Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Stuttjukken

  1. Klatring på (eller ved) Hardangervidda, det måtte ha vore i fjellveggane inntil Vøringsfossen, vil eg tru. Helsing Stuttjukken.
  2. Det er ikkje Lønahorgi, men det er eit kjent fjell ikkje så langt unna, ein smule nærare der de er i frå. Fjellet er kjend pga. si eigenart, og er kanskje Norges største i sitt slag. Stikkord er litt grøn olivin. Fjellet finn de óg på desse bileta, men spørsmålet er det same, nemleg kva det markerte fjellet heiler: http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/c/pages/geitedalen-1.htm http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/c/pages/askjellsdalsleitet-1.htm No vart det for enkelt, men eg får gjera det vanskelegare ved eit seinare høve. Eg veit ikkje kvar biletet til Agnar er i frå, men eg funderer litt på dalfører mellom Luster og Skjåk i Breheimen. Liknande landskap (ikkje heilt likt) er det i Middalen innanfor Nørdstedalen i Fortunsdalen. Helsing Stuttjukken.
  3. Gløym ikkje å gjetta på dette biletet, som eg skreiv linken til i går, side 9. De må trykkja på linken for å sjå biletet. http://www.stoelsheimen.no/galleri/vaksdal/d/pages/Trolladalen-1.htm Spørsmålet er: Kva heiter fjellet midt i bakgrunnen? Helsing Stuttjukken.
  4. Det var dette med at det mangla eit par hundre meter på 2k, altså. Vel, eg trur ikkje me skal så langt frå Nordmøre uansett, kanskje kun til grensa mellom Nordmøre og Romsdal, då. Eg tippar vidare eg, andersno, og vonar at det er greitt, (snufsen med ei kraftig forkjøling, og kjem meg ikkje på tur denne helga heller). På grensa mellom Sunndal (Nordmøre) og Nesset (Romsdal) kommunar finn me fjellet Vikesoksa, 1809 m.o.h. Takk for tipset, Svein. Vonar at eg får det til ein god dag. Det gjer ingenting om denne tråden skulle verta aldri så lang, gjerne hundrevis av sider for den del, (om det ikkje skulle vore delt inn i ein tråd pr. landsdel eller fjellområde). Helsing Stuttjukken.
  5. Flott bilete, andersno. Eg veit ikkje kva fjell dette er, men eg tek sjansen på å tippa. Eg trur me skal til indre Nordmøre, som byr på dei flottaste djupe fjelldalar i Norge. Sjølv har eg vore 5 gonger til ho Torill og han Iver i Innerdalen, ein såre vakker dal som ikkje treng ytterlegare skildring i dette innlegget. Nordmøre har ingen toppar over 2k, men de nemnte at fjellet har store dimensjonar, men eg er litt usikker pga. det de nemnte om at det mangla eit par hundre meter på 2k, (og ikkje berre vel hundre meter). Vel, eg føreslår likevel Norges største og mest monumentale fjell, Store Kalkjin, 1880 m.o.h. Eit anna forslag er Kaldfonna, 1849 m.o.h. Begge fjella ligg mellom Litjdalen (mot aust) og Sunndalen (sørsida). Eg er kanskje heilt på jordet, men det får våga seg. No har eg ikkje lært og leggja ut bilete sjølv, men eg noterer ein biletlink her. Spørsmålet er kva heiter fjellet midt i biletet langt der bak? (Eg byrjar med noko lett, sjølv om utgangspunktet kan verka "umogleg". Arnt Flatmo kan nok forklara kvar eg står, kva fjell som er til høgre og venstre, namn på dalføre og siktelinje, og visa i kart óg, trur eg). http://www.stoelsheimen.no/galleri/vaksdal/d/pages/Trolladalen-1.htm Helsing Stuttjukken.
  6. Var det ikkje nokon som ramla ned frå Besseggen for ein del år sidan, og ned fjellsida mot Gjende? Vedkomande overlevde visst. Det er sikkert nokon som veit meir om dette. Helsing Stuttjukken.
  7. Det er berre å ta turen bort her det og sjå dette ufatteleg vakre området mellom Arnafjorden og Finnafjorden, nordaust i Stølsheimen. Her borte vert de så bergteken, at de vert verande der oppe på halvøya. Dette er det fagraste fjellområdet eg veit om, og eg vendar attende der til år om anna. Finaste tida der er i september. Og for Jotunheimen-entusiastane er det berre å sei at det vakraste skuet av Hurrungane (som eg veit om) får de frå Fagerdalsnipi (og fleire toppar mellom Ortnevik og Vik). Helsing Stuttjukken.
