
Stuttjukken
Passivt medlem-
Innlegg
627 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Stuttjukken
-
Tenk (ekstra godt) igjennom hvor fint du har det i naturen
Stuttjukken svarte på Tom sitt emne i Generelt om friluftsliv
Det er ingen tvil om at det å vera ute i naturen, ikkje minst fjellnaturen gjer godt for ein. For nokre år sidan opplevde eg faktisk å koma seg så tett inn på naturen at eg faktisk heilt og haldent mentalt vart ein del av naturen, utan at det var noko religiøst med det. Eg opplevde å vera der som ein hare, rein eller bjørn for den slags skuld. Eg har gått mykje i fjella opp gjennom åra, men ein dag oppdaga eg det som å vera kome heim, då eg var på fjelltur. Sidan har eg kunna levd meg inn i fjellet og vera ein del av det på fjellturane mine. Fjellet er ingen konkurransearena for meg, men ein del av tilværet mitt. Ro deg ned på turane i fjellet, og set ned tempoet nokre gonger (både fysisk og mentalt), la fjellet verta absorbert gjennom alle sansane dine, sjå på plantar og dyr, sjå utover landskapet og nyt det, høyr lydane, kjenn luktene, og ver ein del av fjellet. Dette har ingen ting med trance-tilstand, hallusinasjonar, religiøse fantasiar, m.m. og gjera, og eg tvilar på at slikt er sunt. Dette er verkeleg. Og du vil kanskje verta overraska med din mest fantastiske fjelloppleving nokosinne, og verta fornya som menneske på ein meir fantastisk måte enn du har opplevd tidlegare. Det hender at eg forlet fjellet med tårer i augene, i takknemlegheit for det eg har fått oppleva i fjellet. Og eg gler meg til neste fjelltur. No er det vår, og i mellomperioden mellom vinter og sommar i fjellet går eg i fjellskogen nedanfor snøgrensa. Eg opplever lauvsprett, brusande bekkar og elvar, utsyn mot fjell kledd med vårsnø, fuglesong, tepper av kvitveis på bakken, yrande liv i maurtuer, m.m. Våren er tida mi for turar lågare nede, eller kanskje ein vårskitur i høgfjellet. Utpå sommaren ber det innover i fjellet att. God tur, og la fjellnaturen siga inn i deg. Helsing Stuttjukken. -
2000 metere man kan se fra havflatenivå
Stuttjukken svarte på Jotunologen_Mohn sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Skal ein sjå Store Skagastølstind frå så lågt som mogleg, spørst det ikkje om ein skal venda nasa utover Sognefjorden. Eg kan ikkje lova at det ikkje finns lågare stader å sjå Storen i frå, men eg var i 5-600 meters høgde ein gong eg såg Storen, og frå denne høgda såg eg langt nedover fjellsidene på Storen og andre toppar i Hurrungane. Det som er spørsmålet er kor lågt ein kan koma på staden, for ein misser Storen av syne på denne staden. Det har eg ingen planar om å finna ut, då eg ikkje har noko å gjera i den bratte villskogen i akkurat denne sognelia. I byrjinga av november i 1998 ver eg ein tur til Vangsnes (utanfor Vik) i midtre Sogn (sørsida) for å ta turen til stølen Endresete i Vangsnesmarki. Det var ein solrik dag, og det var noko hardfrosen nysnø oppe i høgda. Så gjekk eg fram mot ryggen nordaust for stølen for å oppleva utsynet mot Sognefjorden med Leikanger, Hermansverk, Norane (nært Sogndal) og Fimreite. Eg vart overraska av å sjå Hurrungane med Store Skagastølstindane så lågt nede. Det var likevel ei forklaring på nett det. På linja frå Vangsnes mot Hurrungane, finn ein den låge høgda mellom Henjadalen i Hermansverk og Hodlekve (skisenter) i Sogndalsdalen. Så sveva Hurrungane gyllent i ein svak dis av mystikk over denne låge fjellryggen, og lyste opp som eit Soria-Moria-slott, grovt tippa rundt 10 mil unna i luftlinje. Eg har sett mot Hurrungane frå vest mange gonger, men denne novemberdagen opplevde eg det vakraste synet av Hurrungane nokosinne. Turen er her tilrådd, men vent til ein solfylt novemberdag, visst du vil oppleva stemninga som eg opplevde. Er det ikkje snø i Vangsnesmarki, betyr ikkje det noko. Hurrungane når så høgt at du kan stola på at det er nysnø der inne. God tur! Helsing Stuttjukken. -
