Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Stuttjukken

  1. Det er lurt som eaa nemner, at du byrjar i det små. Eg kan fortelja min historie. Dei første turane åleine gjekk til stølar nære bygdane, på gamle stiar, men eg la vekt på å finna stiane utan nemneverdig hjelp. Å vera åleine på fjelltur er ikkje berre snakk om at ein ikkje går saman med andre, men det stiller krav til at du venner deg til å vera åleine på alle måtar, med vissheit om at ingen veit kvar du er eller kan finna fram til deg. Istadenfor å la seg skrema av denne tanken, skal du kjenna etter at du er til stades sjølv ute på tur, ikkje berre fysisk, men óg psykisk. Kjenn etter at du lever der ute, eller rettare sagt inne i naturen. Jo, meir du kjenner etter, jo betre opplevest det. Kjensla er til slutt så intens at de er avkhengig av å vera åleine på tur. Slik opplever eg det av og til. Eg må berre koma meg ut på tur åleine, og eg har opplevd og vera på fjelltur utan og ha sett snurten av folk på 3 døgn. Eg overenatta på tomme hytter, gjekk litt på sti, men mest på fri hand utanfor stiane. Eg opplevde endåtil at eg var åleine i skodda på ein fjellrygg med bratte stup rundt, rett i Sognefjorden, 1200 meter under meg, og det på ein stad som eg aldri hadde vore før, og skodda gøymde stupa. Likevel kjende eg ein underleg og fredfull ro over meg sjølv oppe i skodda åleine, og held fram vidare og kom ut av skodda på rett stad. Eg hadde kart og kompass med, ja, for det er svært viktig, men den gongen var det vindretninga og oppdriften frå fjellsidene nedanfor som fortalde meg kursen vidare, samt gamle småvardar med noko avstand. Sidan den gongen har det vorte mange fjellturar åleine for meg, både på merka turstiar, og utanfor allfarveg der folk nestan aldri går. Det er ikkje berre ein vane, men det er naturleg for meg og vera åleine på ein del av fjellturane mine. Åleine i fjellet kjenner eg at eg lever. Lukke til Mie. Dette klarar du fint, og du vil oppleva nye sider ved deg sjølv og verta endå meir sjølvstendig. Helsing Stuttjukken.
  2. Sveits er vakkert. Eg var der i 1993, men det var i mars, så noko fjellvandring vart det ikkje då, kun ein dag i skibakken og på toget oppover i høgda. Går de inn på internett og søkjer på Sveits og Alpane, kan de nok finna fram mykje forskjellig blant fotturar i Alpane. Sjekk ut på Jungfrau, Berner Oberland, Interlaken, Vallais, St. Moritz, Matterhorn, m.m. Til Sveits tek de flyet til Zurich (med 2 prikkar over u-en), og tog vidare inn i det vetle landet som er litt større enn Danmark. Sjølv var eg i nokre dagar i landsbyen Meiringen i Hasslital (tysk dobbelt-s), like aust for Interlaken, på studietur som bondestudent, (med turar til Geneve, Bern, Emmental, Interlaken, Hassliberg, Grindelwald, Wengen og Jungfraujoch (tog)). (Eg skulle gjerne ha vore innom Zermatt (Matterhorn) og St. Moritz, men ein kunne ikkje få alt med seg, då, men kyr med dei eigendommelege sveitsiske kubjøllene som ringla villt og vakkert, fekk eg med meg, samt å få koma inn i eit eldgammalt gardshus, og smaka 20 år gammal kvitost, noko sært då). Helsing Stuttjukken.
