Stuttjukken
Passivt medlem-
Innlegg
627 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Stuttjukken
-
Det var ingen nysnø å sjå på Falketind og Urdanostind i går, 9. august. Den har i såfall tint bort frå vestsida iallfall. Ikkje rart med varmen som var i går, då eg hadde meg ein tur frå Vik, over Seimsfjellet og gjennom Vangsnesmarki til Vangsnes, meir skogstur enn fjelltur. Utsynet mot Jotunheimen kom fram frå høgda vest for stølen Kallbakk som høyrer til Vangsnes. Derifrå var det óg flott utsyn mot Balestrandsfjelli, Jostefonni, Melsnipi, Staven og Myrdalsbreen (Leikanger). Frå Vangsnesmarki heva Rambera seg (1623 m.o.h.) seg stor og stolt. Der plar den første snøen visa seg før slutten av august, men i går var det berre gammal snø der, og små brefenn. I går var det nok minst +25°C i Vangsnesmarki og svetten sila. Ingen fare for snø i fjellet der då, men den kjem tidsnok. Eg hugsar ein gong eg var i Innerdalen på Nordmøre for 10 år sidan, og det var august. Skinande og vakker nysnø låg som eit flott dryss på Innerdalstårnet, Skardfjell, Trolla, og andre storheiter der inne i norges vakraste dal. Helsing Stuttjukken.
-
02.08.05: Fra fjord til tind(-er) i Sunnmørsalpane
Stuttjukken svarte på Svein sitt emne i Turrapporter
Herlege og rå bilete frå tindane og ned i norges vakraste fjord, Hjørundfjorden. Svein imponerer stadig. Helsing Stuttjukken. -
Sjå bilete frå Fuglesteg på http://www.sognafoto.no/ , og gå inn på bileta for 2. august 2005. Helsing Stuttjukken.
-
På luftige smuldreegger i hjertet av Jotunheimen (18.07.05)
Stuttjukken svarte på morten sitt emne i Turrapporter
Morten har visst fjerna mystikken frå eventyra og gjort dei til verkelegheit. No er det berre å venta på at bergtrolla bergtek oss heilt. Flott lesnad, Morten. Helsing Stuttjukken. -
Det stemmer at de ikkje såg noko raudberg frå Volavatnet. Sjå kartet og ta utgangspunkt i sørenden av Volavatnet. Der finn de stølen Volo (Vålo). Det går ein sti møt sørvest og under Svolahelleren, og ned ein sidedal til Raudberg. Dermed ber det nedover mot Lauvdalen, Steine og Geitle på E 16. Dette med at solgløtta står "stand-bye" på Raudberget har med vindoppdriften frå dei høgare fjella sørvest for Raudberget å gjera. Nemleg Skjerjavatnet med Skjerjevasshovden, Askjellsfjellet og Gavlafjellet, alle over 1200 m.o.h. Snøen ligg mykje lenger utover sommaren ved Skjerjavatnet og fjella der, slik at det er eit lokalt kuldehol der borte. Vindoppdriften riv i skydekket, slik at solgløtta treff Raudberget ofte. Dette er mest vanleg på sørvest vind, då Raudberget ligg i lengderetninga nordaust for Skjerjavatnet. Elles er Skjerjavatnet det største vatnet i Stølsheimen, ca. 1 mil langt, somme år med drivis til slutten av august. Prøv deg ein tur frå Nygard i Modalen, og gå opp via Krosstølen og Viermyrdalen til vestsida av Skjerjavatnet, vel oppe på høgda kjem Raudberget fram, klarare enn "lysfontena" som prinsessa snakkar om, og brenn der i nordaust. Dermed er det berre å passera Skjerjavatnet og Askjelssdalen og gå inn til Selhamar og Raudberget. Elles kan eg tipsa om ein tur frå Fjellanger, midt i Eksingedalen. Gå inn dalføret mot nordaust, passer Fjellangsstølen, gå over høgda aust for Trollavatnet (her bur Stølsheimen-Trollet), og de ser rett inn til Raudberget på ein mystisk måte. Hald fram om Lonevågdalen og Belaskardet, (eller Beinhellerdalen om Skjerjavatnet har for høg vasstand), gå over demningen i Askjellsdalen og trekk over høgda og ned i Vetle-Askjellsdalen. Så er turen kort til Raudberget. Sjå innom den uferdige heimesida mi. Der ser de bilete av Raudberget med det nemnte solgløttet, teke på slutten av det siste ekstrem-tordenvêret i Stølsheimen, i byrjinga av august i 1995, (Raudberget 2. jpg). Biletet ligg under Biletarkiv, Vik kommune, frå Arnafjorden mot Stølsheimen. Der finn de fleire bilete frå Selhamar - Raudberget - området. Eitt bilete viser såvidt det grøne olivinfarga berget på vestsida av Raudberget, (Raudberget 3. jpg). http://www.stoelsheimen.no Helsing Stuttjukken.