  8. Torskanesglyvrao, -Torskanes-glyvrao. Glyvrao (Sognamål) = gluvra = eit hogg, kløft eller sprekke i fjell og berg. (Torskanes = truleg i samanheng med fisken torsk). Torskanesglyvrao er eit hogg djupt og trongt inn i fjellsida nordvest for høgste Fagerdalsnipi (1245 m.o.h.) på halvøya mellom sidefjordane Finnafjorden og Arnafjorden ved sørsida av Sognefjorden, vest i Vik kommune, inn mot Stølsheimen. Sjølv har eg sett ned i dette hogget 2 gonger, og synet av Torskanesglyvrao trollbind deg for alltid, så ta turen der til. Om de har klatra i alle norske stortindar, vil de aldri gløyma dette synet. Staden er heilt spesiell. Elles er området mot stupa mot Finnafjorden det vakraste som kan opplevast i Stølsheimen, innkludert den fagre stølen Vatnane like ved (overnatting, ubetent, 6 senger, ingen T-ar i området). Kanskje skal Eaa og andre her ta turen ut der til Torskanesglyvrao. Sjekk http://home.online.no/~sulvund/Voss_Now/index.htm , gå inn på søkesida (midt på sida til Svein Ulvund), skriv Torskanesgluvra (slik; skriv ordet heilt rett), så ser de bilete frå denne artige kløfta. Helsing Stuttjukken.
  9. Steinen Timaglaset ligg inne på Gråsideplatået, ved den T-merka stien mellom Voss (Hjelle, ved vegen på vestsida mot Bordalen) og Torfinnsheimen. Ruta kan skildrast som følgjer: Voss/Hjelle - Roset (lagshytte og stølen til Dymbe) - Sandfjellet - Pili - over Gråsideplatået (avstikkar nordover til Gråsidetoppen, 1305 m.o.h., med panoramautsyn over Vangsvatnet og Voss innover mot Vossestrand) - Timaglaset - Slåttabakktjørnane - Kuslafjørao - Torfinnsdammen - Torfinnsheimen - Hodnaberg ved Hamlagrøvatnet. Biletet er teke 20. mai, 1999, ein varm og herleg soldag under ein vårskitur åleine. Turen starta frå Hodnaberg med å traska opp bakkane i fjellskogen. Snart kunne ein ta på skiene, og det bar innover den slakke dalen til Torfinnsheimen. Det bar så forbi demningen i Torfinno og opp den store fjellryggen i nord mot Voss. Ei lita reinsimle kom springande lett og fin på ei snøfonn like ved. Det bar innover den seige fjellryggen mot Slåttabakktjørnane og opp til Timaglaset. Deretter bar det rett nordover til toppen på Graosio (som dei seier på Voss), med det fantastiske utsynet. Deretter var det berre å renna nedover Sandfjellet. Det var +20°-30°C i fjellet denne maidagen, så snøen vart så blaut og roten at eg forsvant over 1/2 meter ned i snøen fleire gonger. I skogen ved Roset var mauren i full vigør i ei tue inntil ei bjørk som stod som ein "holme" i snøen med nyutsprunge lauv. Trur de ikkje at greinen i bjørka var fullstendig dekka av maur. Så stanga eg hovudet opp i det der, der resultatet var gjeve. Eg måtte plukka av meg store mengder maur ei god stund etterpå. Dei aulte nedover fjellanorakken (åh, eg klør berre ved tanken). Så bar det nedover frå Roset i rótasnøen der eg forsvann ned i til oppunder armane. Til slutt bar det ned gjennom skogen til beitemarkene på garden på Hjelle der sauene trippa rundt om og togg feitt vårgras. (Drosje attende til bilen på Hodnaberg for 4-500 kr., men det var den fantastiske vårskituren verd). Fann de biletet her på http://www.stoelsheimen.no , finn de fleire bilete óg, på den uferdige heimesida mi. Det er mange slike artige steinar i Stølsheimen og Vossefjella, og eg har teke bilete av mange av dei, kjende og ukjende steinar. Helsing Stuttjukken.
  10. Det er berre å setja opp skilt i starten av stiar og inngangar til nasjonalparkar der det står følgjande: OH SHIT, NOT YOU AGAIN!! Helsing Stuttjukken.
