Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Innlegg skrevet av Stuttjukken

  1. Interessante opplysningar, larsl, og flott med eit bilete frå svensk side. I nord heng fjellet saman, sjølv om riksgrensa går rett gjennom fjellområda. Sjølv har eg budd i Vesterålen nord i Nordland nokre år, og hugsar kor flotte fjell ein kunne sjå inn mot frå toget mellom Narvik og Kiruna, med Tornetræsk og Lapp-porten, nord for Kebnekaise-fjellan. Sarek er dermed litt lenger sør, ikkje langt frå på linje med Bodø.

    Helsing Stuttjukken.

  2. Først må ein ta stilling til om ein skal leiga ut til ein fast leigar, eller om ein skal starta med turisme. Kor hen i Nord-Gudbrandsdalen er dette (Dovre, Lesja)? Startar ein med turisme, bør ein kunna tilby både vekesleige og enkeltovernattingar. Dette kan de finna ut om med å kontakta Norsk Bygdeturisme og Gardsmat ( http://www.nbg-nett.no ), samt det lokale reiselivslaget ditt. Gardsturisme kan vera eit tips, om det er interessant. Veljer de åremål, bør de venda dykk til næringslivet, firma, m.m., om de har god plass. Det er mange ting å setja dykk inn i her. Praktiske løysingar og støtteordningar skal de kunna få informasjon om frå kommunen og landbruksavdelinga på fylkesplan. Avtal gjerne eitmøte med aktuelle instansar.

    Dette er interessant, og det er verd å prøva ut og gripa fatt i dette. Forvent ikkje gull og grøne skogar, så er det lettare å halda fokus på det ein driv med.

    Helsing Stuttjukken.

  3. Sjølv om snøskuterkøyring er meir lovleg i Sverige, verkar ikkje denne aktiviteten mindre negativt på dyrelivet og det enkle friluftslivet i Sverige enn i Norge for det, eller same kor på kloden det vert køyrt snøskuter for den del. No forundrar det ikkje at dette vert brukt som argument FOR snøskuterkøyring i Norge, men eg stiller heller spørsmålet om snøskuteren i det heile burde vore oppfunne (eller motoren for den saks skuld, for å setja det på spissen), tross nytteverdien av reiskapen, for når ein kjenner det negative med snøskuterbruk i utmark, har iallfall eg grunn til å spørja om snøskuteren skulle ha eksistert. Det er kun i vår tid at dette har eksistert, og menneskeheita overlevde likevel før dei fann opp snøskuteren.

    Helsing Stuttjukken.

  4. Beitostølen har vel som namnet seier vore (og er) ein støl frå gammalt av, truleg ein stor støl óg. Beitogardane ligg like nedanfor mot vatnet i dalbotnen, og dei som har vore over Slettefjellsvegen har nok vore forbi Beito óg. Beitostølen låg nok ved ein av dei gamle ferdselsårene for hest og kløv, kan eg tenkja meg, for folk trekte vel over mot Bygdin og over flye til Heidal eller Vågå før i tida óg. Så vart bilvegen bygd, og då anar det meg at nokon såg Beitostølen som ein stad som dei kunne utvikla til eit solid vinterdestinasjon, for å uttrykkja det slik. Og for å visa til ein annan tråd her inne (hugsar ikkje tittelen, men det dreide seg om eit NRK-program i haust), skjer det ein liknande utvikling øvst i Myrkdalen ved Voss óg no, og dette kan på sikt verta like stort som Beitostølen, med gateparti, hotell og kjøpesentre. Tida vil visa det. Geilo er opprinneleg ei fjellbygd, der gardsdrifta har vore bærebjelken til nær vår tid, og no er det visst turismen (mest vinter) som pregar Geilobygda mest.

    Helsing Stuttjukken.