Eg kunne tenkja meg ei temaside, der fjellfolk kunne skriva innlegg om sine opplevingar i Stølsheimen, og andre ting som har med Stølsheimen å gjera, naturvern, kraftutbyggjing, m.m., jau, kva som helst om Stølsheimen. Stølsheimen er ikkje det mest kjende fjellområdet i Norge, og fortener å koma meir i fokus. For orden skuld er Stølsheimen området frå E 39 (Romarheim - Matre - Oppedal) i vest til rv. 13 (Voss - Vik) i aust, samt mellom jernbanen (Dale - Voss) i sør til Sognefjorden (Oppedal - Ortnevik - Arnafjorden - Vik) i nord. I tillegg vil eg trekkja med 2 område rundt, for å gjera området litt meir komplett. Det gjeld Fjonfjella mellom Austfjorden og E 39 (Romarheim - Matre) og fjella utover i Gulen i ytre Sogn i vest, samt Fresvikhalvøya mellom Vikjafjellet, Vik - Vangsnes - Feios - Fresvik i nord, Nærøyfjorden i aust og Vinje - Stalheim - Gudvangen i sør. Frå gammalt av heitte det "Stølsheimen, frå havet i vest mot Nærøyfjorden i aust, frå jernbanen i sør til Sognefjorden i nord. Sjå på område "Sunnmøre". Der har dei nokre gonger hatt konkurranse med spørsmål om kvar det og det biletet kjem i frå. Det kan me få til i Stølsheimen óg. Det er berre å gå i gong med innlegg. Helsing Stuttjukken.
-
Når eg omtalar Nordlandsnaturen i så rause ordelag, at det vert oppfatta som ein lovprisning, så er det for at Nordlandsnaturen er så vakker at den fortener det! Så har eg slått det fast! Sjølv her sør på Vestlandet byrjar det så smått å gå over til ørsvakt "lyse!?" netter no, og kvar sommar går tankane mine nordover til dei sollyse nordlandsnettene, som eg lærte å setja slik pris på. Ein høgsommarnatt kan Vestlandet berre gå og leggja seg, og tankane mine går utover det sol-opplyste havet mellom øyane i nord, medan sjarken tøffar avgarde på sei-"feske". Dessverre vert det heller ikkje i år noko høve for meg å ta turen nordover, men eg vonar det vert att om ikkje så altfor mange år. Det er ikkje berre midnattsoltida som er flott i nord. På Helgeland har dei bittelitt sol heile vinteren, men i Vesterålen i nord-fylket er det ordentleg mørketid. Å koma ut i det blå lyset på det lysaste ein desemberdag rett før jul, var óg ei fantastisk oppleving, og eg sette pris på mørketida. Letta vêret opp, flamma himmelen over med alle regnbogen sine fargar, slik ein aldri kan sjå det lenger sør i landet. Midt i desember hender det at eg må ta meg litt i nakken, når eg tenkjer på koseturen for julehandel eg hadde til Tromsø før kvar jul, ute i det polarblå dagslyset og snø, og nattsvart mørke før kl. 14:00 på ettermiddagen, og drøymer meg så reint bort bak bussrattet på regnvåte Bergens-vegar i desember. Visste de at Møysalen reiser seg så høgt opp, at det er såvidt at sola forsvinn ei kort tid omkring jul slik at fjellet opplever mørketid, sjølv om Polarsirkelen er eit godt stykke lenger sør? Eg budde 3 år på Sortland, åra 1990-93, og gjekk på Kleiva Landbruksskole, 8 km. sørover mot Stokmarknes. Tinderekkja eg såg utover på Hinnøya og Austvågøya frå hybelvindauget midt desse åra gløymer eg aldri. Noko av hjarta midt er tapt til den nordlandske fjellverda for alltid. Det er nett slik det skal vera. Helsing Stuttjukken.
-
DNT "folk" - Runde og sosiale?
