Stuttjukken
Passivt medlem-
Innlegg
627 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Stuttjukken
-
Storheia er ein flott tur i Bymarka i Trondheim som kan tilrådast. Eg var der på skitur i 1989. Prøv gjerne ruta Ila - Geitfjellet - (forbi) Gråskallen - Elgsethytta - Bosbergheia - Storheia - Rønningen - Saupstad (Heimdal). Helsing Stuttjukken.
-
Eg er klar over det, Rune. Helsing Stuttjukken.
-
Eg har høyrt om at fjellet har vorte freidig marknadsført som ein trendy sjekkestad. Godt at dette ikkje kan skje der eg vandrar. Eg kjenner ikkje trang til sjekking når eg er til fjells, snarare tvert i mot. Helsing Stuttjukken.
-
Eg har ingen merittliste over 2000-meters-toppar. Over desse høgdene i Norge har eg kun vore på Galdhøpiggen, Fannaråki og Dyrhaugsryggen. Sjølv klarar eg å gleda meg over å sjå dei høge fjella, slik eg gjorde frå Vangsnesmarki i Sogn (ca. 700 m.o.h.) for nokre veker sidan og såg mot Falketind og Urdanostind. Toppturen eg er mest stolt av gjekk til Møysalen, 1262 m.o.h., på Vesterålen-sida av Hinnøya nord i Nordland. Der starta turen heilt nede frå fjørasteinane på ein stad der ein måtte inn med båt eller ta beina fatt (Lonkanfjorden, frå Kaljorda). Ekkel smak? Kvifor det? Det er det ingen grunn til. Eg kosar meg godt i fjella under 2000 m.o.h., eg, men går eg ein tur over 2000 m.o.h. set eg pris på det óg. Helsing Stuttjukken.
-
Anar me at første steget er teke? Og om nokre år så er absolutt heile den norske fjellheimen kjøpt opp av private og gjerda inne, der alle oss andre er heilt utestengde, (og grunneigarane i dag er "kjøpt og betalt"). Det vil vel kosta millionar for folk å sjå bilete frå norske fjell på video og milliardar for å gå eitt einaste steg der, før det er snakk om fiske, jakt og bærplukking. Er det dette me har i vente? Dette må stoppast snarast. Helsing Stuttjukken.
-
Vik - Seimsfjellet - Vangsnesmarki - Vangsnes, Midtre Sogn.
Stuttjukken publiserte et emne i Fjellvandring
Turen startar frå Voll i Vik i Sogn, ca. 2 km. frå Vikøyri i retning Voss/Vikjafjellet. (Parkerer ein bilen ved avkøyrsla til Trona bustadfelt, minst 2 km. sør for Vangsnes ferjekai, kan ein ta bussen derifrå og til Vik. Ein av morgonavgangane og ei rute om ettermiddagen går vidare inn i Vik-bygdi i retning Vikjafjellet og Voss). Det må påreknast ein god del vandring på veg på denne turen, men turen er elles ein flott tur frå støl til støl i fjellskogen på heia ovanfor (aust) rv. 13 Vik - Vangsnes. Turen vart gjort i ferien, etter å ha drøymt om dette i mange år. Turen er lett og er heilt utan utfordringar, men det er mykje myr, så støvlar kan vera lurt. Følg lokalvegen Voll - Hove Steinkyrkje (verd å sjå) - Hove Kraftverk (koplingsstasjon, mange kraftlinjer ut frå den) - over brua og opp til høgre - Fosse - følg vegen gjennom skarp venstresving og vidare til skarp høgresving - følg grusvegen rett fram frå den skarpe venstresvingen - Tenoldslii - Notesete - Varpet (flott utsyn over Bødalen i Vik, med 3 kyrkjer (Hove Steinkyrkje, Hopperstad Stavkyrkje og Vik kyrkje) - parkeringsplass - følg den venstre av skogsvegane - Skorge. Det går an å gå frå Vetløyri ved fjorden i Vik og rett opp lia til Skorge, kalla for Sutastigen, og spara timar på det. Litt ovanfor stølen på Skorge står det skilt for stiane utover Seimsfjellet i retning Vangsnes. Om sommaren beitar det kyr og sauer her oppe, mange stader innover heia. Vegen endar ved skilta, men det er tydeleg at vegen er i ferd med å verta forlengja. Elles er skilta rett under ei av dei store kraftlinjene i Vik, nettopp den linja som går vidare inn i Sogn, mot dei 4-6 km. lange kraftspenna over Sognefjorden ved Hermansverk og Fimreite. Frå skiltet følgjer ein under det store kraftspennet dei første hundre metrane. Dessutan vekslar ein mellom den påbyrja skogsvegen og den gamle stien innover. Etterkvart