Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Stuttjukken

  1. Valdres er eit svært triveleg stykke Austland. Øverst i dalføret mot vest, er landskapet dramatisk, fullt på høgde med Vestlandet. Eg tenkjer på Vangsmjøsi. Så er det så herleg med å dra over Tyin ut på vinteren, med snø- og is-dekt vatn, vakkert dandert med eit galleri av Jotuntindar i bakgrunnen. Elles finn ein perler som Slettefjellet og Bygdin, og det er mange andre vakre stader i Valdres.

    Helsing Stuttjukken.

  2. For å svare på det, YES, skal ein vera klar over at einkvar menneskeleg aktivitet verkar forstyrrande på dyre-livet. Når me set foten ned på golvet eller på marka, dreper me milliardar av mikroskopiske dyr. Og for å vera litt meir relevante, er det klart at der eg går ute i terrenget, flyg fuglane ut av krattet, spring hjorten lenger inn i skogen, hoppar haren unna, flyr rypene unna maten dei et på, m.m. Slik sett kan ein eigentleg slå fast at menneskeheita ikkje har noko på jorda og gjera, sidan den forstyrrar dyrelivet. Og når det er slik, kor mykje meir forstyrrande vil ikkje snøscooteren vera, det motoriserte og menneskeskapte framandelementet den er i norsk natur. Og når det er sagt, er det ikkje betre med anleggsvegane innover i skog og fjell. Skilnaden er at det ikkje er forbod mot å køyra bil på opne anleggsvegar, men det er ikkje betre for det. Jau, eg køyrer på slike vegar, men nokre av turane mine legg eg opp slik at eg ikkje treng køyra bilen inn i fjellet. Ei bevisst avsporing, dette. (Det er ein god gammal tråd på forumet der stikkordet er "Dobbeltmoral").

    Helsing Stuttjukken.

  3. Kor fritt ein kan bruka snøscooter innover i fjellet, er det visst lokale variasjonar på rundt om i landet. Dette er friast i nord, der det er store vidder og nær folketomme område (utanfor vegar og bebygde område). Eg ser eit klart skilje på fritidskøyring og nyttekøyring. Fritidskøyringa må ein vera restrektiv i mot, og det må forbli forbode i mange norske fjellområde. Nyttekøyringa må sjølvsagt kunna utførast på dispensasjon, men ikkje i uavgrensa omfang. Det er iallfall slik at snøscooterstøy verkar inn på både dyre- og fugle-livet, og det forstyrrar for folk på ein vanleg skitur. Det bør ein ikkje tvila på. I fjellområda der eg ferdast (mellom Hardanger og Sogn) skal det kun vera nyttekøyring, men det er likevel ein del fritidskøyring som burde ha vore unngått.

    Helsing Stuttjukken.

  4. Jøye meg som denne tråden har rast. Dette må ha vore den heftigaste tråden i Fjellforum sin historie, (iallfall etter at eg registrerte meg i mai i fjor, 2005). Eg ser at tråden skaut fart etter at Dagbladet kom ut i går, med ein artikkel "basert på" (??) denne tråden på Fjellforum, etter at artikkelen er skriven ut frå lause argument frå denne tråden, utan eigentleg samanheng med det tråden eigentleg handlar, dvs. nok eit forvrengt tema. Det er tydeleg at mange "troll" i internett-verda har hoppa på dette, meld seg inn som brukarar, for å diskutera "så fillene fyk" om dette med innvandrarar, muslimar, samar, m.m., .............og eg orka ikkje å lesa heile denne tråden. Ingen tvil om at Fjellforum her opplevde eit åtak frå profesjonelle "spammarar", dei fleste med absolutt null fjellinteresse, men som berre er ute etter å spamma ut sine meiningar over nettet, i ei sak dei er engasjert i. Denne gongen var det Fjellforum som vart offer for åtak av denne typen.

    Så langt har eg unngått å skriva på denne tråden. For å uttrykkja MI meining om innvandrarar i fjellet, er dei for meg velkomen til å gå i den norske fjellheimen. Meir vil eg ikkje sei om den saken, men eg har ingen dårlege røynsler med innvandrarar i fjellet for min del. Allemannsretten etter gjeldande reglar gjeld for alle norske statsborgarar, og for alle som er på norsk jord, både innvandrarar og turistar.

    Helsing Stuttjukken.

