Stuttjukken
Passivt medlem-
Innlegg
627 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Stuttjukken
-
Ein sommardag i 1989 var eg på Magerøya for første gong. Eg var på ein 2-vekers tur i Nord-Norge for å oppleva landsdelen åleine. Eg er frå Hordaland, men budde på den tid nært Trondheim. Eg reiste med alt mogleg unnateke fly, for eg ville OPPLEVA HEILE Nord-Norge, frå Helgeland til Aust-Finnmark. Overnatting skjedde i hytter, pensjonat, telt (2 netter i Lofoten), i salongen på Hurtigruta og ute under open himmel (Honningsvåg i midnattsol). Dagen før reiste eg med Hurtigruta ("Polarlys") frå Kirkenes, og opplevde den fantastiske Finnmarkskysten. Tidleg om morgonen gjekk eg i land i Honningsvåg. Alt var stengt, og det var like godt å starta dagen med ein spasertur opp den snaue lia opp til høgda over Honnings-våg, med fint utsyn. Magerøya er nord for tregrensa, og med unnatak av bittelitt kratt og planta bjørk, rogn, m.m. i hagane i Honningsvåg, er det ingen skog her ute mot nord. Seinare på dagen bar det av garde med Nordkapp-bussen. Ca. 5 km. før Nordkapp, gjekk eg av bussen. Dei andre passasjerane i bussen vart overraska. Ikkje så rart, då dei var på veg til sitt store mål i livet, nemleg å koma til Nordkapp. Då vil det sjokkera at nokon går av bussen før målet. Målet, ja, dei skulle berre ha visst at eg skulle lenger nord enn dei. Vêret var fint, men var det trygt for havskodde? For sikkerhets skuld tok eg med meg det eg trengte om det skodda skulle koma snikande frå havet. Havskodde i dette området er i periodar om sommaren meir regelen enn unnataket. I Finnmark veit dei kva det tyder, og er vant til det. Det bar bortover dei snaue heiane i horisonten, og det meste av Magerøyplatået er 250-400 m.o.h. Nord for tregrensa er terrenget like karrig som over det høgaste på Valdresflya, minst 1000 meter høgare, men grønt var det mellom steinrøysane. Det bar ut mot kantane der næringskysten møter ein med loddrette stup, der ein ser ned på bølgjene frå havet som piskar friskt omkring klippene i sjøen nedanfor stupet. Det minnar sterkt om å stå oppå kanten på fuglefjellet Runde på Sunn-møre. Utanfor ligg furet på Tunes og dei små høgreiste øyane ved Gjesvær. (Fruholmen fyr nord i Måsøy er ikkje langt unna). Det bar nordover langs kanten, og nye stup og klipper nedanfor dukka opp, heile vegen eit imponerande syn. Det må nemnast at er havskodda her, må ein halda seg unna stupet. I dag meiner eg det er merka turløype frå bilvegen til Knivskjellodden, og den følgjer det trygge terrenget skal eg tru kartet. Det bar så nordover heia som byrja å smalna av etterkvart som Knivskjelleodden nærma seg. Her møtte eg små reinflokkar no og då. Dei såg på meg, og rusla vidare. Dei fleste har nok sett bilete av Norkapp, som eit platå som stupar rett i havet. Her ser ein Nordkapp frå vest, akkurat slik som bileta i turistreklamen, men no ser ein resten av landskapet rundt, og skuet vert dermed langt flottare. Det bar så ned på austsida av ryggen og ned til sjøen. Så var det berre å rusla utover langs stranda til ein var ytst på Knivskjellodden. Ein skulle ikkje tru det, kanskje, men det er rik flora her ute, grønt og frodig innimellom etter forventningane. Vel ute på odden, har eg Nordishavet langt på veg rundt meg, i vest, nord og aust. Småbåtane driv forbi på havet utanfor, endå lenger nord. Så ser eg austover mot Nordkapp, men no ser eg noko bak som sig ut på nordsida av Nordkapp (venstre sida). Det er faktisk Kinnarodden (Nordkyn), nordlegaste fastland ein ser, og dermed får ein bekrefta at Knivskjellodden er lenger nord enn Nordkapp, sidan ein ser sørlegare landskap lenger bak. Dei tørre tala på posisjon kjenner ein jo, og dei finn ein på kartet, om eg ikkje hugsar feil: Nordkapp, 71.10.21, Knivskjellodden 71.11.08, Kinnarodden (Nordkyn), 71.08.00, alt i nordleg breidde. (Bjørnøya og Svalbard neste, men der har eg ikkje vore endå). Returen gjekk inn att langs stranda og inst i bukta. Det bar opp dalsøkket og direkte søraustover att til bilvegen. Vêret held seg fint heile ettermiddagen/tidleg kvelden, noko eg fekk vita seinare at eg hadde vore uforskamma heldig med. Utover kvelden var det rett nok ein del skyer, men då eg var oppe ved vegen og venta på siste buss