-
Telt for meg er nestan verre enn eit kroppskondom eller våtdrakt. Eg hadde eit 3-mannstelt for ein del år sidan. Det var det berre plass til meg og sekken i, når eg var på turar åleine. Telt har eg gjeve meg med for lenge sidan, og når eg treng telt, får eg heller liggja ute. Det vert kanskje aktuelt i løpet av ferien. Det er tross alt sommar, og tillet vêret det, går det an. Helsing Stuttjukken, som fyller eit 3-mannstelt åleine.
-
Det er alltid like flott i midtre Sogn, slik bileta til Arnt viser. Få stader i Norge dannar fjellandskapet så vakre kulissar som nettopp rundt Balestrand. Det er no 20 år (åh, hjelp) sidan eg var russ i Balestrand, og første helga i august går turen til Balestrand for å treffa att nokre av tidlegare studiekameratar. Tillet vêret det, vert det kanskje turar i området Vik - Vangsnes - Feios - Fresvik etter denne helga. Der er mykje flott fjell som eg vil sjå nærare på. Vangsnesmarki, Feios-dalstrøka mot Fresvikbreen, kanskje ein tur sør for Fresvik. Eg får sjå, men eg vonar det vert noko av det. Helsing Stuttjukken.
-
Raudberget har raudfargen sin pga. jern og kopar som rustar. Bergarten er serpentin, med mykje kleberstein/talkum og olivin (grøne felt i den raude vestsida ovanfor Raudbergurdi ved Raudbergvatnet). Elles i området går det ei smal fylitt-åre (kalkrik) på skrå frå nordaust mot sørvest gjennom Stølsheimen. Raudberget er eit brot med serpentin inne i fylitt-åra. Vest for fyllitt-åra er fjellet kalkfattig, og høgfjellet er berre berg og stein med mykje snø. Både fylitt-åra og skiferbeltet aust for dette er kalkrikt, og difor er fjellet grønt og grasdekt til over 1200 m.o.h. Unnataket er Raudberget, då der ikkje veks mykje på det fjellet. Bergarten syt for ein interessann flora i området, især nord for Raudberget mot Arnafjorden. Fyllitt-åra kjem frå Arnafjorden (mellom Indrefjorden og Framfjorden - Målsetvatnet). Den går mot sør-sørvest aust for Åsedalen, passerer Raudberget og Selhamar, trekkjer over Askjellsdalen og Skjerjavatnet si austside, kryssar øvste Eksingedalen og held fram mot sør til den stoppar. Skiferbeltet strekkjer seg mot Voss, og har si kjerne der, og Voss har mange skiferbrot. Det er mykje mystikk inne ved Raudberget. Der inne budde jule-reia (troll-folk), og rett før jul tok jule-reia ut og heimsøkte bygdene i Eksingedalen og Modalen i vintermørket. Raudberget lyser faktisk av seg sjølv, pga. av serpentinfargen som gjer den flammande guloransje (på nært hald). Det er ikkje slik at sola skin akkurat på Raudberget, medan resten av fjellet er i skuggen under skyene. Ta turen inn der ein dag med skikkeleg gråvêr og regn utan skodde, og Raudberget lyser som berre det, uansett. Elles er det fleire stader med Raudberg ikkje langt unna. Køyrer ein E 16 frå Dale til Voss, kan ein ta av ved skiltet mot Steine. Køyr opp der og følg vegen innover forbi fleire stølar til vegen endar i Lauvdalen (bomveg, kostar noko). Dermed er det berre å rusla innover dalen 2-3 km. til stølen Raudberg. Der er det andre bergartar som rår grunnen. I berget rundt her og urdane under er det eit raudlilla skjer. Området her høver å passera på tur mellom Geitle mellom Evanger og Bulken og over fjellet til Volahytta. Eit fint alternativ for turar til Volahytta utanfor dei merka stiane, gjerne som ein start på turen innover i Stølsheimen. Det andre Raudberget ser de 2 dagar etter. Helsing Stuttjukken.
