Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Stuttjukken

  1. Ynskjer de ein tur i storlagent vestlandsk turterreng, og ynskjer å ta det fint første dagen, så start frå Finse. Dag 1. Rallarvegen Finse - Grjotrust - Lågheller - Hallingskeid, til fots på grusveg. Dag 2. Hallingskeid - Vossaskavlen - Kaldevasshytta (ubetent, ha med proviant), 10-15 minutt på tygg bre. Dag 3. Kaldevass - Gravahalsen - Ugjerdsdalen - Myrdal, lokaltog til Ørnaberget, overnatting Mjølfjell UH. Dag 4. Lokaltog Ørnaberget - Ljosanbotn (1 stopp, få minutt), Ljosanbotn - Grånosmyrane - Grindafletna. Dag 5. Grindaflethytta - Skjerpisdalen - Øvsthusdalen - Fyre/Stalheim. (Overnatting Brandset el. Stalheim). Dag 6. Bilskyss Stalheim - Leitevatnet i Fresvik-Jordalen. Vidare på sti forbi Fresvikbreen og ned Tundalen til den fagre bygda Fresvik (evt. overnatting) ved Sognefjorden. Buss til Vangsnes/Vik eller båt til Sogndal. Turen viser eit tverrsnitt av vestlandsk fjellnatur, med overnatting både på DNT-hytter og hjå lokale aktørar, hotell, m.m. Turen går på grusveg, merka stiar og umerka ruter (dag 6 og delvis dag 3, men stiane er for det meste tydelege, men bruk kart og kompass likevel). Kun dag 1 er det mykje folk rundt deg, men det roar seg ned dei andre dagane. Dag 3 og 6 treff de kanskje ikkje nokon undervegs. God tur! Helsing Stuttjukken.
  2. Vel, me flyttar iallfall slapset frå vegen og ut i terrenget utanfor grøftene, til bruk for andre vinterglade, (men dette slapset er som kjend full av vegsalt, då). Helsing Stuttjukken.
  3. Eg burde ikkje sagt det, Eaa, men eg VEIT at de var sanndrøymt denne gongen............ Helsing Stuttjukken.
  4. Synest at det er godt med snøvêret her vestpå for tida. Kunne det kome 1-2 meter i fjellet her vest før nyttår, og gjerne meir snø i låglandet óg, hadde det vore fint. Står valet mellom ein ordentleg snøvinter i fjellet, eller ein vinter med berre regn i låglandet og sutalaus busskøyring, ynskjer eg snøvinteren i fjellet og låglandet med velkomen, sjølv om kjettingane må fram. Helsing Stuttjukken.
  5. Her burde både Stetind i Tysfjord, og Møysalen sørvest på Hinnøya (og sjølvsagt Lofoten) vore med, alt i Nordland, Norges vakraste fylke. Helsing Stuttjukken.
  6. Var innom Storgata 3 i Oslo på tysdag, og boka var på plass der, den. Helsing Stuttjukken, på gjestevisitt i Oslo nokre dagar denne veka.
  7. Truleg ein ås eller topp nært ut mot Trøndelagskysten, tippar eg, då det verkar som at toppen ikkje er høgt over havet, med all den lyngen under knausen på biletet. Utover det eg har nemnt, kan eg sjølvsagt ikkje ta den........... Helsing Stuttjukken.
  8. Det er greitt nok at eg ikkje har peiling, men eg synest at det som er bak til høgre i biletet til Fjellfinn minnar sterkt om flate Gartenlandet og Ørlandet, med Storfosna til venstre og ytre Bjugna bakerst til høgre. Kanskje skal me til ein topp sør for munningen av Trondheimsfjorden. Eit utvald forslag etter kartet er Terningheia i ytre Agdenes/Snillfjord. (Og eg har vitja ho Fru Inger på Austrått ein gong i tida, og at på til reist med m/f "Fru Inger", frå tidene med Hitra-ferja (drog til Sula)). Helsing Stuttjukken.
  9. Eg som syntest at biletet var teke mot nord. Vel, då for eg føreslå Dale (i Sunnfjord), då, frå ein eller annan stad ikkje langt frå Blægja. Eg trudde Dale var litt større enn dette, for eg var forbi der seinast i august. Då kan fjellrekkja lengst bak i biletet vera på sørsida av Sognefjorden, frå Gulen og innover............. Helsing Stuttjukken.