til Nordkapp, braut sola gjennom skydekket og danna eit gyllent skjer over havflata nordafor. Bussen kom, og dermed var det min tur til å følgja turiststraumen. Vel framme på Nordkapp, vandra eg rundt ute og inne blant attraksjonane og souvenirane (postkort, isbjørn og reinsdyr i plysj, m.m.). Ivo Caprino-filmen måtte eg få med meg. Ei i beteningen (sunnmøring, faktisk) sa at ho vona at midnattsola vart å sjå i natt, då havskodda hadde lagt stabilt her ute om nettene sidan lenge før jonsok, og no var det 20. juli, og snart slutt for midnattsol på Nordkapp dette året. Denne natta var det klarvêr nord for skydekket, og kl. 23.30 kom sola under skyene. Då vart det midnattsol på Nordkapp denne natta, og det er faktisk sjeldan der ute i havgapet. (Eg har vore 2 gonger til på Nordkapp, den eine av dei i tett havskodde, sjølvsagt). Så gjekk bussen attende til Honningsvåg, og det vart ei natt ute i midnattsola under open himmel. Morgonen etter stod bussturen til Hammerfest for tur. Unn deg ein real Nord-Norge-tur som dette er ein smakebit frå, og gløym ikkje Lofoten og Vesterålen. Denne turen gav meg eit så sterk kjærleiksforhold til Nord-Norge at eg året etterpå flytta nordover til Sortland i Vesterålen, og budde der i 3 år etterpå. Æ angre ittje! God tur til Knivskjellodden og Nordkapp! Helsing Stuttjukken.
-
Eg trur til og med at risikoen for skader på utstyret hadde vore stort, om du hadde brukt ein rustning frå mellomalderen i dette svevet. Du skreiv jo at terylensbuksa heldt, men eg vonar at det ikkje vart andre skadar og etterverknader enn eit minne om ei sjokkarta oppleving, (der kanskje det faktum at terylensbuksa heldt var noko du hugsa). Godt det gjekk bra. Helsing Stuttjukken.
-
Turmat er vel eigentleg ein rein vitskap i vår tid, ser det ut til. Vil eg vera gourmet ein gong, må eg pakka sekken i forhold til det. Det vanlege for mrg er heilt enkelt følgjande, når eg er på tur i 2-3 dagar, og nyttar meg av overnatting på turlags-hytter. For meg fungerer 1 eller 2 pakker knekkebrød som inneheld havre. Pålegg er eit par tube-ostar og litt fårepølse. Eg kjøper proviant på hyttene til middagen, men har med middagspølser, kjøtbollar og liknande, samt litt ris i ein pose for 1 eller 2 middagar, for å gjera middagen meir dryg, slik at det vert nok mat til ein matgamp som meg. Det er greitt å ha med litt niste og sjokolade å bita i undervegs på dagens marsj. Skulle turen gå om ei hytte utan proviant, tek eg med middag i forhold til det. Går turen opp lange liar der det er grunn til å tru at ein ikkje har tilgong til vatn eit lengre stykke, må det vera med litt drikke óg. Det er svært viktig å få i seg ein solid frukost før ein går. Etter dagens marsj plar eg eta til eg er så mett at eg nestan trillar ut dørane, men for meg er det det som fungerer, (utan at eg vil tilrå akkurat det til andre). Utan mat og drikke duger verken helten eller eg i det heile teke. Godt måltid! Helsing Stuttjukken.
-
Sykkelturar i fjellet er mogleg mange stader, då det er mange rolege grusvegar i fjellet. Eg har ikkje drive med å sykla i fjellet sjølv, men vågar å koma med døme på det eg veit om. Kva med å sykla på vegane på Hedmarksvidda og nordover til forbi Rondane? Ein kan sykla frå Skei i Gausdal og over Peer Gynt-vegen til Skåbu og vidare vestover Jotunheimenvegen til Bygdin, over Valdresflya (med høve til å dra innom Gjendesheim og Besseggen) mot Randsverk og Vågå, og vidare der du ynskjer. Slettefjellsvegen mellom Hemsing bru og Beitostølen i Valdres byr på flott utsyn mot Jotunheimen. Nord for Rjukan i Telemark går det fleire anleggsvegar innover i søraust-hjørnet av Hardangervidda. Då eg er vestfrå, kjem eg óg med forslag vestfrå. Både Masfjorden, Modalen, Eksingedalen og Vossestrand (Voss) har grusvegar innover i fjellet, hovudsakleg blindvegar, men fine for sykkelturar for det. Greie fjellovergangar er Vikjafjellet (Voss - Vik), Evanger - Eksingedalen, og Matre (Masfjorden) - Stordalen - Bjordal (Sognefjorden). Nordaust for Voss er det ein flott sykkeltur i eit praktfullt stølsområde der ein syklar ruta Stalheim - Brekkedalen - over i Jordalen - tur-retur Fresvik-Jordalen - Nærøydalen (obs, bratt tunnel) - Stalheimskleiva - Stalheim. God sykkeltur! Helsing Stuttjukken.