-
Toppen 1464 m.o.h. er toppen av Bjørnabreen. (Noko anna namn der veit eg ikkje). Keipen er toppen rett aust for, til høgre for hakket i fjellet, keipahakket, og er 1399 m.o.h. Lenger nede i fjellsida under Bjørnabreen, ikkje synleg på biletet, er den artige og utstikkande stein-tinden Gulleplet. Dette ser flottast ut frå Hjellseng, like før Esebotnen, på veg frå Dragsvik til Balestrand. Eg har vore på Tjugatoten ein gong for mange år sidan. Skal ein vidare er tausikring påkrevd innover langs Geitaryggen. Geitaryggen byrjar nok i høgre biletkant, ja. Keipen har eg ikkje vore på. Elles har eg vore på Raudmelen, Saurdalseggi og Igdedalseggi i Balestrand-fjelli. Dette var i 1982-85. Stemmer det, Arnt, skal de gå til Sundagsfjellet, må de gå på ein sundag så klart, hehe. Endeleg vart det eit bilete frå rette sida av Tverrbotnanuten. No ser de at den er eit godt merke og korrigera for utsynet etter. Helsing Stuttjukken.
-
De nemnte bilete 28 og 30 i nemnte biletserie frå Fyresnipa. Før eg hadde lese innlegget ditt over her, slo det meg at de hadde teke bilete av Plogen i Svelgen (Bremanger). Vidare mot høgre ser de litt av sjølve Ålfotbreen, før Høyanger-fjella skygger for resten. Ta turen til Sundagsfjellet, om de ikkje har vore der, og sjå det same mykje friare. Sjølv ser eg dei same toppane når eg ruslar over Taket, 1211 m.o.h. (Stølsheimens Tak) vest for Steinslandsvatnet i Modalen, eller frå Brydalsfjellet ovanfor Ortnevik i Sogn. På bilete 28 har de faktisk 2 Keipen på biletet. Lengst til høgre er Keipen innanfor Esefjorden i Balestrand, med Bjørnabreen under, og Langafonni (Langedalsbreen) litt lenger til venstre. Desse småbreane er eigentleg bre-satelittar i lengderetninga mot sørvest frå Jostedalsbreen, kun avskore av Gaularfjellet. (Litt høgare fjell i Balestrand, og utan Gaularfjellet hadde Jostedalsbreen halde fram mot Lånefjorden mellom Høyanger og Balestrand, men det er ikkje slik). Framleis flotte bilete, Arnt. Helsing Stuttjukken.
-
For å ta ein paralell til ulvedebatten. Heime hjå oss missta me ein kalv, og me måtte slakta ei ku på grunn av åtak frå, ikkje ulv, men bjørn. Det var kanskje naturstridig, men me ville ikkje bjørnen til livs. Eg meiner det er plass til både ulv og sau (og bjørn) i dette landet. Helsing Stuttjukken.
-
Eg er ingen klatrar, men eg har vore i Innerdalen 5 gonger, og har beundra dei vakre fjella i denne Norges vakraste dal, Trolla inkludert. Ta kontakt med Torill og Iver Innerdal på Innerdalshytta. (Trur det var Sunndal kommune på Nordmøre). Helsing Stuttjukken.
-
Mykje snø og sein snøsmelting gjer at sommaren i fjellet vert forskyvd litt. I fjor då snøen smelta tidleg, var graset allereie byrja å gråna og gulna midt i august. I år med sein snøsmelting vil fjellet vera vakkert grønt i august. Gled deg til ferien din i august, Håvard. Helsing Stuttjukken, som óg har ferie i august.
-
Eg trivest godt på fjelltur saman med andre. Eg trivest óg godt på fjelltur åleine. Helsing Stuttjukken.