går den gamle, men gode stien nedanfor til venstre for kraftspennet og to mindre kraftlinjer. Endeleg er ein inne i skogen og dei lite estetisk interessante kraftlinjene er ute av syne det meste av tida. Frå no kan ein nyta turen fullt ut. Etter ei stund kjem ein til Nyastøl. Det ber vidare inn i skogen og over Kyrelvi, elva som renn ut i den fine fossen i fjellsida rett utanfor Vik. Stien held fram oppover skogen til Kongsvatnet, der stølen Kongsli ligg bortanfor vatnet. Så ber det opp på heia. Skogen opnar seg, og det vert endeleg noko som minnar om fjell ei stund vidare no. Ver obs. glimtet av utsynet mot aust. I sør ruvar storberget Rambera, 1623 m.o.h. Det fører eit dalføre nordaustover mot Feios, og innanfor kneisar Vidasethovden (1227 m.o.h.) flott i landskapet der inne. Bleia (1717 m.o.h.) ved Revsnes ruvar godt i aust, (og er omtala i ein annan tråd på forumet). Og, jau fjellfolk, det kjem, for lengst bak i aust kjem Falketind og Urdanostind i Jotunheimen til syne. (Frå Kvitenjuk lenger nord finn de resten, med Hurrungane, m.m.). Det ber bortover heia til Kallbakkstølen som høyrer til Vangsnes. Stølen ligg eigentleg på ei vêrutsett hei, men denne dagen var det stilt og varmt der, og kyrne beita villig der oppe. Kallbakk ligg ca. 730 m.o.h., så dette er ingen høgfjellstur, men ein kosetur. Følg så skiltet i retning Vangsnes eller Trona. Styr unna skilta mot Hovland og Øksdal når dei dukkar opp. (Det får i såfall verta ein annan tur). Ved Kallbakk får fjella nord for Sognefjorden ei flott innramming av myrar med eit og anna tre omkring. I nord-nordvest ser ein Balestrandfjelli med Bjørnabreen, Keipen, Johannesberget, Vassdalsnipi, Jostefonni og Meneseggi/Melsnipi. (Sjå Arnt Flatmo sine bilete frå Meneseggi og Jostefonni). Vidare mot høgre held det fram med Staven (mellom Leikanger og Fjærlandsfjorden) og Myrdalsbreen. Så er det berre å rusla over myrane, forbi nokre idylliske tjørnar med siv langt utover. Det ber no ned att i skogen, og snart ber det forbi murane i Kleivadalen. Lenger nede ser ein at det er laga til vassanlegg i bekkane for å samla vatnet noko. Etterkvart ber det inn i ein einestaåande furuskog av beste vestlandske merke, med mange krokfuru innimellom. Så kjem ein ned til ei av dei aller vakraste tjørnane eg har sett i heile mitt liv, jau, nestan den vakraste synest eg. Dette er Høgretjørn (517 m.o.h.), og opplevinga av naturstemninga der i glødande og varm seinsommar-kveldssol gløymer eg aldri. Eg visste om denne vakre tjørna, men no måtte eg berre setja meg ned og nyta den lenge. Så er det berre å ta fatt på det siste stykket mot Vangsnes, med utsyn mot Balestrandfjelli i silhuett i seinsommarsola mellom furustammene. Det ber snart ned på skogsvegane som kjem opp frå Vangsnes. No kan ein velja mellom å følgja skogsvegen, eller å gå den gamle stien rett nedover, der den er å finna. For meg vart det den gamle stien først, og seinare skogsvegen. Lenger nede passerer ein Godstøl, der berre selsbøen er å sjå med sine knausar med snorrette einer av nokre tre innimellom. Skogsvegen held fram nedover og forgreinar seg. Følg den som er mest køyrt på, og det er eit stykke å gå på denne vegen óg. Så passerer ein toppen av ein gammal hoppbakke (grind i vegen). Underleg med ein hoppbakke her på Vangsnes, her det nestan aldri er kaldt nok til å koma snø ein gong, på denne tangen midt i hardaste vindtrekken i Sognefjorden. (Må vera plast, kanskje). De som har vore på Vangsnes eller er kjend i Sogn, vil óg undra seg over at det finns ein hoppbakke på Vangsnes. Dermed er det berre å rusla ned bakken til like nedanfor Trona bustadfelt, der asfalten overtek. Så er det berre å rusla ned mot rv. 13, men følg vegen mot venstre i eit kryss undervegs. Ein kan gå ned til høgre óg, og vandra mellom frukthagane på Vangsnes, som no er eit syn verd for dei