-
Begge desse stadene byr på flott utsyn over/mot Hurrungane. Sjølv var eg på Dyrhaugsryggen (ikkje heilt til Dyrhaugstinden) i 1986. Store Knipen (Mannsberget) ved Tyinoset var eg på i september 1984, på botaniseringstur som elev i biologi-klassen på gymnaset (Balestrand). Området var "fruktbart" for botanisering, og utsynet mot Hurrungane hugsar eg var svært praktfullt. Helsing Stuttjukken.
-
Sorry, Tom, eg gløymde sjølvsagt det............................. Helsing Stuttjukken.
-
Vassfjellet, ja. Det er lenge sidan, men eg hugsar det fjellet. I 1989 budde eg i Melhus sjølv, ute i kornåkrane nord i kommunen. Ein føresommardag tok eg beina fatt, og trakka oppover frå Røddegardane og inn i skogen. Det bar sørover dei myrkledde heiane, som er svært vanleg i Trøndelag. Då eg nærma meg Vassfjellet nordfrå, bar det opp ei styggbratt kleiv. Då var det nestan ikkje skog lenger, og det var berre å rusla bortover haugane til toppen var nådd, med sine TV- og tele-installasjonar. Det var óg ein grusveg opp til toppen der borte, hugsar eg. Toppen av Vassfjellet trur eg var 710 m.o.h., og byr på flott utsyn over det sentrale sør-Trøndelag. Returen gjekk same veg, og enda med fine kveldsstemningar på myrane på slutten av turen. (På austsida av Vassfjellet mot Klæbu er det skitrekk). Vil ein oppleva utsyn frå midt i sentrale Sør-Trøndelag, kan Vassfjellet vera eit forslag. (Skriva på nynorsk i Trøndelags-tema? Vel, eg er frå Hordaland). Fleire gonger gjekk eg tur i skogen frå Torsletta ovanfor Franzefoss Bruk, og nordover ein privat veg. Eit stykke lenger nord, der ei kraftlinje kryssa skogen gjekk eg over mot aust og bortover mot Tanem i Klæbu. (Vart nestan overraska av at hugsar nokre namn endå). Eg hugsar at eg sat oppe i skogen som vender mot Heimdal ein haustkveld og slappa av med utsynet over dei sørlege bydelane i Trondheim, som Heimdal, Saupstad, Kolstad, Flatåsen, Byåsen, Rosten, Tiller, Sjetnemarka, m.m. Då eg budde i Trøndelag, hadde eg ikkje bil. Høvde det ikkje å ta bussen, dei få gongane i døgnet bussen gjekk, var det berre å ta beina fatt, om eg skulle handla. Til Melhus og Heimdal var det 6 km. og gå, og til Rosten (City Syd) var det 8 km. Då eg gjekk på ski frå Ila og gjennom Bymarka, gjekk eg heilt heim over Heimdal og Torsletta etter skituren, nestan ei mil på veg frå Saupstad. Kondisen var mykje betre óg, då. Helsing Stuttjukken.
-
Eg kom nett over denne sida, og såg inn på Bymarka i Trondheim. Det er lenge sidan, men eg drog kjensel på namnet Storheia. I 1989 budde eg, som kjem frå Hordaland, midt ute blant kornåkrane nord i Melhus. Ein dag tok eg skiene med på bussen til byen. Eg traska bortover til Ila og gjekk opp bakkane. Det bar innover i Bymarka og første turmål var Geitfjellet, med fint utsyn innover Trondheimsfjorden, Fosen, og austover mot toppane Fongen og Skarvan, m.m. Det bar vidare forbi Gråkallen og skistua til Bosbergheia. Det bar så austover og oppå Storheia, høgste punktet i Bymarka, om eg ikkje hugsar feil. Frå desse åsane var det fint utsyn fjorden mot Agdenes-traktene. Turen attende gjekk om Rønningen (svært vanleg stadsnamn i Trøndelag). I halvmørkna bar det inn på det påbyrja skianlegget bak Saupstad, der arenaen for ski-VM var i 1997, åtte år etter denne skituren. Det var den gongen sett opp store info-skilt for skianlegget og VM-97. I mørkna var det berre eit par timar med trasking etter vegane om Heimdal og Klæbuveien på tur heim. Bymarka har eit triveleg turterreng, som eg frå Vestlandet trivdest i. Denne runden byr på lange strekk utanfor dei folkerike løypene, om det er viktig, men ved Gråkallen og skistua er det vanlegvis ein del folk. God tur i Bymarka i Trondheim (Trondhjæm)! Helsing Stuttjukken.