  11. Krangledalen i Masfjordfjelli, Nordhordland. Vatnane, Vatnavatni, Torskanesglyvrao, Mannsbanen, Svinadalsholtadn, Bungadn, Rotteskardet, namn i fjell og li i Vik kommune i Sogn. Helsing Stuttjukken.
  12. Eg tenkjer på Etna på Sicilia, Snilen, men får det ikkje heilt til å stemma med snøen så langt nedover. Ikkje er det Italia sitt høgste fjell, heller. (Lov og prøva seg på elimineringsmetoden, då). Helsing Stuttjukken.
  13. Vel, omkring 1990 lagde dei modellar for dåtidas oppfatning av ekstrem oppvarming på kloden. Nokre modellar føreslo noko om utviklinga mot år 2100. Så viser det seg at me i følgje enkelte modellar frå den gongen allereie er der no i år 2005. Nye modellar for jordoppvarming vert laga til heile tida. Dei siste åra har polisen vore sterkt tilbaketrukke utpå seinsomrane. Denne sommaren har vore den varmaste på Svalbard i moderne tid, heiter det. Og det er vintrane som vert raskast varmare, har det vist seg. I nordområda har januar vorte den varmaste månaden i året mot gamle normalar. Eg reknar med at ein stor del av nedbøren nord for polarsirkelen til vinteren vil koma som regn, like visst på Svalbard og polisen som lenger sør. Samstundes kan det i ein forbigåande periode verta kaldare vintrar i Aust-Europa, med kalde austavindar som fører til at hundrevis og tusenvis frys i hel, både i Aust-Europa og like gjerne vest mot Spania. Snøvêr på Kanariøyane, samstundes med regn på Svalbard, vil verta meir regelen enn unnataket framover. Det er ikkje austavinden gjennom Europa som er kald, men det er vestavinden som følgjer den 60° breiddegrad som berre vert varmare og varmare om vinteren. Difor kan ein på Vestlandet notera det same vêret på både nyttårsaftan og jonsokaftan, t.d. sørleg kuling, regn og +13°C. Det er faktisk størst sjanse for at jonsokaftan vert den kaldaste av dei 2 dagane i framtida. Temperaturen gjennom året jamnar seg ut, og årstidene forsvinn vêrmessig og temperaturmessig. (Og Eaa må dra til Sørpolen-kontinentet for og ta skiene fatt, før isen forsvinn der óg). Det er no mange modellar på kva som kan skje i nordområda, då ting tyder på at Golfstraumen er i ferd med å endra retning. Det er ikkje fullt så enkelt å spå korleis det vil gå med isen i nordområda. Likevel går utviklinga så fort no, aty isen like gjerne kan vera borte før år 2020. Sjølv om det ser utenkeleg ut i dag, så vil det kanskje verta morgondagen likevel. Forsvinn isen på Grønland og på Sørpolkontinentet, stig havet, slik at store folkerike landområde kjem under vatn. Eg trur me går ein spanande møte, både på godt, men dessverre mest på vondt, i åra framover. Utviklinga er så eksplosiv i dag at eg trur me lever lenge nok til at me opplever det meste her. Når det gjeld vinterregnet, kan eg faktisk tenkja meg at oppå Galdhøpiggen er januar den månaden i året då regn-% av all nedbør der oppe er høgast. Dei milde sønnavindane om vinteren er så milde no at lufta får den høgaste temperaturen på dei høgaste toppane i Norge. Ein tur til Galdhøpiggen i t.d. august byr som regel på snøbyger, der snøen forsvinn frå toppen under neste solgløtt. Er regn-% på Galdhøpiggen t.d. 20% i august, kan den vera 30-40% i januar. Morten får ta turen oppå Galdhøpiggen i slutten av januar og sjekka dette, etter ein mildværsperiode. Vert det direkte oppklarning etterpå, er det gjerne skareføre heilt til topps. Ei av dei siste årskifta vart det sagt at det var regn og +5°C på Galdhøpiggen. Det vert nok meir av dette. Så står det att og sjå om det vert slik at der me skulle vore klimamessig i år 2500, kjem me til allereie i år 2050. Ekstreme klimaendringar har skjedd før, som under den vesle istida på 1700-talet, då Jostedalsbreen sende ein arm i stor fart ned i eit dalføre, jamna 8 gardar med jorda/isen og stoppa ved gard nr. 9, derav namnet Nigardsbreen. Helsing Stuttjukken.
