Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Stuttjukken

  1. Me har ein norsk stortopp over 2000 m.o.h., som det ser ut som at alle har gløymt. Det er eit vakkert fjell óg, godt med snø om vinteren og har ein utmerka nærleik til havet. Mange tenkjer sikkert at me ikkje skal ta med toppar i slike område av norsk land, men eg nemner det likevel. Eg hugsar ikkje høgda nøyaktig, men toppen er mellom 2200 og 2400 m.o.h., men eg har ikkje det rette kartet tilgjengeleg her no. Fjellet heiter Beerenberg (med h ein stad?), og er ein staseleg vulkan på Jan Mayen, på ca. 71° N.

    Helsing Stuttjukken.

  2. Grav djupt nok, så kjem fjellet av seg sjølv. Oslofjord-området har mykje av bergarten rombeporfyr frå den heftige perm-tida, så det er ein kjend sak at Oslo ligg på gammalt og sovande vulkansk land. Dukkar "Fujiyama" opp vest for Kikut ein stad, har Oslofolk ein rikeleg lang, og Norges lengst skibakke i nærleiken. Det er berre å velja seg ut nokre av dei grunne forkastningane i Nordmarka, og setja i gong..............

    Helsing Stuttjukken.

  3. Når Jarle nemner at det andre biletet er frå andre sida i eit område der eg har køyrt buss, reknar eg med at han tenkjer på Hardangerbussen, ruta Bergen - Arna - Trengereid - Samnanger - Kvamskogen - Norheimsund - Øystese - Ålvik - Kvanndal - Granvin - Voss. På andre sida kan liksom vera menge stader langs denne ruta, like gjerne på andre sida av Hardangerfjorden for den del, og han skreiv at det ikkje var på Hardangervidda, men no finn ein Folgefonnhalvøya på andre sida óg, tvers over t.d. Øystese. Så langt kjenner eg ikkje att noko på biletet hans. Dette er noko for Arnt Flatmo, såklart.

    Krekling sitt bilete: Agnar spurde om biletet er frå Fjorda-fylket, og han svarte at det ikkje er frå Fjordane (normalt meint med Sunnfjord og Nordfjord). Dalsfjorden er nemnt, men det ligg óg i Sunnfjord. Det var litt for grønt og frodig i fjellet på biletet hans til at eg vil tru at det er ute i dei nakne steinberga i Dalsfjorden, der ein finn Blægjen/Blægja og Kvamshestane. Eg veit ikkje kvar dette er, men eg veit om eit område ikkje langt frå dei fjella der eg går, som har slike former. Den skogkledde lia er typisk for sognaliar innover i dalane frå Sognefjorden. Elles er det store skilnadar på fjellnatur langs Sognefjorden óg, og eg trur me kan halda oss i Fjorda-fylket, men i Sogn og ikkje i Fjordane. Agnar nemnte Gaularfjellet, og i det området finns det mykje av slike fjellformer. Desse fjellformene er vanleg i Midtre Sogn, med Balestrand og Vik kommune, samt Høyanger kommune si nordside, lengst inn frå havet. I Vik kommune på sørsida av Sognefjorden finns det slike fjellformer mellom Vikjafjellet og Fresvikbreen. Sjølv har eg gått turen frå Vikjadalen innst i Jordalen og over Ennebakken til Seljedalen i Vikbygdi. Det er ein sti nede til høgre i biletet, men det liknar ikkje på stien i Ennebakken og fjella mellom Nummestolane og Svinadalsholtane. Det er nok frå ein annan stad i Midtre Sogn, trur eg. (For orden skuld nemner eg at Høyanger kommune vert rekna meir som Ytre Sogn enn som Midtre Sogn). No har eg skrive om kva eg trur, men det kan likevel vera ein annan stad på Vestlandet likevel.

    Eg skreiv om eit fjell som ein kan korrigera etter. Skal sei irrgangane til vestlandske uttrykksmåtar i folkedjupet her borte har vorte debattert nord og ned. Det kan henda at eg må halda kjeften...........

    Helsing Stuttjukken.