  5. Godt det gjekk bra med deg, Kjiver. Sjølv om ein gjer alt rett så langt det let seg gjera, kan dette likevel skje. Sjølv har eg opplevd for ein del år sidan å ramla fleire meter utfor eit stup, men merkeleg nok skada eg meg ikkje. Kva som skjedde har eg aldri forstått, men eg vel og ikkje vita det. Dette har ikkje skjedd fleire gonger.

    Helsing Stuttjukken.

  6. No veit ikkje eg kor El Gringo sitt bilete er i frå. men byggjeskikken synest eg høyrer heime i Hallingdalen og Hemsedalen. Fjellandskapet i bakgrunnen minnar om omkring oppstigningen mot Hemsedalsfjellet (frå Hemsedalssida). Så står det no att og sjå om dette er langt unna.

    Helsing Stuttjukken.

  7. No veit eg ikkje kor mykje stein det er på ruta di i Jotunheimen. I Stølsheimen lenger vest kan ein på ein måte dela området i to. I aust (Vikjafjellet - Åsedalen) er fjellet kalkrikt, med mykje grasmarker i fjellet og komfortable stiar mykje av ruta. Lenger vest (Åsedalen - Solrenningen - Norddalen - Ortnevik) er fjellet kalkfattig, med mykje myr i skogkledde fjelldalar, og mykje snaue og nake berg i høgfjellet, samt eit komfortabelt grasbelte mellom tregrensa og snaufjellet. Vestover er det myr-strekningar der støvlar er det rette fottøyet, især i regnvêrsperiodar. Når det er sagt, kan ein nestan alltid bruka vanlege fjellstøvlar, men rekna med noko myr innimellom.

    Sjå på tråden som heiter "Stølsheimen", og på mi uferdige heimeside finn de nokre bilete frå Stølsheimen ( http://www.stoelsheimen.no ). Kanskje finn de stader som de vil sjå i Stølsheimen. Når det er sagt, er forholda for å springa best aust i Stølsheimen.

    Helsing Stuttjukken.

  8. Eg såg Trollvasstinden var nemnt. Sandhornet/Blåfjellet lenger nord mot Folkestad er rett nok ingen alpin utfordring, men den har ein herleg sørvendt nedkøyring til Dalsdalen, den óg. Rett mot den sterke vårsola er den heilt nydeleg. Dessutan er turen såpass grei og kort at den kan utførast no, føresett at det er nok snø. Dessutan er det fleire fine fjellsider på vestsida av Dalsfjorden å prøva seg på óg, t.d. omkring Lauvstad. Området er mildare enn Sunnmørsalpane og ikkje like høgt heller (800-1100 m.o.h.). men er likevel verd eit besøk eller fleire.

    Helsinf Stuttjukken.

  9. Det stemmer at Stølsheimen er ein mellomting av Hardangervidda og alpine fjellområde som Sunnmørsalpane, Lofoten, m.m. Det er mykje opp og ned i delar av Stølsheimen, ikkje minst i nord mot Sognefjorden, som elles er det flottaste området i Stølsheimen. Uansett, Stølsheimen er fri for tindar, så alle toppar flatar ut.

    Voss er eit greitt utgangspunkt, det, men skal de tilbake til Voss etter kun 5 dagar, vert det ikkje mykje av turen i Stølsheimen. Avslutt turen anten lenger nord (Sognefjorden eller Vikjafjellet , buss eller båt til Bergen), eller i vest (Eksingedalen eller Modalen, buss til Dale eller Knarvik/Bergen).