  3. I Norge er både samisk og norsk offentlege språk. Det er 2 norske målføre; bokmål og nynorsk. Det er minst 3 samiske målføre; nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Når eg skreiv minst 3, var det meint med at det kan vera innslag av skoltesamisk (Sør-Varanger, først og fremst Neiden), (og kanskje pitesamisk?). Dessutan har me kvensk/gammalfinsk. Dette betyr at namn på kart skal vera på samisk i dei samiske områda, med dei variantane som dei samiske målføra byr på. Difor er ikkje dei samiske namna i Finnmark og t.d. på indre Helgeland heilt like. Enkelte Finnmarks-kommunar har óg kvensk som offentleg språk, som Porsanger og Tana kommunar. Der er viktige namn på karta notert på alle 3 språka, norsk, samisk og kvensk. Der det er offentlege stadsnamn på både norsk og samisk, skal stadsnamna på begge språk førast opp. Eg har lagt merke til at i ytterkantane av dei samiske kjerneområda, er det for mykje fornorsking i namnsetjinga, ikkje minst i sørsamisk område. Somme kart har med nokre samiske namn nedover forbi grensetraktene i Trøndelag til Sylane, medan andre kartverk brukar nesten berre norske namn. Det synest eg ikkje er rett, då dei samiske namna bør koma fram i heile det samiske området, og det er faktisk større geografisk enn mange trur. På svensk side ser det ut til at dei er flinkare til å nytta samiske stadsnamn på karta, for der har eg sett samiske namn heilt ned mot lengst nord i Dalarna (aust for Femunden), og Jæmtland og Hærjedalen er godt forsynt med samiske namn. På norsk side er det faktisk samiske område sør til og med Engerdal i Hedmark, minst, (og då er det ikkje langt att til Oslo). Elles har samane nytta rein-beite i mange sør-norske fjellområde, endåtil mot Vestlandet. Det er ikkje så reint lite samane har hevd på i Norge, samt Sverige, Finland og Russland (Kolahalvøya). Eg meiner ikkje at dei norske namna skal bort frå kartet i dei samiske områda, men at det samiske namnet skal stå saman med det norske namnet. Kva er det eg så meiner med eit samisk område? Det er område der det til i dag har vore og er samiske reineigarar. No er det slik at samane har reinen på mange fjellbeite i mykje av Sør-Norge i dag, som t.d. Haukeli og Vikjafjellet, men det er område som dei leigar av andre grunneigarar, og skal ikkje namnsetjast med samiske namn, då slike område er utanfor det samiske kjerneområdet. Kanskje kartforlaga kunne ha utsyrt framtidige kart med meir samiske namn, samt ei avdeling med gjengangarar av samiske stadsnamn-uttrykk omsett til norsk. T.d. slik: Jávri - vatn/innsjø. Johkka - elv. Várre, gaissa, osv. - fjell. Njarg - nes. Vuotna - fjord. Suolo - holme/lita øy. Helsing Stuttjukken.
  4. Kautokeino eller Guovdageaidnu, det er det same. Les namna Gjevdnejegoikka og Coavjebottuscokka (v-hake over siste c, talast tsj). Sjå bortover på Finnmarks-artet og øv deg på mange fleire samiske stadsnamn, så går det betre etter kvart. Som i norsk, har óg samiske namn mange fellestrekk, som -jávri (vatn eller innsjø), og-johkka (elv), og mange fleire. Helsing Stuttjukken.
  5. Fornuftig å få den samiske delen av namnedebatten skilt ut som eige tema. Flott, Ragnar. Då går det an å la tankane vandra til Romsa og Gaivuotna i midnattsols-tida, eller Viesteralas eller Aarporte................... Helsing Stuttjukken.
  6. Tilretteleggjing i fjellet kan t.d. graderast i 3 syn: 1. All tilretteleggjing i naturen for friluftsliv er heilt supert, same kva det er og kor store inngrepa vert. 2. Graden av inngrep i naturen avgjer om tilretteleggjings-tiltaket skal utførast eller ikkje. 3. Einkvar tilretteleggjing, stor eller liten, brutal eller skånsam i naturen, er under ingen omstende akseptabel, og skal ikkje førekoma. (Kanskje skal ein sjølv unngå å vera i naturen, for tenk på om ein trakkar i hel kravlande maur eller midd i jorda, eller om ein slit av eit einaste strå, osv. om ein let tankane vandra. All plante- og dyre-liv må unngå å oppleva menneskeleg nærvær). Det som står over er sett på spissen med hensikt, som å skyta spurv med kanoner. Helsing Stuttjukken.