-
Brigsdalsbreen, ja, og ein tenkjer på solrike sommardagar, der bilar og turbussar rullar av garde innover til kaféen i Brigsdalen. Store flokkar med turistar renn av garde i strie straumar oppover den svingete grusvegen. Hesteskyssane fartar att og fram over ei av dei mest fotograferte bruene i Norge, med ei vilter og brusande elv under full i breslam. Folk går langs brevatnet og (for langt) inn mot breen som reiser seg bratt oppover, og kalvar i vatnet og lagar litt bølgjer, i noko mindre omfang enn tsunami-bølgjene i Indonesia m.fl. land. Breen varslar klart at den kan koma med så store isblokker, at bølgjene lokalt kan verta vel så store som den, her lokalt. Og hordar av turistar applauderer ved stranda då neste isblokk landa i vatnet. Sola er varm i det straumar av turistar går ned att til bilane og bussane. ---- Knip att augo, tøm hovudet heilt og tenk på absolutt ingenting. Lytt etter stillheita, og kopla heilt ut. Ta augene sakte opp att og tenk på noko kvitt. (Først no kjem stemningsrapporten). ---- Eg har vore ein einaste gong til Brigsdalsbreen. Det var ingen solrik sommardag, med hesteskyss og store straumar av turistar. Denne dagen var det heilt overskya. Dagen var kort, alt anna enn full-lys, og kvelden kom tidleg. På stille vegar bar det frå Olden og innover i Oldedalen. Det var nestan ikkje trafikk, kun ein og annan trailar på veg frå det godt kjende "Olden"-vatnet på flaske og nokre småbilar frå Rustøyane og Åbrekk innanfor vatnet. Liane her inne er blant dei mest høgreiste i landet, og Oldevatnet er ikkje mange metrane over havet. Rundt reiser liane seg frå Yri- og Gytri-gardane mot Cesilie-kruna og Myklebustbreen på vestsida av vatnet. På begge sider av vatnet når liane opp mot toppar omkring 1800 m.o.h. Jostedalsbreen er ikkje langt unna. Skyene er mørke og gøymer dei høgste fjella. Det er opphaldver nede i dalen under dei mørke fjellsidene. Nede er det bart, men snøen ligg oppe i liane. Undersida av skyene er ullen og uklar, då det truleg snøar lett under dei, men snøen turkar opp og kjem ikkje heilt ned. Eg er på tur til vener i Velsvikja (nært Volda) på Sunnmøre, og unnar meg avstikkaren inn i Brigsdalen, denne grå dagen i byrjinga av desember(!). Vel inne i Brigsdalen vart bilen parkert. Det var heilt stille. Det bar oppover vegen og innover på stien vidare mot Brigsdalsbreen. Litt nysnø på bakken avslørte at eg var åleine her inne no. Ingen hestskyss som spring ut i fossane, med gedigne amerikanske søksmål som resultat. Ikkje ein turist, kaféen var stengt og det var mørkt innanfor vindauga der stativa med postkort kunne skimtast. Brst det var vart det endå stillare. Det byrja å snøa, meir og meir, men like stilt. Det duknakka bjørkekrattet vart mindre og mindre, og skuringstripa berg kom fram. No var ikkje breen langt unna. Ikkje ein lyd, ingen fuglesong, men fullkomen stillheit denne desemberdagen. Det einaste teiknet til liv var eigne spor i snøen. Det snødde tettare og sikten vart dårlegare. Med eitt var eg framme, og der reiste Brigsdals-breen seg i all sin velde oppover og forsvann inn i skydekket som ein himmelstige. Breen reiste seg opp med sprekker og klumpete framtoning. Nysnøen la sitt slør over alt som var oppovervendt. Under brefronten kom blåisen til syne, der nysnøen ikkje nådde. Og for ein blåfarge som eg aldri har sett i ein bre, verken før eller sidan. Blåisen lyste opp på underleg vis denne desemberdagen, og trollbatt meg der eg stod åleine inne i den kvite stillheita av ein is-katedral. Brigsdalsbreen var så absolutt pynta til jul. Eg er ingen brevandrar og har ingen brerøynsle, men opplevde slik kontakt med breen som eg ikkje kunne tru var mogleg, og det utan å ta på breen. Stemninga var heilt fortryllande, der eg opplevde ærefrykt. Korte desemberdagar varar ikkje lenge, og snart måtte eg returnera. Denne naturopplevinga gjorde eit sterkt inntrykk på meg, og har fulgt meg sidan. Opplevinga hadde vore umogleg i turistsesongen. Vent til ein skya desemberdag. Sjølv held turen fram til Sunnmøre, der eg vende tilbake til vegen over Standalseidet og utover ytre Hjørundfjorden (for meg Norges vakraste fjord), der tindelandskapet over Trandalen mot Hundeidvika reiste seg opp i himmelen ein annan skya desemberdag. Det er kun ein ting å sei. Opplev den lysande blåisen Brigsdalsbreen åleine ein grå og skya desemberdag. Notert av den vonlause romantikaren, og i skrivande stund er det vår og lenge til desember. Helsing Stuttjukken.