-
Blåbæra modnast nede i dalane innover Vestlandet no. Snart vert dei modne oppover i stølsbeltet i fjellet. Helsing Stuttjukken.
-
Eg tør ikkje lova noko om det er greitt å ta seg opp frå Hjølmo eller Vassetvatnet til Styvisdalseggi, men det såg iallfall bratt ut oppover. Skogen veks høgt oppover fjellsida nord for Vassetvatnet. Ta deg ein tur over fjellet frå Breidalen i Jordalen, og trekk over Vardane, Vasseteggi og Rimstigfjellet og Skogafjellet, og sjå tvers dalen mot Styvisdalseggi. PS., flott bogastille aust for Vasseteggi, (høgde 1474 m.o.h.), mellom Vassbotnvatnet (i nord) og Skardsvotni (Rimstigen). Elles kan de gå inn i Styvisdalen eller ut på Handadalseggi, og sjå Styvisdalseggi frå nord. Eggja frå Smørbotnanuten til Styvisdalseggi ser ut til å vera "sperra" med eit stup ein stad på eggja. Står ein på Handadalseggi fortonar fjellrekkja Styvisdalseggi - Smørbotnanuten - Tverrbotnanuten som eit fascinerande skue rundt Styvisdalen. Styvi ligg på sørsida av Nærøyfjorden, men dei beitte dyra og stølte i dalføra innanfor Dyrdal på nordsida av Nærøyfjorden. Difor er det Styvi-namn på begge sider av fjorden. Styvisdalen er greitt å nå både frå Dyrdal og frå Leitevatnet i Fresvik-Jordalen. Jordalen kontra Fresvik-Jordalen? Den delen av Jordalen der Fresvik er grunneigarar er Fresvik-Jordalen. Dette gjeld strekninga der stølane Nedstedalen - Preststølen - Øvstedalen ligg, og er det same som den delen av Jordalen som i følgje kartet høyrer til Leikanger. Bygdene Feios og Fresvik med fjella og Fresvikbreen vart overført Vik kommune for ein del år sidan, alt som Leikanger kommune hadde på sørsida av Sognefjorden og vest for Aurlandsfjorden. Frønningen vart overført Lærdal kommune, men ligg aust for Aurlandsfjorden. Lengst nordvest er Vikjadalen, som høyrer til bl.a. Vange i Vik i Sogn. Eg trur dei faktisk bufører gjeldkyrne frå Seljedalen i Vik, over Hang og Ennebakken til Vikjadalen framleis, i staden for å køyra dei rundt via Vinjo og Stalheim. Også dette er ein flott tur, Arnt, ein tur eg gjekk i 1996. Helsing Stuttjukken.
-
Jotunheimen er ikkje "mitt" fjellområde, men kva med Årdal - Skogadalsbøen - Fannaråki - Turtagrø eller Sognefjellshytta? Elles såg forslaget ditt OK ut. Helsing Stuttjukken.
-
Eg kan nok ikkje bevisa at eg har rett, eg heller, Arnt. Eg har ikkje gått Nærøydalsryggen, men eg har som nemnt gått på Langafjellet og Handadalseggi i nord, og elles har eg gått over Store Breen (buførevegen opptil 1570 m.o.h.), Skammadalshøgdi og Jordalsskavlen på Underdalshalvøyi. Då ser ein mot det same flellområdet mellom Aurland og Lærdal. Når det gjelt Tverrbotnanuten, er den eit velkjend landemerke for meg, sett frå mange stader sørvest for fjellet. Den svarte gavlen i Tverrbotnanuten som så vidt kom fram på bileta dine var ikkje å ta feil av. Ein kveld eg var i Fresvik-Jordalen for ein del år sidan, gløda kveldssola fint i fjellsida under Tverrbotnanuten, då eg var oppe ved Leitevatnet (andre kallar vatnet for Jashaugvatnet, etter den frodige og steile Jashaugen innom vatnet, ved bøførevegen mot Fresvikvarden og Fresvik. I 1997 gjekk eg buførevegen frå Fresvik og over i Jordalen, ein flott tur forbi breklattane under Fresvikbreen. Dagen før gjekk eg frå Breiddalen i Jordalen, over Vasseteggi (1474 m.o.h.), ned på Rimstigfjellet, bort i kløva ved Breiskrednosi (utsyn Nærøyfjorden), nord att og ned i Vassetdalen til Drego og Dyrdal i Nærøyfjorden, (ferje til Kaupanger). På kartet står det berre høgda 1501 m.o.h., fjellet som heiter Giljabottsnipa. De målte høgda til 1507 m.o.h. Interessant, det kan henda at de har rett der óg. De har sikkert lagt merke til at Kjell-Inge på forumet er godt kjend her inne. I tillegg skal de få eit namn til av meg. Ei klasseveninne frå folkeskulen (Modalen) var på geitasti på Røyrdotten innanfor Nåsen i Jordalen i nokre år. Ho fortalde om ei Nelly Nora Naasen, som er godt kjende i fjella omkring Jordalen og Nærøyfjorden. Eg høyrde for nokre år sidan at ho brukte å ta turen til Tverrbotnanuten kvar sommar. Ho kan sikkert fortelja deg ein del. Helsing Stuttjukken.