  4. Etter dei varme dagane er det sikkert ikkje noko særleg skiføre austpå, truleg berre på småbreane i Jotunheimen. Snø på kald is og bre tiner seinare enn på mindre kald nake berg og mark. Eg vil tru at nysnøen på breane gjer at ein må ha dei gøymde bresprekkene i tankane. Det er vel ikkje stort anna å gjera enn å venta på neste kuldeperiode. Snøen vil likevel ikkje stabilisera seg før polarfronten passerer, slik at sønnavindane vert stengt ute frå Norge. I mange år no, har ikkje polarfronten passert før i april eller mai, og før det har snøen kun lagt stabilt høgast oppe i dalane austpå, frå 4-500 m.o.h. og oppover, (og då forventar folk varme vårdagar i låglandet, men risikerer snø på 17. mai). Før polarfronten passerer, vert det vinteren avbroten av mange og/eller lange milde regnperiodar, gjerne til langt ovanfor både Elverum, Lillehammer, Fagernes og Gol. Verknadane av polarfronten går likevel fort over, då sola skin i 15-19 timar, står høgt på himmelen og det vert lyse netter, iallfall merkbart i nord ved Dovre og Tynset og nordover mot Trøndelag.

    No ja, det vert nok nokre dagar med skiføre nært Oslo óg, denne og.

    Helsing Stuttjukken.

  5. Eg meinar å ha lest at Styggedalstindane og Sentraltinden (mellom Styggedalstindane og Skagastølstindane) skal vera dei vanskelegaste toppane over 2000 m.o.h. og klatra opp til i Norge. Fleire andre tindar i Hurrungane skal visst vera svært vanskelege óg. Julia og Morten veit.

    Berre for å nemna ein digresjon på namnet Hurrungane. Det var då om tider i historien eg gjekk på gymnaset i Balestrand, og var på biologitur i 3. klasse, september 1984. Me som hadde biologi skulle på botaniseringstur på Tyinoset, til hytta som heitte Jotnavåken, (sikkert nokon her som veit om den). Dette var den gongen det var mange lange ferjestrekningar i indre Sogn, med ferje mellom Kaupanger og Årdal. Difor gjekk bilturen via Sogndal, Fortun, Turtagrø, over fjellet til Øvre Årdal, og så opp til Tyin, (med retur om Tyinkrysset, Fillefjell og Lærdal). Undervegs vart det snakka litt om fjellområda me passerte. Det var ein fin haustkveld, der Skagastølstindane og Fannaråki gløda i lun kveldssol. Så vart namnet Hurrungane nemnt, og på sognesida vert dette gjerne uttala "Horrongadn". Då var det ei i klassen som ikkje heilt fekk med seg namnet rett, men vart forfærd over det namnet ho høyrde, og syntest at det var stygt å kalla eit fjellparti for "Hor-ongane", og lurte sikkert på kor lausliva fjella var, her inne mot Jotunheimen. Vel, litt moro må me vel ha, vil eg tru.

    Helsing Stuttjukken.

  6. Visst kan eg setjast fast, FU. Det er no eingong slik at det i realiteten ikkje er menneskeleg å vita meir enn ørlite grann. Spør Morten og Julia om dei veit alt om Jotunheimen, sjølv om dei har skrive boka og har gått alle rutene der. Sjølv om me andre kan synast at dei veit alt om Jotunheimen, veit dei nok for mykje om Jotunheimen til at dei svarar ja til det. Det er no berre flaks at eg har visst kva FU sine bilete har vist, så langt, rett og slett fordi eg har sett det same fleire gonger.

    Eg har ikkje gått på Hardangervidda, og vil av den grunn ikkje ha rede på bileta til Jarle, denne gongen. Eg har sett brua på biletet hans på andre bilete før, men noko meir veit eg ikkje om det.

    Agnar er i stand til å finna mange bilete, truleg dei alle fleste bileta hans, der eg ikkje har peiling. Likevel vil eg tippa på biletet hans denne gongen. Eg tippar på ein eller annan (kjend?) varde nært Lundeskardet, på overgangen og den gamle breruta over Marabreen (i Jostedalsbre-området) mellom Lunde i Jølster og Fjærland. Ein kik på kartet fortel at det er eit fjell i nordvest som heiter Bjørga, så det er mitt forlag til kva fjell som er i bakgrunnen. (Snønipa er litt lenger nord).

