig frå vanleg Finlands-finsk. Finsk er i bruk i Porsanger, Lebesby, Tana, Nesseby/Unjarga og Vadsø, om eg ikkje tek feil, og her er finsk, norsk og samisk likestillt, iallfall i teorien. Eg hadde praksis på landbrukskontoret i Lakselv/Leavdnja/Lemmijoki i Porsanger/Porsangu/Porsanki kommune i Finnmark (1993). (Norsk/samisk/kvænsk, om nokon lurte på det).

    Helsing Stuttjukken.

  6. Eg held no på med jegerprøven for tida, med framhald etter påske. Når de byrjar på det, vert de truleg tilrådd å melda dykk inn i NJFF (Norges Jeger- og Fiske-foreining). Det kan eg trygt tilrå. Under jegerprøven får de vita om og de kan spørja om jakt, skyting, fiske, m.m. Kurshaldarane er ofte ressurspersonar innan jakt, skyting/våpen og fiske. Dei opplyser om skytebaner, skytetrening, jaktskyting, m.m. Det er lurt å vera med på slike aktivitetar, først og fremst for å trena, men óg for å koma inn i skyte- og jakt-miljøet. Etterkvart vert miljøet kjend med deg, og det kan vera avgjerande for at de får verta med på jakt. Utover det dreier det seg om å skaffa seg våpen, og fellingsløyve i jaktområde.

    http://www.sluttstykket.com , kan de gjerne sjekka ut, med forum og det heile.

    Helsing Stuttjukken.

  7. Det har vore stillstand på heimesida mi lenge no, men det er slik når webutviklaren bur langt unna og har liten tid. Eg vonar at dette vert betra i løpet av året. Eg veit ikkje om bileta vert større, men det er på tide med fleire av dei, då.

    Helsing Stuttjukken.

  8. Eg har ikkje vore der mr.elendig har biletet i frå, for eg har ikkje vore på toppar med hus på i dette området. Eg ser mange kjende storleikar frå toppen. Raundelseggji med Olsskavlen, Seldalsnuten, Skipadalsnuten og Hondalsnuten, vidare mot Gråsio sør for Voss, Lønahorgi, Svartenut, Skorseteggji, Skreieggji, Skjellinganosi, Bjørndalskammen, Nipane mellom Brekkedalen og Grungedalføret, fjella omkring Fresvik-Jordalen (brearm frå Fresvikbreen under skydekket?) og Nærøyfjorden, Skammadalshøgdi, fjella mot Flåmsdalen, fjella ved Upsete og Myrdal, og Vassfjøra langt bak.

    Eg trur me skal til Kaldafjellet, 1411 m.o.h., mellom Raundalen og Brandsetdalen/Oppheim.

    Gløym ikkje biletet mitt, 2 postar lenger opp. Stikkord er nordvest i Stølsheimen, og fjell forbi nokre fjordar nordover.

    Helsing Stuttjukken.

  9. For tida er vegen Matre - Stordalen - Bjordal open frå Matre til Stordalen Fjellstove, samt forbi Stordalsstølen hytteområde til like nedanfor demningen ved Krokavatnet. Vidare ser det ut som om snøen i vegen er nedkøyrt, og er pakka ned i vegen. Om den er halvvegs brøyta eller om det kune er nokre maskinspor, sjekka eg ikkje. Uansett er vegen stengd over høgda vidare mot Bjordal ved Sognefjorden. Den KAN vera open til Hestfossen vegskifte nedanfor Årsdalsvatnet, men bommen kan óg vera nede innanfor gardane på Førde. Det har eigentleg liten betydning. Ver OBS at vegen frå innanfor gardane på Fossen og Stordalen er nattestengd. Klokkeslett er å lesa på skiltet innanfor Matre i Masfjorden.

    Elles er det lite snø omkring Stordalen (20-50 cm., der det er litt nysnø på overflata), men skal de innover mot Vardadalsbu mot aust, vil nok snømengda auka mykje innover.

    Helsing Stuttjukken.

  10. Dyrhaugsryggen er nemnt, og den startar kort stykke frå Tindeklubbhytta. Elles kan ein gå rundt og inn i Riingsdalen, og sjå om der er noko å ta turen til. Så kan ein óg vandra innover mot Fannaråki og gå gjennom skardet i retning Skogadalsbøen. Toppturar er det gjerne verre med i dette området, men det er no skiterreng i området likevel. Ein kan óg vandra opp Sognefjellsvegen, og følgja den før den vert brøytt.

    Helsing Stuttjukken.

  11. Standalhytta er ei stor og koseleg tømmerhytte i gammal stil. Den er i god stand med det meste ein treng, (trur det var straum óg), men er antakeleg utan proviant, sidan ein kan køyra til hytta. Om vegen vert brøytt over høgda på Standalseidet (Ørsta - Follestaddalen - Myklebuststøyla - Standalseidet - Standal i Hjørundfjorden - Festøy), kjenner eg ikkje til. Svein veit, men for ein del år sidan var vegen oftast vinterstengd. Eg har køyrt over der i byrjinga av desember for nokre år sidan, så vegen stengjer ikkje før den må stengjast, då. Elles finn de tips til skiturar i området på heimesida til Svein, og Kolåstinden er like bak Standalshytta.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.