  14. Eg trudde Jotunheimen var nasjonalpark. Den er jo det. Det skal jo ikkje koma nyanlegg av stiar i slike område. Når det er snakk om den problematiske raudmalingen, trudde eg at regelverket var greitt. At kun eksisterande stiar skal vedlikehaldast på merking, og ingen nye ruter. Det vanlege ved søknadar om merking av nye ruter i verneområde, er at det vert nei til dette, om ikkje særskilte grunnar talar for nye ruter, som t.d. flytting av stiar for å redusera presset på dyreliv, m.m. Eg har ikkje lagt skjul på mi manglande lokalkjennskap i Jotunheimen, men eg reknar med at mykje av stirutenettet har så tydelege trakk i terrenget i dag, at ein ved å oppretthalda VARDINGEN, kan redusera eller avvikla merkinga på lange strekk med tydeleg sti. Så får ein avgrensa tiltaka på stiane til der det manglar trakk i terrenget, eller til stader der ein risikerer å gå feil. Knutshø har ingen varda og merka sti i dag, og dermed skal det heller ikkje gjerast noko på dette fjellet, etter mi meining. At fjellvandrarar som går over Knutshø set opp vardar på kritiske punkt på eige initiativ er noko heilt anna, og har ingenting med stianlegg over Knutshø og gjera, men der får no grensa gå. På mine vandringar i Stølsheimen, har det hendt at eg har sett opp vardar (utan merking) i t.d. skard utanfor allfarveg, for skulle folk koma på same staden seinare, er det ikkje så dumt med ein varde som viser ein opp- eller ned-gang. Men det har ikkje vorte mange av desse vardane frå meg. Det er heilt vanleg at både jegarar og folk på sauejag, samt grunneigarar gjer slikt, då desse gjerne går ein del utanfor allfarveg. Mange vardar har heilt andre funksjonar, som å markera t.d. grenser i utmark og fjell. Så sant at ein ikkje treff på ein varde som fører ut i ulukka, skal vardane stå. Det er ein grunn til at dei er der.
  15. Som Morten skreiv, bør varding og merking av stiar først og framst vera i nærmiljøet, og i område som allereie er tilrettelagt slik. Ein sti som skal lagast til med varding og merking, bør ha si rot i gamle ferdavegar, eller liknande ruter mellom bygd/veg og hytte, eller mellom hytter. Dette må det uansett ikkje gå inflasjon i. Når det gjeld nyanlegg av stiar i verneområde, så verken bør eller skal det førekoma. I Stølsheimen Landskapsvernområde vert stiane vedlikehaldne, men nye stiar vert ikkje laga til. Unnataket er rydding og forsiktig merking av gamle stølsvegar, som t.d. opp frå Finnabotn i Sogn, men sjølv det er det lite av. Når det gjeld Knutshøe, kan eg aldri tenkja meg at det har vore ein gammal ferdaveg over der, så varding og merking på ein slik stad bør berre gå i gløymeboka snarast råd. Det trengst ikkje fleire "Besseggen-ruter" (for å uttrykkja det slik) omkring Gjende, iallfall. (Huff, eg er så dårleg kjend i austre Jotunheimen at eg sikkert burde skjemst av mindre. Det fekk våga seg at eg måtte slå opp i ei kartbok for å finna Knutshøe, og det fann eg visst mellom Gende og Leirungsdalen. Eg har vore innom Gjende eit par gonger, men utan å gå Besseggen. Knutshøe hadde eg høyrt om, men no tenkte eg å få spikra fast for meg kvar dette er). Vonar at Knutshøe får vera i fred. Helsing Stuttjukken.
