Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Stuttjukken

  1. Den Norske Turistforeningen har hytter på norsk side heile vegen i grensefjella. Det er lange marsjar mellom hyttene, og ingen har proviant. Turen er likevel mogleg å gjennomføra, og stiane kryssar riksgrensa enkelte stader. Lukke til med planleggjinga, og ta ein kikk på http://www.turistforeningen.no/ . Sjekk ut Nordland fylke. Helsing Stuttjukken.
  2. Nonhaug, Daurmålshaugen (daurmål = dugurd), Nattmålsheia (førekjem i Nord-Norge der det er midnattssol), Smørdalen, Smørstakken, Greggusskardet (skard ved Steinsland i Modalen, der solnedgangen nådde skardet ved Gregorsmesse 12. mars), Kvernhusbotnen, osv. Helsing Stuttjukken.
  3. Dette var flott, Kim. No var eg inne for å nyta bileta dine frå turen over Styggedalsryggen og Skagastølsryggen. Det næraste eg har vore i området er Bandet og Dyrhaugsryggen. Det var ikkje vanskeleg å kjenna seg att på nokre bilete, av det som var i bakgrunnen. Helsing Stuttjukken.
  4. Midten av juni er tidleg, ja. Det er eindel snø i fjellet etter denne vinteren, og det er mest i forhold til kva det har vore i dei milde vintrane den seinare tid over tregrensa. Skulle det verta ein varm vår, kunne kanskje turen Steinsland i Modalen - Åsedalen - Vatnane - Nese i Arnafjord vest for Vik verta aktuell, men eindel snøvandring må nok påreknast i Stølsheimen på den tida. Vest for Romarheimsdalen har ein jo Fjonfjella med Kalvedalshytta, og det området er lågtliggjande slik at der rekk nok sommaren å vera på plass til den tid. Er de vant til å orientera dykk utanfor stiar, kan Ortnevikfjella vera eit alternativ, med Brydalen som base, samt at det er interessanne turar lenger inne ved Sognefjorden, som fjelldalen ovanfor Sylvarnes (veglaus grend med båt 3-4 dagar i veka, sti frå Ortnevik langs fjorden. Så kan det vera aktuelt med ein tur frå dal til dal, der det vert noko snøvandring på overgangane. Eg tenkjer på tur frå t.d. Botnen i Fyksesund eller Fitjadalen i Øystese og nordover - forbi t.d. hytta på Vending - Hamlagrø/Bergsdalen - Evanger eller Bolstad - om Øvstedalen til Flatekvål i Eksingedalen - over til Farestveit i Modalen, for det meste på gamle ferdavegar mellom bygdene. Det er mykje interessant å finna om ein sjekkar kartet nøye. Vonar de finn ei vakker turrute. Helsing Stuttjukken.
  5. Jaja, med min BMI skulle eg ha vore dau for over 100 år sidan............sånn rundt 40/40, ja. Helsing Stuttjukken.
  6. Var på ein fin kveldstur til Hamlagrøhornet midt i september i fjor. Det er fint innover fjellet nord for toppen, innover mot Løva. Fann de steinblokka "Mannen" i hellinga søraust for toppen, FU? Helsing Stuttjukken.
  7. Der kom det eit greitt bilete mot sjølvaste Gaularfjellet óg, med Melsnipa i bakgrunnen. Kor mykje snø er det i dette området no, både ved Hov, innover Gaularfjellet (sånn ca., for vegen er jo stengt), og i høgfjellet frå rundt 1000 m.o.h.? Sist gong eg drog over Gaularfjellet var i august 2005, ein nydeleg føremiddag med sol. Elles budde eg i Balestrand i 1982-85, og sette pris på det praktfulle fjellandskapet omkring Esefjorden, som eigentleg er like i nærleiken. Det er eit flott fjellområde de har innan rekkjevidde, Sigurd. Og frå Gaularfjellet er turen kort til Jostefonni. Ser fram til fleire bilete. Helsing Stuttjukken.