    Frå Voss startar de på ein av 2 måtar. Anten tek de Hangursbanen opp og går på ski derifrå, eller så tek de dykk opp via skianlegget i Bavallen mot Tråstølen og Horgalettheisen. Valet er fritt om de vil ta heis og trekk, eller gå på ski frå Bavallen. Ovanfor skianlegget er det berre å rusla vidare, men følg ikkje sommarruta gjennom fjellsida i Vådalen pga. rasfare. Vinterruta går over toppen av Lønahorgi, 1412 m.o.h., og på veg opp er det berre å følgja scuterløypa opp, der de ser ei solid rekkje med høge jernstakar. Frå toppen har de eit praktfullt og vidt utsyn, like inn i Jotunheimen og Hardangervidda. Lønahorgi har TV-anlegg med stor TV-mast, så slepp de å lura på kva som er der oppe. Lyset frå masten er så skarpt i nattemørket at det kan kasta skugge over 4 mil unna i luftlinje. Etter Lønahorgi trekkjer de nordover og ned i Horgadalen innanfor Vidvangane (lokal vidde med mange vatn). Dermed er det berre å trekkja ned mot Tvinnestølen (ubetent) eller Volahytta (sjølvbetent), i same område.

    Dagen etter trekkjer de nordover Borgadalen og over til Torvedalen (sjølvbetent), og er vêret strålande, bør de gå via Kvitanosi, 1433 m.o.h., høgste toppen i Stølsheimen. Så er turen komen til å trekkja inn i sentrale delar av Stølsheimen. Trekk over i Grøndalen og over Hundeggi til Selhamar (sjølvbetent), såvidt over i Sogn. Så er det vidare forbi Raudberget og Rappavatnet og kanskje Geitedalen eller over fjellet til Åsedalen (sjølvbetent).

    Siste dagen har de 4 moglegheiter.

    -Mot aust kan de gå over til Rappen, og vidare mot Bjergane og over til Vikjafjellsvegen ved Skjellingavatnet (buss til Voss/Bergen eller Vik/Sogndal).

    -Mot sørvest kan de trekkja over mot Holskardvatnet, Skjerjavatnet, og ned dalføret til Trefall i Eksingedalen, evt. ut Skjerjavatnet og ned Fagerdalen til Lavik i Eksingedalen, buss til Dale, eller Knarvik/Bergen. Turen til Lavik er svært lang, men det er kortare til Trefall, men ver obs dei regulerte vatna. Isen er tryggast når våren er på veg i låglandet, før vårløysinga i fjellet.

    -Mot vest kan de gå ned dalføret til Stølsvatnet (regulert), og trekkja ned til Steinsland i Modalen, alternativt via Solrenningen (sjølvbetent) om de har dag nr. 6 til rådigheit og til Steinsland derifrå. Buss frå Straume (7-8 km. frå Steinsland) til Dale eller Knarvik/Bergen. (Overnatting mogleg på Straume).

    -Mot nord kan de gå, når det er så seint på vinteren at snøen er tint nedanfrå og heilt opp til øvst i fjellskogen. Det er ein fin tur å trekkja over Hestfjellet og koma seg ned til Indrefjord/Arnafjord, vest for Vik i Sogn. Har de nok ein 6. dag, bør de gå via Vatnane (ubetent), og ned til Arnafjord derifrå. Forsikra dykk om at de kan gå til fots ned dei bratte Sognaliane og bera skiene, før de prøver på det. Kan de det, er dette den finaste avslutningen på ein skitur i Stølsheimen. Buss frå Arnafjord til Vik, og båt eller buss til Bergen.

    Kortar de ned turen av ulike grunnar, er det greitt å ta ut frå Torvedalen eller Selhamar, og gå mot Vikjafjellet, Vossestrand (Engjaland/Myrkdalen), eller til Gullbrå i Eksingedalen. Vonar litt av dette kan setja deg på sporet. God skitur i Stølsheimen. (Mine favorittar er elles Vikjafjellet - Selhamar - Åsedalen - Steinsland, og Straume i Modalen - Vardadalsbu - Norddalen - Ortnevik, så kan de sjekka ut desse rutene óg på kartet).

    Helsing Stuttjukken.