  5. Eg har aldri drive med jakt før, men no vurderer eg det. Skytetreninga er eg såvidt i gong med, men jegarprøven kjem seinare, kanskje neste år. Det er betre å finna ut om dette er noko for meg, før eg går vidare med den saken.

    Helsing Stuttjukken.

  6. Mykje av Finnmark er prega av viddelandskapet, både med og utan skog. Kyst- og fjord-strøka i Vest-Finnmark har ein del fjellandskap. Sjølv om dette er langt nord er det lite av brear i Finnmark, rett og slett pga. at det er eit heller lågtliggjande fylke, med det meste under 6-700 m.o.h. Brear finn de hovudsakleg på Øksfjordhalvøya mot Troms grense (Øksfjordjøkulen), og på den store øya Seiland like ved Hammerfest (Seilandsjøkulen og Nordmannsjøkulen, sistnemnde Norges nordlegaste bre før Svalbard). Den største landområdet inngår i den vide og breie Finnmarksvidda, men det finns grupper av cohkker og gaisser både her og der på vidda. Hammerfest er såpass langt vest i Finnmark, at de har dei høgaste fjellområda i Finnmark innanfor rekkjevidde. Avstander har ein annan tyding der nord, så ein Finnmarking meiner nok at Øksfjord ikkje er langt unna, men ver førebudd på at det er snakk om mange mil, sjølv på korte turar. Vekependlarar som jobbar i Hammerfest køyrer gjerne heim til t.d. Båtsfjord i Aust-Finnmark i helgane, dvs ein liten (??) tur på litt over 50 mil kvar veg. Dette venner en seg til.

    Turtips i nærleiken av Hammerfest: Stabbursdalen med verdas nordlegaste furuskog og god fiskeelv. Aude område med lange strekk å gå, men fungerer óg som helgatur (om ein held seg i nærleiken av E 6 i Porsanger). Tek de turen til Magerøya (med Nordkapp), er det fine turar til dei snaue og opne småfjella med utsyn rett ut i Nordishavet. Turen til Knivskjellodden har eg gått sjølv, og den kan eg tilrå. I dag er det litt tilrettelagt med stiar i området. Då eg var der (1989) var det framleis få som vandra der ute, og reinen beita uforstyrra der ute like ved der eg gjekk. Sjå turskildring under "Turområde - Finnmark". Knivskjellodden er det nordlegaste punktet i Norge før Bjørnøya. Er vêret fint og havskodda er borte, er det flott å ta turen fram til kantane og sjå havet piska friskt mot klippekysten rett under beina på ein.

    Ha det fint i Finnmark, og nytt høvet til turar i eit interessant område i nord.

    Helsing Stuttjukken.

  7. Eg er ikkje det minste overraska over den høge temperaturen på Jan Mayen. Det er mange grunnar til dette, men der og då det skjer, dreier det seg om meteorologi. Det er ein kombinasjon av luftstraumar, vindretning og havtemperatur, (og topografiske frohold som resulterer i føhneffekt), som er grunnen til temperaturen der og då. Nord-Norge er inne i sin kanskje mest regn!-fulle vinter nokosinne, og det er berre litt sidan at det var 7-8 varmegrader i Karásjok. Svalbard har truleg ikkje hatt ein vinter med så mange regndagar som no, etter at folk fann sjøvegen til Svalbard. Varmlufta trekkjer nok heilt opp mot Nordpolen, og det har truleg vore varmegrader der óg nokre gonger i vinter, men det er det ingen som kan fortelja oss. Hugsar de at Vest-Grønland sette varmerekord på heilårsbasis i fjor, og dette skjedde i februar, trur eg det var. Temperaturen som var oppgjeve i media var 16-17 varmegrader. Etter seiande hadde ikkje temperaturen vore så høg på dei "varmaste" sommardagane ein gong der borte.

    Russland/Sibir og Europa frå Finland/Danmark/England og sørover har "tidenes" (ingen hugsar lenger enn frå 12 til middag likevel) kuldevinter denne vinteren. Kraftige og kalde høgtrykk i aust hindrar ikkje fenomenet "sønnavind og vatn" i Nord-Atlanteren og langs Norskekysten, men er derimot ein medverkande grunn til den varme vinteren i polare havstrøk, truleg heilt til Polpunktet (og nedover på andre sida??). Sidan høgtrykka og luftstraumane opptrer slik dei gjer, er dei polare havområda dømt til å få skylt over seg dei varme vindane om vinteren. Dessutan vert varmeperioden denne vinteren meir langvarig enn tidlegare. Dermed held havtemperaturen seg høg, og det resulterer i endå varmare vintrar, og dermed er sirkelen i gong, og dette aksellerer fortare enn tidlegare. Gjennom historien vil dette uansett svinga att og fram over lange tidsrom. For dei næraste generasjonane del nokre århundre framover, er det berre å innsjå at snøvintrane er midlertidig historie. Sist snøvinter på Vestlandskysten var i 1994. Mykje tyder på at det var den siste i denne omgong, (og det KAN gå nokre 1000 år til det skjer neste gong). Vonar at fjellet får halda på snøen, men kraftige reduksjonar på det må ein rekna med, dessverre.