  8. Ferja Fodnes - Mannheller har eit påslag av bompengar. Sjølv om ferjeturen er over på drøye 10 minutt, er prisen ikkje så langt under 100 kr. berre for bilen, + noko pr. bilpassasjer i tillegg til sjåføren. Eg har ikkje ferjetakstane framfor meg, men det er mange år sidan eg betalte 77 kr. over der. Rederiet heiter Fjord1. Helsing Stuttjukken.
  9. Haute Route har eg ingen kjennskap til utover at eg har høyrt begrepet. Eg har no forstått Pluto slik at han allereie har eindel norsk fjellrøynsle, og det verkar rart på meg at nokon prøver å hevda det motsette, samt hengja på at det at ein er urøynd er god nok grunn for at det ikkje skal delast røynsler med urøynde. Dette viser skremande haldningar, synest eg. Eg ser ingen overmot i hans første innlegg her, men tvert imot bevisst audmjukheit. Eg har ikkje vandra i Alpane, men eg har vore i Sveits ein gong, i mars 1993. Då var eg i Meiringen, mellom Interlaken og Luzern. Meiringen og Interlaken ligg i Berner Oberland fylke, der ein finn både hovudstaden Bern og ostedistriktet Emmenthal, samt det praktfulle Jungfrau-massivet med toppar på opp til 42-4300 m.o.h. Då eg var der prøvde eg ein tur med Europas høgstgåande jernbane opp til Jungfraujoch mellom Eiger-/Mønch- og Jungfrau-toppane, 3454 m.o.h., samt heisen opp til vêrstasjonen, 3573 m.o.h. Pga. denne tilretteleggjinga er turen til denne høgda ingen utfordring, men det er ein grei måte å skaffa seg ein peikepinn på korleis denne høgda opplevest på kroppen. Ein kjenner ei høgde på 3500 m.o.h. på kroppen uansett, om ein ikkje har røynsler med slike høgder frå før. Det verste er over etter dei første timane når ein held seg i ro på denne høgda. Sjølv kjende eg godt med hovudverk dei første 3 timane, men dette heldt på å sleppa taket frå 4. time. Slik var det for meg. Togturen opp der til med tanke på høgda er eigentleg berre nyttig for å få ein peikepinn på korleis høgda kjennest på kroppen. Visst er det fint der oppe, men det er med Jungfraujoch som med mange andre turistmål i Alpane, fullstendig utbygd og store folkemengder. Togturen eg tok var slik: Interlaken - Grindelwald - Kleine Scheidegg - Jungfraujoch. Retur Jungfraujoch - Kleine Scheidegg - Wengenalp (alpinbakken med flott skue mot Eiger, Mønch, Jungfraujoch, Jungfrau) - Wengen - Lauterbrunnen - Interlaken. Det betyr at ein kan prøva 2 traséar på togturen opp og ned. Forutan heisen til vêrstasjonen er det laga til at ein kan gå ut frå jernbaneområdet og fram på eggja der ein ser både sørover mot Aletsch Gletscher, Valais og tinderekkja på grensa mot Italia, og nordover mot Berner Oberland. Heile vinteren er det vanleg at folk tek toget opp frå Interlaken, og renner så ned Aletsch til Valais (fylke sør i Sveits). Elles såg eg eindel turkart i Meiringen som fortalde om mange turruter til fjellhyttene i Hasslithal aust for Meiringen. Det var både stiar lågt nede (Aare Schlucht) og i høgfjellet rundt t.d. Grimsel og Furka, der det er fjelloverganger som er sommaropne, med opptil over 2400 m.o.h. på veg. Det skulle no finnast høgfjellsruter i denne delen av Alpane som er brukandes, vil eg tru, sjølv om høgda ikkje overgår Haute Route. Lukke til med planleggjinga, Pluto. Helsing Stuttjukken.
  10. Det går ein grusveg innover til Spiterstulen, men eg reknar ikkje med at den vart brøytt om vinteren. I Norge må ein betala heller dyrt på alle ferjestrekningar, også ferja Fodnes - Mannhidler utanfor Årdal. Helsing Stuttjukken.