  7. Flott, "fulvund", du har skønt det. Eg skal ikkje til Åsedalen på ei stund endå, men vert det i år, går eg ruta Bjergane (Vikjafjellet) - Rappen - Åsedalen (hytte) - Hestfjellet (Stabburet) - Negardsstølen - Halsetlii - Indrefjorden (Arnafjorden ved Vik i Sogn), merka sti første dagen og gammal og god umerka buføreveg andre dagen. Turen vert tidlegast i august, men det står att og sjå om det vert noko av. Eit turtips på ruta Bjergane - Rappen/Åsedalen, er å setja sekken i frå seg rett vest forbi Englandsøy-skardet. Gå mot nord under vestsida av Fagermyrtoppane og hald fram på ein sti som dukkar opp og gå til den merkelege stølen i Åshelleren (Aoshidliradn pao Sognamaol), med sela tørt under utover-hengjande fyllitt-berg, nokre avsatsar over elva Skitøyi i Langedalen. Gå så opp mot nordaust mot kanten av stupet med utsyn rett ned på Kjelven, Halset, Åse og Nese i Arnafjorden. Vend nasa sørover på fjellet ovanfor Åshelleren og gå om talkumknausen Klebberg, med spor etter gammal prøve-drift, og returner til Englandsøy-skardet. Avstikkaren tek ca. 2 (2-3) timar, og dermed er det berre å rusla vidare mot Åsedalen. Namnet Åshelleren står ikkje på kartet, men er litt sør for Hedlestølen og høgare oppe i fjellsida. Den gamle buførevegen vidare frå Hedlestølen og ned Øvstalii er så attgrodd at den ikkje er å finna lenger. Eg har prøvd nede frå Åse, men hadde ikkje sjanse på det. Dette er den gamle buførevegen Åse - Hedlestølen/Åshelleren - Fiskedalen - Rappavatnet - Geitedalen - Holskardholmen. Eg trur nok at "fulvund" kjenner til denne buførevegen. Helsing Stuttjukken.
  8. Terylensbuksa leverer det eg forventar av den, også i høgfjellet. Er forholda i fjellet slik at terylensbuksa ikkje leverer det som forholda i fjellet krev eller kan krevja der og då, brukar eg ei anna bukse. Også eit orakelsvar. Som hjå gamlekarane er terylensbukse god vare hjå meg óg, og har vore det frå eg var i 20-åra, (og er 39), og dugde under gårsdagens marsj. Helsing Stuttjukken.
  9. Det var spørsmål etter snø- og fottur-forholda frå Stølsvatnet til Åsedalen. (Sjå under tema Aurlandsfjellet). Stølsvatnet er fermart til fots på nordsida, men eindel snøfenn i søkk og bekkar må påreknast. Sørsida av vatnet er nestan slett av snø. Stølsvatnet er isfritt. Den delen av Berdalen som er synleg frå vegen ovanfor demninga ved Stølsvatnet er tilsynslatande dekka med litt over 50% snø, og elles snøberre rygger. Då må ein rekna med at det er skiføre frå innst i Stordalen, og forbi Halsetsstølen til Åsedalen, samt delvis opne elvar med skumle snøbruer elles og utrygg is på både Halsetvatnet og andre vatn. Du kan no gå frå Stølsvatnet til Solrenningen, men vent 2-3 veker før du går i Åsedalen. Parkeringsplassen kan køyrast til om få dagar. Har du spade med for å skuffa snø i siste fonna før parkeringsplassen, kan du køyra i dag. Vegen vert ikkje brøytt. Dessutan er framleis eindel av parkeringsplassen dekka av snø óg. Skal du til Åsedalen med det same, ta med deg skiene og dra til Skjelingen på Vikjafjellet, og gå på ski via Bjergane, evt. Selhamar, og Rappen, men ver obs. store snøskavlar som kan medføra store omvegar, samt unngå islagde vatn under 1000 m.o.h., og ver obs elvane under snøen. Går du via Selhamar, gå mot Rappen via Treverkavatnet (1003 m.o.h.) nordaust for Raudberget, og trekk over Grøne-bakken, og innom Rappavatnet. (Dette finn du på kartet). Sjølv gjekk eg på sommarskitur åleine utan å sjå folk der inne i 1997, nokre dagar før jonsok det året. Tredagars-tur etter følgjande rute: Skjelingen/Vikjafjellet - Svartavatnet (1061 m.o.h., sjå bilete på link "lokmartin...." lenger oppe på temasida) - Bjergane - Raudbergdalen - Selhamar (hytte) - austsida av Raudberget - Treverkavatnet - Grønebakken - nord for Rappavatnet - Rappen - Killingdalseggi (med snøskavlen "Den kinesiske mur") - Dyredalen - Tindafarangen - Grautaleitet - Åsedalen (hytte, sogningane seier Aosdaln) - forbi Halsetvatnet - Halsetsstølen - Stordalen - Berdalen (her måtte skiene av, noko dei må etterkvart no i år óg) - innom Stølsvatnet til Steinslandsstølen (ved osen i Solrenningsvatnet) - langs nordsida til demninga i Stølsvatnet - Steinsland i Modalen. Turen kan eg tilrå som sommarskitur, og no er det rette tida. Ver førebudd på noko slit pga. roten snø om det vert skikkeleg varmt. Då eg gjekk denne skituren var det 28°C i skuggen, sola steikte over kvitskarp snø, og det var herlege og gule og lyse netter, ein eigen-dommeleg oppleving i dei kjende og kjære fjella våre her vest. God tur i Aosdaln. Helsing Stuttjukken.
  10. Eg vel å trekkja ein paralell frå DNT sin eigen bruk av motorisert ferdsel og kritikk av andre sin bruk av motorisert ferdsel, til meg sjølv. På nokre av mine fjellturar (ikkje på langt nær alle), køyrer eg bil på anleggsvegar inn i fjellet, (seinast i går, for første gong i år). Dersom eg som sjølv brukar bil til fjells, står fram og skjeller ut andre som køyrer bil til fjells, og kallar dei latsabbar og natursvin; -då meiner eg at eg utøver dobbeltmoral, (og viser til innlegget mitt tidlegare under dette temaet). Eg trur at dette tilsvarar det du meinte, Morten. Eigen åtferd i naturen og i fjellet har eg tenkt over mange gonger. Somme gonger er åtferda mi ikkje så natur-venleg som den burde ha vore, og andre gonger tek eg konsekvensen av mi åtferd etter eigen overbevisning om natur-venleg ferdsel, og handlar i forhold til det. Sjølv likar eg ikkje å kritisera andre for ting som eg gjer like ille sjølv, og eg er ikkje redd for å vera sjølvkritisk på åtferda mi i naturen. Dermed er det somme gonger at naturen kjem betre ut av det, når eg "trengjer meg på" i naturen, for å uttrykkja meg slik. Let ein seg verta forferd av sin eigen dobbeltmoral, og tek konsekvensen av det, iallfall nokon gonger, kjem både eg sjølv og naturen betre ut av det. Dårleg samvit? Gjerne det, dersom naturen har godt av det................................ Helsing Stuttjukken.
  11. Snøforhold på strekninga Stølsvatnet - Åsedalen, me trekkjer denne samtalen inn i temaforum "Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjella" på tema "Stølsheimen", der eg skriv om det der. Helsing Stuttjukken.
  12. Er du i Nusfjord fantastisk godt bevarte fiskevær på Flakstadøya, dra innom smeden i Sund, og glashytta i Vikten, sistnemnte med bølgene frå Nord-Atlanteren brusande innover mot fjørasteinane når nord-vesten står på, eller sjå bølgene feia innover Flakstadsanden. Vakker øy med hav-friske fjell og tindar. Æ tænke du står `an av, (vinden, altså). Helsing Stuttjukken.