-
Naturens sine eigne lydar som fuglesong og vindsus er den beste musikk fjellet kan by på. Når det gjeld menneskeskapt musikk i fjellet, har eg faktisk høyrt det óg. Ta turen frå Myrdal (jernbanestasjonen) og følg skiltinga mot Upsete. Det første stykket ber det ut mot botnen av Flåmsdalen i det ein går rundt Urdshovd, på veg mot Ugjerdsdalen, Gravahalsen og Upsete. Når Flåmstoga går opp og ned, høyrer ein ekkoet frå tog-fløyta. Så stoppar toget i Kjosfossen, og turistane strøymer ut av toget for å sjå på huldra i fossen, medan togpersonalet set på ei plate med norsk folkemusikk. Ekkoet frå musikken ljomar langs fjellveggane. Godt at ein veit at ein er over turistattraksjonen Flåmsdalen når ein høyrer dette, og ikkje innover i det ville fjellet. Menneskapt musikk som kan vera interessant å oppleva på ein fjelltur, er når songkor i enkelte bygdelag skipar til fjelltur. Der koret og tilhøyrarane er med på turen til eit akta turmål i området. I vår skal det vera korsong på fjelltoppen Dystingen ved Dale (mellom Voss og Bergen). Slike kulturtiltak er positive, og gjer ikkje inngrep i naturen når det er utført på rett måte, utan anna enn at folk går opp og ned att, og har med seg det dei treng utan motoriserte objekt. Og etter korsongen ligg fjellet stille att med sin musikk som lever vidare. Helsing Stuttjukken.
-
Sjølv er eg i gruppe 3 av fjellfolk: Vonlaus romantikar med temmeleg stor vom framme, og stor sekk bak med fotoutstyr. Førekomst innover fjelldalane , opp eller ned lange vestlandsliar og ein hende gong oppå utvalde toppar. Like vanleg som sjeldan! Helsing Stuttjukken.
-
Steinlegging til Besseggen skal eg ikkje ta stilling til, då det er fordelar og ulemper med begge delar. Steinleggjing i eit anna tilfelle kan eg nemna røynsler med, sjølv om forholda er heilt annleis, då det er få fjellvandrarar til samanlikning med Besseggen, og ikkje minst at dømet er henta frå langt under tregrensa i langt frodigare og meir reproduserande omgivnader. Ein stad i lia der ein tursti me rydda opp i for eindel år sidan, passerer den eit lite myrhol, med hjortetrakk og vassfyllt gjørmehol. Der vart stien steinsett dei 7-8 metrane over myra, med stein funne på staden. Steinane har grodd inn i myra og er mest ikkje å sjå under gras og vatn i myra. Resultatet er at det vassfyllte gjørmeholet er inntakt, og hjorten nyttar framleis gjørmeholet til å "rulla og vaska" seg i. Dessutan har ein unngått at det vart etablert eit stygt svart og gjørmeblautt stitrakk over den vetle myra. Eg har ikkje gått Besseggen sjølv, men eg har såvidt vore innom Gjende for å sjå Gjendesheim og Gjendevatnet som flyt roleg innover den store fjellkatedralen i Jotunheimen, innunder Besseggen, når eg har vore på farten over Valdresflya. Så vidt eg hugsar var det litt bjørkekratt nedst i lia ovanfor Gjendesheim, og sidan er det lyngmark og grasmark før snaufjellet. Stien var lett å få auga på, som ein "veg" oppover i retning Besseggen. Eg kunne tenkt meg å gå turen, men tida viser om det vert noko av. Uansett, forholda oppover frå Gjendesheim kan sjølvsagt ikkje samanliknast med stien i ein skog midt på Vestlandet. Helsing Stuttjukken.