haustar eplene. Kjøp gjerne frukt på ein av gardane her når de er her. Vegen held fram forbi Vangsnes kyrkje og til den temmeleg høge Fridtjov-statuen, der han skodar mot ho Ingeborg på Belehaugen (Balholm/Balestrand). Derifrå er det berre nokre svingar ned mot Vangsnes ferjekai. Butikk og campingplassar for dei som treng det. Bortsett frå om natta når fjorden er "stengt", er Vangsnes eit greitt knutepunkt. Når de er i dette området, ta turen til Fresvik lenger aust og ta turen frå Fresvik til Jordalen (retning Voss), sjå tråd om Gjest Baardsen sine fotefar. Fjellturane ut mot Sognefjorden er dei finaste turane eg opplever jamnt over i "fjella mine", (sjå tråd om turen over Kleivfjellet lenger ute i fjorden, båt frå Vik, Ortnevik eller Nordeide). God tur! Helsing Stuttjukken. -
Ikkje har eg isøks, og ikkje har eg hatt isøks med på tur, sjølv om det faktisk har hendt at eg har hatt bruk for det. Som då eg gjekk over Langafonni, ein bratt brearm til Fresvikbreen som var frosen til for hausten, og det bar rett utfor fonni og i vatnet. Fonnkryssinga gjekk bra, men pulsen var nok høgare enn vanleg............... Derimot hender det at eg har med vanleg øks på skogstur, når eg har eit arbeid og gjera ut i der, men noko image-effekt er ikkje øksa då, nett. Helsing Stuttjukken.
-
Båtruta som er på Gjende i dag, er nestan som ein del av den norske kulturarven, vel og merke i den form og det omfang dette har vore og er i, og kan halda fram. Det er likedan med båtrutene på Bygdin, Femunden, Møsvatnet, Gjevilvatnet, og truleg fleire med. Restaurantbåt som ei nyvinning på Gjende, derimot. Eg seier huff berre av tanken, og er einig med Julia. Eg har elles sett steinane på Valdresflye. Dei er jo ikkje i vegen, for det er råd å gå rundt dei........... Helsing Stuttjukken.
-
Forslaget mitt var rett nok eit ressonnement frå mi side, men eg kunne eigentleg ikkje få det til å stemma med andre stader på ruta di. Elles har eg vore i Hyenfjorden 3 gonger. Ein gong på vegen, og to gonger i den tida då det framleis var ferje på fjorden. Ein ferjetur på Hyenfjorden den gongen stod ikkje langt tilbake frå ferjeturane på Nærøy-, Fjærlands- og Geiranger-fjorden. Omgivnadane omkring Hyenfjorden og Ålfoten utanfor er verd både eitt og fleire besøk. Fjella der ute er ikkje noko mindre enn storslagne, heile vegen frå Gjegnen ved Hyen, og utover via Ålfoten og Ålfotbreen, mot Keipen og Plogen ved Svelgen i Bremanger i vest. Ålfotbreen er det uoffisielt våtaste området i heile landet. Konkrete målingar er ikkje gjort inne på breen som eg kjenner til, men snødjupnemålingar frå fly er gjort på Vestlandet. I januar 1989 vart det anslått ei snødjupne på 20 meter nysnø på Ålfotbreen, (og 15 meter på Jostedalsbreen), og endå snødde det mykje i 4-5 månader til der oppe. Eg hugsa eg såg Ålfotbreen med "haug" på, sett frå Brydalsfjellet i Ortnevik på sørsida av Sognefjorden i 1995. Breen var ekstra stor høgast oppå dei åra, og lyste lang veg. Helsing Stuttjukken.
-
De har hatt ein flott vestlandstur, Erling. Eg var sjølv over Gaularfjellet for 2 veker sidan, og kan skriva under på at vegdekket er skremande dårleg over der. Eg lurte litt på Seltuftnibba. Etter skrivemåten høyrest det ut som Nordfjord. Er biletet teke ved Hyenfjorden, eller er eg heilt på jordet, og at det kanskje er ein annan stad i Nordfjord? Elles kan eg berre slutta meg til at det er fint, både over Imingfjellet, og vegen på austsida av Tinnsjå med flott utsyn mot vestsida av Blefjell, med vidare ferd over Bolkesjø - Jondalen - Kongsberg. Dette er absolutt ein flott variant av køyrerute mellom Oslo og Bergen/Haugesund. (Ein kan bruka vegen Rjukan - Møsvatn - Rauland - Arabygdi - Haukeli óg mellom aust og vest). Men eg tenkjer nok at høgdepunktet på turen måtte vera turen de og Nils hadde opp til Veobreahesten. Helsing Stuttjukken.