-
Ingenting er betre enn å kunna revurdera sine notatar i positiv lei. Stølsheimen er heldigvis komen litt lenger med å kle av seg "vintersyndromet" sitt for i år. Framleis er det mykje snø på rutene til Skavlabu, Vardadalsbu og Norddalen vest og nord i Stølsheimen. Nokre varme dagar innimellom i det siste har fått snøen til å tina såpass at snøfenna er i ferd med å verta faste og fine å gå på. Ein tur til Vikjafjellet i går kunne fortelja at det er, eller er i ferd med å verta brøytt opp på anleggsvegen frå Skjellingavatnet til Bjergane og Kvilesteinsvatnet. Elles er det overløp i mange regulerte vatn i fjellet no, så nett no er det ikkje så mykje breie tappesoner å sjå. Det rann over både frå Skjellingavatnet og Målsetvatnet. Overløpselva frå Skjellingavatnet vassa eg over i går kveld, og det var iallfall litt vatn i elva i Ygnisdalen mellom Skjellingavatnet og Mannsbanen ned mot Framfjorden (Arnafjorden i Sogn). Fleire meldingar kjem etterkvart. Det er berre å ta beina fatt innover i Stølsheimen, sjølv om det vert eindel snøvandring i nord og vest ei stund til. Ver obs. for skodda når ein går over snøen i det snørike området ved Norddalen. Det har vore havskodde der dei fleste dagane dei siste vekene, sjølv om det har vore sol dei fleste andre stader på same tida. Kaldt hav og kalde og snørike fjell er grunnen. Helsing Stuttjukken.
-
Eg ser på bilete nr. 35 og nr. 48, der det er skrive Fresvikbreen. Den mørke fjelltoppen der er Tverrbotnanuten, 1611 m.o.h. Fresvikbreen er straks til høgre for det, slik bilete 48 viser. Eg såg litt nærare på bilete nr. 49. Eg er ikkje sikker, men det anar meg at dette kan vera Grånosi (sørvestre), 1566 m.o.h., med Bleia, 1717 m.o.h. i venstre kant bak i biletet. Fjella ligg sør for Frønningen/Revsnes/Lærdalsfjorden, aust for Aurlandsfjorden, og nordvest for fjellvegen Aurland - Lærdal (oppå Lærdalstunnelen). Sjølvsagt kan eg nok ein gong vera heilt på jordet. Nok ein gong flotte bilete frå di hand, Arnt. Å, Troll, den gode bikkja di er så god, at............... Neste gong de er i området, ta turen frå Leitevatnet innanfor Øvstedalen i Fresvik-Jordalen. Litt forbi Fresvikvarden (der har de vore før) går de opp fjellsida i sør og innover dalsøkket i austleg retning. Gå austover til Handadalseggi, 1431 m.o.h., og sjå på det imponerande fangstgjerdet av stein der ute. Returner via Langafjellet, 1511 m.o.h., og gå nordover mot stupet, med utsyn ned på Sognefjorden og mot Sogndal flyplass på Haukåsen. Så fort som de går, rekk de mykje meir enn dette, når de er der inne. Helsing Stuttjukken, etter ein kosetur i Ygnisdalen og Pyttane i går.