  10. Fjellområda i Iran og Pakistan er ikkje til å kimsa av, og nordaust i Pakistan når toppane oppi godt over 7000 m.o.h. (ikkje "langt" frå K2, 8611 m.o.h.), og Iran sine høgaste er ikkje langt under det. Det er iallfall kalde og snørike fjellområde i dei landa, men dette er óg så langt sør at når sola er høgt på himmelen gjennom vårdagane, kjem heten fort og det vert fort skikkeleg varme sommardagar der. Vel, over 4-5000 m.o.h. er det vel kaldt heile sommaren med............

    Helsing Stuttjukken.

  11. Vest i Stølsheimen? Har høyrt at det er omkring 1 meter i Dyrkolbotnen (Lindås kommune) no. Det er eigentleg lite snø i Stølsheimen så langt, men det er godt råd å gå på ski no. Kva med å ta ut frå Stordalen ovanfor Matre? Det er vanlegvis brøytt mellom Matre og Stordalen, (og vinterstengd vidare til Førde/Bjordal i Sogn). Elles har det kome ein del snø i fjellet i det siste, mest vest i Stølsheimen. Nett no er det regn og sludd i låglandet her vest (nærare Bergen), så då snøar det nok godt der inne.

    Aktuelle startpunkt for skiturar vest i Stølsheimen no er Dyrkolbotnen, Stordalen, Nedre Helland i Modalen (lite snø nedst på anleggsvegen) og Steinsland i Modalen (snø på anleggsvegen til Stølsvatnet). Steinsland er meir å betrakta som mot midten av Stølsheimen, eigentleg. God tur, men de treng godt vêr i det voldsomt kupperte fjellet vest i Stølsheimen.

    Helsing Stuttjukken.

  12. De får ikkje namn på minst 4 fjell av meg, sidan eg ikkje har 1:50000-kartet for området. Eg tippar på Naustådalsætre mot Skjerdingsfjellet og Snøfjellet.

    Helsing Stuttjukken, som har vore i Innerdalen og Renndalen.

  13. Bruk tida framover til å finna ut kvar de ynskjer å gå i Stølsheimen, og det er berre å spørja, det. Frå der eg er ifrå (Straume i Modalen), plar eg rekna 2,5 timar til Førde + ventetid på Oppedal (Lavik andre vegen). Det er jo berre ein snartur over i nabodistriktet, dette. Vil de fiska vest i Stølsheimen, bør de tenkja dykk endå lenger mot vest, nemleg i områda omkring vegen Matre i Masfjorden - Stordalen - Nystølen - Årsdalen - Førde/Hest/Osland/Bjordal, med sideveg til Stølsvatnet i Ikjefjordfjella. (OBS, forveksla ikkje Stølsvatnet i Ikjefjordfjella med Stølsvatnet ovanfor Modalen). Uansett, Solrenningsvatnet og Stølsvatnet i Modalen er normalt sett eit godt val for fiskarar, og Halsetvatnet og Holskardvatnet er innan rekkjevidde, iallfall om de teltar i Berdalen (dalføret mot Åsedalen/Aosdalen ovanfor Stølsvatnet, då er alle desse vatna omkring dykk. Holskardvatnet er ikkje så langt unna Selhamar heller, der de har vore, så slik finn de samanhengane i Stølsheimen, og vert dermed betre kjend i fjellområdet der.

    Eit tips til, for dei som er ute etter noko spesielt, sjølv om ikkje dei fiskerikaste vatna er der. Nord for Åsedalen finn de Vatnane på Fagerdalshalvøi, mellom Arnafjorden og Finnafjorden. Det er fisk i Vatnavatni, men det finns vatn med meir fisk enn dette for å sei det slik. Vatnane nemner eg pga. at dette er det vakraste og mest dramatiske delen av Stølsheimen, med utsynet ned i Finnafjorden, Finden og Finnabotn som det mest praktfulle. Dessutan er Vatnane innan rekkjevidde frå både Åsedalen og Solrenningen. Det er overnatting på Vatnane óg. Elles er Vatnane min favorittstad i Stølsheimen.

    Helsing Stuttjukken.