Stuttjukken svarte på Fridtjof N. sitt emne i Generelt om friluftsliv
For å vri litt på uttrykket, "DNT-folk, runde og sosiale, og bruka det på meg sjølv. Det eg ikkje er så altfor mykje av, er å vera sosial, sjølv om ikkje går av vegen for ein real fjellprat med folk eg treffer på hytter, stiar og utanfor allfarveg. Samstundes kan eg vera åleine i fjellet, opptil fleire dagar på det meste utan å sjå folk, og nyter det fullt ut. Elles er eg medlem i DNT og har vore det lenge. Rund, jau, skikkeleg rund er eg óg, matglad som eg er, og rundare vart eg etter at eg byrja i det fysisk rolege arbeidet som bussjåfør. Helsing Stuttjukken. -
Oi, tenkjer nok mange, det går ikkje an å vera så dum................. Gjennom mange år som fjellvandrar har eg, til skilnad frå nestan alle andre fjellvandrarar gått med terylensbukse i fjellet, og det kun under gode forhold som godt sommarvêr i 10-25°C utan fare for regn. (Elles går eg i bevernylonsbukser ved fare for regn, og tjukke vadmelsbukser på kalde vinterdagar). No er ingen gammal kar i den aldersgruppa som er vant med terylensbukser i det daglege. Eg er faktisk kun straks 39 år, og med "mange år" med terylensbukse i fjellet, nemner eg at eg har brukt terylensbukse på fjelltur sidan eg var i slutten av 20-åra. Folk på min alder og yngre er slett ikkje vant med terylensbukser, men eg er vant til å gå mot straumen, og har gått med slike bukser heilt frå då eg var tidleg i 20-åra. Det var berre litt til å byrja med, men eg trivest så godt med det at no går eg nestan ikkje med noko anna, såvel i arbeidet midt som bussjåfør der den inngår i uniformen, og på fritida. Nok om akkurat det. Kvifor går eg så med terylensbukser på fjelltur, (seinast 8/5-05)? Det er rett og slett fordi eg opplever det som alle andre bukser eg har prøvd, blant dei buksene eg kan tenkja meg å bruka. Gore-tex, m.m. har eg aldri brukt, sjølv om eg er klar over at det er mykje bra på marknaden. Livet mitt i fjellet har likevel overbevist meg at eg ikkje treng moderne turtøy, og står fjellstøtt på det. Bruken min av terylens-bukser i fjellet er slik eg ser det ei vidareføring av tidlegare tiders bruk av heimalaga vadmelsbukser på gardane rundt om, som karane brukte under ute-arbeid, slått i utmarka og under kløvjing til fjells, m.m. Likeeins er det med dei tjukke vadmelsbuksene som det finns mange forsvarsmodellar av i dag. Dessverre er ingen terylensbukser på marknaden i dag like solide som vadmelsbuksene før i tida, og det meste er tynne kvalitetar som kun duger som finbukser. Styr unna desse. Det er ikkje mange som tilbyr solide terylensbukser i dag. I Oslo trur eg eg ville høyrt med Herremagasinet eller Follestad, då desse fører klassiske og tradisjonelle bukser, og det i alle storleikar, også for feite folk som meg. Terylensbuksa som eg skal gå med til fjells, skal vera sterk, grov, kraftig og slitesterk, og tåla ein skikkeleg støyt. Den skal ha god passform og sitja som støypt, samt vera såpass ledig at ein kan ta høge oppsteg i bratte motebakkar, utan at buksebeina strammar noko særleg. Det er forutsetjinga for buksa, og den skal sjølv om den ved første augekast ser ut som ei finbukse, vera ein solid kvardagsbukse. Det er lov å spørja butikkpersonalet om råd, men det er ingen vits i å ta turen innom butikkar til dei store kleskjedene. Sjølv om gode nok terylens-bukser er dyre, ofte over 1000 kr., er det verdt det. Justering ved målsaum kan vera lurt med tanke på passformen. Buksa skal brukast ute i terrenget, og bør ikkje skli for langt ned når ein går. Dei som har stor pondus som meg, må ha lågt liv i buksa, under magen. Fjellfolk flest vil nok synast at terylensbukser i fjellet er noko tull. Det skal verta interessant å høyra frå fjellfolk. Skulle det finnast fleire som brukar terylensbukser i fjellet, er det berre å koma med innlegg. De som synest at terylensbukser er tull i fjellet, må óg koma med innlegg. Er det 1 eller 3 som vil prøva ut terylensbukser til fjells, og brukar ei bukse som held mål, er det berre å koma med dykkar røynsler (erfaringar) i innlegg her. For meg er valet om terylensbukse til bruk i fjellet teke for mange år sidan, eit val eg står ved så lenge eg kan klara å gå til fjells. Det er ikkje meininga å skapa ein terylensbukse-klan i fjellet. Dette er rett og slett for å få fram synspunkt frå fleire sider. Eg viser til innlegga mine under namnet "Stuttjukken" (og henvisning til gjest) under "Hvilken fjellbukse??", "Ny fjellbukse", "Nickers?" og "Olabukser......". Etter årevis med bruk av terylensbukser i fjellet, har eg røynt (erfart) at det for meg ikkje finns betre fjellbukser å gå i, når forholda høver. Det starta som ein smaksak, men jo meir eg brukte terylensbukser i fjellet, desto meir enn ein smaksak vart det, og det vart meir som ein livsstil. Helsing Stuttjukken. Eg oppfyller det namnet på meg fullt ut.