  13. Føreforhold i Stølsheimen, 7. juni. No kan ein køyra opp til Stølsvatnet, og gå der ifrå. Om få dagar er snøen tint ut av vegen dei siste 50 metrane opp til parkerings-plassen på nordsida av vatnet. Stien innover på nordsida av Stølsvatnet kan no gåast til fots, men det ligg ein del fonner som må kryssast, nokre veker til ned i søkkene. Dermed kan ein gå innover til Solrenningen. Langs sørsida av Stølsvatnet er det mykje snø endå, og det same gjeld vidare innover Berdalen til Halsetsstølen og Åsedalen. Bruene i Stølsheimen vert lagt ut om nokre veker. Elles må det nemnast at finaste turen frå Modalen til Solrenningen er å følgja den gamle stølsvegen frå Steinsland/Heimdal, og gå innover Steinslandsdalen, og gå på anleggsvegen kun på midtre strekket i dalføret mellom Steinsland og Stølvatnet, for så å fortsetja opp den særmerkte hellestien i Verkalii til Stølsvatnet, og gå på litt veg forbi demningen og dermed ber det på stiane innover i Stølsheimen. I skrivande ligg det snøskreder over stien i Verkalii, men det tiner snart. I dag labba eg innover den nedste fjerde-delen av Steinslandsdalen frå Heimdal på den gamle stølsvegen. Ein herleg spasértur i vår-skogen under dei stupbratte fjellsidene under Måni og Smørstakken, med fuglasong, gylne og nyutsprutte eiketre, travle hestamaur og tyttebær, blåbær, tranebær og molter i blomst. Når det er sagt kan ein framleis gå på ski i store delar av Stølsheimen, endå i nokre veker til. Helsing Stuttjukken.
  14. Det er snø på mange fjellvegar endå. Sjølv sette eg meg fast med bilen i snøfonna ved Stølsvatnet i Stølsheimen i dag, i ca. 600 meters høgde. Eg må vera litt toskete av meg innimellom eg óg, elles er eg ikkje heilt menneskeleg...................... Helsing Stuttjukken.
  15. Prøv G-sport eller Platou. Tek du turen innom Bergen Turlag i Markens Tverrgate 15/17, har dei endå fleire tips. Helsing Stuttjukken, i Arna ved Bergen.
  16. Samiske namn som várre/várri, johka, vuotna, suolo, jávri/jávvre/jávrrit, gielas, vuopmi, osv., har si rot i naturen og landskapet. Berre for å ha sagt det, så kan eg IKKJE samisk, men eg har sett litt på kartet over Nord-Norge. (Dei sørlegaste samiske namna eg har funne på norske kart er i Vigl-fjella, nordaust for Røros). Me har mange namn for fjell, (pigg, nut, horg, nos, osv...................). Samisk inneheld óg ei rekkje med namn for fjell: Várre/várri, oaivvi/oaivvit, cearru, rássa, gáisá, cohka/cohkat, skáidi, njunne/njunis, gielas, og mange fleire. (Bokstavane c og s i cearru, rássa og cohka/cohkat skal ha ein v-hake over bokstaven, men eg fann ikkje kodane for det). Dette er ut frå nord-samisk, og i lule- og sør-samisk endrar orda og språket seg noko. Kjell Iver frå vakre Sør-Helgeland veit mykje meir om den sør-samiske namnebruken. (Lakselv i Porsanger er 3-språkleg, Leavdnja på samisk, og Lemmijoki på kvensk/gammalfinsk. Underteikna har hatt ein kort praksis i studietida på Porsanger Landbrukskontor for ein del år sidan, så eg har vore i Finnmark). Eg skriv ikkje det her, men ta fram Nord-Norge-kartet, så kan de lesa diversa bre-namn på samisk. Sjekk gjerne på samiske namn i det sør-samiske området frå Femunden/Røros til Helgeland, og samanfatt med samiske namn i Troms og Finnmark, og de vil merka at skrivemåten er litt forskjellig. Helsing Stuttjukken.
