Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Stuttjukken

  1. Blåsjø er eit synleg resultat av den kolossale utbyggjinga i Ryfylke- og Setesdals-heiane, og høyrer til Ulla-Førre-utbyggjinga inn frå Jøsenfjorden. Andre kustige innsjøar i området er Svartevatnet/Auråvatnet, Roskreppfjorden, Kvinen/Kvifjorden og Urevatn, samt ein bråte med mellomstore og mindre vatn. Dette fjellområdet er truleg Norges tyngst kraftutbygde område. Når folk har sett her kor store dei tekniske og synlege inngrepa kan verta, er det ikkje rart at motstanden mot vasskraftutbyggjing har auka i Norge. I Ryfylkeheiane finn ein området med det velklingande namnet Njardarheim. For å sei det slik, er det lite att i området som ikkje er utbygd her. Med eit fullt Blåsjø skal det ikkje mykje fantasi til å vera klar over at her er det mange dyretrakk og trekkruter som er avskorne og stengde. At dette har skapt hindringar for t.d. reinen er det ingen tvil om. Kun med ei bru på landtangane inn i Blåsjø, kan ein passera "gjennom" vatnet. I vår tid hadde ein kraftutbyggjar vore i stand til å laga til så store magasin, at dei med mange ekstrademningar kunne slått saman Kvennadalen, Mårdalen og Lågendalen (frå Nummedal) saman til eit gigantmagasin, slik at Hrdangervidda sør og aust på det næraste hadde vorte sett under vatn. (Og kva kunne dei ikkje fått til i Finnmark/Nord-Finnland).

    Stavanger Turistforening (DNT) har mange hytter i Ryfylkeheiane, men det må kjennast litt rart å vandra gjennom området og vita at ein er undervegs forbi eit kolossalt magasin, og brukar 1-4 dagar (alt etter tempo og overnattingar) på å passera innsjøen. Eg har aldri sett Blåsjø, men eg har vore i Ulladalen mellom Jøsenfjorden og Suldal, ein stille og fredeleg dal med gardar og tun i ein nærast gløymt og svært gammal ryfylke-stil. Dette var i mai i fjor, og det var framleis snø i fjellet og stengde anleggsvegar. Stilla i Ulladalen, med dei kolossale Førre-demningane lenger inne hadde eit vemodig slør over seg under skodde og yr. (Anleggsvegen til demningane og Blåsjø går ikkje innover frå gardane i Ulladalen, men startar frå Gullingen, litt nærare Suldal, (men alt her ligg i Suldal kommune). Likevel vil eg tilrå ein avstikkar inn til dei gamle tuna i Ulladalen, for de som køyrer gjennom indre Ryfylke, eller er på tur til eller frå fjellet. Det var ei spesiell oppleving denne dalen.

    Helsing Stuttjukken.

  2. Er det ingen som har tenkt på siktelinjene frå nord-norske stor-fjell? Vel, Gaustatoppen og Høgevarde er det ikkje noko poeng i å slå, men kanskje er det nokon som har noko å fortelja frå dei nord-norske herlegdommane. Møysalen sørvest på Hinnøya (innanfor Vesterålen) har eit kjempeutsyn, med sine "beskjedne" 1262 m.o.h., men toppen er norges nest høgaste fjell på ei øy. Møysalen byr på utsyn over heile Lofoten og Vesterålen, Sør-Troms, Senja, mykje av Ofoten, innover i Norrbotten i Sverige (t.d. Kebnekaise), og sørover Nordlands-kysten forbi Bodø mot Nord-Helgeland (t.d. Svartisen).