-
Hvorfor noen traver i fjellet mens andre ikke er interessert
Stuttjukken svarte i et emne i Fjellvandring
Kvifor går eg i fjellet, medan mange andre ikkje gjer det, sei det. Foreldra mine tok meg med til fjells frå eg var liten. Eg likte det, og har gått i fjellet sida. Det er ikkje sikkert at eg hadde gått i fjellet i dag utan denne bakgrunnen, rett og slett fordi eg kanskje ikkje ville forstått vitsen med det. At familien legg grunnlaget har nok svært mykje å sei. For meg er det ikkje viktig å trava fortast eller lengst mogleg gjennom fjellet, fly avgarde etter flest mogleg fjelltoppar, m.m. Trimmen er gjerne eit argument, men langt frå det viktigaste. Eg kjenner ingen trong til å meistra alt mogleg i fjellet, og har aldri drive med klatring, m.m. For meg er ikkje fjellet ein konkurransearena. Eg er nyfiken på fjellet, og går stadig på stadig nye stader og nye ruter, for å oppleva nytt fjell, og verta kjend med meir fjell. Folk som treff på meg, let seg forundra over kva levande leksikon dei møter i fjellet på sine vandringar i Stølsheimen, som er mitt kjæraste fjellområde. Eg går til fjells for å fotografera i fjellområda, ja, men var det fotointeressa som førte meg til fjells? Eg kunne like godt ha falle for å fotografera by-miljø, kyst-miljø, m.m. istadenfor. Nei, det er rett og slett for å sleppa innpå inntrykkene og stemningane som fjellet kan gje meg. Når eg er til fjells leitar eg ikkje etter meg sjølv på religiøst vis, men eg let meg leva meg inn i naturen og fjellet der eg er, som om eg skulle vera ein lemen, ein hare, ein hjort eller eit reinsdyr. Sjølv ser eg på meg som ein bjørn, og enkelte kjenner meg som "Fjellbamsen" i Stølsheimen. For meg er det å vera i fjellet som å koma heim. Tilværet kjennest godt, og livet er heilt herleg i fjellet. Å leva seg inn i fjellnaturen og vera ein del av det, og la tankane fly............................................ -
Fin tur frå Trengereid ved bygrensa i aust til Hananipa.
Stuttjukken publiserte et emne i Fjellvandring
Dette er ein fin kveldstur om sommaren. Start frå Skulstad-gardane på Trengereid, og gå opp til Skulstadvatnet. Det går ein god sti langs nordvestsida av vatnet, og sidan er det berre å følga stien oppover til toppen av Hananipa, 711 m.o.h., som ligg like over i Vaksdal kommune. Tross beskjeden høgde er utsynet fint. Me ser mot Sørfjorden med Osterøybrua, Bruviknipa (Osterøy), Vaksdal/Bogo, mot storfjellet på stamnes og innover i Stølsheimen med t.d. Kvitanosi, Dystingen og Bergsbukken og andre Bergsdalsfjell, fjella omkring Kvamskogen, Samnanger-fjorden, Fusa, Byfjellene og litt av kysten. Returen for meg gjekk om Rødbergsstølen (hytte mot kantane mot Sørfjorden på vestsida), og attende mot Skulstad. Har fleire vore i traktene, eller ynskjer å ta turen, er det berre å skriva det inn her. God tur til fjells eit lite stykke frå Bergen! Helsing Stuttjukken. -
Har nyleg oppdaga Fjellforum, så det "lenge sidan" dette. Eg gjekk åleine over Vossaskavlen litt ut i september i 2003. (Taulag er ikkje påkrevd på denne vetle brefonna). Vel var breen sprukken opp. Eit fascinerande syn var det, der eg stod på trygg grunn og fotograferte bresprekkene i bratthenget over tjørna nedanfor. Eg gjekk opp frå Kaldevasshytta og over til Hallingskeid. På den flatare brefonna inne på fjellplatået skar enkelte sprekker seg opp frå vatnet mot fjellet ovanfor breen, i ei anna retning enn bresprekkar plar gjera. Her var det berre å forlata breen på oversida og gå litt innpå fast fjellgrunn der den største bresprekken kom opp, for så å halda fram på breen etterpå. Då eg gjekk var det skya vêr og fine forhold, noko kjøleg, så breen var nestan hard å gå på. Den dagen var det så god oversikt, at ein med litt sunn fornuft kunne passera Vossaskavlen heilt farefritt, tross sprekkene som var lette å unngå. Eg møtte forresten to fjellfriske jenter som kom i motsett retning rett etter breen, så nokon fordelar kan ein oppleva, sjølv om eg plar gå åleine. Derimot ville det ikkje vera tilrådeleg å kryssa Vossaskavlen ved uvêr og skodde, eller om nysnøen om hausten gøymde sprekkene, slik breen var hausten 2003. Vossaskavlen tiner dei fleste år no, men vil nok vera der i mange år enno. Helsing Stuttjukken.