    Trykk på linken nedanfor.

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vaksdal/b/pages/Moadalane-1.htm .

    Kva heiter fjellet bak til høgre? (PS, den er grådig lett).

    Helsing Stuttjukken.

  7. E..., eh......., kremt, Storeflåtten, nordvest-hjørnet av Hardangervidda, mellom Sørfjorden og Veigdalen. Står de framleis på Svartenut, FU? Elles er Storeflåtten fin å sjå frå høgdene mellom Bordalen (mellom Voss og Hardangerfjorden) og Granvinsvatnet.

    Me får vona at Eaa, Nils, Morten, Svein, gi, Kim, Andersno, og ALLE andre går inn her óg. Jarle og Kjellinge, m.fl., kom med bilete her. Svein, gi og andre frå Mørefylket må ikkje gløyma at dei er ein del av Vestlandet, dei og, saman med Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane. Og Jotunheimen ligg på Vestlandet, det óg, det som høyrer til Luster og Årdal kommunar, og det er ein bra bete av Jotunheimen, det. Me tek med oss heile Møre og Romsdal i denne samanhengen, ikkje berre Sunnmøre.

    Så vonar me på bilete å gjetta på frå mange område frå Bjerkreimsheiane/Dalane i sør, og vidare gjennom Ryfylkeheiane, Etne-fjella og Sauda-fjella, Stord/Tysnes, Hardangervidda, Folgefonna, Bergensbanen, Kvamskogen, Byfjellene, Bergsdalsfjella, Vossefjella, Undredalshalvøya, Fresvikhalvøya, Stølsheimen, Breheimen/Jostedalsbreen, Balestrandfjelli, Vest-Jotunheimen, diverse Sunnfjordfjell, diverse Nordfjordfjell, Sunnmørsalpane, Romsdalsfjella, Mørekysten, Sunndalsfjella, Trollheimen, + ALLE fjellområde vestpå eg ikkje nemnte i denne rekkja.

    Helsing Stuttjukken.

  8. Og hugs at dialektane har sett sitt preg på stadsnamna i det norske landskapet.

    Les denne turskildringa, og sjå korleis dialekta endrar seg. Døme på turskildring av ein tur frå Steinsland i Modalen til Åse i Indrefjorden, Arnafjord vest for Vik i Sogn: "Da ber iddnijøno Steinslannsdaln til Haimastøln, og viare iddn Verkalie åg opp i Åsn té Stølsvattne. Ittepå ber da øve elvæ åg framøve Berdaln. Viare ber da iddn i Stordaln. No é tur´n kort té Hallsetestødln. So gaor me laongsitte Hallsetevattne té Aosstødln. So lyt me baska aoss appitte Grautalaitæ. Da bere no i fint drév yve Hestfjeiddle ti Laongavattne, Vetledaln åg Skogåydaln. Ni lii é me snartt framom Nigarstødln åg Hiddledaln. Dao bere da haimatte åg ni Halsetlii".

    Va du me på dan / va du me pao dan, Eaa?! Omkring Stølsheimen skal me både "né té" og "ni ti", dvs. ned til. Så fekk de ein liten smakebit på både dialekten i Indre Osterfjorden (Modalen/Eksingedalen), med overgangen til Sognamaol. Sjølv har eg eigentleg fleire dialektar i meg, eit resultat av at eg har budd fleire stader omkring Stølsheimen. Eg har budd nokre år i Balestrand, og kan snakka den dialekta óg, visst eg vil. Du, Eaa, er som meg språk- og dialekt-interesserte, ser eg. Éddle ska eg sai Airik Aosite?!

    Helsing Stuttjukken.