    Som ein kuriositet har me den sokalla 96-høgda i Pasvik i Sør-Varanger (Aust-Finnmark), der riksvegen passerer ein ås med eit grensevakttårn, 96 m.o.h. Eg veit ikkje kor langt eg såg, men det var garantert ganske mange mil, innover 3 land (Norge, Finnland, Russland), med dei røykspyande fabrikkpipene i Nikel rett over Pasvik-elva. Dette er det vidaste utsynet eg har opplevd frå lågare enn 100 m.o.h., utan å vera på kysten med "hjelp" frå havet. Mange av oss i vest synest at sentrale Austlandet er "flatt", men traktene ved Pasvikelva er småkuppert, men det verkar flatare enn Austfold i tydinga mindre høgdeskilnadar, faktisk nestan som Danmark.

    Helsing Stuttjukken.

  3. Har de nokre dagar til rådigheit, kan de ta toget til Voss (Bergensbanen). Ei turrute startar heilt nede frå Voss Stasjon via Mølstertunet (Voss Folkemuseum), og sti oppover fjellsida. Går gondolbana, kan de ta den opp til Hanguren, for så å halda fram på nemnte sti frå fjellsida nedanfor. Dermed er det berre å rusla på merka sti eller rusla over Lønahorgi, 1412 m.o.h. (godt utsyn, sjølv mot Jotunheimen), og ta inn på Tvinnestølen eller Volahytta. Då er turen i gong, og det er berre å rusla nordover og vestover gjennom Stølsheimen alt etter kor lang tid de har. Turen kan enda i Eksingedalen, Vikjafjellet, Arnafjorden, Ortnevik, Modalen, Romarheimsdalen eller ulike stader i Masfjorden, (buss eller båt til Bergen, alt etter kvar turen endar, og frå Sogn kjem ein seg innover til Sogndal. Frå Voss kan de óg ta bussen oppå Vikjafjellet (2 ruter dagleg, reis med føremiddagsruta), og gå derifrå.

    På sørsida av Voss er det ei anna rute, nemleg ruta over storslagne Gråsida til Torfinnsheimen (via den spektakulære steinen Timaglaset). Så kan ein vandra vidare til Hamlagrø (Hodnaberg) dagen etter og trekkja over fjellet nord for Hamlagrøvatnet (rute vel ein sjølv) og gå ned att til Bolstadøyri eller Evanger (der lokaltoga stoppar). Det er óg mogleg å ta seg ned frå vestenden av Hamlagrøvatnet og gå ned til Øystese i Hardanger, eller til veglause og praktfulle Botnen i Fyksesundet i Hardanger (avhengig av båtsamband, går om sommaren).

    Tek de toget vidare til Dale mellom Voss og Bergen, er det mogleg å gå til Høgabu, for så å rusla ned til Vaksdal dagen etter, også ved jernbanen. Ver førebudd på å kombinera fjerntog og lokaltog.

    Får de til å nå lokaltoget mellom Voss og Myrdal, gjennom Raundalen, er det fleire moglegheiter. Stoppet Ljosanbotn rett ovanfor Mjølfjell og stoppet Upsete byr på stiar til Grindaflethytta. Då kan de gå til Fyrde/Stalheim, Undredal eller Flåm dagen etter. Praktfullt område der utover Undredalshalvøya, ikkje minst er utsynet på nordsida av Skammadalshøgdi (retning Undredal) spektakulær. Elles er skjerpisdalen i retning Stalheim ein naturperle, samt strekninga Jordalskavlen (lita brefonn) og nedover Ljosdalen til kanten med utsyn rett ned på Flåm. Om sommaren kan ein óg gå til høgdagarden stigen eller ned Frondalen, men då må ein allereie ha avtala båtskyss på Aurlandsfjorden.

    Hugs at det ikkje berre er toget som kan ta deg til fjells på ein effektiv måte. Det er óg noko som heiter Norway Bussekspress, med mange ruter mot fjellområda. Her er det berre å nemna Haukeli-ekspressen, E 16-ekspressen (helg), Sogn og Fjordane-ekspressen, Nordfjord-ekspressen, Valdres-ekspressen (med vidare samband mot Lærdal, Sogndal og Årdal), fjellbussen til Gjende, og mange fleire ruter frå Oslo. Hugs óg kryssande ekspressruter mellom Bergen - Ålesund - Trondheim, når de har eindel dagar til rådigheit. Sognebussen (overgang til/frå buss over Sognefjellet om sommaren), Fjordekspressen, Vestlandsbussen, Trondheimsbussen og det som før var Mørelinje-ruter kan då vera aktuelle. Så går det ei rute over Setesdalsheiane, og frå Oslo har de den kortare ekspressruta til Rjukan i Telemark.