  16. Eg har drive med digital scanning av lysbilete det siste året sjølv. Først må ein rett nok ta eit val på om ein skal bruka minst mogleg pengar, eller om ein skal ha ein skikkeleg god filmscannar. Sjølv skaffa eg meg Canon sin, CanoScan FS4000US. Elles veit eg at Nicon har ein tilsvarande. Høyr innom ein dataforretning, og finn ut kva som er på marknaden. For dei beste scannarane er nok 6500 kr. nokre tusen for lite. Rekna med 7-12000 kr. for slike scannarar. No vil det nok ikkje koma noko rivande utvikling på teknologi som handsamar lysbilete digitalt, så sjølv dei beste scannarane er ikkje heilt 100%, dei heller. Eg rådførte meg med ein som har hatt heimeside i årevis, og kjøpte scannar ut frå det med godt resultat. Utover det treng ein eit bilethandsamingsprogram (Photoshop, o.l.), for fjerning av svarte prikkar på lysbileta, farge- og skarpheits-justering, m.m. Heimesida mi er ikkje ferdig endå, men det ligg nokre bilete der. Dette er digitalt scanna lysbilete, men sylskarpe kan dei nok ikkje verta. Resultatet er likevel OK, så det kjem nok ein god del an på fotografen og lysbiletekvaliteten óg. Så skarpe bilete som eit digitalkamera kan leggja inn frå ei minnebrikke opplever ein sjeldan, slik som bileta til mange av brukarane på Fjellforum viser oss. Sjekk innom http://www.stoelsheimen.no . Lukke til, for dette er verd og prøva, men spar til den beste scannaren og kjøp den, sjølv om det kostar ein del tusen kr. Ein får det ein betalar for, og eg er godt fornøgd med scannaren min. Helsing Stuttjukken.
  17. For kort tid sidan vart det meldt om at grunneigaren i Finden/Finnafjorden i Sogn, søkte om at garden hans vart lagt inn i Stølsheimen Landskapsvernområde. Dette er eit bevisst skritt attende, med tanke på å gje jorda si attende til naturen og dyrelivet, på naturen og dyrelivet sine premissar. Eit skritt attende med fokus på og syn for framtida. Helsing Stuttjukken.
  18. Pengar har eg alltid hatt lite av. Skal eg snakka om "millionær-kjensle", er dette noko eg har opplevd på mange fjellturar. Eg er uansett klar over at denne kjensla kan ikkje opplevast att før eg er på ein ny fjelltur. Sist helg var eg på Gavlafjellet, 1244 m.o.h., midt i Stølsheimen, mellom Modalen/Eksingedalen i sør og Arnafjorden vest for Vik i Sogn i nord. All verdas millionar kunne ikkje gjort turen meir vellukka enn den vart. Sol, mildt og fint vêr, små restar av nysnø, flotte haustfargar og endå var det litt grønt óg, og for ikkje å snakka om utsynet: Mot havet, Ulriken i Byfjellene (Bergen), Folgefonni, Hardangerjøkulen, Fresvikbreen, Store Skagastølstind, Fannaråki, Myrdalsbreen (Leikanger), Keipen og Langedalsbreen i Balestrand, Sunnfjord, og utover heile Stølsheimen. Raudberget, Norges største (?) raude fjell, var under 1 mil unna, og Store Skagastølstind var nærare 15 mil unna. Folgefonni var minst 10 mil unna, og Hardangerjøkulen var nestan 10 mil unna. Eg hadde ikkje sett noko meir, om eg hadde vore millionær. Fjellgrunnen hadde ikkje vorte høgare enn 1244 m.o.h. på denne toppen for det. Det er på fjellturane eg finn lukka og rikdommane mine. Helsing Stuttjukken.
  19. Det er ikkje for å oppleva natur at barnefamiliar frå byen reiser til Kvamskogen. Det er for å opphalda seg i ein hytteby, så klart............. Naturen kan visst ryka og reisa for enkelte, ser det ut til. 3000 fleire hytter i eit allereie tungt utbygd område er nok "berre lækkert". Då er det berre å venta på ein ny "Beitostølen", der óg. Elles har Kvamskogen vore hytteområde i mange år, gjennom fleire generasjonar. Den finaste Kvamskogen eg såg var i 1969, den gongen eg var 3 år, og var der for første gong. Det var ein god del hytter den gongen óg, men Kvamskogen var iallfall langt fredelegare. Helsing Stuttjukken.