  9. Flott de korrigerer meg litt, andersno. De har nok rett i dette uttrykket. No er no ikkje nynorsk særleg brukt i Trøndelag i vår tid. Det året eg budde i Trøndelag kunne nokre eldre folk eg vart kjend med i Trøndelag fortelja at dei skreiv nynorsk på skulen, i 1930-40-åra. Det var det nokon med etternamnet Fagerlid, oppvaksne på Fannrem i Orkdal, som kunne fortelja. Og Trøndelag har mange velklingande slektsnamn: Ljøkjell, Rønning, Gangås, Fremo, Næve, Eggen, Gustad, Braseth, Fossan, Rogstad, for å nemna nokon.

    Helsing Stuttjukken.

  10. Visst var det Finnbufjellet, FU. De var på Svartenut, skreiv de. Då forstår eg kvifor det såg litt annleis ut med utsynet. Eg har ikkje vore der, men eg veit kor det er. Eg har no traska over Tvinnekleivane, Horgadalen og Lønahorgi, samt Engjaland - Reppeggi - Skreieggi - Langatjørna/Sleppstjørna - Fyrebytningane - Kvitanosdalen - Torvedalen, i dette området av Vossefjella. Bygda nede til høgre er framme i Hommedalen (Holbygdi), inne ved Fjeli og Lund, med bl.a. tunet til Olaf Oppheim. Eg har vore eindel gonger på den smale og humpete vegen der i dalen med buss på (ofte glatt) vinterføre. Mange artige gardsnamn der inne: Sundve - Gavle - Herheim - Gilbakken - Tveite - Høn - Haga - Brattholo - Meland - Holo - Igtveit/Egdetveit - Arnetveit - Hommedal - Fjeli - Lund. I høgre biletkant treff sola Vinjo gjennom eit hol i skydekket.

    For orden skuld nemner eg at Svartenut og Tvinnekleivane der bileta til FU og meg er i frå, ligg i området nord for Lønahorgi, på vestsida av dalføret med E 16 mellom Voss og Vinje. Begge bileta er greie bilete som viser korleis fjella ser ut på Strónde, dvs. Vossestrand, nordlege delen av Voss kommune mot Vikjafjellet, tidlegare eigen kommune. Vossestrand er "limet som bind saman" Stølsheimen mot Undredalshalvøya og vidare mot Bergensbanen, og då er det Finse neste. Elles må ein ikkje gløyma Nærøyfjorden med sine kolossar av nokre fjell.

    Helsing Stuttjukken.

  11. No er det slik at det at nynorsk som skriftspråk er lite brukt blant brukarar, både i dette forumet og forum elles. Eg skriv nok ikkje perfekt nynorsk, men eg er bevisst på å skriva nynorsk uansett. Eg synest at det er flott at andersno skriv på sitt trøndervis, og eg sidan eg har budd vel eit år i Trøndelag sjølv, er det artig at det er nestan som å høyra ein trøndar snakka, for det klingar iallfall i hovudet mitt.

    Eaa må gjerne skriva dialekta si han óg. Når det er sagt, skal det óg vera lov å skriva ekte riksmål, så dei må gjerne skriva NOGET (noe/noko/nåkka, m.m.). Og kvifor skulle ikkje bergensarar skriva både månebedotten, jenten, barnene (barna) og benene (beina). Det er berre å gjera det. Og i Trøndelag seier nokon "æ tørsj itj" og gjerne generasjonen over seier "æ torsja itj" (eg tør ikkje), meinar eg å hugsa.

    No reknar eg med at Eaa er klar over at eg skriv nynorsk (prøver iallfall), og ikkje dialekt, men kanskje bokmålsbrukarar oppfattar nynorsk som dialekt (?!).

    Vel, eg kan alltids prøva med dialekt i dette innlegget: "Eg må nok på arbai i dag åg, so da vett nåkk ittje tur på meg i dag helde. Ifølje skiftæ ska eg kjåyra fira tura tur-retur møddlo bydn (Bergen) åg Arna/Ådna i ittemiddag åg kvedl. So står da att åg sjå om det vett mykje fålk elde ka. Da so é so graitt me frakten av passasjerar é at dei går på og tå bussn sjøl. Da é no fredagskveld, men eg vona da atte da vett graitt på bussn likevel, utn nåke særle tull, då. I datta fina vére sku eg jeddna pakka sekkjen åg rekje avgare té fjells ain sta. No é no live slek at eg må nok ut å kjåyra buss i dag åg. Da é no da eg leve tå, vait de, dar eg set på reve og kjåyre buss haile dagane. Da é ittje rart at eg ha "Stuttjukken" so brukarnamn, fø eg ser no slek ut åg, itte nåkre år bak bussratte åg mykje goe mat. Namne skjemme no injen da. Eg é no Stuttjukken eg, hehe.............."