    Jau, det er råd å koma seg til fjells med tog og buss.

    Helsing Stuttjukken.

  4. 20 av 32?? Det fekk visst eg óg. Dette er skummelt. Huff!! Sjølv har eg faktisk vore oppå DUSTETIND i Hordaland. Rettskrive er namnet Dystingen, men enkelte kart opererer med Dustingen, hehe, (passar på meg). Dystingen, 999 m.o.h., ligg aust-nordaust for Dale i Vaksdal, og er lett å ta turen opp til frå Fosse, nedste gard i Bergsdalen, rett ovanfor Storefossen, 4-5 km. opp frå Dale. Bergsdalsvegen er bratt opp frå Dale, og stig frå 80 til 410 m.o.h. på kun 4 km. Smal, svingete, bratt og ekstremt luftig veg, som har skremt mang ein austlending. (Sjølv køyrde eg buss der dagleg ein sommar + nokre dagar på snø og is, som postrute, og i bussen må ein tåla det synet som møter ein når ein må stikka fronten på bussen over støypekanten for å koma rundt svingane, og det er over 100 meter fritt fall under, og vintersdagen er det snø og is i vegen. Kanskje det er slik dei har det, klatrarane i Trollveggen og andre stader).

    Helsing Stuttjukken.

  5. Hesten er brukt som fjelltoppnamn fleire stader i vest, som t.d. Lihesten nord for utløpet av Sognefjorden, og Hesten i Bremanger (mellom Florø og Måløy), og Kvamshestane mellom Dalsfjorden og Førdefjorden i Sunnfjord, Romhesten på austsida av Fjærlandsfjorden, Hest mellom Balestrand og Høyanger, Hestfjellet i Arnafjorden vest for Vik i Sogn og Gotopphesten ved Jostefonni.

    Rundsennknipa deler ein inn slik: Rundsenn-knipa, slik at Knipa er eit ord for topp.

    Hovden, jfr. Skjerjavass-hovden, 1264 m.o.h., det høgaste fjellet i Vaksdal kommune i Hordaland, ligg inne i Stølsheimen.

    Taket, 1211 m.o.h., vest for Modalen nord i Hordaland. Elles er det ein topp med namnet Taket i området Vadheim/Gaular mellom Lavik og Førde i sogn og Fjordane. (Agnar kjenner sikkert til det).

    Keipen innanfor Esefjorden i Balestrand, og eit anna Keipen nært Svelgen i Bremanger.

    (Kjem eg på fleire, noterer eg det sidan).

    Helsing Stuttjukken.

  6. Eaa har rett denne gongen óg, så Gråsida er eit flott turtips til han. Det er lett å finna vegen frå Straume (130 m.o.h.) og opp til Gråsida, (og vidare innover til Vardadalsbu. Ski- og snø-glad som han er kan han koma midt på våren, når det er mogleg å gå til fots opp lia, og bera med seg skiene. Turen nordover fjellryggen på vestsida av Steinslandsvatnet er eit morosamt og leikent skiterreng, sjølv om "dørstokken" (den lange lia) er høg. Så kan han rusla over Sæterfjellet, 1191 m.o.h., og ta ein pause på Taket (Stølsheimens Tak), 1211 m.o.h., der han ser Skagastølstindane og Fannaråki bada i djupt rosa kveldssol (mai), før nedrenna mot Vardadalsbu, der sola går ned i havet undervegs.