  10. Har ikkje vore innom her sidan sist innlegg i går, pga. ausande regn og stengde vegar. Då får eg foreslå den andre bygda eg tenkte på i går, då eg skreiv Naustdal. Eg tenkte óg på Bygstad, og det ligg innst i Dalsfjorden, som de nemnte. Eg har ikkje forslag til fjell på denne sida. Helsing Stuttjukken.
  11. 13. november. Stemningsrapport frå Stølsvatrnet og Åsabotnen. Nysnø frå ca. 750 m.o.h. og oppover. Ved nedste vatnet i Åsabotnen, 874 m.o.h., var det nær 5 cm. nysnø. Sola skein i små solgløtt under dei nestan svarte skyene som var på veg med snøvêret. Elva rann friskt gjennom nysnøen og vatnet var ope og kaldt. Lyngen var forsiktig gøymt av nysnøen, og sola skein med sin varmgule farge på novemberfjellet. Elles er Stølsvatnet (regulert) framleis fullt. Stiane innover til Solrenningen og Åsedalen var godt farbare, slik eg såg det. Sjølv til Åsedalen ville ein knapt nok sjå snøen ved stien lengst inne mellom Halsetsstølsen og Åsedalen. Høgfjellstrekningane er snødekte no, ikkje minst mot Norddalshytta og Vardadalsbu, men óg over fjellet mellom Åsedalen og Rappen, og snø må påreknast mot Vikjafjellet, samt i traktene mellom Eksingedalen og Voss. Vil ein slita litt, kan ein nok gå frå hytte til hytte frå Solrenningen og austover framleis, men det for lite snø til å gå på ski nett NO, same kvar ein er i Stølsheimen. Til i dag har det visst dotte ned nærare 20 cm. nysnø, men dagens storregn har nok reist av garde med snøen, reknar eg med. Returen frå Modalen til Arna/Bergen i dag gjekk om Voss og Hardanger pga. stengde vegar overalt, (og eg måtte snu på Vaksdal, hmrff). Helsing Stuttjukken.
  12. Bygda i bakgrunnen på biletet til Agnar minnar om Naustdal, kanskje frå traktene ved Hellefjellet lenger ute. Helsing Stuttjukken.
  13. Når ein først er inne i fjellet, så er det ikkje like enkelt å vita korleis ein skal unngå å sikra seg mot lyn, når det først brakar laust. Ein gong eg var på ein rusletur til ein av stølane i Ikjefjordfjella, nordvest i Stølsheimen, byrja torevêret då eg var lengst unna bilen (som stod ved Øystrebøstølen på vestsida av Stølsvatnet i Ikjefjordfjella, på ein sideveg nordvest for fjellvegen Matre i Masfjorden - Stordalen - Bjordal i Sogn). Eg hadde vore ein stad som heiter Myrestølen, og var på veg rundt eit vatn, og skulle returnera. Det var berre det at eg visste at eg måtte over eit snautt høgdedrag i eit område der det elles er mest fjellskog. Turen over høgda gjekk rimeleg snart, og nett då slo lynet ned sjeldnare enn 1 gong pr. minutt. Så var det å koma seg ned i første og beste skråninga vidare, og småspringa mellom trea. Vel, det hende ikkje noko anna enn at det er ei lite triveleg oppleving, samt at håra reiser seg, såklart. Ein annan gong rusla eg oppover i nær + 30°C til Dystingen (999 m.o.h.) ved Dale. Nær toppen forstod eg at det var torevêr på gong, og eg sette meg ei stund nede i ei renne i det rotete fjellet der oppe. Toppen er fyllt opp med installasjonar med ulikt formål (militært, tele, IT, og kanskje meir til. Fjellet er ein markert topp, som verkar som ein magnet på lynet. Helsing Stuttjukken.
  14. Visst handlar boka om meir enn Jotunheimen, Julia, men det hender at fingrane spring så fort over tastaturet, at hovudet ikkje er med. Slikt hender det. Helsing Stuttjukken, som óg veit om Dovrefjell, Rondane, m. fleire, der 2000-meters-toppar finns.