-
Stølsheimen er fjellområdet som står mitt hjarta nærast. Vender du attende til Stølsheimen, ta turen til Vatnane ved Arnafjorden og opplev utsynet ned i den ville og veglause Finnafjorden. Det er Stølsheimen på sitt vakraste og mest storslagne. Helsing Stuttjukken.
-
Eg ser at 2124 har ein flott stemningsrapport frå Vikjafjellet. Eg reknar med at du var ute på Skjelinganosi (1331 m.o.h.) óg, lengst nord på same fjellryggen som Grøndalsfjellet (1375 m.o.h.), med flott utsyn ned i Sognefjorden, og over til Jostedalsbreen, bl.a. Visst ikkje, ta deg ein vårskitur frå Vikjafjellsvegen i Skjelingen og gå oppå Skjelinganosi, med grei oppstigning frå litt sør for Svartavatnet, der du følgjer inntil rabbane som truleg er delvis snøberre no, for å unngå eventuell rasfare. Dermed er du straks på toppen. Returner gjerne om Grøndalsfjellet. Vikjafjellet er eit flott fjellområde, der riksveg 13 går over fjellet mellom Voss og Vik. Turforslaga er mange, og her er nokre: 1. Kvassdalen/Holo inst i Myrkdalen (nedanfor Vikjafjellssvingane) - Vetle Grungen - Buforevatnet - Hestavatnet - Fossestølen ved riksvegen, evt. vidare til Målset - Pyttebakkane (Krakjen) - Flatfjellet med Gjetlestaidn - Dalsbotnen - Bødalen i Vik. Dette var den gamle driftevegen mellom Myrkdalen (Vossestrand) og Vik før vegen vart bygd over fjellet. (Dagstur). 2. Engjaland eller Skjervheim på Vossetrand - Torvedalen (overnatting) - vidare inn i Grøndalen (sør for Grøndalsfjellet) der ein forlet stien til Selhamar - vidare forbi stølane og over i Sendedalen som ein følgjer nordover til Vikjafjellsvegen, heile turen på Hordalandssida. 3. Fossestølen - Målset - Pyttebakkane/Krakjen - Gjetledstaidn på Flatfjellet - vestover mot Skadvatnet (vert passert i vasskanten i sørenden pga. hammar) - Badnavatnet - Rivedalen - Kringlevatnet (nordsida) - Turdalen - Krokeggi - Saursete - ned på god stølsveg mot høgdagarden Bungane - (evt. om stølen Hidliradn) - på bratt og nybygd skogsveg ned til Framfjorden (Arnafjorden), 20 km. vest for Vik. 4. Putlasetskardet mellom Fossestølen og tunnelen i Storehaug lenger nord - anleggsveg mot Muravatnet - til fots rundt nordenden av vatnet forbi Gravvotn (Gravbotn på kartet) og søraustover mot stølane i Vodlafjellet. 5. Frå anleggsvegen nemnt under pkt. 4, men følg gammal stølsveg frå vegen undervegs og passer på nordsida av Vossavatnet - følg varda sti over høgda og gå ned til stølen i Kvanndalen. Sjølv var eg der inne ein solfylt seinhaustdag i slutten av oktober i 2004, der eg traska til fots i ca. 10 cm. nysnø, og såg fjellet frå si flottaste side når vinteren er på veg. 6. Kvassdalen/Holo (sjå pkt. 1) - Vetle Grungen - austover mot Store Grungen - Dueskardet - opp venstre sidedal og over til nordsida av Ytredalsvatnet - austover og gjennom Urdaskardet - Tverraldskardet (Brekkedalsvegen som kjem frå Stalheim) - følg vegen austover til Haugane - Nåsen (Nosi) i Jordalen, veg til E 16 i Nærøydalen). 7. Kvassdalen - rett opp lia til den flotte stølen i Bjørndalen - gjerne vidare opp til Bjørndalskamben (1402 m.o.h.). Eg har ikkje vore på den toppen sjølv. 