    Eg har nok ingen aning om kvar Eaa har det fine vinterbiletet i frå, men austpå er det mange vidde med enkeltståande fjell som reiser seg opp. Det får berre våga seg om det er staurande feil, men no synest eg at eg "skuldar" Eaa å prøva meg på bileta hans, for eg har eit vaklande forslag, basert på diverse fjellparti eg har sett på avstand frå diverse fjellvegar austpå. Det er garantert feil, men forslaget mitt er Spåtind.

    Helsing Stuttjukken, trøytt etter rusleturen over fjellet mellom Bergsdalen (Berge), via Bergsskardet og Bolstadsstølen til Bolstadøyri. (Tenkjer Eaa finn denne ruta på kartet óg, eg).

  7. Eaa sine kvite flekkar på Vestlandskartet vert nok mindre etter kvart. Me her vest klarar nok å ordna det. Eaa nemnte fjell som Flærne, Flaug og Hest, nokre småtoppar borte i Kvamsøy-soknet vest i Balestrand. Elles er det mange storheitar lenger inne i Balestrand-fjelli, som Munkeggi, Vindreken, Bjørnabreen, Langedalsbreen, Keipen og Tjugatoten, bl.a. Det flotte skuet frå kaien i Balestrand og innover Esefjorden mot fjella rundt, hugsar nok dei fleste som har vore der, og sjølv budde eg der i 3 år for lenge sidan.

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/modalen/b/pages/straume-1.htm

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/modalen/b/pages/rusti-2.htm

    Kva heiter dette store fjellet, og kor høgt er det (2 ulike høgder, 1 fram mot dalen som bileta viser, og ein på eit høgare berg med varde lenger innpå)? Trykk på linkane. (Som de ser er det flott vårskiturterreng, når snøen er borte i lia nedanfor, slik at skiene kan berast opp. Hadde ein fin 3-dagar skitur over til Ortnevik i Sogn innover der i mai 1998).

    Eg minner elles om at Eaa har eit bilete lenger oppe på sida. Få med dykk det óg.

    Helsing Stuttjukken.

  8. Flott at Eaa prøver seg vestafjells óg. Jaudå, det er Myrdalsbreen, (og nokon kallar den for Voggebreen óg, men der er eg usikker på om det eigentleg er den same breen som er omtala, og sidan breen er nærast 2-delt, der biletet viser den sørvende delen, og den austvende delen er skjult og er litt nord for det ein ser på biletet). Myrdalsbreen er synleg frå store delar av Stølsheimen, men det er nok dei færraste som er klar over kva for ein bre dette er, og somme forvekslar den med Jostedalsbreen. Myrdalsbreen ligg sør på fjellryggen mellom Fjærlandsfjorden i vest og Sogndals-dalen i aust, eit stykke nord for Leikanger. (Opp med kartet, fjellfolk, så veit de kva Myrdalsbreen er for noko). Sjølv har eg sett Myrdalsbreen fleire gonger denne sommaren på nokre av turane, både frå Vangsnesmarki i Sogn (er nære, då), og frå Gavlafjellet (1244 m.o.h.) mellom Modalen og Eksingedalen. Vegstrekninga og grendene (dei kvite prikkane) er på strekninga Hella ferjekai - Leikanger (- Hermansverk - Sogndal, rv.55, same vegen som går over Sognefjellet). Høgdagarden lengst til venstre heiter noko så atypisk vestlandsk som Rud (vanleg austlandsnamn). Elles ser de nokre hus på Eitorngjerdet, og nokre hus på Supphamar lenger til høgre. Kvinnfossen skulle ha skine opp midt i biletet, men var nestan turr den gongen.