  11. Flotte bilete frå indre strøk av Gaular, Sigurd, og velkomen til forumet. Det står Gaularfjellet i profilen din, så det betyr kanskje at de er frå Eldalen ein stad, Hov eller Mjell lengst inne kanskje? Det har vore lite bilete frå fjellområda mellom Gaularfjellet, Høyanger og Balestrand i forumet. Kanskje har de nokre bilete frå desse områda óg. Helsing Stuttjukken.
  12. Her er det visst 2 heilt ulike "verdener" som diskuterer. Den eine "verda" ynskjer å bearbeida landskapet for næring, og den andre "verda" kunne like godt tenkt seg at folk hadde flytta frå distrikta og inn til byane, slik at den norske naturen vert overlaten til seg sjølv og si eigenproduserte utvikling. Det er rett at naturen i eit område klarar seg godt og regenererer seg sjølv når det folketomt i lang lang tid, som t.d. tusenvis av år. Så var det no slik i den tida folkegrupper befolka norske fjordar, dalar, låglandsområde og fjell. Det byrja med jakt og fiske, og det er mange synlege teikn i fjellet etter den aktiviteten som føregjekk for gjerne over 1000 år sidan. Etterkvart byrja folk å dyrka jorda, noko som resulterte i kulturlandskap og bygdesamfunn. Dette har føregått i hundrevis av år. Etter kvart kom den industrielle revolusjonen, og bysamfunna vart utvikla på ordentleg. Oslo var ikkje så svært for 200 år sidan, i slutten av dansketida før Eidsvold 1814. Sidan har utviklinga skote fart, og urbaniseringa i data-alderen har føregått ei god stund no, med fråflytting av utkantsstrok og attgroing som resultat. La meg slå det fast med ein gong, at eg respekterer begge syn og sider. Eg har no småputla litt med aktivitetar og tilretteleggjing i naturen sjølv. Der eg er ifrå var det sikkert mangt eg kunne ha drive med og tilrettelagt. Det var berre det at eg har avgrensa graden av tilretteleggjing nettopp pga. at eg ikkje vil at naturen skal få nemneverdige inngrep. Det eg har drive med er å halda stiane i utmarka i stand, og rydda og merka desse, samt ordna i stand ei utsynsrute av ein sti mot rutenettet vest i Stølsheimen. Noko større har eg ikkje ynskje om å påføra naturen enn det. Likevel er det viktig å halda i hevd gamle kulturminner og kulturlandskapet. Gjort på ein skånsam måte kan ingen få meg ifrå å meina at det er noko ein bør gjera. Eg gjer meg likevel tankar om at inngrepa i naturen har auka i takt med fråflyttinga frå distrikta, med tanke på påstanden om at naturen har best av at distrikta vert folketomme, og alle buset seg i byane. Konklusjonen er at eg synest at det er viktig å ta vare på kulturlandskapet, men det må gjerast skånsamt, same kva som er føremålet med tiltaka og næringsinteressene bak. Eg trur likevel det finns ein "mellomveg" i Mørkridselva, sjølv om eg ikkje har lokalt kjennskap til elva. Jau, eg har vore eit lite stykke innover dalføret, ovanfor der vegen endar. Det er ein vakker dal og ei flott elv. Kan ein både ta vare på elva og elvelandskapet, samt gjera eit minimum av det som trengs for å kunna driva med raftingen, så er ikkje det så dumt når dette vert eit bidrag til å skapa aktivitet i Skjolden, og halda både kulturlandskapet og naturen i hevd. Helsing Stuttjukken.
  13. Så vidt eg veit gjekk januar-rekorden for nedbør til Kvinnherad (Optveit trur eg det heiter), med litt over 700 mm. Det fann eg eit par dagar etter at det stod at Modalen hadde mest nedbør. Helsing Stuttjukken.