-
Når det gjeld sykkeltransport " i frao Stalhaim té Flåm, faor ain håyra mé skysskar´n pao bussen", (lokalt uttalt). Syklar ein "né Klaivæ" (Stalheimskleiva) til første ferja frå Gudvangen, når det er sommarruter på ferja, er ein i Flåm om føremiddagen. Då er det berre å trakka seg oppover Flåmsdalen. Kva med å sykla "né pao Vangjen" (til Voss) om morgonen. (Det er mogleg å ta toget frå Voss til Myrdal). Så er det berre å sykla seg innover i Raundalen forbi den flotte trekyrkja innanfor Urdland, vidare forbi Skiple-tunet, Reimegrend, Mjølfjell og Mjølfjell Ungdomsherberge, og vidare på grusveg over Vieren og Langvasstølen til Upsete. Send sykkelen med toget til Myrdal. Sjølv går du stien opp frå Upsete og gjennom Gravahalsen, ned den uimotståelege Ugjerdsdalen (flott teltplass!), og gå rundt Urdshovd mot stupet over botnen av Flåmsdalen. Kanskje høyrer ein gjenklang frå plata som Flåmstoget set på for turistane med huldremusikk i Kjosfossen, (eg har faktisk opplevd å høyrar akkurat det!, og slik musikk på fjelltur er ikkje akkurat vanleg). Dermed er turen kort opp til Myrdal stasjon, der sykkelen ventar. Då står det att å velja om ein vil sykla ned Flåmsdalen, eller innover Moldådalen til Hallingskeid, og vidare til Finse og Haugastøl. (Frå Gravahalsen er det mogleg å gå inn til Kaldavasshytta for overnatting (ingen proviant), og gå over Vossaskavlen til Hallingskeid dagen etter, og kanskje finna att sykkelen på Hallingskeid stasjon, om du sender sykkelen der til). Er ein i området ved Stalheim, kan ein sykla på grusvegane i Brekkedalen og Jordalen, eller frå Oppheim og inn i Oppheimsdalen. Der er det flotte og rolege grusvegar for sykling, forbi ei mengd med stølar. Set sykkelen frå deg og trekk opp i dei vakre fjella der inne. Har ein allereie sykla rallarvegen, og har tid til overs, er dette eit tips. Om oppstigningen frå Aurland eller Lærdal til Nalfarhøgdi (ca. 1300 m.o.h.) er for stor for kvinner har eg følgjande å sei om. Det fjellet som kvinner ikkje hadde klart å sykla opp hadde vore så høgt at tyngda av fjellet hadde fått jordskorpa til å kollapsa heilt, og til det er Mt. Everest mange tusen meter for låg, heilt utan hensyn til kvaliteten på lufta, med tanke på okygeninnhald, m.m. (Eg flirte litt då eg las det, Tom). Helsing Stuttjukken.
-
Det Svein skreiv om namn i fjellet 20. mai er korrekt, men ein må vita kva ein gjer. Der eg vaks opp er det eit fjellområde som er som ein kvit flekk på kartet. I samband med sti-varding i det nemnte fjellområdet, som me kjende godt til, sette me over 30 nye namn til, der det eine av namna er oppdatert inn i Statens Kartverk. Offentleg bruk av eit namn tek lang tid å innføra, og då vert det berre eit fåtal namn brukt i kartet. Vær konsekvent med bruken av namnet etter at namnet er dukka opp. Fjellområde opplevest å få eit rikare innhald, når ein set namn på toppar, dalar, vatn, skard, m.m. Namnet må ha si rot på staden der landskaps-trekket er, og geografisk relevans. Mange namn har kulturhistorisk bakgrunn, men i namnlause område, kan ein ikkje leggja slikt til grunn. Namn på vatn står gjerne i forhold til namnet på ein fjelltopp, m.m. Elles er det faktisk bra at det eigentleg ikkje er heilt styring med den geografiske namnsetjinga, for då hadde det vore endå mindre namn i fjellet enn kva det faktisk er. I nemnte fjellområde har DNT allereie teke i bruk nokre av namna, ikkje minst namna på toppane som på kartet er notert med høgdene 1191 og 1211 m.o.h., sistnemnte med utsyn til Store Skagastølstind, Ålfotbreen, havet, Hardangerjøkulen, Folgefonni, Byfjellene (Bergen), m.m. Eg opplyser ikkje om namna her. Helsing Stuttjukken.
-
Sjølv om eg er knytt til ein gard, og grunneigarinteresser, er eg óg turgåar. Når den dagen kjem at eg kjem ein stad eg ynskjer å gå, og møter krav om bompengar, vil eg ikkje kjenna meg særleg velkomen i naturen der. Eg veit at dette er vanleg i andre land, der til og med nasjonalparkane krev inn inngongspengar. Desto viktigare er det å ta vare på den norske allemannsretten, med fritt tilgjenge til den norske naturen for alle. Allemannsretten har ingen garantert varigheit, og i framtida vert det ikkje så lett å ta vare på den utan sverdslag. Dessverre vil mange grunneigarar føra kampen frå feil side, og i verste fall oppdaga skadene ved det for seint. Gjestar i huset på garden me leiger ut, set pris på å gå på stiane opp lia for å koma opp i blåbærterrenget. Her hadde ikkje denne ressursen vorte utnytta i særleg stor grad, om det var opp til vår innsats å plukka blåbær. Vær klar over at det er med blåbærhausting som med beiting. Det gjev blåbærtuene ei fornying å verta rørt ved, som stimulerer til betre og meir robust vekst, og meir blåbær. Så er det ingen varig ulempe for grunneigaren, om turgåarar haustar litt av natur-ressursane på sine vandringar. Naturen svarar med å kasta meir av seg, når ressursane vert nytta i småskala som dette er. Elles har gamle stiar sin kulturverdi, som ein tek vare på med å ordna i stand stiane. Hjå oss fører skogsstiane ut i terrenget der kyrne som var på garden før i tida beita om somrane. No er hjorten åleine att av større dyr i skogen. (Sjølv streif-bjørnen frå 1990-åra har forlatt området, ser det ut til). Helsing Stuttjukken.