    Vel, vel, Stuttjukken på strak arm, det må vera når eg strekkjer armane opp i vêret og gjespar trøytt, det. Biletet til Pelle er det mogleg at eg bommar på, men eg skriv det eg trur det kan vera. Eg har ikkje vore inn akkurat det dalføret, men har vore gått ein ferdaveg gjennom eitt av dalføra ved sidan av. Eg trur Pelle har vore ein tur i Storedalen, ca. 2 km. innover frå Engi i Fresvik (aust i Vik kommune i Sogn), medan eg sjølv har gått gjennom Tundalen på tur til Fresvik-Jordalen. Stemmer dette er fossane Huldafossen, med Huldabotnen ovanfor. Til venstre er Syringane og Syringefjellet, 1543 m.o.h. Til høgre er Storøynefjellet, 1497 og 1354 m.o.h. Opp mot skodda bak høgre kant opp frå fjellet til venstre er den artige "tinden" med namnet Huldakyrkja, over 1400 m.o.h., eit velkjend turmål for brevandrarane på denne breen, (som eg kun har gått forbi åleine, då eg ikkje går inn på denne breen før eg er med eit taulag). Oppe i skodda kan ein såvidt skimta nedste kanten av brefallet i Fresvikbreen, eigentleg ein liten bre, men har alt som følgjer med ein bre likevel. Før eller seinare har eg tenkt å ta turen inn i Storedalen sjølv, og kanskje ta turen opp i Helgedalen óg. Huldabotnen vil eg ikkje prøva på åleine, då det medfører eindel klyving, og eg har høyrt om nokre boltar i berget ved Huldafossen. Hadde Pelle vore heldigare med vêret, hadde Huldakyrkja vist seg frå si mest ruvande og dramatiske side, eit fotomotiv som står på ynskjelista mi.

    Elles er det å nemna at på fleire av dei høge og kolossale fjellryggene som trekkjer inn i Fresvikbreen, byr på fleire store, lange og gamle murar av nokre fangstgjerde frå det gamle jaktsamfunnet sine dagar. Sjølv har eg vore til den lettast tilgjengelege av dei, nemleg på Handadalseggi, 1431 m.o.h., sør for Fresvikbreen, ferdavegen og Langafjellet, og meir ut mot Dyrdal ved Nærøyfjorden. Dette er eit fantastisk og spektakulært fjellområde, som så altfor få har opplevd, eller kome på å besøkja. Eaa og de andre får ta seg ein tur, og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at han aldri vil attende til Austlandet etterpå. Her vert fjellfolk flest så absolutt bergtatt.

    Helsing Stuttjukken.

  9. Det er nok ikkje Fresvikbreen, men Fresvikbreen er óg synleg frå Fagerdalsnipi, slik som dette:

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/b/pages/fagerdalsnipi-6.htm

    Fagerdalsnipi er ein flott fjelltopp å besøkja, med vide utsyn, og kort veg til dramatiske utsyn mot Finnafjorden. Fagerdalsnipi er den stolte og store Dama i Stølsheimen. Skulle eit fjell i Stølsheimen fortena å kallast Dame, må det vera denne toppen med den vide stakken sin, 1245 m.o.h. Toppen er lett å nå frå stølen og turlagshytta på Vatnane, (Vatnane er min favorittstad i Stølsheimen).

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/b/pages/fagerdalsnipi-1.htm

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/b/pages/vatnane-2.htm

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/a/pages/finnafjorden-2.htm

    Hald fram med å finna ut kva bre dette er.

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/b/pages/fagerdalsnipi-8.htm

    Helsing Stuttjukken.

  10. Kunne ikkje sjå uløyste bilete no.

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/b/pages/fagerdalsnipi-8.htm

    Trykk på linken for å sjå biletet.

    Kva heiter denne breen som de ser på biletet? (Breen er delvis omtala med 2 ulike namn, så det vert rett svar ved å skriva det eine av namna).

    Lokalkjende veit kanskje kva høgdagarden i venstre del av biletet, eit stykke oppe i lia, heiter óg, samt kva vegstrekning de ser forbi husa ved fjorden.

    Til slutt er spørsmålet nemleg kor i all verda Fagerdalsnipi, der eg tek biletet frå ligg hen.

