Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Stuttjukken

  1. Eg tok ein kikk i rutetabellen for Sogn og Fjordane fylke. Eg har ikkje høyrt om noko bussrute til Nørdstedalsæter, og ruteheftet nemner ingenting om det. Ruta på Lustrafjorden går kun til Fortun, med unnatak av rutene over Sognefjellet til Lom og Otta sommarstid. Før i tida gjekk bussen nett forbi butikken i Fortun på enkelte avganger, og snudde ved kraftverket på Skagen, 1 km. innover i retning Bjørk og Nørdstedalsæter, men om dette skjer i dag anar eg ikkje, men 1 km. frå eller til betyr lite her. Går det nokon "buss" på den smale og svingete grusvegen til Nørdstedalsæter, må det anten vera snakk om noko som bestyrarane på Nørdstedalsæter tilbyr, eller det er snakk om drosje. Eg køyrde ein tur opp til Nørdstedalsæter i 1999, så vegen er køyrbar, så klart. Derimot går det ein minibuss over fjellet frå Turtagrø til Årdal. Elles er det fleire ruter til Nørdstedalsæter enn den lange vegen. Ein kan gå på stiar frå Turtagrø via Stølsdalen (hytte), 1-2 dagar. Ein kan óg gå frå Fortun til Bjørk og opp til høgdagarden Ormelid, og så gå på sti via Stølsdalen, 1-2 dagar.

    Helsing Stuttjukken.

  2. Hyttebyggjinga mange stader har utvikla og utviklar stadig fleire hyttebyar. Mange av dei som byggjer store hytter i dag er ikkje så opptekne av å koma seg ut i naturen at dei gjev slepp på byen, for å sei det slik. Dei tek så mykje av det urbane som mogleg med seg til hyttene sine. Det er openberrt ein trend at hyttene klumpar seg tett saman i hyttebyar. Med på kjøpet følgjer kjøpesentre og butikkar, restaurantar, hotell, bensinstasjonar, og mykje anna infrastruktur. Geilo, Beitostølen og Oppdal er gode døme på dette. Myrkdalen nord for Voss held på å utvikla seg til ein fjellby (Voss Fjellandsby) i ekspressfart. Det står att å sjå kva tid det første kjøpesentret er på plass der óg.

    Dette med hyttebyar er ikkje berre eit vonde, så lenge reguleringsplanar og politiske vedtak gjennom hyttebyane kan hindra byggjing av hytter overalt elles i naturen. Det er nok så, men det er berre det at det vert stadig fleire hyttebyar overalt i naturen, og dei gror opp oftare og oftare. Det verkar som at dei enkelte kommunane opnar for hyttebyggjing i stor skala rundt om i kommunane. Når svært mange fjellkommunar opnar for byggjing av hyttebyar, då trur eg tida er komen for at det trengs meir statleg styring her for å bremsa på denne hyttebyggjinga. Det er ein ting til som burde vore strengare regulert, og det gjeld storleiken på hyttene. Some kor nostalgisk denne tankegangen vert oppfatta som, meiner eg at det trengs å bremsa utviklinga med stadig større hytter og tilhøyrande vegbyggjing og infrastruktur. Det er betre å gå attende mot dei små hyttene og buene utan innlagt straum og vatn, utan veg til hyttedøra, m.m. Med dagens (og morgondagens) krav til komfort og urbanitet hjå "folk flest", vil nok jaget etter hytter på fjellet verta redusert når det vert stilt krav om at hyttebyggjinga skal skje på naturen sine premissar, istadenfor å byggja opp fleire sokalla "urbane Beitostølar". Samstundes med dette, må det avklarast størst mogleg område i naturen der hyttebyggjing aldri skal førekoma, også utanfor allereia verna område. Gjort på rette måten er det betre at det vert bygd 1 hytte (og berre 1) i t.d. eit skogholt ved Maurvangen (Gjende), enn at det vert bygd ein hytteby på t.d. Besstrond. Dette var berre eit konkret døme, Morten, og ikkje eit forslag til kva som skal skje i dette området øvst i Sjoadalføret/Heidalføret. Så langt eg har sett er det meir enn nok hytter i det området.