-
Jakt i Pasvik kjenner eg ikkje til, men eg var der inne i dette flotte villmarksdalføret i 1993. Ta kontakt med Steinar Wikan, som driv med registreringar av bjørn, smågnagarar og elgtrekk i Pasvik. Han har full oversikt i Pasvikdalen. [email protected] http://www.svanhovd.no Då eg var på landbruksskulen i Vesterålen, kjende eg ein bondestudent frå ein gard på Skrøytnes i Pasvik. Han heiter Henry Ole Larsen; tlf.: 78 99 92 38 og 41 27 37 58. Helsing Stuttjukken.
-
I dei våte og myrlendte fjella eg trakkar i, har eg vendt meg til å gå med Viking Rugg gummistøvlar. Dei har ikkje den naudsame støtten som fjellskor tilbyr, men der eg går er det nettopp gummistøvlar eg treng. Fjella eg går i har lokalt opp til uoffisielle svimlande 6000 mm. nedbør i året, og der det er våtast i vestre delen av Stølsheimen er myrdanninga stor. (Brekke i Ytre Sogn har målt over 5000 mm. nedbør på eitt år, og Cherrapunnjé i Bak-India (mellom Himalaya og Myanmar/Burma) har dei målt omkring 23000 mm. nedbør på eitt år). Andre våte fjell i Norge er blant andre Bergsdalsfjella (Dale), sørvest for Folgefonni, mellom Dalsfjorden og Førdefjorden i Sunnfjord, Ålfotbreen og vestover, og i nord har me vestsida av Svartisen. Jaja, eg treng iallfall gummistøvlar der eg går vest i Stølsheimen. Det er lurt å vurdera klima- og terreng-forhold der de går ved val av fottøy i fjellet. I det meste av landet fungerer fjellsko utmerka, og vil vera best uansett. Gummistøvlar duger som supplement for dei fleste av dykk. Helsing Stuttjukken.
-
Der det er Statsallmenning, skal staten vera grunneigar. Fiskekartet viser openbart at alle store vatn, mange av dei små, samt diverse elvestrekningar ikkje har vorte ein del av Statsallmenningen, slik at Statsallmenningen er som ein ost full i små og store hol. Når eg nemnte noko om å kontakta nokre grunneigarar, poengterte eg at det ikkje trong vera enkelt. Eg trur fjellstyret for Statsallmenningen sit på naudsam informasjon, så det ser ut som om ein bør byrja der. Velg ut eit par elvar og nokre vatn, og spør fjellstyret om desse. Sjølv om eg ikkje har nemnt det i denne tråden så langt, er eg óg tilbøyeleg til å meina at her er det ikkje så mykje anna å gjera enn å ta turen innover vidda, fiska der det høver, utan eitt ord. Når det kjem til praksis, er det ikkje så mykje anna og gjera. Det har eg vore klar over heile tida, men eg tenkte det kunne vera greitt å få fram desse momenta. Ein kontakt med fjellstyret og med ein og annan grunneigar vil under normal folkeskikk kunna bidra til mykje nyttig informasjon. Som eg nemnte i eit tidlegare innlegg på denne tråden, meiner eg at grunneigarane må skjerpa seg i møte med friluftsfolket. Er det rart at fordommane om grunneigarane i fjellet florerer blant friluftsfolket i byar og tettstader? Her har grunneigarane ein jobb å gjera, for å spela på lag med friluftsfolket. Helsing Stuttjukken.
-
Kraftige og feite tungvektarar sine røynsler med fjellklede.
Stuttjukken svarte på Stuttjukken sitt emne i Bekledning
Det var sikkert Big Man´s Club de såg, Svein. Eg veit om dei, men fjellklede har dei ikkje. Det kunne ikkje fallt meg inn å kalla deg ein pusling, Svein, for det er de absolutt ikkje. Helsing Stuttjukken. -
Kraftige og feite tungvektarar sine røynsler med fjellklede.