  17. Bre eller brean. Her er fleire: Fonna, fonni (Folgefonni), isen (mykje brukt nordaførr, som Svartisen, Blåmannsisen, Frostisen), jøkulen (Øksfjordjøkulen, Seilandsjøkulen), jiegna (eller noko sånt, på samisk), skavlen (Blåskavlen), osv......... Stadsnamn som fjellnamn og andre er, er det svært mykje interessant i. Somme stadsnamn er normert etter skriftspråket (bokmål eller nynorsk), og andre er notert etter dialekta i området. Alle namn har si historie, og sitt særpreg, og slik må det vera. Eit godt døme på dialektprega namn, finn ein på Voss i Hordaland. Heller ikkje Voss slapp unna den danske påverknaden på stadsnamna, og dette finn ein att i gardsnamna, når dei er brukt som etternamn. Nokre døme på dette: Etternamnet er Skjoldli, men staden heiter Skylje, Skjerveggen/Skirveggi, Flage/ Flogo, Tvinde/Tvinno, Hole/Holo, Rio/Rjodo, Trå/Trodo (t.d. Kari Traa), osv............... Nokre "steinkast" frå Voss finn me Hardangerjøkulen, Øykjafonn, Jordalskavlen, Fresvikbreen, som døme på små og store brear. Den språklege variasjonen som stadsnamna representerer gjev rikdom til det norske språket (bokmål, nynorsk, dialekt), og takk for det. Helsing Stuttjukken.
  18. Terylensbukse, produsert av tøy med 55% ull/kamgarn og 45% polyester. Dette er den tradisjonelle fordelingen. Jo høgare andel ull, og mindre polyester, jo betre er det. Somme terylensbukser har lite eller ikkje ull, og for det meste polyester. Døme på desse er Dressmann sin bil-bukser, og er heilt ubrukeleg i fjellet. Dressbukser vert óg produsert i ulike blandingar, og egnar seg heller ikkje til fjellbruk. Uniformsbuksene for bussjåførar, togførarar, rutefly-flygarar, styrmenn og kaptein på båt og skip, ein del av millitært personell, osv. er terylensbukser i middels til OK kvalitet, men er ikkje solide nok til fjell-bruk. Eg arbeider som bussjåfør, men uniformsbuksene mine der er ikkje gode nok i lengda til fjellbruk, etter at eg tek buksene ut av teneste, for å sei det slik. Til fjells brukar eg kraftige, tjukke og sterke terylensbukser for kvardagsbruk, og det er det lite av på marknaden i dag. Det meste av terylensbukser på marknaden, skal ein ikkje bruka i fjellet. Sjølv prøver eg no ut ein annan terylensbukse-modell, for å sjå om den duger i fjellet, då ein solid type terylensbukse som eg har brukt i mange år, er gått ut av produksjon for ein del år sidan. Røynslene eg får med terylensbuksa eg prøver ut denne sommaren, skriv eg om på denne temasida seinare, (som tidlegare nemnt). Modellen eg prøver ut no, har eg valt ut etter lang tids vurdering med tanke på slitestyrken. Eg har mange års røynsle med å vurdera terylensbukser til forskjellig bruk, og har godt trente auge på dette. Eg ser kva terylensbukse som fungerer for meg til festbruk, innebruk, kvardagsbruk, utebruk, sommarbruk, vinterbruk (terylensbukser er ikkje aktuelle i vinterfjellet), vanleg turbruk og tøffare fjellbruk, osv., og i skapet mitt har eg terylensbukser for mange slags bruk. Dei fleste som brukar terylensbukse MYKJE er 60 år og eldre, for så å minka ned gjennom 50-åringane og 40-åringane. Sjølv er eg 39 år, og er mange år yngre enn dei fleste som brukar terylensbukser mykje. Dei fleste som brukar terylensbukser på min alder, brukar det i arbeidssamanheng, ofte i arbeid med uniformsplikt. Sjølv går eg med terylensbukser nestan heile tida, også på fritida, noko få på min alder gjer. Ser du ein bussjåfør, ser du ei terylensbukse óg. Helsing Stuttjukken.