    Helsing Stuttjukken.

  3. Når folk samlar på 2000-meterstoppar, er det Fastlands-Norge det plar handla om. Når det er sagt, så er Beerenberg ein av dei norske 2000-meterstoppane, ja. Vel, me får sjå korleis det går når danskane skal bestiga alle 3000-meterstoppane sine på Grønland. G-arnt har allereie vore på fleire av dei. De finn flotte bilete frå Grønlandske toppar på heimesida hans.

    Helsing Stuttjukken.

  4. Det er sikkert ingen nyheit, men det er første gong eg les det. No er Europas største steinras nært føreståande, heiter det. Dette er venta i Berner Oberland i Sveits. Ovanfor Grindelwald og Wengen (og Interlaken) finn ein Jungfrau-massivet. Det er fjellet Eiger som er spådd eit kjemperas om ei tid, og ingen veit når. Det kjem ofte småras i fjellet der for tida. Området er kjent for toppane Eiger, Mønch, Jungfrau, Finsteraarhorn, Aletschgletscher (mot Valais). Elles går Europas høgstgåande jernbane frå Interlaken til Jungfraujoch, 3454 m.o.h., og heis opp til vêrstasjonen på 3573 m.o.h. Sjølv var eg der i mars 1993, på min (så langt) einaste tur til eit fjellområde utanfor Norge. Togturen innebar absolutt null utfordringar, så klart, men likevel merkast høgda slik at ein måtte ta hensyn til den.

    Helsing Stuttjukken.

  5. Ingen tvil om at bjørnen valde feil side av Sognefjorden på si ferd. Hadde han vandra på sørsida, hadde han fått fred i skogen heime hjå oss. Der er det så mykje plantekost at han ikkje hadde tronge og ete sauer.

    ....................................................................

    Me har hatt bjørn i skogen heime fleire somrar og haustar frå 1992 og utover. Det har me forsåvidt vorte "vant" til. Til no i år er det så langt lite som tyder på at bjørnen oppgeld seg på dei kantar. Eg skreiv altså LITE, og eg skreiv ikkje INGEN. Eg såg spor ute i skogen i indre Nordhordland, der eg gjev bjørnen ca. 10% sjanse for at han er grunnen til det eg såg, (og 90% sjanse for at det ikkje var bjørn). Dette var 3.-4. juli, ca i veke sidan.

    Helsing Stuttjukken.

  6. Det er faktisk ingen dum idé å avslutta turen frå Berdalen. Dette kan de kombinera med forslaget frå Morten ved å gå Midtmaradalen og Skagastølsbu. Når de nærmar dykk Turtagrø, kan de svinga til venstre og gå mot Skarsstølen, ca. 1 km. sør for Turtagrø i retning Årdal og ligg opp til venstre for vegen og er lett å oversjå, (eller gå via Turtagrø hotell). Eit godt tips er å ta turen innom selsbøen på Skarsstølen. Hugs å ta att alle grinder, då det er beitande kyr der om sommaren. Skulle det vera folk der, så slå gjerne av ein prat. Sjølv kjenner eg godt til dei trivelege grunneigarane til Skarsstølen. Skarsstølen er det same som Skagastølen, som har gjeve fjellet Skagastølstindane namn, og grunneigarane bur på Skagen i Fortun (bygda før Skjolden innst i Sognefjorden). Det som (etter mi meining) er det flottaste skuet mot Skagastølstindane nedanfrå, finn de nettopp på Skarsstølen. Difor er avstikkaren der å tilrå.