Stuttjukken svarte på Stuttjukken sitt emne i Bekledning
Takk for tipset, Rogers, og har de fleire nettadresser kan de berre notera dei her inne. Eg såg på Cabelas, og det er ei interessant side. (Røynsler = erfaringer). Sjølv er eg 175 cm. høg/stutt, og 125-130 kg., brukar 4-5XL etter norsk standard, eller str. 64 om ein vil. Er det fleire tungvektarar som veit noko, har røynsler eller har andre ting å nemna er det berre å fyra laus. Helsing Stuttjukken. -
Sjølv om eg ikkje veit det, vil eg tru at det ikkje er så frykteleg mange grunneigarar på Hardangervidda. Nokre av grunneigarane eig nok store areal og mange kvadrat-kilometer kvar. Ein grunneigar kan eiga fleire vatn åleine. Andre stader er det sameige mellom grunneigarane i eit bygdelag, eller innanfor eit gardsnummer. Skulle eg bede om å få lov til noko i eit fjellområde, snakkar eg først med ein grunneigar, og spør om eg må snakka med fleire. Treng eg ikkje det, er det berre å gå i gong. Er du i verste fall villeia (då bygdestridene gjerne er uransakelege), skal de vita at DE har handla i god tru. Her må isåfall grunneigarane skjerpa seg. Eg har liten kjennskap til Hardangervidda, men er ikkje Staten grunneigar i enkelte område på Vidda, tru? Eg tenkjer på Statsallmenningane (og ikkje på Nasjonalparken), der alle norske borgarar har same rettar i området, og rett til å bruka området. Korleis det er med Statsallmenningar på Vidda, veit eg ikkje, då eg ikkje har sjekka dette, men det er det nok mange andre som veit. Helsing Stuttjukken.
-
Eg har ikkje gått ruta sjølv, men eg har vore både i Knaben (Kvinesdal) og på Ljosland (Åseral). Eg såg skilt for denne ruta på begge sider, så stien er nok grei å finna, vil eg tru. Helsing Stuttjukken.
-
Det er nok oftast ikkje enkelt, men der det er mogleg, burde ein kanskje spora opp grunneigaren og ta ein prat. Det kan henda at dei fleste seier nei, men tenk om nokon av dei seier ja. Då er det berre å dra innover å fiska utan det minste snev av dårleg samvit. For å ta ein paralell, har eg ein gong snakka med ein grunneigar for å køyra på ein skogsveg i Sogn, som er skilta all køyring forbode (privat veg). Dette gjekk i orden. No er ikkje slike lettvinte løysingar det eg plar ty til. Sist tur gjekk eg kilometervis på private grusvegar, stengt for allmenn ferdsel, i tillegg til ein solid tur ute i terrenget. Det eg vil fram til er at for oss friluftsfolk er grunneigarane gjenstand for å snakka med, der allemannsretten er avgrensa noko. Eg er godt kjend med å vera på begge sider av bordet i dette. Mi meining er at grunneigarane burde vore meir imøtekomande overfor friluftsfolk enn kva som av og til er tilfellet. (For orden skuld har friluftsfolk heilt fri ferdsel på vanleg måte på garden eg høyrer til, men eg har ingenting med Hardangervidda å gjera). Helsing Stuttjukken.
-
Kraftige og feite tungvektarar sine røynsler med fjellklede.
Stuttjukken publiserte et emne i Bekledning
Vel, det finns slike óg blant fjellfolka. Sjølv er eg en representant for den stutte versjonen av desse. Det eg tenkte med denne tråden var at tungvektarane blant fjellfolka kunne uttala seg om sine røynsler med fjellklede. Mange produsentar tilbyr ikkje store nok fjellklede for oss, men det finns heiderlege produsentar som har forstått at me tungvektarar óg er ei viktig kundegruppe blant fjellfolka. Her vil eg trekkja fram Dovre som vert ført av Magasinet, og JahtiJakt frå Vildmarks. Eg trur det er fleire, men det er det nok andre som veit. Dei fjellkleda, (eller kva no andre vil kalla det), eg brukar, er skjorte/T-skjorte og terylensbukse (kraftigaste sort) på fine sommar- og haust-dagar, enkel fjelljakke og bevernylonsbukse ved ustabilt vêr, regntøy ved regn, og enkel fjellanorakk/vadmelsjakke og vadmelsbukse på kalde vinterdagar. Dette er klede som er lett å finna i store storleikar, og det beste av dette fungerer jo greitt. Elles skaffar eg meg ein jaktdress og eit Villmarksett i desse dagar frå JahtiJakt/Vildmarks. Kva røynsler har de, kraftkarar og tungvektarar med fjellklede? Her er det berre å nemna om de synest det er vanskeleg å finna, eller fortelja om gode og dårlege røynsler med fjellkleda som de brukar eller har brukt. Har fjellkleda halde mål for dykk, eller har dei for mykje svakheiter som kjem fram når tungvektarar brukar fjellklede. At ein del av tungvektarane gjerne kan vera trege på tur i fjellet, og burde gått ned i vekt er ikkje tema her. Mange av oss trivest akkurat slik som me er. Iallfall gjer eg det. Tross mitt beskjedne tempo, trivest eg likevel i fjellet. Fyr laus, godtfolk, både tungvektarane og alle de andre. Helsing Stuttjukken. -
Når eg kjem til topps, veit eg aldri kor lenge eg er der oppe. Det kan vera alt frå nokre minutt til over ein time. Skjebnen får avgjera kvar gong. Det spørst kor bergteken eg vert det, trur eg. Helsing Stuttjukken.