  15. Når eg såg biletet til Kjellinge, tenkte eg på Kirkefjorden innanfor Reine, Moskenesøya i Vest-Lofoten, men var klar over at det ikkje var det. Liknande landskap finn de omkring Raftsundet mellom Austvågøya og Hinnøya, der Lofoten går over i Vesterålen. Yttersida av Senja har óg slikt landskap. Nils klarar dette bra, ser eg. A, B, C og D er rett. Biletet med spørsmål E og F er teke mot aust, og ikkje mot nord. Hanekambdalen går inn til venstre i biletet (mot nord). Dalføret bakover forbi Budeievatnet ber mot Dunevollen og Finnabotnen. Elva i bakgrunnen, spørsmål E, kjem frå Trollabotnen. Det er den villaste fjellbotnen i Stølsheimen, med Trollavatnet på 1195 m.o.h., som det lågaste punkt inne på Urdeggi. Trollabotnen kan trygt samanliknast med eit Sunnmørsalpane i miniatyr, og de trur det ikkje før de får sjå det. Synet av botnen sjokkerte meg, iallfall, og trur de ikkje botnen eg såg frå nord på Urdeggi var så trollat at den slapp laus både skodde og sludd denne august-ettermiddagen i 2003, og forsvant i ein sky av mystikk, og utsynet mot Finnafjorden sitt utløp forsvant i same slengen. Eg har aldri sett bilete av andre stader i Norge som minnar om Trollabotnen. Eg skjønar at eg burde gått gjennom botnen ein gong, men dette skal visst ikkje vera ufarleg, heiter det. Den er iallfall heilt vill, som havbølger i orkan før vinden flatar ut bølgene. Topp 1324 på Urdeggi er langs ved Trollabotnen, men den delen av Urdeggi som ein ser på biletet, er den nordlegaste delen, der overgangen på haugane der nord når oppi vel 1260 m.o.h. Spørsmål F er litt meir lokal enn det Nils føreslo med Finnabotnen. Biletet viser vestsida av Einebærfjellet, som rundar av mot nord (venstre). Den botnen eg vil fram til er under denne vestsida. Der finn de Tolleknivbotnen, ein bortgøymd hengebotn ovanfor Finnafjorden si sørside, like aust for Finnabotnen, ca. 900 m.o.h. På veg frå Dunevollen og vel oppe på Skrivareggi, vandrar de mot bakkane vidare opp i Urdeggi. Trekk ut mot kanten på nordsida, og de ser ned i den vakre Tolleknivbotnen. Den som ser ned i den botnen forstår kva for bortgøymd paradis den botnen er. Eg har høyrt om folk som har kome seg inn i Tolleknivbotnen nede frå fjorden, med tilhøyrande akrobatiske øvingar undervegs. Normalt sett er botnen først og framst tilgjengeleg ovanfrå, ved å trekkja utover Skrivareggi, istadenfor å gå mot Urdeggi. Der kan ein ta seg greitt ned i botnen frå vestsida. Dette er staden for folk som vil gøyma seg bort i Stølsheimen, med lang og krevjande retur, sjølv om Finnafjorden er få steinkast unna. Så er no området ved Finnafjorden og vidare mot Arnafjorden paradiset mitt i Stølsheimen, då, sjølv om det går nokre år mellom kvar gong eg tuslar der inne bileta er i frå. Nils, ein gong de skal ha ein tur i eit for deg no ukjend område, veit de no kvar de skal setja kursen. Og er det klarvêr, så ser de Jotunheimen. Ta med deg Eaa. Helsing Stuttjukken.
  16. Eg burde kanskje halde kjeft her, som ikkje er sunnmøring, men eg syntest at det var noko kjent med topp nummer 2 og den djupe dalen til høgre i biletet, der ingen innlegg har nemnt namna eg tenkte på. Er dalen til høgre den dalen eg trur, har eg vore gjennom der for mange år sidan. Eg tenkjer på Norges trongaste dalkløft, Norangsdalen. Det kan godt henda at den er mogleg å sjå i frå Skålatårnet. Mitt forslag er følgjande: Topp 1, usikker, kanskje Kviteggja. Topp 2, minnar meg om Slogen. Topp 3, usikker, Smørskredtind eller Brekketind, eller noko. Helsing Stuttjukken.
  17. Eg ser at ingen har lagt merke til dei siste bileta eg la ut linkar på, då dei står heilt utan svar. http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/a/pages/vaskevatnet-1.htm http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/a/pages/hanekambdalen-1.htm Gå tilbake til side 2 på tråden, og bla nedover til innlegg nr. 2 frå meg på side 2, der de finn att desse linkane. Der finn de spørsmåla som eg har stilt. Trykk på linkane. Helsing Stuttjukken.