  20. Det høyrest "dramatisk" ut, når DNT "stenger fjellet", når dei stenger dei betente hyttene. For urovekkjande mange oppfattar områda rundt dei betente fjellheimen, som heile den norske fjellheimen. Så når dei betente hyttene er stengt, trur mange at dei ikkje kan gå til fjells, eller kanskje endåtil trur at dei ikkje har lov til å gå til fjells. Tullar eg? Eg er redd for at eg ikkje gjer det, for dette er ein myte som dessverre har slått rot hjå ein god del folk. Nei, heldigvis stengjer ikkje fjellet nokosinne. Mange oppfattar til og med at det ikkje er lov til å gå i skog og fjell under jakta, men det er óg ei misoppfatning. Sjølv var eg på tur i høgda i går, der det var bitte litt nysnø høgast oppe, (over 1200 m.o.h. midt i Stølsheimen, med utsyn mot stolte Store Skagastølstind og Fannaråki milevis unna). Fjellet er alltid ope, sjølv om dei betente hyttene er stengde. Mange sjølvbetente og ubetente hytter er opne heile året, samt sjølvbeteningskvartéra på nokre av dei betente hyttene. I Stølsheimen er alle hyttene opne heile året. Fjellstyre og skogstyre har óg eindel tilgjengelege hytter og koier heile året. Nei, alt fjell i Norge er ope, både på stiar og utanfor allfarveg, toppar og dalar, brear og fjellveggar, og det heile året. Så får det våga seg at betente hytter er stengd om vinteren med unnatak av jule-, vinterferie- og påskeferie-sesongar. God tur til fjells heile året. Helsing Stuttjukken.
  21. Eg synest faktisk ikkje at det er berre å køyra på med byggjing, verken på "gamle" eller nye turist- og hytte-sentre i tilknyting til fjellheimen. Er det ikkje nettopp i fjellområda i ein altfor stor utstrekning frå desse hyttesentra at det gror opp den eine hytta etter den andre i før hyttetomme fjellstrøk. Det er jo det som skjer i fjella i vid omkrins frå Myrkdalen. Stølsheimen Landskapsvernområde hindrar hyttebygging innanfor grensene der, men det kjem altså ein og annan hytte opp innover i hyttetomme område i fjellet, ei utvikling eg trur vil auka på med hyttebyggjinga i Myrkdalen. Resultatet vil iallfall ikkje verta at hyttebyggjinga utanfor allfarveg vil minka i fjella der inne. Det kjem til å auka utan tvil, ein auke som hadde vore mindre utan det nye hytteområdet. Eg er ikkje redd for sei at eg syntest at hyttefeltet kunne vera ei god ting for Myrkdalen, ut frå eit distriktshensyn. Det var noko eg syntest før, og ikkje no, når eg ser kva dette har utvikla seg til og forstår kva det vil verta i framtida. Myrkdalen si eigenart er i ferd med å forsvinna, i all fall slik eg opplever det. Den skala av hyttebyggjing dei prøver til på Tveite nedst i Myrkdalen er stor nok, mot det monstrumet som er kome og som det vil koma meir av. At eg kunne surra rundt mellom brøyteskavlane nedanfor hyttefeltet med ein buss! full i skuleelevar i vinter, skulle berre stå som ein illustrasjon på dimensjonane der inne. Før var dette skog, beite og slåttemark, utan at området var mindre verdifullt av den grunn. (La meg berre vera nostalgisk, for eg tåler det). Så la oss førestilla at Myrkdalen er fullenda utbygd (eg overdriv, men det står att og sjå om eg verkeleg overdreiv så mykje likevel), og la oss sei at her er 1500 hytter eller fleire, komplett skianlegg, kanskje på begge sider av Myrkdalen, 4-5 høgfjellshotell o.l. i tillegg til Vossestrand Hotell og Helgatun, eit stort varehus, eit stort kjøpesenter med 55 butikkar, 2 bensinstasjonar, 7-8 restaurantar og kaféar, samt mange andre tettstadfunksjonar, og eit stort bustadfelt i bygda for å betena serviceverksemdene her. Fleire arbeidsplassar er alltid positivt, men det går ut over fjellet og naturen. Landskapsvernområdet kan risikera og slå sprekkar på sikt, og ein risikerer hytter, nye vegar og skuterløyper kvar som helst. Pumpa i maskineriet ligg i første omgong på Voss, og verkar drivande i seg sjølv. Framtida vil visa korleis dette endar, og eg vonar at eg tek grundig feil på mine verste forventingar. Kanskje vil det verste vera at etter at alt er komplett utbygd, sit eg ned og nyt ein fin restaurantmiddag oppe i Myrkdalen, og synest alt er så fabelaktig flott og komfortabelt, utan tanke på naturen som var her inne. Når alt kjem til alt er det eg, forbrukaren, som er naturen sin verste fiende. Eg grøssar berre ved tanken................ Ei av passasjerane på bussen mellom Arna og Bergen har hytte i Myrkdalen, noko ho har hatt i mange år, frå den tida då det var få hytter der og idéen om store ting i Myrkdalen låg i skuffen. Ho er fortvila over utviklinga og utbyggjinga der, og seier at "No må dei forsyne meg gje seg". Den gamle Myrkdalen vendar aldri attende. Helsing Stuttjukken.