-
Det er så vakre fjell der nord, Rita. Eg vonar de kjem med fleire bilete. Helsing Stuttjukken.
-
Beste vinterruta rundt Haukeliseter?
Stuttjukken svarte på Thomas! sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg har ikkje gått i desse traktene, men tanken som slo meg er at det truleg er greitt å gå på ski frå enkelte stader på vegstrekninga Åkrafjorden - Jøsendal/Skare - Odda, og trekkja innover til Sauabrehytta, ubetent med 4 senger, om eg ikkje tek feil. Dermed er ein på søraustsida av sørlege Folgefonna. Det er sikkert folk her inne som kan fortelja meir om dette. Helsing Stuttjukken. -
Eg gler meg til boka frå Julia og Morten kjem ut. Helsing Stuttjukken.
-
Eg veit ikkje så mykje om forholda vinterstid i Jotunheimen. Det kan Morten, m.fl. fortelja om. Derimot kan eg nemna at mange vegar omkring Jotunheimen er vinterstengde: Rv. 55, Turtagrø - Sognefjell - Bøvertun iallfall, på hardaste vinteren frå Opptun på vestsida, og lenger nede i Bøverdalen óg. Lokalveg Turtagrø - Fardalen/Øvre Årdal. Rv. 51, Beitostølen - Bygdin - Valdresflye - Maurvangen (Gjendesheim) eller nedover mot Randsverk. Valdresflye prøver å verta mest mogleg heilårsope på sikt, iallfall delar av strekninga. Fjellvegane til Gjuvasshytta og Spiterstulen er stengde. Jotunheimenvegen mellom Skåbu og Bygdin er stengt om vinteren. Rv. 25X, Tyin - Eidsbugarden er vinterstengt. Slettefjellsvegen, Hemsing Bru (Vang) frå Hensåsen - Beito/Beitostølen v.stengt. Utover dette kan rv. 53, Øvre Årdal - Tyin - Tyinkrysset verta stengt under uvêr. Rv. 15 over Strynefjellet er sjeldan stengt, men gamle Strynefjellsveg er v.stengt. E 16 over Fillefjell er svært sjeldan stengt, gjerne med fleire år mellom kvar gong det skjer. Også her kan Morten, m.fl. lista opp dette meir presist enn kva eg klarar å gjera her. Graden av stenging varierer, men ut i mars og april minkar det på dei stengde vegstrekningane. Sognefjellet plar vera stengt i tida desember (eller november) - mai. Uansett, det er mogleg å ta seg inn i Jotunheimen vinterstid, frå enkelte innfallsportar. Helsing Stuttjukken.
-
http://www.vildmarks.no/ http://www.eratukku.fi/eratukku_norge.htm Eg har tinga 2 sett med jaktdress hjå Vildmarks på Kirkenær. For den stuttjukke fjellbamsen eg er, er det ikkje mange produsentar som har klær i storleiken min. Vildmarks kunne tilby klær til meg i XXL, for folk med livvidde 114-119 cm. (eg er 125-130 kg., og 175 cm. høg), og endå hadde dei ein storleik større (XXXL, 119-147 cm.). Vildmarks fortalde at dei har opplevd at kun 1 mann ikkje fekk på seg den største buksa. Etter ei tid kan eg sjølv notera mine røynsler med desse jaktdressane. Eg tinga Vildmarkssettet, og Jahti PRO-06. Er det nokon som har brukt desse jaktdressane? Kva røynsler har de med desse jaktdressane? Helsing Stuttjukken.