-
Korleis ein kjem seg fram med sykkel mellom Flåm og Gudvangen er nemnt, ser eg. Det er å tilføya at ferja mellom Flåm og Gudvangen har ein avgang tur-retur heile året, og dei andre ferjeavgangane heile året. Det betyr at syklistar frå Rallarvegen til Flåm har ei ferje dei kan ta utover heile hausten til Rallarvegen snøar ned, om det så skulle verta så seint som i november, for den saks skuld. Elles nemner eg at heilårs-avgangen med ferja går med liten båt nokre månader om vinteren. Skulle det vera is i Nærøyfjorden inn til Gudvangen, går båten ein runde på Aurlands-fjorden og går til kaien i Undredal istadenfor Gudvangen. Det går buss frå Undredal til Gudvangen (og vidare i fast rute til Voss) når båten ikkje kjem inn til Gudvangen pga. is. Bussen frå Gudvangen til Voss, etter ferje- eller båt-turen går heile året, og inngår i Nutshell-turen som det er tilbod om heile året, med ein avgang i begge retningar om vinteren, og mange avganger om sommaren. Om sommaren er det mykje folk og baggasje, men om vinteren når bussen må gå mellom Undredal og Gudvangen i tillegg er det sjeldan så mykje folk at det ikkje er plass til ein sykkel, men Rallarvegen er iallfall stengd på den tida av året , då det er is i Nærøyfjorden. Underteikna har sjølv køyrt nemnde bussrute nokre gonger ein vinter. Helsing Stuttjukken.
-
Eg ser det har gått ein diskusjon om bompengar på stiar i fjellet for ei tid tilbake. Grunneigarinteresser og friluftsinteresser vil ofte kollidera, har gjort det før, og vil aldri slutta og gjera det. På heimegarden ein stad i Hordaland, der eg er ifrå, har me gjort litt (?, alt etter korleis ein ser det) tilretteleggjing for fjellvandrarar og andre fotturistar. I den bratte vestlandslia ovanfor garden rydda me opp att gamle markavegar i skogalia og merka desse. Forrutan litt kommunal støtte for ein del år sidan, har me på garden lagt ut for tiltaka sjølv, både i mange dagar med arbeid på stiane, og ein del utgifter til merke-maling. Den eine stien trekte me oppover ein gammal oppgang til fjells, der stien held fram mot ein av hyttene til DNT, og er knytta til DNT sitt stirutenett. Så var det spørsmål om bompengar, då. Sjølv om me har kosta mykje på stiane sjølv, meinar eg at bompengar/avgift på å bruka stiane er noko tull, som grunneigarar bør avstå frå. I utmarka er det allemannsretten som gjeld, og takk for det. At me har opna utmarka vår for fjellvandrarar er av rein og skjer interesse. Det er eit interessant arbeid å utføra, og drivkrafta er at fjell-vandrarane skal oppleva skogen og fjellet som me, grunneigarane, kjenner til. Dette var i eit område, med toppar med svært vide utsyn (opptil 15 mil av garde, Vest-Jotunheimen), der folk så og sei aldri sette sin fot etter 1970. Me visste kva fjellområdet baud på, og visste kva andre fjellvandrarar aldri opplevde i dette området. For DNT var området ein til dei grader kvit flekk på kartet. Er det ikkje betaling god nok, og høyra frå fjellvandrar at dei er takknemlege for det dei opplevde på desse stiane, og set pris på at stien vart laga til? Jau, det er det. Pengar kan ein tena på anna vis på gardane, ved å tilby overnatting, gards-produkt for sal, guida turar, m.m. Så skal bruken av stiane vera fri, utan avgifter i all framtid, i tråd med allemannsretten og friluftsinteressene. Og dei siste somrane held me på med å vedlikehalda stiane med meir rydding og restaurering av merkinga. Når det er sagt må det likevel ikkje gå inflasjon i planlaus grunneigar-merking av stiar i utmark land og strand, for det må ikkje verta slik at ein finn merka stiar over alt, for det meste av norsk natur må forbli vill og urørt, som den alltid har vore. (Eg har bevisst unngått å plassera området geografisk her av eigen vilje, då eg meinar Fjellforum skal vera fri for denne typen reklame). Helsing Stuttjukken.