  14. Vinteren 1988-89 var det ein mild vinter til langt ut på seinvinteren. I dei fleste fjellområde under 1000-1500 m.o.h. regna snøen på det næraste bort innan slutten av januar, sjølv om det vart ein kort vinterperiode i låglandet óg på seinvinteren mot våren. Det fanns likevel unnatak, der høgtliggjande fjellområde fekk store snømengder med våt og kram snø innover fjell- og bre-platåa frå rundt 1200-1300 m.o.h. og oppover. Allereie rundt 15.-20. januar kom det meldingar om snømengder som var basert på flyobservasjonar. Det vart vel alt anna enn korrekte målingar på denne måten, men dei bomma ikkje så voldsomt heller, sjølv om tala må takast med nokre klyper salt. Det var anslått at det var kome opp mot 15 meter nysnø på Jostedalsbreen før 20. januar den vinteren, og minst 10 av metrane var kome på 30 dagar. Det var likevel ikkje Jostedalsbreen som fekk mest snø innan 20. januar. Ålfotbreen ut mot kysten i Nordfjord gjekk langt over Jostedalsbreen, og der vart det anslått 20 meter snø på den tida. Vinteren var ikkje slutt då, så det kom nok mange meter snø til der oppe før våren. Januar 1989 vart det sett månadsnedbørsrekord i Norge som framleis står, nemleg i Sunndalen i Nordalsfjorden, inst i Flora kommune i Sunnfjord, på sørsida av Ålfotbreen. Rekorden meinar eg var 1182 mm. på 31 dagar i januar. (Steinsland i Modalen kom på 4. plass med 1008 mm. same månaden, men det regna i heile Stølsheimen den månaden, også på høgfjellsplatåa rundt 1200 m.o.h. like sør for Sognefjorden). Fleire av vintrane etter kom det rikeleg med snø på breane. Resultatet lot ikkje venta på seg. På slutten av 1990-åra hadde breane sin siste merkbare framrykking, sjølv om den kun varte i nokre få år. Vinteren 1996 og 1998 var snøfattige, og det sette ein stoppar for framrykkinga, og sidan har varme somrar og andre årstider sytt for ei oppsiktsvekkjande rask tilbaketrekking. Eg var inne ved Briksdalsbreen ein desemberdag i 1998. Då var Briksdalsbreen rykt langt fram, og gøymde heile tjørna og held fram eit stykke vidare nedover mot Briksdalen. Så har me det siste året sett bilete av tidenes tilbaketrekkjing i nyare tid, der Briksdalsbreen er så kort og tynnsliten no at den er i ferd med å verta delt i både 2 og 3. Briksdalsbreen har iallfall trekt seg tilbake hundrevis av meter sidan 1998, kanskje så mykje som mesteparten av ein km. Snømengdene i fjellet har eg høyrt mykje rart om. Nokon seier at det er mykje snø i fjellet, men med mykje er det mykje relativt. Vel, det er greitt nok at det er nokre meter i skianlegga i Myrkdalen og i Røldal. Somme seier at det er meir snø nede i Myrkdalen enn oppe på sjølve Vikjafjellet. Så var det Folgefonna som visstnok skulle ha fått så mykje snø, men så var det folk frå Bergen Turlag som hadde vore der oppe på nyåret, men snømengdene der oppe var ingenting å skriva heim om, for det var mykje mindre nysnø enn nokon påstod. I 1994 kom det mykje snø vest i Stølsheimen. På vestsida av Steinslandsvatnet i Modalen innpå høgste fjellryggen der (1000-1200 m.o.h.) var det eit fjellparti der det var rundt 20 meter snø jamnt over. Hadde eg ikkje vore oppe på fjellet tidleg i juni det året på ski, hadde eg ikkje trudd at det var mogleg. Fjellområdet er sterkt kuppert med djupe søkk når snøen er borte. Den junidagen såg eg at snøen la seg heilt flatt over det kupperte området, der sjølv dei høgaste knausane var fleire meter under snødekket. Og det gjekk 3 somrar for å tina snøen som kom i 1994, men det var nedtint utpå hausten i 1996, sidan vinteren 1996 føreåt var svært snøfattig i fjellet. Helsing Stuttjukken.