  19. Mikkelsmesse, 29. september. Mortensmesse, 7. november. Frå merkedagar på Primstaven. Helsing Stuttjukken.
  20. Jau, eg såg dei bileta óg, Arnt, men som den grundige personen eg er får du rettingar (kun få stk., då det aller meste stemmer, for eg veit du er lommekjend der, du óg), samt nokre tilføyingar og fleire namn. I mellomtida kan du lura på kvar den rette Fridalen er, og kvar Holmavatnet er, i nordvestre Stølsheimen. Følg med i E-posten seinare. På det eine biletet kom punktet "Seljestigen" med på biletet. Sjå på det første av Stølsheimen-bileta frå overflyginga mellom Matrefjella og Modalen, bileta frå 30/5-2005, på flyfotosida til heimesida "Hordaland Mountain". Nede i høgre hjørnet av biletet, til høgre for (Øvste) Seljedalsvatnet, 1006 m.o.h., (brrrrrr, ein isnande og forblåst stad med fritt leide for hav-trekken, der havet er 5-6 mil lenger ute), skal de sjå etter to kantar med smale skuggar i berget, heilt i nedre biletkant. Rett til høgre for den høgre av skuggane er staden Seljestigen. Dette er eit oppstig frå nordaust for Seljedalsvatnet og oppå fjellet mot nord, der Sæterfjellet, 1191 m.o.h., er litt lenger inne på fjellryggen. Oppstiget er eit gammalt sauetrakk, for at sauene skulle koma seg vidare innover fjellet. Det er dette oppstiget som heiter Seljestigen, og namnet er i dag brukt på heile sti-strekningen mellom Straume i Modalen og Vardadalsbu, nordvest i Stølsheimen. Fjellryggen har eit ganske ekstremt utsyn. Gå til neste bilete frå flyturen, der han har teikna si rute til Eldhusfjellet. Både frå Eldhusfjellet (1206 m.o.h.) og frå fjellet der han har skrive "Taket" (1211 m.o.h.), er det flott utsyn innover forbi Sognefjorden (ikkje synleg) til Store Skagastølstind og Fannaråken i Vest-Jotunheimen, ca. 15 mil unna. Helsing Stuttjukken.
  21. Det finns bøker om Sunnmørsalpane. Sjølv har eg ei bok frå Gyldendal Norsk Forlag, som kom ut med boka "Nordvestlandets fjellverden - fotturer i Møre og Romsdal" for ein del år sidan. Boka er ikkje akkurat nokon topp-turguide, men den har mange flotte rute-skildringar og bilete frå dei fjellvakre Møre-traktene. Elles ser eg at Svein sit på ein så solid kunnskap om Sunnmørsalpane, og si gode heimeside der i frå, at det spørs om ikkje han er den rette til å skriva den neste boka om Sunnmørsalpane. Skulle du finna på og gjera det, Svein, kjem iallfall eg til å kjøpa den. Det var eit tips i frå meg, og eg vil ikkje vera overraska om du allereie har halde på med ei slik bok lenge, som du synest treng modnast litt til før den er klar. Helsing Stuttjukken.
  22. Tenk om eg kunne hatt tid og råd til ein liknande fjelltur i vekevis................. Tyinkrysset - traske, traske, traske, traske - Trondheim. Turforslaget mitt er langt i frå kortaste rute, men krokar seg via Breheimen, Tafjordfjella og Trollheimen. Der ingenting er nemnt, som gjennom bygdene, handlar det om å finna fram til lokale overnatting-stader sjølv. Eg har ikkje gått denne ruta, men dette hadde vore ei aktuell rute etter min smak om eg skulle gått denne turen. Med telt står du mykje friare enn dette. Kva med å starta nede frå fjorden, frå Lærdalsøyri, der turen startar frå nausta ved gamle fjordenden og inn gjennom det staselege trehusmiljøet i Øyragata. Som turen endar mellom trehus i Trondheim, kan den byrja på same viset. Gå oppover Lærdalen, og følg gamlevegane der det mogleg, over Galdane, Vindhellavegen til Borgund stavkyrkje, og den gamle konge- og post-vegen innover Filefjell/Fillefjell (ingen diskusjon om namnet) til Kyrkjestølane og Tomaskyrkja. Ta ein tur innom stølsmuséet der. Først via Vest-Jotunheimen: Turen vidare inn i fjellet er Kyrkjestølane - Sletningsbue - Sletterust - Vettismorki - Skogadalsbøen - Turtagrø. (Eg hadde overnatta privat på Skagastølen/Skard-stølen, då eg kjenner folk på Skagen i Fortun, garden som er rota til namnet store Skagastølstind). Breheimen neste: Turtagrø - Stølsdalen - Nørdstedalen - Sota - Slæom - Skridalaupbue - Grotli. Tafjordfjella neste: Grotli - Danskehytta - Reindalsseter - Pyttbua - Vakkerstøylen - Tjønnebu - Trollstigen - Åndalsnes. Romsdals- og Sunndals-fjella neste: Åndalsnes/Isfjorden - Måsvassbu - Vasstindbu - Svartvassbu - Hoemsbu - Reinsvassbu - Raubergshytta - Vangshaugen - Fale i Sunndalen. Trollheimen neste: Fale - Innerdalen (Nordmøres perle, Norges vakraste dal) - Kårvatn - Trollheimshytta (hugs Speilsalen og Blåsalen i området, om dei er opne) - Jøldalshytta - Å i Meldal. Gjennom dei trønderske skogar: Å i Meldal - Stavådalen - Hølonda - Korsvegen - Melhus - Rødde - Torsletta (Klæbuveien) - Eklesbakken - Nardo - Trondheim med trehusstrøket ved Nidelva og i Fjordgata. God tur! Helsing Stuttjukken.