8. Stølstur på ski frå Årmot ved Helgatun i Myrkdalen - Bygdastølen (med eit av dei eldste stølshusa i Voss kommune) - Revhaugen - Reppane - Kvanndalen - Steinset -Tjørnarhovden (der ein alternativt kan følgja Oppheimsdalen til Oppheim (E 16) - Revhaugen - Årmot, (utprøvd i mars 2004). Det er mange fleire ruter. Kanskje det er lagt merke til at eg skriv Vikjafjellet istadenfor Vikafjellet. Det er fordi det er slik folk på Voss, Vossestrand og i Vik uttalar namnet. Folk frå Vik er kalla for vikjer, med j. Vikjafjellet kjem av at fjellet er fjellet til vikjene. (Digresjon). God tur attende til Vikjafjellet, og kanskje fleire vil ta turen. Helsing Stuttjukken.
-
2-3 dagers tur Bergensområdet
Stuttjukken svarte på Fjellfanten sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Det er snart sommar. Prøv ein tur innover i Stølsheimen frå vest, frå Nordhordlands-sida. Start i Dyrkolbotnen, litt over 1 time frå Bergen. 2 dagars-tur: Dyrkolbotnen - Skavlabu - Mo (eller Helland) i Modalen. 3 dagars-tur: Dyrkolbotnen - Skavlabu - Vardadalsbu - Steinsland eller Straume (utsiktsturstien "Seljestigen") i Modalen, eller Stordalen i Masfjorden. Buss til/frå Dyrkolbotnen (Nipo, E 39) og Modalen. Stordalen krev privat skyss til E 39 på Matre (20 km.). Går ein ned til Mo ein sundags føremiddag, kan ein følgja fjordabåten "MS Bruvik" attende til Bergen om sommaren. I skrivande stund er det framleis mykje snø i fjellet, og det er truleg råd å gå dei høgaste og minst bratte rutene på ski enno. Når snøen er borte er det berre å ta beina fatt. Sjølv gjekk eg Dyrkolbotnen -Skavlabu - Helland i 2004, og Helland - Skavlabu - Mo i 2003. God tur, til den delen av Stølsheimen som ligg nærast Bergen! Helsing Stuttjukken. -
Den vakraste fjellturen er det ingen fasitsvar på. Min vakraste tur kan eg svara på. Ta turen til Stølsheimen. Start frå Vik i Sogn og reis vestover til Nese i Arnafjorden. Legg i veg oppover den lange lia frå Nese på god sti utan T-merking forbi stølen Rosete (kan overnattast i, 2 senger) til stølen Vatnane (6 senger, ubetent), der ein overnattar minst 2 netter. Vatnane og utsynspunkta mot Finnafjorden er mitt favorittområde i Stølsheimen. Bruk ein dag til å gå ein runde utover halvøya, og opplev utsynet ned i den ville Finnafjorden, (meir fantastisk enn Nærøyfjorden, synest eg, men det er ein smaksak). Mot nordaust ser ein rett inn i Hurrungane (Vest-Jotunheimen), og i nord strekkjer Jostedalsbreen seg. Frå Vatnane held ein fram over Urdeggi til stølen Dunevoll, delvis på sti og delvis på fri hand. Ta turen om Botnagavlen mot dalføret innanfor Finnafjorden, med vilt utsyn ned i dalkløfta. Gå så til Alreksstølen, og avslutt med merka tursti til den vakre Solrenningen (sjølvbetent hytte, med bra antal senger). Frå Solrenningen følgjer ein turstien vestover til Norddalen, sjølvbetent med rikeleg med senger. Vidare har de to val: 1. Gå nordover forbi stølen Brydalen (privat, ubetent, nokre senger) til Ortnevik, der det er råd å overnatta på garden til legendariske Anders Øvrebø. Ferje til vik eller Nordeide, snøggbåt frå Nordeide til Bergen eller Sogndal. 