  14. Fiskekartet kan de få tak i ved å kontakta Modalen kommune, tlf.: 56 59 90 00. Spør etter kulturkontoret, folkebiblioteket, evt. teknisk etat. Det viktigaste i første omgong er at de får nokon i tale, som kan setja deg over til rette vedkomande eller fortelja deg det som trengs.

    Vestre delen av Stølsheimen, mellom Masfjorden i vest og Modalen i aust, er eit næringsfattig fjellområde med mest snaue berg og lite vegetasjon. Med unnatak av lågtliggjande vatn godt under tregrensa, er det lite fisk i fjellvatna i det området. Over 900-1000 m.o.h. er vatna fisketomme. I dei store vatna i området, 700-850 m.o.h., finn det fisk, men antalet er lite med få og vonleg litt stor fisk. Kontakt Hallgeir Neset (Elbers Service - Fiskeutstyr) i Modalen. Han kan nok fortelja deg mykje om fisket i dette området, iallfall langt meir enn meg: Tlf.: 56 59 99 32.

    Er fisket føremålet med turen i området, bør de retta blikket litt lenger aust i Stølsheimen. Gode fiskevatn er Stølsvatnet, Solrenningsvatnet, Halsetvatnet, Holskardvatnet, Selhamarvatnet, Vassøyane, Skjerjavatnet (det store mellom Modalen og Eksingedalen, røyevatn), og fleire med. Vatna er greie å nå frå både Modalen og Eksingedalen.

    Er fisket litt mindre viktig, der poenget med turen er å opphalda seg ved Skavlabu og Vardadalsbu, er dette eit spanande fjellområde, men det er temmeleg snaue område høgast oppe. Følgjer de fjellryggen i aust, like vest for Steinslandsvatnet i Modalen (også eit fiskevatn), har de eit så vidt utsyn som de knapt kunna drøyma om frå toppar på berre omkring 1200 m.o.h., med utsyn mot Sunnhordland og Nordfjord samstundes, samt kysten, mange brear og inn mot Vest-Jotunheimen, sjølvsagt kun på dei klaraste dagane i Norges nest våtaste fjellområde, (kun slått av Ålfotbreen når det gjeld nedbør). Stien Seljestigen frå Straume i Modalen til Vardadalsbu dekkjer denne ruta, overnatting mogleg i begge endar. Områda ved Skavlabu og nordover mot Vardadalsbu er godt rypejaktterreng. Nedre Helland plar leiga ut rypejakt, men slike aktivitetar høyrer hausten til.

    Lukke til med planleggjinga og god tur til heimefjella der eg er i frå.

    Helsing Stuttjukken.

  15. Kva med 3-4 dagar sørvest for Jotunheimen? Rv. 13 Vikjafjellet (Voss - Vik i Sogn) - Åsedalen - Solrenningen - (Norddalen) - Ortnevik ved Sognefjorden, med utsyn mot Vest-Jotunheimen (inkl. Fannaråki) frå fjellet rett før nedgangen til fjorden. Dette er nord i Stølsheimen.

    Helsing Stuttjukken.

  16. Berre hyggjeleg det. Høyr gjerne innom om eg er på tur ut ein stad utover sommaren og hausten. Mine framtidige turmål er oftast utanfor allfarveg, då eg har gått allfarvegane før........rusle, rusle........

    Hugs, gå ikkje opp til eller ned frå Hestfjellet i nordvest, før de veit kvar de skal gå. Første gongen eg var der, ringde eg til ein kjenning på Nese i Arnafjorden, og fekk ei god skildring på dette, og den held stikk.

    Helsing Stuttjukken.