  15. Har ein nyleg klipt tåneglene skal ein ta det med ro dei første dagane. Går ein mykje, gjerne i tronge skor, er det lett å pådra seg verre ting enn gnagsår. Nyklipte tånegler har alltid meir eller mindre kvasse kantar, og dei skjer seg ned i huden, der resultatet kan verta store svullar og mykje villkjøt, mao. ein heftig betennelse. Visst kan ein klippa tåneglene forskriftsmessig, sokalla rett over, men det fjernar ikkje risikoen. Så tok eg sjølv ein runde no nyleg, og dermed er føtene klare til vonleg ein og annan skitur om nokre veker når dagane er lengre. Helsing Stuttjukken.
  16. Fjellnamna i Norge er fordelt på å vera i ubunden form eller bunden form, og det innanfor alle tre kjønna. Det er ingenting mystisk med det. Kva med Sogn som har i-from. Der finn ein fjell med namna Kjerringi og Skriki, t.d. Så finn ein t.d. Bleia ved Lærdal og Blegjen/Blegja (det kjem an på kven ein snakkar med) i Sunnfjord. Og i Aurlandsdalen finn ein til og med staden Tindi.............. Helsing Stuttjukken.
  17. Eigentleg skulle det heller vore rundt -25°C på Beitostølen i desse tider, sjølv om det ligg oppe i høgda øvst i fjellskogen (og ikkje i dalbotnen). Helsing Stuttjukken.
  18. God jul og godt nyttår til alle i forumet. Helsing Stuttjukken.
  19. Kansje dette vert utvida til full service med sminke, spa, badstu, m.m., og gjerne ein varm buffét og bar i same slengen, og julebord om snøen melder seg før jul. Så kan alpinistane bestemma sjølv kor mange rundar opp og ned dei skal før dei hoppar av frå Gosen for å renna ned bakkane med ribbefeittet i munnvikane og manikyren perfekt på plass, men som ramlar av i 3. sving nedover, (og ny runde med full service på neste tur). Gudane veit kvar dette vil enda. Sjølv føretrekkjer eg å ta skituren ut i jomfrueleg snø utan andre skispor i nærleiken, men det var no dette med snøen då. Vonar på betre tider når sola er oppe over halve dagen. Det er rare tider me lever i............. Helsing Stuttjukken.
  20. Skogen i lia der eg er i frå er ein heller open blandingsskog der det omtrent aldri har førekome hogst. Skogen veks opp med heller stor avstand mellom trea frå naturen si side. Dei einaste stadene der skogen veks tett i dag, er der det har vore skogshogst. Slik er det her vest. Helsing Stuttjukken.
  21. Eg trur fotografen står på Herdla, Askøy. Helsing Stuttjukken.
  22. Interessant fotoside de held på med, Ove J. Helsing Stuttjukken.
  23. Nordlys er vanleg i Sør-Norge, men så er dei aller fleste av nordlysa i Sør.Norge kun nokre små grakvite ulne fis i forhold til dei praktfulle nordlysa i nord. Dei siste 20-30 åra har nordlyset vorte vanlegare i Sør-Norge, og det verka som at haustar med mykje nordlys vart etterfølgd av milde og regnfulle vintrar. No for tida er alle vintrar milde og regnfulle uansett, og kvar vinter vert langt på veg tidenes varmaste med så store hopp frå åra før, at eg mistenkjer at det med same aksellerande farten frå vinter til vinter, vert opplagte sommartemperaturar på rundt +15°-25°C gjennom heile vinteren frå år 2015, og i år 2050 er vintertemperaturen oppe i over +40°C. Vel, no er det andre ting i naturen og årstidene si gang som syt for at det ikkje går så langt så fort, men med dagens fartsauke kan ein simulera slike statistikkar. No nærmar iallfall vintertemperaturen på Vestlandskysten stygt og raskt +10°C, og den var jo litt over +1° i januar i perioden 1960-90 i Bergen. Det er jo som kjent ikkje lenge sidan. Denne temperaturen har gått opp med 6-8°C på dei 16 åra sidan 1990, mesteparten dei siste åra av dei 16 åra. Legg ein denne aksellerasjonen til grunn, er det ikkje godt å vita kor mykje fortare temperaturauken vil gå, men inntil vidare set no naturen bremsene på. At bremsene i naturen går seg heite og svekkast av menneskapt forureining, det er jo ikkje vanskeleg å sjå i dag. Helsing Stuttjukken.