  23. Nestan slett med snø over Stølsheimen, ja. Held sommaren seg like kald som siste halvdel av våren har vore, for det kan faktisk godt henda, er det skiføre i Stølsheimen heilt til både mikkelsmesse, mortensmesse og jul, hehe.............................. Helsing Stuttjukken.
  24. Vert det tur i frihelga mi no, vert det med terylensbuksa på. Vonar det vert høve til å koma seg ut og trena den dorske og feite bussjåfør-skrotten min litt. Eg treng det storleg. Eg kjenner ein bussjåfør til som har gode røysler med å gå med terylensbukser i fjellet, og sa at den tålte alt under fjellturane, medan han sprang etter sauer eller gjekk på jakt. Dei fjella han går i er ikkje akkurat lettaste sort, og det kan eg understreka for eg har gått litt der sjølv. Sjølv gore-tex- bukser kan få det tøft i fjella "hans". Han bur nedst i Eksingedalen (Vaksdal kommune i Hordaland) og går i fjella der, og er i 50-åra, ein triveleg bussjåfør eg har kjent i mange år, som eg har rådført meg litt med når eg skulle byrja som bussjåfør sjølv. Han sa at eg måtte ta ut stor nok uniform som hadde noko og gå på, då eg som brukte å vera aktiv kanskje ville koma til å leggja kraftig på meg då eg byrja i det fysisk rolege arbeidet som bussjåfør, og det gjorde eg jo, langt på veg 20 kg., og eg var tung frå før. Ein real fjellprat har det óg vorte nokre av der i garden, og han er levande interessert i Stølsheimen. Terylensbuksa har dugd i fjellet både for han og meg. Helsing Stuttjukken.
  25. Når eg går til fjells, er det mange av dei eg treff på i fjellet som går med olabukser. Klart det fungerer, for elles hadde dei vel ikkje gått med det, vil eg tru. Sjølv tilhøyrer eg den uallminneleg sjeldne rasen som går med terylensbukser i fjellet, og det er årevis sidan sist eg har møtt andre fjellvandarar som brukar det. Det er nok ikkje mange som trur at terylensbukser duger. Dei fleste ler av det, medan eg trur at dei finns nokon som kunne tenkt seg å prøva utan at dei vågar, når dei veit at dei vert åleine om å bruka det. Sjølv brukar eg den til det meste, like allsidig brukt som folk flest brukar olabukse, med den skilnaden at êg brukar bevernylons-bukser i regnvêr, og tjukk vadmelsbukse på kalde vinterdagar. Flott at Tom står fast på det han meinar om olabukser i fjellet, og at folk står fast ved sine standpunkt, treng me her i Fjellforum. Medan mange går med olabukser til fjells, er eg omtrent åleine som brukar terylensbukser i fjellet. At eg er åleine om å bruka terylens-bukser i fjellet, gjer meg berre meir bevisst på det, noko eg står fjellstøtt på. Olabuksa fungerer for Tom, terylensbuksa fungerer for meg, og takk for det. Elles har eg omtala bruken av terylensbukse i fjellet under eige tema på "Turtøy", nettopp oppdatert. Helsing Stuttjukken.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.