  18. Eg vert ikkje overraska over at Eaa klarar mine bilete. Eg vert berre overraska over at eg i det heile teke klarar så mykje som eitt av hans bilete. Eg trudde sjølvsagt ikkje at eg skulle få rett på interne austlandsmotiv, men når det er sagt nemner eg at eg var ein tur over Ringebufjellet sommaren 1984, og hugsar at eg såg Muen på eine sida og Rondane på andre sida. Og eg kan ikkje hugsa å ha sett biletet hans i ein annan tråd her inne. Eaa, ta turen over til fjellstroka "mine" då neste sommar, eller på vårskitur sidan de likar dykk best på ski. To fine skiturar er Vikjafjellet - vestover gjennom sentrale Stølsheimen til Modalen, 2-3 dagar, og Modalen - nordover gjennom vêrharde nordvestre Stølsheimen til Ortnevik ved Sognefjorden, 3 dagar. De ville ha elska desse turane, ikkje minst sistnemnde med nedrenn til Sognefjorden og utsyn rett inn i Jotunheimen der nedrennet startar på litt over 1000 m.o.h. På sistnemnde tur får de venta med å renna ned til hytta første dagen, til etter solnedgangen i havet. Helsing Stuttjukken.
  19. Maggot eller kvitmark er iallfall salsvare. Er de ein tur, om ikkje anna enn nett utanfor bygrensa, er det berre å grava litt i feit jord. Helsing Stuttjukken.
  20. Nysnøen som var her for litt sidan er no borte, og det er ikkje utsikter til meir snø på dagavis no, ikkje eingong omkring Norddalshytta, den høge og mest snøtunge delen av ruta gjennom Stølsheimen. Dei som har sjansen til det kan no oppleva ei Stølsheimen frå ei side som den ikkje plar visa. No er det grått, brunt og svart ute i terrenget der inne. Vanlegvis er det snø, eller i det minste snøflekkar etter mildvêr der inne på denne tida, men no er det ingenting nysnø. No skal ein vera klar over at det har regna så mykje i haust at det er blautt og gjørmete til langt over tregrensa. Så anar det meg at dei mørke fargane skapar ein trolsk stemning inne i den nakne skogen på veg til Solrenningen og andre tilsvarande stader. Haustfargane har nått sitt siste stadium, slik det plar vera under snødekket om vinteren. Ein kan framleis oppleva noko interessant i Stølsheimen, sjølv om det er vorte november. Helsing Stuttjukken.
  21. No er me i november. Om ca. 1 månad og utover er tida der, berre for å minna om det. De som vil oppleva denne trolske førjulstemninga ved brefronten i Brigsdalsbreen i snøvêr, bør byrja å tenkja på det i desse dagar. Denne årstida med dei kortaste dagane er forholdsvis kort, og det må stemma med vêret og snøforholda. Det skal kun vera litt nysnø, maks. 10-15 cm, slik at det både høver å gå til fots, og at blåisen er intakt utan å vera gøymd av nysnø som piskar seg inn på alle sider av isblokkene. Om det er opphaldsvêr elles i Nordfjord, skal de vera snøvêr ved breen, slik at de kan sjå breen stiga bratt opp og inn i ein sky av mystikk. Denne naturopplevinga er nestan like avgrensa i tid som opninga av Speilsalen og Blåsalen i Trollheimen. Når dagen kjem må ein vera der inne ved Brigsdalsbreen. Les første innlegget i tråden, så forstår de kva eg meinar. Dette er ein så trolsk oppleving, at ein føler maktene i himmelrommet utøver krefter like over deg, gjennom lyden av knakinga frå breen i det stille snøvêret i det underfundige desemberlyset. Eg har opplevd det. No er det dykkar tur. Etter at sommarturistane har reist, førebur no Jostedalsbreen denne naturstemninga for sine utvalde, nemleg dykk på Fjellforum og dykk som les dette. Skriv inn på denne tråden når de har vore der. Dette gløymer de aldri................. Helsing Stuttjukken.
  22. Eaa vil sikkert flira seg skakk av forslaget mitt, men eg prøver meg likevel. Rondane sett frå Muen (Ringebufjellet). Helsing Stuttjukken.
  23. Kor fort snørike og snøfattige periodar verkar i enden av brearmane varierer frå brearm til brearm. Bretjukna, trykket og farten avgjer. På ein slakk brearm som t.d. Nigardsbreen, vil det gå mange år før verknaden når brefronten. Austdalsbreen innanfor Styggevatnet (kraftig regulert) i Jostedalen er så flat at det kan vera snakk om over eit halvt århundre for verknadane når brefronten. I ein bratt brearm går det langt snarare, kanskje berre nokre få år. Briksdalsbreen er ein slik bratt brearm. Helsing Stuttjukken.