    Helsing Stuttjukken.

  11. Skjønne milde mai, ja. Det er i mai at snødjupna er på det største på dei våtaste og snørikaste områda nordvest i Stølsheimen. I juni 1994 var det eit fjellparti like ved der eg er ifrå (Gråsida si nordaustside i Modalen) der snødjupna var opp mot 20 meter snø frå same vinteren, og eg tullar ikkje. 20 meter tilsvarar at 6-7-etasjes bygningar i Bygdøy Allé i Oslo er nedsnødd heilt opptil taket, der knapt nok antennene øvst på taket stikk opp av snøen. Det er elles å nemna at det tok 3 somrar for å tina bort dei 20 metrane med snø.

    Nysnøen på toppane i Stølsheimen som kom før helga er no tint bort, iallfall på solsida under 1200 m.o.h.

    Helsing Stuttjukken.

  12. Middagsfjell, og me har Daurmålsfjell, Nonnipi, m.fl. Desse namna har nok ikkje så mykje med maten i seg sjølv og gjera. Slike namn fortalde kva tid på dagen det var. Frå garden visste folk kva tid på dagen det var når sola stod over det og det fjellet. Når sola stod over Daurmålsfjellet, var det tid for daurmål (måltid), og stod sola over Middagsfjellet var det middag (i eldre tid alltid kl. 12), og stod sola over Nonnipi, var det tid for nons (måltid). Elles er namnet Biskanolten eit liknande namn ut frå tida på dagen.

    Det er faktisk namn som går på tida på året, merkedagar, m.m. På Steinsland i Modalen er det eit skar som heiter Greggusskardet. Namnet er lettare omskrive frå Gregorsmesse, som er 12. mars ifølgje Primstaven. Den 12. mars nådde solnedgongen inn i Gregguskardet, sett frå tunet på Steinsland i Modalen (omtrent lengst nord i Hordaland).

    Helsing Stuttjukken.

  13. Visst er det Lifjellet og Lihesten (Hyllestad), Agnar. (Og til venstre i skodda er Krakhellenipa i Solund, notert for å avslutta dette biletet). Lihesten har mange artige framtoningar, alt etter kvar de står hen. Vil de oppleva dette utsynet, følgjer de stien frå Ortnevik mot Norddalshytta, og ruslar oppover Brydalen til høgda på Brydalsstrupen. Så er det ein kort avstikkar mot vest til toppen av Brydalsfjellet. Ingen imponerande høgde med sine 1109 m.o.h., men utsynet overraskar, slik at ein skulle tru at ein var 200 meter høgare.

    Elles har eg eit turtips for seinhausten og førjulsvinteren. Ta beina fatt og gå på frosten frå Ortnevik og opp til stølen i Brydalen, ca. 580 m.o.h. Her kan de overnatta på stølen, fyra i omnen, koka maten og overnatta, for ein rimeleg penge. Stølen er privat, men eit sel er ope for fjellvandrarane. Den gongen eg rusla opp i Brydalen i slutten av november for nokre år sidan, gløymer eg aldri. Det bar oppover på frosten i skumringa om ettermiddagen, då himmelen var fyllt med fagre rosa, blå og lilla tonar. Så var det å kosa seg i det varme selet, og sjå ned på dei få lysa nede i Ortnevik, heilt åleine i svarte novemberkvelden. Morgonen var flott med sitt fargespel, og det var berre å rusla ned att til Sognefjorden. Og det var akkurat 4 veker til jul.

    Helsing Stuttjukken.

  14. Biletet er teke FRÅ Brydalsfjellet som det står i linken. Spørsmålet var kva det markerte fjellet de ser på biletet heiter, gjerne med meir enn eitt namn, då det er fleire lokale toppar i denne mystiske fjellverda på biletet. I tillegg nemnte eg at kanskje nokon kunne tenkja seg kva fjell som har toppen inne i skodda nærare venstre biletkant. Eg veit at det er fleire på Fjellforum som kjenner til det markerte fjellet på biletet, og Arnt Flatmo har vore der óg, trur eg.