2. Gå sørvestover til Vardadalsbu, sjølvbetent, med eindel senger. Avslutt med ein parademarsj på "Seljestigen" over Stølsheimens Tak (Taket, 1211 m.o.h., på kartet står det Høgdi) til Straume i Modalen. (Ubetent overnatting mogleg på garden der stien endar). Buss til Bergen eller Voss. Strekninga Vardadalsbu - Straume er ein av dei mest utsiktsrike turstiane i heile Norge, med utsyn til hav og brear, Stord, Folgefonna, Hardangerjøkulen, omkring Bergensbanen over fjellet, Hurrungane, Breheimen, Ålfotbreen (delvis i Nordfjord), Vestlandskysten, Byfjellene (Bergen) og heile Stølsheimen. Stien går over toppane.(Er vêret for dårleg, kan ein gå ned til Steinsland eller Helland i Modalen. Vert ein overraska av uvêr over Stølsheimens Tak, er stien tett varda og merka, så det er liten risiko, om ein vert uheldig med vêret. God tur til fjellfagre Stølsheimen. Heimeside med bilete frå Stølsheimen, og områda rundt kjem om kort tid på nettet. (http://www.stoelsheimen.no). Helsing Stuttjukken. Eg er akkurat det, og stolt av det, eit resultat av eit fysisk roleg arbeid som bussjåfør, men eg går til fjells like fullt, sjølv om tempoet er noko lågare.
-
Tidleg på 90-talet budde eg nært Sortland i Vesterålen, og lærte og setja pris på den fantastiske fjellverda i dette fantastiske stykke Nord-Norge. Vesterålen er like nord for Lofoten. Fine turar i området er å gå frå Kleiva (eller Rise eller Grytting)mellom Sortland og Stokmarknes til småtoppane Holandsknurren og Skata. Tross høgder på kun 6-800 m.o.h., kan fjella på Langøya likevel by på skikkeleg vilt tinde-landskap, som eit Sunnmørsalpane i miniatyr. Så langt nord og så nært havet er tregrensa på under 300 m.o.h., så ein kjem raskt oppå fjellet der nord. Elles er det ein kjær plikt å nemna ein topptur frå Hennes/Kaldjorda på Hinnøya til Møysalen, 1262 m.o.h. Det er ikkje påkrevd klatring til den staselege nord-norske dronninga, men skikkeleg bratt er det opp, men ruta er grei å finna, og guida turar vert tilbydd dei som ynskjer det. Møysalen inngår i dei nord-norske segnene, som eg dessverre har gløymt for mykje av no, der Vågakallen, Suliskongen, Hestmannen, Dei Sju Søstre, Torghatten og Leka-møya, m.fl. inngår i segnene. Det må nemnast at Møysalen er det nest høgaste fjellet på ei øy i Norge, der kun øya Andørja (Ibestad) i Sør-Troms har eit fjell som er nokre meter høgare. (Andørja ligg aust for Harstad, ikkje langt unna). Frå Møysalen reiser tindelandskapet i Lofoten under føtene dine, då Møysalen er høgare enn alle Lofot-fjella. Rett ned i søraust ser ein rett ned i den trone Øksfjorden. havet og Langøya (Sortland) er i vest, Vestfjorden nedover mot Landegode (ved Bodø) er i sør, Narvikfjella og Kebnekaisemassivet (Sverige) er i aust, og Andøya og innover Sør-Troms og Senja i nord. Tinde-landskapet i Lofoten og på Hinnøya står ikkje det minste tilbake for Sunnmørs-Alpane. For orden skuld nemner eg at eg har budd i Volda på Sunnmøre, og veit at Sunnmørsalpane er fantastiske, dei óg. Gled deg til turen din i fantastiske Nord-Norge. På tur nordover bør du dra oppover Helgelandskysten, og gjerne få med deg nokre fjell der óg. Ta gjerne ein kikk på Svartisen. Kjerringøy, Hamarøy, Saltfjellet, Tysfjord med Stetind. Eg har ikkje gått på alle desse toppane på langt nær, men eg fekk sjå mykje av dette då eg budde i nord. Eg er vestlending, men sidan første gong eg var i Nord-Norge har Nordland vore det vakraste fylket i Norge for meg, og er det framleis, sjølv om eg dessverre ikkje har vore der på lenge no. God tur! Helsing Stuttjukken.