  24. Biletet rmb kom med frå Gavlafjellet, med utsyn mot Arnafjordfjelli i Stølsheimen med Raudberget og Skjellinganosi, er likt eit bilete eg tok i fjor, som vart brukt som framside på Stølsheimenkalendaren for i år, (og eg held på med neste års utgåve i desse dagar). I bakgrunnen ser ein Nummestolane og Svinadalsholtane i tillegg til Fresvikbreen. Så langt har snøen langt på veg "uteblitt" (kjem og går heile tida også høgt oppe), så eg lurar på korleis neste sommar vert, med tanke på at bretininga held fram frå der det slapp allereie frå jonsok. Me får sjå, men går det slik kvart år varar ikkje breane lenge. Eg veit ikkje kva topp Odin tek bilete av, sjølv om eg skal tippa halv-vilt her óg. Eg tippar på Stemshesten eller Melen ved Farstad innanfor Hustadvika. Det andre biletet hans er frå sletta ved Hustad, med dei artige soppane av nokre småsåter som klyv sletta langt på veg i to. Minnar om såtelandskapet i Guilin, Kina. (Har kun sett bilete av det). Helsing Stuttjukken.
  25. Nok ein gong har eg vore borte nokre dagar. FU sitt bilete viser utsyn mot Reppeggji, Skreieggji, Blåeggji (framgrunnen) Mykjedalshovden med Mykjedalsvatnet, og kanten av Jomarsnosi nært Torvedalen. Den andre vegen ser me over ryggen med Kolbeinstjørnane, mot Mørkvesberget, der Finnbunuten er lengst bak på fjellryggen til høgre. Kolbeinstjørnane ligg på høgdedraget der buføringsvegane gjekk over frå Mørkve (the Dark Valley) til Mørkves-Grøndalen, støl ved lite vatn med ei lita rekkje med sel rett over vasskanten. Ein gong eg var på Mørkvesstølen på sida som vender mot Myrkdalen (ned til høgre frå bilete nr. 2 til FU her), traff eg både Knut Mørkve og Anna M. Sørestrand. Eg reknar med at FU kjenner desse trivelege strendingane. Eg hadde gått opp frå Tveite dagen før, forbi Tveitestølen og Hiurdi og over forbi Mykjedalsvatnet, og ned i Torvedalen. Dagen etter gjekk eg inn den koselege Torvedalen heilt inn i enden og ovar Murane, passerte eit stykke over Skjervheimsstølen (hadde gått ned der året før) og svinga innom Mørkvesstølen og traska ned traktorvegen derifrå. Dette var i 2001. No er skitrekkjene komen på Ondrahsugen rett innanfor stølen. Tidene endrar seg. Rmb sitt bilete er utan tvil frå Gavlafjellet, 1244 m.o.h., nordvest for Skjerjavatnet. Dette er eit av heimafjella mine, og eg var der sist i september 2005. Såg rmb til Fannaråki og Store Skagastølstind den dagen. Dei er greie å sjå derifrå, men sikten må vera god for det er langt. Biletet hans viser både Kvitanosi frå det Stuttjukken kallar for rettsida, med Lønahorgi og den flate Skreiieggji vidare mot venstre. Har rmb fleire bilete frå turen, kunne han godt lagt dei ut, eller linka til dei om han har webside. Ser ein vestover frå Gavlafjellet, ser ein mot den lange fjellryggen på vestsida av Steinslandsvatnet i Modalen, som er som ein mur mot kysten i vest. Då kan FU, rmb og andre ta turen bort på der ein annan gong. Sjølv om toppen der (Taket, 1211 m.o.h.) er 33 meter lågare enn Gavlafjellet, er utsynet mykje større og vidare. Der er ein langt nok vest til at ein ser forbi i nordvest og like til Ålfotbreen i Nordfjord, samt sørover til Stord. Derifrå ser ein óg meir av Jotunheimen, enn ein gjer frå Gavlafjellet, og ein ser meir av fjellområda