  22. Det er berre å konstatera at naturen går sin gong. Kom med fleire rapportar frå Åkernesrevnene i tida framover. Helsing Stuttjukken.
  23. Nordland på langs kan tolkast på fleire måtar, då Nordland er eit geografisk spesielt fylke. Eg reknar sjølvsagt med at de meiner frå Nord-Trøndelag grense til Troms grense, og då langs Kjølen (Svenskegrensa). Eg trur likevel at det går an å tenkja seg fleire variantar av kva Nordland på lang betyr. Kjiver nemnte noko om å leggja delar av turruta nærare kysten (Lomsdalen - Visten). Brukar ein telt på dei aude strekkjene, kan ein proviantera undervegs i bygdene ein passerer. Då vil eg føreslå å tenkja litt i desse banene under turplanleggjinga som eg skisserer her, men det resulterer gjerne i ein del trasking på veg. Eg går ikkje god for framkomelegheite etter ruta som er notert under, så dette må i såfall undersøkjast under planleggjinga og korrigeraat for før turen startar. Turen tek nok dobbelt så lang tid som ein tur langs Kjølen/Svenskegrensa, men er nok mykje meir innhaldsrik, og dessverre meir kostbar. Start gjerne frå Foldereid i Nord-Trøndelag. Trekk innover i fjellet frå Terråk i Bindal med øydemark mot Tosbotn. Vidare står Lomsdalen, Vistfjellan og Sørvassdalen for tur mot Hundåla, med ferje til Dagsvik i Leirfjord (eller Mosjøen/Vefsn). Så er det vegvandring til Levang og ferje til Nesna, vandring over Sjonfjellet til Utskarpen og vidare mot Melfjellet (eller Mo i Rana) til Svartisen. Svartisen kan ein passera i hogget (dalkløfta) mellom Vestisen og Austisen (den 2-delte Svartisen). Passér Beiarn og trekk ut mot Kjellingbrua over munningen av Beiarn-fjorden (Gildeskål). Hald fram mot Saltstraumen, Tverrlandet og Bodø. Så følgjer me fjella ute i havet. Ta ferja frå Bodø og over Vestfjorden, Norges lengste innanlands ferjestrekning. Start med Røst og stopp over der minst 1 dag. Hald fram med ferja mot Værøy og ver der óg minst 1 dag. Så står Lofoten for tur med sine fantastiske tindelandskap, med ferja til Moskenes. Moskenesøya ligg der med Å, Sørvågen, Hermanstinden og Reine. Flakstadøya byr på Nusfjord, Smeden i Sund, Glasshytta i Vikten og flotte tindar. Vestvågøya og Austvågøya (Svolvær) har mykje tindelandskap å by på. Vidare mot Vesterålen bør ein få med seg Trollfjorden, Raftsundet, Øksfjorden og Møysalen, dei 2 sistnemnde på Hinnøya, Norges største øy. Møysalen er norges nest høgaste fjell på ei øy, og er verd turen i aller høgste grad. Mi største toppoppleving her til lands har eg hatt på Møysalen (1992). Trekk så over på Langøya. Ein tur langs ein del av tinderekkja mellom Stokmarknes og Sortland må opplevast, med t.d. tindepyramiden Skata, (der eg var i 1990). Verken Skata eller Møysalen krev klatreutstyr. Elles er det mykje å sjå i Bø og i Øksnes i Vesterålen, som t.d. øya Tinden, og fjellet Reka. Rusla vidare nordover nordvest-delen av Hinnøya og over brua til Andøya. Trekk over på yttersida og gå via Nøss, Nordmela, Stave og langs klippestranda til Bleik. Så er turen kort derifrå til Andenes, nordspissen av Nordland fylke. Vær klar over at Andenes er lenger nord enn Kautokeino, og nestan like langt nord som Karasjok, og følgjeleg berre litt lenger sør enn Tromsø, men ikkje mykje. Då er de mykje lenger nord enn Gratangseidet nord for Bjerkvik/Narvik, der E 6 kryssar grensa til Troms. Elles når Troms lengst sør innanfor Kvæfjorden/Gullesfjorden på Hinnøya, ikkje langt frå Møysalen. Ta så ferja (sommarferje) over Andfjorden til Gryllefjord på Senja og trekk innover mot Finnsnes, eller trekk nordover mot nord på Senja (anten Botnhamn eller Lysnes), og ta ferja (sommarferje) til Kvaløya. Så er det kun nokre mil att til Tromsø. Ein kan óg trekkja innover frå Sortland og finna ei rute over Hinnøya mot Harstad eller Tjeldsundet, og trekkja gjennom Skånland/Evenes til Ofoten og Narvik. Helsing Stuttjukken.