    Helsing Stuttjukken.

  12. Godt og varmt på Playa del Thunes i dag óg, passe for shorts og T-skjorte, og det no når sola tek kvelden for i år om vel 1 veke. Snøen som var langt nedover liane mot Arna, og dei 5 cm. som var på Dale før i veka er forsvunne som dogg for.......... ikkje sola men vinden.

    Så får Svein, gi og fleire med i Mørefylket følgja med på om det vert ein rekord i novembervarme óg. De hugsar kanskje den varme kvelden i Tafjorden i november i fjor, då det kom på TV-en at ungane gjekk lettkledde ute og åt på is. For tida ligg høgtrykka (og lavtrykksbanene rundt) i slike posisjonar at slike varme vind-dagar vert det truleg fleire av, og det er ikkje utenkeleg at dette vêrlaget er så stabilt framover at dette varer til jul og gjennom heile vinteren. Det vert nok kalde dagar, men me risikerer (?!) slike varme dagar innimellom gjennom mykje av vinteren. Dermed kan det verta så som så med skiføret, sjølv over 2000 m.o.h. på det varmaste.

    Vel, ifølgje VG skulle det verta ein ekstremt kald vinter ifølgje britiske forskarar. Det kan no henda at det skjer i der borte Sør-England, dersom nordausten frå Sibir feiar gjennom Mellom-Europa og over Sør-England. Skjer det, vil den varme sørvesten over Golfstraumen verta pressa nord for denne kraftige nordausten, og slå med full kraft innover Norge. Medan folk frys i hel i kulden midt i Spania og det snøar på Kanariøyane og i Jerusalem, vil det regna nærmast varmt i Norge, om det så er i januar. Sidan temperaturen stig mest og først høgt over bakken, kan det godt henda at det er +8°C, storm og regn på Galdhøpiggen fleire gonger frå desember til februar. Når våren nærmar seg trekkjer polarfronten vanlegvis sørover, og då kan det snøa i låglandet sørpå i Norge 17. mai, etter ein varm siste halvdel i april. Dessutan har det vore eindel dagar med regn og fleire varmegrader på Svalbard kvar vinter sidan slutten av 1980-åra, især i januar og byrjinga av februar, til polarfronten passerer slik at sørvesten opphøyrer for vinteren. Kor mange år til er det til at Grønlandsisen er den einaste staden ein kan gå på ski på den nordlege halvkule?

    Moro dette med vêret, men eg kjem ikkje med fri fantasi her.

    Helsing Stuttjukken.

  13. Ser at FU har eit flott bilete som er teke i frå eit eller anna utsynspunkt, truleg mellom Reppeggi og Blåeggi i fjella på Strónde (Vossetrand). Eg tvilar på at eg har stått akkurat der biletet er teke, men eg har nok vore i nærleiken på turane frå Stónde og over mot vest i Torvedalen.

    Utsynet i bakgrunnen har eg sett ulike variantar av mange gonger. Vatnet i høgre del av biletet ser for meg ut som Oppheimsvatnet. Frå venstre er det området nord for Oppheim mot Brekkedalen og Jordalen, med Larsfonnberget. Vidare finn me dei spektakulære fjellryggene på begge sider av Nærøydalen/Stalheim og Nærøyfjorden, der dalen og fjorden er som eit trongt hogg ned i fjellet. Vidare mot høgre er den opne Øvsthusdalen, med stien frå Fyre (Stalheim) til Grindafletna (DNT-hytte), og stiar vidare til Ljosanbotn/Mjølfjell i Raundalen, Flåm (Brekke, 1,5 km. frå Flåm kai og stasjon), og over dei høgre av dei snøkledde fjella (Skammadalshøgdi, 1605 m.o.h.)