-
Fylkesmannen i Hordaland har vore inne i biletet, står det. Har Riksantikvaren vore inne i biletet, og godkjent traktorvegbyggjing på eit kulturminne, som heller burde vore freda heilt frå veg til veg på begge sider av Folgefonni? Helsing Stuttjukken.
-
På mine vandringar i Stølsheimen og områda rundt ser eg stadig vekk litt søppel. Det er alt frå papir, sneipar, m.m. langs stiane, og søppelhaugar der det tydeleg har vore ein durabeleg rast. Det er berre ein ting å sei om søppel i naturen, nemleg: TRIST! Helsing Stuttjukken.
-
6-8 dagar! Kva med å gå runden? Voss - Tvinnestølen/Volahytta - Torvedalen - Selhamar - Åsedalen - Solrenningen - Norddalen - Vardadalsbu - Stordalen Fjellstove i Masfjorden eller Straume i Modalen, 8 dagar. Fleire alternativ: Vikjafjellet (Skjellingavatnet) - Åsedalen - Sorenningen - Norddalen - Vardadalsbu - Skavlabu - Dyrkolbotn - Kalvedalen - Andvik eller Kvingo i Masfjorden, 8 dagar. Kombinera DNT-hytter og lokale overnattingsstader: Bolstadøyri/Øvstedalen - Flatekvål i Eksingedalen - Farestveit/Straume i Modalen - Vardadalsbu - Norddalen - Ortnevik - Solrenningen - Vatnane - Arnafjorden (ved Vik i Sogn), 5 dagar til Ortnevik + 3 dagar til over fjellet til Arnafjorden, alternativt Solrenningen - Åsedalen - Vikjafjellet. E 39 Kringla (så vidt over grensa til Sogn og Fjordane) - Stordalen Fjellstove - Vardadalsbu - Straume i Modalen - Flatekvål i Eksingedalen, buss til Gullbrå og litt gange til Torvedalen - Selhamar - Åsedalen - Solrenningen - Ortnevik eller Steinsland i Modalen, 8 dagar. Start eller avslutt turen med båten "M/S Bruvik" mellom Bergen og Mo i Modalen. Båten går kun sundagar: "M/S Bruvik" til Mo - Skavlabu - Vardadalsbu - Norddalen - Solrenningen - Åsedalen - Selhamar - Vikjafjell eller Arnafjorden, 7 dagar. For tida er det gode forhold for fotturar i austre delar av Stølsheimen, frå Solrenningen og austover. Det er framleis mykje snø i vest, men om to veker er det nok ok bart i vest óg, sjølv om det må påreknast ein del snøvandring på rutene Straume - Vardadalsbu, Vardadalsbu - Norddalen, Norddalen - Solrenningen, Norddalen - Ortnevik, litt over fjellet på ruta Solrenningen - Åsedalen, omkring Volahytta og Tvinnestølen, og omkring Skavlabu. God tur innover til herlegdomane i fjellfagre Stølsheimen. Helsing Stuttjukken.
-
Hadde no dette vore ein gammal ferdaveg som skulle rustast opp, hadde dette vore greitt. Men stien Gjendesheim - Besseggen - Memurubu er jo ingen gammal ferdaveg, som har vore brukt til buføring og drift i eldre tider. Det kan jo sjølvsagt opplevast som gode greier å gå på desse steinane dei lagar til, men dette høyrer ikkje heime her inne mot Jotunheimen, iallfall ikkje i den skala det er lagt opp til her. Det kunne nok ha halde lenge med ein og annan stein i gjørmehol, og la det vera med det, slik eg har gjort på markastiane i skogen og lyngbeltet over tregrensa på heimtraktene, der steinane er funne i terrenget og lagt punktvis der behovet var størst. Det går iallfall an å unngå bruk av helikopter og gravemaskiner til den beskjedne steinsetjinga eg nemnte over. Eit dugnadslag gjer same nytten utan maskiner, når omfanget er beskjedent. Med åra er steinane grodd inne av lyng og gras. Denne steinleggjinga derimot vil nestan lysa opp like sterkt som den kinesiske mur. Intensjonen med å redusera trykket og erosjonen er god, men omfanget kan reduserast monaleg. Helsing Stuttjukken.
-
Det fungerer kun om de har eit drepande blikk, Panda. Elles ikkje, så då styrer de unna. Helsing Stuttjukken.