    Men i dag er det nokre få kuldegrader i Arna og omkring 0 grader i Bergen, og det er under normalen i området på 1,1 varmegrad.

    Helsing Stuttjukken.

  8. No vart freistinga for stor, så eg prøver nokre ikkje-kvalifiserte gjetningar her. Eg kjem ikkje med nokre toppnamn, men no skal eg heilt på jordet, og vera der. Tindelandskapet har eg lyst til å tippa at det høyrer heime i Lyngfjellan eller Lofoten, og brebiletet tippar eg til Okstindbreen.

    Helsing Stuttjukken.

  9. Gondol til Dyrhaugsryggen, og vidare i luftspenn i ulike retningar til alle tindane i Hurrungane, og så vidare bort på Fannaråki, og så vidare til.......til.......til.......Galdhøpiggen...........Glittertind...........og avslutning på Gjendesheim. Det er ikkje grenser for fantasien, og det er ikkje grenser for mangelen på fornuft heller, når det ber til stykket. (Heldigvis er det ikkje så ville planar i Jotunheimen endå).

    Helsing Stuttjukken.

  10. Eg kan ikkje heilt sjå for meg kva nytte ein gondol i Juvass - Galdhøe-området skulle ha. Folk som dreg til dette området, og køyrer opp til Juvasshytta skal truleg gjera følgjande: Anten skal dei gå over breen til Galdhøpiggen, eller/og skal dei bruka sommarskitrekket der oppe. Det kan kanskje verka fint å driva gjennom lufta i gondol i slikt fjellandskap, men folk som dreg til dette området har heilt andre formål. Skulle dette bera seg økonomisk må trafikken inn her verta så stor at trafikken på E 6 bryt saman, og at det vert så mange bilar i området at dei står i lange rekkjer frå Juvass til Lom og Sognefjellet, for å uttrykkja det slik.

    Dessutan har ikkje slike inngrep inn i og inn mot Jotunheimen Nasjonalpark noko der og gjera. Det får greia seg med det som er der, med veg til Juvass, hytte (med tradisjonar frå truleg lenge før bilvegen kom), og sommarskisenteret der. At Juvass er den høgaste staden ein kan koma med bil i Norge, og at ein kan gå derifrå til Norges høgaste fjell, burde vera attraksjon nok i dette området, også for framtida.

    Helsing Stuttjukken.

  11. Arnt Flatmo skal ikkje gå og tru at han "vert hata i Hordaland" fordi han flytta til Ålebyen. Me trur no at han stikk innom hordalandske fjell ein og annan gong seinare óg. Så er det no så mange flotte fjell i områda der han er hamna no. Han har no det mest monumentale og fantastiske fjellområdet i Sør-Norge i nærleiken no. Eg har budd bort i Vøldinje eit år, og kan tipsa Arnt om nokre for han svært enkle turmål der hordalendingar har vore før han. (Arnt er opprinneleg nord frå).

    Få med deg desse toppane, Arnt:

    Volda/Ørsta: Melshornet, Rotsethornet, Koppefjellet.

    Folkestad: Sandhornet (Blåfjellet).

    Lauvstad: Skåla.

    Innerdalen på Nordmøre: Reindalskamman (beste panoramautsyn rett over dalen mot kjende storleikar som Innerdalstårnet, Skardfjell, m.fl.

    Vellesæterdalen i Sykkulven. (Eg skriv Sykkulven (og det same med Synnulven) eg óg, Arnt, men mange sunnmøringar uttalar namnet med 2 y-ar, så her er det delte meiningar, og det får me godta).

    Standalseidet: Noklane. (Men hugs no Kolåstinden óg).

    Får de bilete frå desse fjella, vert eg spent på om eg kjenner meg att der inne.

    Helsing Stuttjukken.