    Så er me vel ved saka si kjerne. Det største snøkledde fjellet er Steganosi, 1761 m.o.h. på Undredalshalvøya, med den vetle bre-resten med namnet Syrdalsbreen. Nedanfor ber det bratt ned sidedalen Syrdalen mot Undredalen i Aurlandsfjorden. Eg hugsar kanskje feil, men eg lurar på om ikkje namnet er forbunde med den kalde trekken i området der inne. Sjølv har eg gått stien og buførevegen over høgda under Store Breen, 1662 m.o.h. (mellom Stiganosi og Skammadalshøgdi), der stien når opp i 1570 m.o.h. Dette var ein buføreveg det stod respekt av, då underdølene buførte frå bygda nede ved Aurlandsfjorden, over Store Breen (namnet hadde kanskje si meining den gongen dei buførte, men breen er omtrent borte, og glatt og hard det som er att) og ned i Nisedalen (ca. 900 m.o.h.), der elva stuper i Nærøyfjorden. Og der har eg vore vitne til kløvjing over fjellet for hjortejakta, september 2003.

    Det er eit par brear (dvs. knøttsmå brear eller brefonner) til i området. Den eine er Øyaskavlen på nordaustsida av det steinurd- og røys-kledde Skammadalshøgdi mot Fessedn (Fossane) med sine dyregraver. Den andre er den endå mindre Jordalskavlen, rett aust for høgda mellom Brekkedalen (sidedal til Storedalen/Rjoanddalen ovanfor Mjølfjell) og Ljosdalen ovanfor Flåm. Uansett er Syrdalsbreen størst av dei små breane på Undredalshalvøya.

    Steganosi er populær å rusla over i dag, der turen til høgdagarden Stigen ved Aurlandsfjorden er mykje av grunnen til turen over fjellet der. Sjølv såg eg bort på Steganosi, la. 10/9 i haust, frå Gavlafjellet, 1244 m.o.h., ein topp mellom øvre Modalen og øvre Eksingedalen, litt lenger vest enn FU sitt bilete er i frå. Der kom det meir fram av fjella på Undredalshalvøya enn det FU sitt bilete viser, men gløym det. FU sitt bilete er eit praktfullt bilete over det staselege fjellområdet mellom Voss og Aurland i Indre Sogn. Flott bilete, FU.

    Helsing Stuttjukken.

  14. Den tid eg budde nordaførr, rett sørvest for Sortland på Langøya i Vesterålen (Viesterálas), hadde eg ein tur oppå Holandsknurren, ein ordentleg topp, med kvasse ryggjer med tindar og nåler, eit underfundig og trolsk landskap, og berre noko over 600 m.o.h. 600 m.o.h. der nord er som 1000-1200 m.o.h. på Vestlandet, og høgare i Indre Sogn. Møysalen på Hinnøya, rett over Sortlandssundet, med sine 1262 m.o.h., var nestan like knager og karrig som Galdhøpiggen. (Og nord i Finnmark går tregrensa ned i havet).

    Knurren er eit toppnamn.

    Helsing Stuttjukken.

  15. Dette var herlege bilete, andersno. Det minnar om seinhaustturane eg hadde i den vetle marka mellom Tiller og Klæbu, hausten 1989, då eg budde som Melbygg. Å sjå utover dei gråbrune myrane i den store graneskogen i Sør-Trøndelag i låg haustsol er heilt nydeleg, som på bilete 3 mot Snøhetta. Dette var nærast slik eg opplevde markaturane der den hausten. Og i skumringa kom røyskatten i si kvite vinterdrakt sprettande i skogen...................

    Godt å henta fram att desse turminnene. Stemmer det at det er Vassfjellet som er noko bak til venstre på bilete nr. 2. Eg dreg kjensel på linjene på høgdedraget der, og skibakkane nedanfor. Å Trondhjæmståka e itj nåkka nytt, nei.............. (Vanleg syn frå Torsletta).

    Helsing Stuttjukken.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.