    Deretter er det berre å rusla etter vegen i retning Årdal, der de passerer munningen til Riingsdalen. Ta gjerne ein avstikkar inn der óg, og betrakta skjønnheitene der inne med Riingstindane og Soleibotstindane. Så kan de rusla over fjellet til Berdalen, og biltrafikken er normalt beskjeden. Kraftlinjer er det der, men ved å gå ruta eg nemner no vil de ikkje måtta sjå på dei så altfor lenge. Vel nede i Berdalen går det ein sideveg til høgre mot vest. Gå bortover der til stølen i Berdalen. Så kan de følgja den gode stien som snart trekkjer ned i skogen. Etter ei stund kjem de ned til Fuglesteg. Det er ein gammal høgdagard, og den eine bygningen av stein er restaurert i seinare tid. Uteområdet er ordna litt óg. Så er turen innom gamle Fuglesteg det siste "krydderet" som gjer fjellturen din komplett på slutten. Frå Fuglesteg går det ein god gardssti ned til Fortun. Derifrå kan ein ta bussen vidare, anten mot Sogndal eller over Sognefjellet til Lom og Otta. Bussen til Otta er ei sommarrute, som avsluttar 3. september, (men går óg fr. 8 og su. 10 september). Vel nede i Fortun er tipset å gå ca. 1 km. innover Fortunsdalen (skilt til Bjørk), der de rett etter trafostasjonen og brua ved Fortun Kraftverk, kjem til Skagen gard, der de kan ta dykk ein prat med dei som bur på garden (og som eig stølen og kyrne som beitar på Skarsstølen). Dei som bur der heiter Signy Haldis og Svein Arvid Skagen, og Wenche (Skagen) og Øyvind Samnøy.

    God tur.

    Helsing Stuttjukken.

  7. Kva med følgjande rute? Det er ikkje sikkert at denne er aller kortast, men eit forslag er det jo.

    Oslo - Kløfta - Kongsvinger - Roverud - Lundersæter (Finnskogen) - Riksåsen (grense Sverige) - Torsby - Malung - Mora (Dalarna) - Orsa - Søderhamn - E 4 nordover til Tøre eller Tornio (Finland) - Pello (E åtte) - Muonio - Palojoensuu - Enontekiø - Kivilompolo (grense Finnmark) - Guovvdageainnu - Maze - Alta.

    Helsing Stuttjukken.

  8. Vel, eg klør iallfall frykteleg på armane etter siste skogs- og fjell-turen i starten av denne veka. Det er synd og sei at eg saknar myggen, eller rettare sagt den verste av dei, nemleg knotten (altså, ikkje ein stad på Sunnmøre). Eg orkar iallfall ikkje å telja myggstikka mine, for det er nok langt over hundre, iallfall. Berre på ein einaste kvadratcentimeter har eg minst 4 stikk. Det er ikkje anna å venta når ein er ute i eit myrlendt fjellskogområde mellom myrull og bukkeblad i kystnære fjellstrøk her vest i juli. Då ber ein om å verta eit kadaver for mygg.

    Klø, klø.............

    Helsing Stuttjukken.

  9. Kva med å padla i Nærøyfjorden, leggja inn til land og ta turen opp til Stigen gard i Aurlandsfjorden, og vandra vidare oppover til Stiganosi, 1761 m.o.h. og Beitelen. Så kan de dra frå Gudvangen over Stalheim og Vinje til Engjaland, der de finn Stølsheimen Fjellridning. Elles bør ein ta av frå E 16 i Nærøydalen og dra innover Jordalen og Fresvik-Jordalen, ein vestlandsk sæterdal av beste merke. Dermed er det berre å trekkja oppå toppane og sjå rett ned i Nærøyfjorden, eller ta turen innover mot Fresvikbreen.

    Helsing Stuttjukken.

  10. No kjenner eg ikkje til rutinane til selskapet (JVB) som køyrer Valdresflye om sommaren. For ei tid tilbake køyrde eg ruta over Vikjafjellet, som som kjend er ein heilt annan stad. Eg uttalar meg ikkje på vegne av andre sjåførar, men på Vikjafjellet ville eg ha stoppa der folk ville på og av, då fjellstrekninga er utan faste haldeplassar då det verken er bustadhus eller serviceinstitusjonar over der. Valdresflye har nok iallfall stopp ved Vandrarheimen på toppen.

    Helsing Stuttjukken.