  12. Edellauvskogane er på frammarsj her til lands, i tilsvarande takt med at skoggrensa er på tur høgare opp i høgda. Lune fjordstrøk i Rogaland og Sunnhordland har varmekjære skogar med kristtorn og eføy/bergflette. Det eksotiske med denne variasjonen kan ein oppleva t.d. i Kvinnherad. Ned mot fjorden ved t.d. Rosendal finn ein beltet med varmekjære treslag, og på fjellet over/innover ligg Folgefonna med si store og kvite kappe. Turen opp og ned må nok vera eit botanisk eventyr med ekstra mange omskifte.

    For å illustrera kor fort denne utviklinga har gått, nemner eg at det i 1970-åra ikkje fanns lønn der eg er i frå. No er lønn komen i stort antal som unge tre. I fjellet i nærleiken har fjellskogen tetta seg til og har krope 50-100 meter oppover på ca. 50 år.

    Helsing Stuttjukken.

  13. Planlegg ingenting no, for ingenting er betre enn turane ein går på impuls. Slik har det seg at ein får gått til mange ulike turmål i løpet av ein tursesong. Det eg veit er at det vert turar til nye stader mellom Hardanger og Sogn.

    Helsing Stuttjukken.

  14. For min del er det lenge sidan eg har brukt sovepose no, og den eg har har eg nok vakse ut av for lenge sidan. Eit tips som ikkje eignar seg til teltliv, men som er eit lett alternativ ved overnatting på hytter. Også lakenposane er for små, så eg brukar eit dynetrekk som eg sprettar opp i sida. Dermed er det berre å leggja seg inn i dette, og trekkja dyna som høyrer til senga over deg. Difor har det ikkje vorte noko ny sovepose på meg endå, og eg veit dermed ikkje om det finns store nok soveposar for slike kraftkarar som oss, andersdupp, der eg sjølv er 175 cm. og varierer mellom 122-132 kg. Vonar at dette er til hjelp på fjellturar der de overnattar på hytter, for dette har eg god røynsle med.

    Helsing Stuttjukken.

  15. Sjølv om reglane er dei same, verkar det som at det går greitt å ha hunden med på turar i Stølsheimen og Vossefjella i vest. Hundane skal vera ute der óg, men det er greitt og finna ein stad og plassera hunden ved hyttene. Sjølv har eg ikkje hund, men eg møter mange med hundar på hytte-til-hytte-tur i Stølsheimen. PS, ingen hytter er betente.

    Helsing Stuttjukken.

  16. Hugsar Koppefjellet. Utpå våren i 1988 tok to studiner og meg beina fatt frå Vøldinje, og rusla forbi Rotevatnet og inn i Vassbotn. Så gjekk turen opp til Koppefjellet og ned att via nokre støylar og utover i retning Rosethornet og ned eit dalsøkk til Rotevatnet og retur til Volda.

    Flott tur ein solvarm vårdag. På Snøhornet i aust var det framleis råd å gå på ski, då.

    Helsing Stuttjukken.

  17. Ha kartet over Bymarka i Trondheim klart.

    Sjekk desse trådane og samanfatt med kartet, og de finn ruter for skiturar utanfor dei store folkestraumane. Ver førebudd på å vera utanfor løypene sånn litt innimelleom, men det må til om ein skal koma utanfor sildastimen..........

    https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=454

    https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=3616

    Elles finn de fleire trådar under "Trondheim og omegn" eit stykke nede på framsida av forumet.

    Helsing Stuttjukken.

  18. Eg kjenner ikkje til at Jesus har vore på Sinaifjellet, men Moses var der ein gong og fekk med seg dei ti boda ned att. Eg trur at Jesus var på Karmelfjellet ein gong ifølgje skriftene. Det vart visst nokre fjellturar på han óg, men det er nok berre eit fåtal som er omtala i skriftene.

    Helsing Stuttjukken.

  19. Har vore borte ei stund. Agnar nemnte noko om Kvitavassdalen. Den dalen ser de borte mellom fjella i høgre del av biletet. Skålbotsnovi er synleg litt til høgre for midten av biletet. Stølsdalen er rett svar når det gjeld dalen, men kor er Kvitaskardet? Kva heiter dei to toppane frå midten mot høgre, sjå innlegget lenger oppe på sida? Der er linken óg.

    Helsing Stuttjukken.