mot Bergensbanen over fjellet austover fordi ein er nokre km. lenger unna. Gavlafjellet er ein topp som er enkel å nå frå anleggsvegen frå Trefall i Eksingedalen, og ein kan t.d. gå opp frå anten vestsida av Kvammavatna og over osen i Gavlavatnet og opp der, eller ein kan gå frå vegen på veg inn i skardet mot Heddledalen og Holskardvatnet og via Skorvadalen. Nord og vest for Gavlafjellet er Saufjellsvatnet, Kvanngrøvatnet og Øvste Sødalsvatnet, eit artig område der det går lite folk i vår tid. Frå Nygard i Modalen kan ein gå opp til Krosstølen og vidare opp fiskevegen (namn frå tider då folk gjekk innover til Holskardvatnet for å fiska) i Norddalen til nordenden av Saufjellsvatnet og opp til toppen der, alternativt gå opp den gamle ferdavegen (frå Nygard/Modalen mot Arnafjorden og Vik i Sogn) frå Krosstølen og inn Viermyrdalen, opp Kross-Gavlen (bratt steinurd) og over høgda mot Skjerjavatnet og halda fram nordover Flatafjellet. Ein kan óg gå nordover og trekkja gradvis ned mot Skjerjavatnet, og passera nordenden, gå over osen frå Gavlavatnet, følgja anleggsvegen mot inste enden av Askjellsdalsvatnet, og gå over leitet og innom Vassøyane til Selhamar. Då kan Gavlafjellet vera ein avstikkar, og ein går ei alternativ rute frå Modalen og inn i Stølsheimen, der ein får ha fjellet det meste av turen for seg sjølv, iallfall mellom Krosstølen og anleggsvegen innom Skjerjavatnet er det lite folk å sjå. Området nordvest for Gavlafjellet er enkelt å bruka, men ein må vita kvar ein bør gå. Der kan ein starta ved vegs ende i Kvanndalen innanfor Nygard i Modalen, trekkja opp lia til Kvanngrøvatnet, passera oves fjellryggene på vestsida, trekkja gjennom Sørdalsskardet til Øvste Sørdalsvatnet, trekkja over mot Hodnefjellsdalen (sogningane seier Vikjesjur-dalen) nord for demninga i Holskardvatnet, trkkja vidare over og ned Sundagsbeiti og forbi sørsida av Vetlavatnet og over elva mot Halsetsstølen. Kun siste strekkjet langs Halsetvatnet mot Åsedalen går på ordentleg sti. Ser ein på kartet, er denne ruta påfallande beint mot nordaust, frå Kvanndalen mot Halsetsstølen. Også denne ruta er ei alternativ rute inn i Stølsheimen. Her ser ein fjellområde få andre ser, fordi det nestan ikkje går folk der. FU nemner "området til Stuttjukken". Stuttjukken har ikkje eit spesielt område. Han går mange rare stader rundt om i Stølsheimen, både på og utanfor allfarveg. Kanskje FU og rmb skulle ha vore med på ein tur til ein "godbit" i området på vestsida av Modalen, dog i eit langt saktare tempo enn dei er vande med. Stuttjukken går ikkje så fort. Elles var eg over forbi Nystølen og Fridalsvatnet i mørket i går kveld. Det er jo ikkje snø dei fleste stader nede på Vestlandet for tida, så eg drog avgarde for å finna litt. Ca 700 m.o.h. var eg ute av bilen for å nyta frisk vind og herleg snøvêr. Det var iallfall betre enn alt regnet dei siste månadane. Det låg 10-20 cm. snø i terrenget i 6-700 meters høgde, og snøen starta såvidt frå vel 400 m.o.h. Det er for lite for skiturar, men det var i det minste vinter der oppe i går kveld. Dette er fjellovergangen Matre/Masfjorden - Stordalen - Nystølen - Fridalen - Førde - Bjordal ved Sognefjorden. Helsing Stuttjukken.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.