  24. Ein paralell til dette føregår ved Voss-Vik-vegen. I Myrkdalen innanfor Voss, like før Vikjafjellet, har dei i fleire år bygd opp Myrkdalen Fjellandsby, med stadig større hyttefelt på Bystølen (like ved Helgatun). Dei første skitrekka er ferdigstilte, og det er søknadar inne om og kamp for fleire trekk til eit stykke oppover mot Finnbufjellet, 1358 m.o.h., sørvest for Vikjafjellet. Sjølv anar eg konturane av eit nytt "Beitostølen" eller "Hemsedal" her inne, med hotell og kjøpesenter, m.m. på sikt. Utover dette vert det hyttefelt på Tveite ved Myrkdalsvatnet, og hyttefeltet i Bavallen like ved Vossevangen er kraftig utvida. Med ca. 1/2 times køyring frå Voss er alt dette i ein samanheng. Så langt har Fylkesmannen i Hordaland sagt nei til dei utvida planane i skianlegget i Myrkdalen, med grunngjeving i reinstamma i området, i austkanten av Stølsheimen. Det er berre det at området ved Vikjafjellet er administrert av 2 fylker. Grensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane går på høgdi sør for Skjellingavatnet, der vegen er oppe i 986 m.o.h. (Køyrde buss i rute der sist vinter, Voss - Vik - Vangsnes ferjekai). Like nord for grensa på Sogne-sida har fylkesmannen tillete hyttebyggjing på haugane ved vegen mellom fylkesgrensa og Skjellingavatnet, rett nok eit lite område. No er det slik her at grensa for Stølsheimen Landskapsvernområde når i praksis heilt inn til grøftene ved Vikjafjellsvegen her inne. Reinflokken som er omtala i Finnbufjellet er den same som går her inne, nokre km. lenger nord. Reinen kryssar stundom Vikjafjellsvegen. Hyttefeltet på Sogne-sida vert stadig meir skremande, sjølv om det så langt ikkje er det store talet førebels. Terrengtilpassing må vera eitt framandord her oppe, der heller større hytter vert plassert høgast oppå fleire av haugane, og er synlege på lang avstand. I det gamle hyttefeltet ved Skjellingen er hyttene betre terrengtilpassa i det minste. Denne hyttebyggjinga har visstnok Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjeve løyve til. (Synd at Anne Rudsengen som har skrive boka "Opptur" har slutta hjå Fylkesmannen der, for då hadde det vorte teke meir hensyn til fjellet der, når spørsmålet om fleire hytter kom opp. Det var nokre få hytter der frå før, men nokre av dei nye hyttene kom høgast oppå haugane, då. Det gjer det ikkje akkurat lettare for Fylkesmannen i Hordaland si handtering av sakene i Myrkdalen, dette. Ein ting er sikkert, og det er at her er ikkje siste ord sagt i desse sakene. Og Myrkdalen er ikkje den same for meg lenger, som turområde. Synd, men sant. Like fullt har eg fleire turplanar der, men det for det meste på austsida av Myrkdalen. Vestsida er eg langt på veg "ferdig" med. Helsing Stuttjukken.
  25. Ruta eg skreiv lenger oppe (Ila - Geitfjellet - (forbi) Gråskallen - Elgsethytta - Bosbergheia - Storheia - Rønningen - Saupstad (Heimdal)) er ingen ambisiøs tur. Det var ein heildagstur på ski, ja, men det rekk ein greitt ein godvêrsdag tidleg i mars. Eg var i mykje betre form den tida, så det gjekk fint det. Vel framme på Saupstad i kveldinga, hadde eg nestan ei mil att og gå til fots etter vegane under veglysa, den gongen eg budde ved kornåkrane nordaust for Melhus. (Turen starta frå Ila tidleg på føremiddagen). Helsing Stuttjukken.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.