  11. Jau, eg har høyrt musikk i fjellet. Den gongen eg rusla frå Myrdal og rundt Urdshovd mot Ugjerdsdalen (skulle til Kaldavasshytta, Vossaskavlen og Hallingskeid), høyrde eg toget på Flåmsbanen stoppa i Kjosfossen. Når turistane går ut for å sjå på Huldra i Kjosfossen, set dei på ei plate med felemusikk, og den gjalla som ekko mellom fjellveggane innst i Flåmsdalen.

    Lukke til med festivalen på Eidsbugarden.

    Helsing Stuttjukken.

  12. Køyrde over Dyranut (til Oslo) for 2 veker sidan. Då var det framleis store snøflater i vest, men den store snødelinga var i full gong, så eg tenkjer vidda er i ferd med å vera klar for fotturar, eg. Det er mindre snø enn vanleg, ja. I aust var snøen nestan borte allereie då. D¨å eg drog over var endå ikkje lyngen og marka vorte grøn, så det var brunt over det meste av Vidda over 1000 m.o.h., men eg tenkjer at sommaren har innteke Vidda i mellomtida no.

    Helsing Stuttjukken.

  13. Dette turforslaget er nok like bra i august, ja. No har snøtininga kome så langt at ein kan gå til fots i store delar av Stølsheimen, sjølv om ein må pårekna lange og store snøparti i nordre og vestre del av Stølsheimen. Om ikkje det allereie er gjort, vert bruene over elvane i Stølsheimen lagt ut i desse dagar.

    Helsing Stuttjukken.

  14. Stølsheimen byr på mange fine fiskevatn. La meg nemna 2 innfallsportar.

    Frå Bergen kan de dra innover til Modalen, og køyra oppover til Stølsvatnet. Der kan de få med dykk kano óg om de vil. Derifrå er Stølsvatnet det første vatnet, og deretter kjem Solrenningsvatnet med kort bering for kanoen. Vidare innover kan de fiska i vatna nord for Solrenningen, som Budeievatnet, Vaskevatnet og Gavlavatnet ved Dunevollen og Finnabottsgavlen. Kan henda Dunevollen er det flottaste området for telting i Stølsheimen og er utanfor allfarveg. Ein perle der inne er den bortgøymde tjørna like innanfor kanten av Finnabottsgavlen, aust for Gavlavatnet, sjølv om det truleg ikkje er fisk i den tjørna, men det er som nemnt ei perle av dei sjeldne med fiskevatn i nærleiken. Frå Stølvatnet kan de óg trekkja austover mot Halsetvatnet ved Åsedalen, som er eit godt fiskevatn.

    Frå Bergen kan de óg køyra oppover til øvre delen av Eksingedalen. Tek de av ved Trefall, kan de køyra nordover til Askjellsdalsvatnet og Skjerjavatnet (røyevatn), og seint på sommaren til nærare Holskardvatnet, alle gode fiskevatn. Frå Askjellsdalsvatnet er turen kort nordover til Raudberget, med vatna Vassøyane, Selhamarvatnet, Raudbergvatnet, Rappenvatnet og Kvilesteinsvatnet. Sistnemnde er lett å nå via Vikjefjellet, der anleggsveg går vestover frå Skjelingen til Bjergane og Kvilesteinsvatnet. Lengst oppe i Eksingedalen (Gullbrå) går det ein veg innover mot Grøndalsvatnet. Der har de Torvedalsvatnet, Grøndalsvatnet, Langavatnet, Svartavatnet, inste Grøndalsvatnet og Vetlavatnet innanfor rekkjevidde. Vatna i Grøndalen kan óg nåast frå Sendedalen på veg opp til Vikjafjellet, der de passerer Lars-Olav-vatnet, Kringlevatnet og Holmavatnet på tur over i Grøndalen.

    Det er mykje å velja i , og god fisketur i Stølsheimen.