  20. Har visst hendt mykje her sidan eg var her sist. FU sitt bilete er så klart frå Skjellinganosi, Arnt. Det første biletet er truleg teke frå Urdeggi ovanfor Framfjord-dalføret, og det andre er teke frå Bjergane/Gravset/Kvilesteinsdemninga eller noko.

    Skjellinganosi finn de her:

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/c/pages/Skjellinganosi-1.htm

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/c/pages/Skjellinganosi-2.htm

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/c/pages/Askjellsdalsleitet-1.htm

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/c/pages/Raudberget-2.htm

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/c/pages/Hundeggi-1.htm

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/b/pages/Hestfjellet-1.htm

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/b/pages/Rosete-1.htm (venstre).

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/b/pages/Vardeheii-1.htm (bak til høgre).

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/b/pages/Vatnane-8.htm

    Rett under Skjellinganosi ligg den flotte stølen Bjergane:

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/c/pages/Bjergane-1.htm

    -----------------------------------------------------------------------------------------------------

    Eg legg inn eit nytt bilete her:

    http://www.stoelsheimen.no/galleri/Modalen/b/pages/Kvitaskardet-1.htm

    Kor ligg Kvitaskardet, (namnet står ikkje på noko kart)?

    Kva heiter dalen som er delvis gøymt i regnvêret?

    Kva heiter fjellet så vidt til høgre for midten (det mørke fjellet som er nære), + høgde?

    Kva heiter fjellet til høgre, + høgde?

    Helsing Stuttjukken.

  21. Då tek me turen bort i nabobygda, Arnt. I indre Masfjorden nord i Hordaland passerer E 39 kraftbygda Matre, (på vegen Bergen - Førde). Fjellet de har bilete av tek seg endå flottare ut når de køyrer gamlevegen langs Matrefjorden, rett innanfor Trysdalstunnelen. De står ein stad ved vegen så vidt inn i Matresdalen, der fjellet reiser seg som eit slott, difor namnet Matreslottet/Slottet, 622 m.o.h. Fjellet ligg nord for vegen mellom Matre og Bjordal i Sogn (vegen over Stordalen), 1-2 km. frå Matre. Skogsvegen i biletet går eit stykke oppover mot Kvernhusdalen til venstre. Oppover der er det ein god og gammal stølsveg med fine murar, der den svingar seg oppover frodig skog med mykje hassel og nøtter. (Skulle kanskje køyrt inn der og plukka nøtter i skogen der, no som nøttene er modne). Stølsvegen går oppover til Store-Matresætret. Området her byr på ein flott stølstur med fleire stølar innan rekkjevidde. Sjølv gjekk eg runden der ein oktoberdag med eit dryss av nysnø på 1990-talet. Gjekk då følgjande rute: Matresdalen - Kvernhusdalen - Store-Matresætret - Trodalssætret - Langavatnet - Nordgilsbotnen (høyrer til Haugsvær ved E 39 nord for Matre) - Ådneburen - Hopsstølen - sørover på austsida av Nordgilet til Hyttemarki - Fossen gard ved vegen Matre - Stordalen - Bjordal, rett ovanfor svingane ved Brydalsfossen. Eit turtips (til fots) i Masfjorden, når de er på dei kantar.

    Helsing Stuttjukken.

  22. Før var heimesida di heilt perfekt. No finns det ikkje ord for kor god heimesida di er, og eg veit at den vert berre betre og betre. Jau, og skituren din som de nett har lagt ut med kvite tindar minnar meg om stemningane eg hadde på turen over Standalseidet ein desemberdag i 1998. Då stod eg og betrakta tinderekkja mellom Hundeidvikja og Trandalen leeeenge i skiftande desemberlys.

    Helsing Stuttjukken.

  23. Vil de ha med den lokale uttalen og skrivemåten til stadsnamna i Hurrungane, så kan de kontakta Svein Arvid Skagen i Fortun, Luster kommune i Sogn og Fjordane, (så klarar de å søkja etter telefonnummeret). Etternamnet er rett, for det er Skagen, og det er garden som er rota til namnet Store Skagastølstind. Der Svein Arvid Skagen ikkje kan fortelja om namn, kan han føra deg vidare til andre lokale folk i området. Elles kan de sjå i boka til Julia og Morten Helgesen (som driftar dette forumet), som har nyleg kome ut med boka som omtalar alle toppane på det norske fastlandet som er frå 2000 m.o.h. og oppover. Mange av desse toppane er i Hurrungane.

    Lukka til med namneprosjektet.

    Helsing Stuttjukken.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.