  24. Som tidlegare bussjåfør i Oslo - Asker - Røyken og litt i Nittedal, veit eg at det er dialektiske trekk, også i dette området, sjølv om skilnadane er beskjedne pr. avstand på sentrale Austlandet, samanlikna med resten av landet. Eg vil ikkje dra i gong ein austkant og vestkant-debatt i Oslo her, så dropp det, men der er det meir det sosiologiske enn det geografiske som skilnadane har si rot i, basert på gamle tradisjonars klassesamfunn og graden av tilflytting til Oslo. Skilnadane vil verta meir og meir utviska med tida der. Og når me treffest i fjellet, er det vel det same korleis folk snakkar, vil eg tru. Er det ikkje det, då???? Eg ser iallfall ikkje skilnad på folk når eg treff andre i fjellet, slett ikkje pga. språket og dialekta. Og treff eg folk med Austlandsmål i fjellet i vest, er det grunn god nok det til å vera raus med tips frå den lokale fjellheimen. Det set jo andre fjellfolk pris på. Helsing Stuttjukken.
  25. Biletet til ozzi viser ei lokal tinderekkje som eg har fått sett på og beundra fleire gonger, der tinderekkja ligg langs austsida av ytre halvdel av Syvdsfjorden. Mest dramatisk opplevest tinderekkja frå vegen langs fjorden rett under fjella. Ei juninatt i Syvde med utsyn utover Syvdsfjorden er ei flott naturoppleving. Eg vert stadig meir sikker på at biletet til Jarle er i frå ein stad eg IKKJE har vore. Likevel vil eg føreslå traktene ved Fuglafjellet, eit fjell eg ikkje har vore nærare enn den gongen eg såg fjellet frå nord, på tur frå Småbrekke i Bergsdalen til Høgabu. Trykk på desse linkane: Bilete 1: http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/a/pages/vaskevatnet-1.htm Bilete 2: http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/a/pages/hanekambdalen-1.htm Bileta er frå eit område som i lang tid var lite brukt, med unnatak av nokre lokale interesserte. Sjølv har eg vore i området 4 gonger, på ulike turvariantar der inne. Her treng de finna fram kartet. Bilete 1: A. Kva heiter stølen ved Vaskevatnet? B. Kva gøymer seg nedanfor skodda der bak i venstre del av biletet (grend/fjord)? Det går ei umerka "rute" over fjellet oppe i høgre del av biletet (som skydekket ligg ned på). Denne dagen (22/9-95) gjekk eg over fjellet med skydekket nedpå, og kom fram der eg skulle likevel. Kvar gjekk eg i frå, og kvar gjekk eg til, (namnet på 2 turlagshytter/DNT)? (I 1995 gjekk det nestan ikkje folk her inne, men dei siste åra har ein og annan funne denne bortgøymde naturidyllen). Bilete 2: A. Kva heiter dette fagre fjellvatnet med den grøne krattkledde holmen? B. Kva heiter fjellet som rundar av der bak, litt til venstre for midten? C. Kva heiter fjellet ein går over (det høgaste fjellet på biletet), på ruta nemnt under bilete 1? (Fjellryggen på biletet verkar som ei "hindring som sperrar" for turen austover i Stølsheimen her i frå, og er tilrådeleg fortrinnsvis i godt vêr). D. Kva kallast fjellmassivet ein går over om ein går inn dalen til venstre i biletet? (Sjå gjerne ein turrapport av meg under "Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjella" på forumet). E. Kva heiter den spektakulære botnen elva i bakgrunnen kjem i frå? (Botnen er eit eventyrleg og underfundig syn. F. Kva heiter den bortgøymde og avgrensa botnen på vestsida av fjellet i spørsmål B? (For teltarar som vil gøyma seg bort i fjellet, er denne staden eit funn, med grøne grasmarker og ei lita elv som slyngar seg gjennom den flate og korte botnen). Det er ein kjend sak at mange på fjellforumet føretrekkjer å gå utanfor allfarveg, og utanfor merka sti. Dette området er i så måte det beste Stølsheimen kan by på av opprinneleg fjell- og støls-landskap, utan merka stiar og særleg med tilretteleggjing. Dessutan er dette den vakraste delen av Stølsheimen, med lite ferdsel, straks dei merka stiane og moltemyrane er passert. Det går fint an å gå på ski om vinteren her inne óg, og frå høgste fjellryggen er det berre å strekkja armane mot Jotunheimen der inne, om det er viktig. Ein triveleg kar i Vik i Sogn, som eg kjenner litt til, har stølen ved Vaskevatnet som sitt fjellparadis i Stølsheimen. Sjå bilete på hans profesjonelle nettside: http://www.vikjavev.com , ved Torstein Hønsi på Voll(-bakken) i Vik. Helsing Stuttjukken.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.