    Linken er notert på nytt her, så ein ikkje treng leita tilbake etter den.

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/hoyanger/b/pages/Brydalsfjellet-2.htm

    Det er nok fleire stader som heiter Brydalen, ja, men namnet er nok ikkje så veldig vanleg, då. Eg veit om den Brydalen i Hedmark, mellom Elvål i Rendalen/Unset og Tynset, men då eg var på dei kantar køyrde eg Tylldalen (og såg på Jutulhogget). Det er mykje flott fjellandskap i det området.

    Helsing Stuttjukken.

  15. Er det eigentleg så rart at fønvinden fekk fart på varmen på kysten óg, og ikkje berre i indre og bakkroka strok. I år kan ikkje havet kjøla ned fønvinden i same grad som vanleg om hausten. Den vanlege nedkjølinga av havet på haustparten har vorte utsett i år og har uteblitt så langt, med toppen 1-2° fall frå seinsommaren. Difor kunne fønvinden varma opp lufta skikkeleg til langt til havs der frontane står.

    Helsing Stuttjukken.

  16. Ragnar har rett på dette med Raudberget, "fyrtårnet" av eit fjell midt i Stølsheimen.

    No er eg litt usikker på om det framleis er uløyste gåter her, men eg prøver til med denne biletlinken. Kva heiter dette artige fjellet, fjellpartiet, evt. med fleire namn på dette markerte fjellet? Den som veit det, tek nok toppen som er gøymt av skodda i venstre kant av biletet óg, med sin fine spisse topp. (Frå same staden der eg tek dette biletet ser eg både Ålfotbreen, Store Skagastølstind, Austabottstindane og Urdanostind. Det er berre å snu seg på det 1109 meter låge fjellet.

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/hoyanger/b/pages/Brydalsfjellet-2.htm

    Trykk på linken for og sjå biletet.

    (De som vil sjå utsynet mot Jotunheimen, trykk på denne linken: http://www.stoelsheimen.no/galleri/hoyanger/b/pages/Brydalsfjellet-1.htm ).

    Helsing Stuttjukken.

  17. Drøymer meg inn att i det fantastiske Nordlands-landskapet.............. Vakrare, nei, det skal det mykje til for å verta. Eg har faktisk vore i Skjomen for mange år sidan, noko meir enn berre å susa over Skjombrua. Det var ein junidag eg var innover i Skjomen, både til Elvegard, Sørskjomen, Bogholm og Norddalen (vegen var open til nært Lossi). Utsynet mot det 1893 meter høge Storsteinfjellet med breane omkring var eit fantastisk syn. Frostisen, skal sei den har minka noko. Den er allereie no spådd sin undergong i nær framtid, og kan koma til å tina heilt bort snart. Den dagen eg var i Skjomen var det sol og varmt. Her inne stod det mange (nokre 10-tals) plommetre!! i full blomst. Skjomen skjer seg slik inn og bit nestan seg sjølv i halen, slik at kaldlufta ikkje når inn. Dermed kan ein sei at Skjomen er Nordnorge sitt svar på Tafjord (indre Sunnmøre), med tanke på føn- og oppvarmings-effekt i vinterhalvåret. Det er sjeldan lange kuldeperiodar i Skjomen, og vekstsesongen er så lang at det er snakk om "Sør-Trøndelags-nivå". Skjomen er den frodigaste og beste staden for grønsakdyrking nord for Polarsirkelen, og her er det store grønsakåkrar, især på Kongsbakk. Plommetrea stod det ein del av i Bogholm, ei lun varmehole. Fruktblomstring og midnattssol er normalt sett ein umogleg kombinasjon, men her er det verkeleg tilfelle.

    Ta turen til Skjomen. Det er eit fantastisk område, opptil 1 time sørvest for Narvik.

    Helsing Stuttjukken.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.