  15. Omkring Hardangerjøkulen finn ein både Kjeldebu og Rembesdalssæter, med merka stiar til hyttene. I tillegg finn ein Demmevasshytta, ikkje langt frå Rembesdalen, men den er isolert på den måten at ein må vera med på brekurs, og iallfall vera med i eit taulag for å koma over isbreen til denne sagnomsuste hytta, alternativt gå med eit taulag på ski vinterstid. Elles har Hardangervidda mange hytter og endå fleire merka stiar. Kva med å sjå nærare på området aust for Odda i Hardanger, der Odda Turlag driv med fleire hytter med høvelege dagsmarsjar i mellom i ein vakker del av Hardangervidda vest. Eg har ikkje gått der, men eg har sett fine bilete der i frå. Sjå på heimesida til Bergen Turlag (DNT), og de finn informasjon om stiane og hyttene der inne.

    Helsing Stuttjukken.

  16. Ods, det stemmer nok at de ser fjell i Lofoten frå Helgeland. Det eg faktisk er tilbøyeleg til å tru, er at de ser like til Vesterålen samstundes, frå om enn få og utvalde stader nedover Kyst-Helgeland. Det hadde vore interessant om de sette opp diagram, m.m. for Møysalen på Hinnøya, 1262 m.o.h. Det hadde vore svært interessant, Ods. Møysalen er norges nest høgaste fjell på ei øy i "fastlands"-Norge. Om ikkje Møysalen kan konkurrera med vide utsyn frå Gausta, Snøhetta, Sølen, m. fl., så er utsynet der oppe frå bokstaveleg tala hen-RIVande.

    Helsing Stuttjukken.

  17. Namnet Førde er truleg frå lågtysk, jmf. Eckernførde i Holstein, og betyr nok fjord, ja. Einar Førde vaks opp inne i Høyanger, ja, men far hans kom frå Førde i Bjordal (det er berre bort i nabobygda, dette). "Stor"-bygda heiter Bjordal. Agnar har nok namna på toppane bak til høgre óg, han.

    Og når Agnar tek turen til Bjordal, bør han ta turen til Systølen, Sørebøstølen og Sundagsfjellet.

    Helsing Stuttjukken.

  18. Det er framleis ein god del snø i Stølsheimen, men eg prøver til med eit turforslag vest i Stølsheimen, der fjellet er litt lågare. Området er ca. 1 time nordaust for Bergen i retning Sognefjorden.

    Dra innover E 39 forbi Knarvik og Ostereidet. Kort etter Ostereidet (Andåsskiftet 200 meter før Eikefettunnelen) tek de av i retning Masfjordnes. Stopp anten på Kvingo, eller dra innover til Andvikje (Andvikgrend forbi Sandnes/Masfjordnes). Så finn de merka stiar innover i Fjonfjella der de går til Kalvedalshytta (sjølvbetent). Dagen etter går de vidare austover og går via Stusdal til Romarheimsdalen, og går oppover dalføret og inn i Dyrkolbotn (ubetent, ikkje proviant). Siste dagen kan de prøva litt utanfor stiane. Kva med å gå mot Dyrkolbotn Leirskule, og rett sørover mot Nysætret og Svartholet, der de trekkjer austover og inn i Eiterdalen. Gå så inn det tronge søkket rett bak dei fråflytta gardshusa og gå over skardet og ned på Nøttveitsstølen, og rusla ned på god stølsveg ned til Nøttveit på rv. 569 mellom Romarheim og Mo.

    Eg tok utgangspunkt i slutten av mai, og denne ruta er i hovudsak lågt og under tregrensa, for det er for mykje snø til å gå til fots høgare oppe og lenger inne i Stølsheimen. (På Vikjafjellet kan ein framleis gå på ski). Uansett må ein pårekna litt vandring over snø, om enn i mindre grad. God tur i det kystnære Stølsheimen og Fjonfjella. (Fjonfjella er vest for Romarheimsdalen, og Stølsheimen held fram frå austsida).

    Hugs å studér kartet nøye før turen, især etappe 3 som ikkje går etter merka sti, og stykket mellom Eiterdalen og Nøttveitsstølen er delvis stilaus, og lia ned til Nøttveitsstølen er litt bratt, men ok å gå ned. Har gått der 2 gonger.

    Helsing Stuttjukken.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.