  17. Ta turen innom den uferdige heimesida mi, der kun linkane som ikkje inneheld æ-ø-å verkar tilfredsstillande. Gå inn i biletarkivet og sjå om de finn nokre stader der som de har lyst til å oppleva på turen. Det er eigne linkar for Vik kommune der inne. No veit no ikkje eg korleis de tenkjer å kombinera både Stølsheimen og Hardangervidda på same tur med telt over kun 7-10 dagar, med start og avslutning i Vik/Vangsnes. Det er ikkje små fjellområde det er snakk om, men området er kløyvd av fjordarmar og djupe dalføre både i nord og sør. Dagsetappar på 20-30 km. er OK på Hardangervidda. I Stølsheimen er det mykje meir opp og ned, så stundom vil det vera meir enn nok med 10-15 km. for dagen i dei mest krevjande områda, sjølv for godt trente folk. Vel, eg veit om to karar som gjekk heile runden utan oppakning på 1-2 døgn utan overnatting, og med runden er det meint frå Masfjorden i vest, nord for Modalen og aust for Eksingedalen til Voss, på merka stiar frå hytte til hytte undervegs. Dei gjekk kun innom hyttene og skreiv seg inn, og gjekk vidare. For andre er dette ein 8-dagars tur med 7 hytteovernattingar. Vik er eit eineståande utgangspunkt for turar i Stølsheimen, og Fresvikhalvøya., og eg har starta og avslutta turar frå/til mange ulike destinasjonar i Vik kommune, frå Sylvarnes i vest til Fresvik i aust. Sist sommar tusla eg frå støl til støl i Vangsnesmarki, frå Fosse/Varpet (Vik) til Trona (Vangsnes).

    Mitt råd er at de tek båten "m/s Sylvarnes" frå Vik til Ortnevik ein ettermiddag (går må., on. og fr.), ruslar opp i Brydalen og overnattar der. Så trekkjer de over i Norddalen, held fram til Solrenningen, trekkjer mot nordaust og går over Urdeggi sør for Finnafjorden til Vatnane (med pause frå raude T-ar). (Startar de ikkje frå Ortnevik, kan de gå frå Nese i Arnafjorden og opp til Vatnane, god stølsveg). Bruk ein del av ein dag ute på halvøya mellom Finnafjorden og Arnafjorden, og opplev utsynet ned i fjordarmane der. Dette er (etter mi meining) det vakraste området i Stølsheimen. Hald fram mot Hestfjellet (PS., her må det treffa ein oppgang, og det kan de få via PM, om de treng det, ein stad ukjende ikkje har sjansen til å finna utan vidare), trekk austover mot Rappen og gå til Selhamar. Gå så mot sør og over i Grøndalen og Torvedalen, og rusla over i Myrkdalen på Strónde (Vossestrand). Så kan de rusla oppover til Årmot i Myrkdalen og rusla austover, kryssa oppheimsdalen og gå over i Brekkedalen, og kanskje Jordalen óg. Minkar det på tida, er det berre å rusla nordover Fresvik-Jordalen og gå over til Seljedalen i Vik, eller forbi Fresvikbreen til Fresvik, eller ned til Dyrdal ved Nærøyfjorden (men pass ferjetidene der).

    Vil de trekkja vidare, går de til Stalheim og over til Fyrde. Då er det berre å rusla Øvsthusdalen og Skjerpisdalen til Grindafletna. Det ber så vidare sørover til Upsete (togstopp) og Kaldevasshytta, Over Vossaskavlen til Hallingskeid, rallarvegen til Finse, eller via Rembesdalen (vest for Hardangerjøkulen) og inn mot Hardangervidda den vegen. Kryss så rv. 7, og dermed ber det innover Hardangervidda. Då er det best å avslutta turen i Hardanger, Haukeli, eller Uste - Geilo - Dagali - Uvdal. Frå Finse går det an å trekkja inn i Skarvheimen i staden, via Geiteryggen og ned Aurlandsdalen, eller gå nordover til Fillefjell.

    Vonar desse "litt lause trådane" her set dykk på sporet, og det er berre å kontakta meg nærare (t.d. PM). Mange av namna eg har nemnt her, er mynta på turlagshyttene i fjellområda. Med telt stoppar de der de sjølv ynskjer.

    Helsing Stuttjukken.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.