-
Flott gjort, Tom, at du står fast på at bruken av olabukse i fjellet fungerer. Det står det respekt av. Eg meiner ikkje at gore-tex, m.m. ikkje kan vera bra eller betre, men du meiner at olabuksene duger, så hald fram med det. Sjølv brukar eg terylensbukser til fjells, og bevernylonsbukser ved fare for regn, og vadmelsbukser på kalde vinterdagar, for det fungerer for meg. Sjølv om moderne turtøy ofte er skikkeleg bra i fjellet, har heller ikkje eg kjent noko trong til å skaffa meg slikt utstyr, då eg ikkje har vore nøydd til det. Eg går ein god del i fjellet, under mange slags forhold. Helsing Stuttjukken.
-
Viser til innlegget før i dag, mai 09, 2005, 12:28. Grunnen til at eg ikkje brukar nikkers, er at eg enno ikkje har prøvd det. Eg har sett at fleire brukar dette, så eg har tru på at det fungerer, sjølv om nikkersen verkar som eit sjeldnare syn i dag. Her har Brage mi fulle støtte i sin bruk av vadmelsnikkers, og forstår godt at han vil ha ein ny, så det vonar eg at han får tak i. Sjølv førekjem det at eg brukar tjukke vadmelsbukser om vinteren, og trivest med det, sjølv om dei buksene eg har er litt for tronge for tida, noko tursesongane om somrane rettar på kvart år. Helsing Stuttjukken.
-
Eg meldar her frå at eg er heilt ny brukar av fjellforum. Dei siste dagane (8. og 9. mai) har eg lagt inn 3 innlegg, notert under gjest. Desse innlegga er lagt inn under Nickers (mai 09, 2005, 12:28), Ny fjellbukse (mai 09, 2005, 12:11), og her under Hvilken fjellbukse?? (mai 08, 2005, 08:08). I innlegga har eg ikkje lagt skjul på at min favorittbukse på fjellturar er ei grov, kraftig og slitesterk terylensbukse som tåler ein støyt. Noverande generasjon med fjellfolk brukar ikkje slikt, men skulle det finnast nokon som brukar det likevel, og kjem til å halda fram med det, kan dei fortelja om deira røynsler med terylens-bukser i fjellet her. Mine røynsler er at under dei rette forholda (godt sommarvêr) er terylensbuksa den beste buksa eg går i på fjellturar. Buksa er langt i frå å vera på moten, men så går eg uredd mot straumen når det gjeld fjellbukser. Først når forholda gjer terylensbuksa ueigna brukar eg bevernylons-bukse, og tjukk vadmelsbukse om vinteren. Gore-Tex, m.m., har eg aldri brukt, og eg vil ikkje tala imot bruk av det, for mykje viser at slike bukser fungerer. Eg tvilar ikkje på at eg ville finna svært mange fordelar med det. (Når det er sagt, er det ikkje mange produsentar som lagar slike bukser i min storleik, men eg kjenner til at Magasinet i Lier har store nok bukser). Likevel har eg vald å bruka terylensbuksa på fjellturar, og trivest med det, då det er naturleg for meg, sjølv om eg er 20-30 år yngre enn den generasjonen som brukar terylensbukse i det daglege (straks 39 år). Eg skal ikkje underslå at sidan eg er bussjåfør, der terylens-bukser inngår i uniformen, har sitt å sei for at eg er vant med terylensbukser. Det er klart at min og yngre generasjonar brukar svært lite terylensbukser i det daglege, og vil oppleva terylensbukse på fjelltur som ein svært framand tanke. Kanskje finns det 1 eller 3 som faktisk vil prøva ut om terylensbukse høver på fjellturar, men det må vera ei sterk bukse som sit som støypt, og er komfortabel å gå med, for elles går det ikkje. Eg har mange terylensbukser, men berre nokre få eignar seg til fjellbruk for meg. Først etter fleire turar kan ein ta stilling til dette. Dette kan ein ta som ein utfordring. Sjekk dei andre innlegga. Kom gjerne med tilbakemelding. Helsing Stuttjukken. Den stuttjukke fjellbamsen i fjella der vest, mellom Hardanger og Sogn. (På fotballaget Odd Grenland har me vorte kjend med målvakta Erik Holtan, som vart kalla for "Stuttjukken". Dette namnet passar betre på meg, som er både eindel kortare enn Erik Holtan, og er mykje tyngre, 30-40 kg. tyngre enn han, og går til fjells sjølv om eg ikkje imponerer på tempo).