-
Hvor skal vi ta turen i sommer? Kom med turtips:)
Stuttjukken svarte på Kristin sitt emne i Fjellvandring
Turtips til sommaren, ja. Kan Stølsheimen sør for Sognefjorden vera noko? Her inne kan ein rusla på stiar frå hytte til hytte, og gå innom mange i dag nedlagde stølar. Om ikkje toppane er høge (opptil 1600-talet), er det mange fine utsynspunkt, mot brear, tindar, hav og fjord. Budeiene er borte, men kyrne beitar framleis selsbøane, og sauene finn ein framleis innover fjelldalane. Stølsheimen høver óg godt for teltturar. Eg ser de skriv at de har med turutstyret i bilen. Då har eg eit konkret forslag i området aust for Stølsheimen, i traktene mellom Vikjafjellet og Nærøy-fjorden. Køyrer de E 16 på strekninga Voss - Vinje - Stalheim - Gudvangen, vil de ved fylkesgrensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, nede i Nærøydalen, finna eit skilt som viser til Jordalen. Køyr opp der. Vegen verkar noko brutal i starten, men vel oppe ved gardane Jordalen og Nåsen, opnar det seg eit vakkert, grønt og frodig støls-dalføre. Forbi gardane held vegen fram som grusveg (open bomveg) innover Fresvik-Jordalen, og passerer den ein stølen etter den andre. Køyr langt inn i dalføret og finn ein triveleg teltplass, t.d. ved vatnet i Øvstedalen, der kyrne beitar villig på flate og frodige grassletter i området. Lenger nede i dalen går det geiter, iallfall gjorde det det. Turmål i området er Breidalen - Rimstigen - Breiskrednosi, med utsyn ned i Nærøyfjorden. Ein kan gå frå Leitevatnet og innover mot Fresvikbreen, eller gå utover mot Handadalseggi for å oppleva eit langt og stort fangstgjerde som er over 1000 år gammalt, der reinen vart jaga langs gjerdet for å springa utfor stupet og omkomma. Returnerer ein om Langafjellet og går nordover til fjellet fell ned i nord, får ein eit artig utsyn mot Sognefjorden og Sogndal flyplass. Kva med å ta turen oppa toppane Blåfjell, Tverrbotnanuten og Svinadalsholtane, toppar på 15-1600-talet. Sjå på karta med namnet Gudvangen og Leikanger, (og evt. Myrkdalen). God tur til eit fantastisk fjellområde med lite fjellturistar. Helsing Stuttjukken. -
Så vidt eg veit er det lite snø på sentrale Austlandet i år. På Vestlandet (nært Bergen) der eg er i frå, er det rikeleg med snø i høgfjellet, men det er langt meir enn 4 timars køyring frå Oslo. Nært Oslo har ein praktfulle skogområde, som Nordmarka nord for byen, flott for 3-4 dagars turar. Lenger frå Oslo kan ein nemna frå vest mot aust Telemark, Blefjell (Numedal), Norefjell (Krøderen), Hallingdals-fjella, Valdres, Gausdal Vestfjell, Hedmarksvidda og Finnskogane, og mange fleire område. Nokre av områda vil nok ha litt snø att i byrjinga av juni. Kontakt Den Norske Turistforening i Oslo for tips og snøforhold. Lukke til med fotturen din i sommar. Kanskje sit du ved eit vatn ei lys sommarnatt, og ser fisken hoppar i vatnet. Helsing Stuttjukken.
-
2000 metere man kan se fra havflatenivå
Stuttjukken svarte på Jotunologen_Mohn sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg ser fleire har nemnt at Store Skagastølstind er synleg frå enkelte stader ved Årdalstangen. Det trur eg stemmer. Nokon har nemnt at Storen kanskje kan vera synleg lågt nede ute ved Sylvarnes, vest i Vik kommune, litt utanfor midten av Sognefjorden. Eg var på Sylvarnes (båt frå Ortnevik) i 1996, og gjekk oppover lia og over Kleivfjellet til Hanekambdalen og turisthytta Solrenningen (Stølsheimen). Det var ikkje råd å sjå Storen der i frå, men den kan vera synleg i sogneliane i nærleiken, utan at veit noko om det. Eg har sjølv tenkt tanken at det kan vera lågtliggjande punkt for utsyn mot Storen i desse traktene óg. Storen er sjølvsagt synleg i god tid før ein når opp til Kleivfjellet, men då er ein høgt oppe. Elles er turen over fjellet frå Sylvarnes ein flott tur med spektakulære utsyn over Sognefjorden, ikkje minst frå Blånipa. Fastbuande på Sylvarnes sa i 1996 at dei ikkje såg fjellvandrarar obver fjellet til/frå Sylvarnes meir enn max. 4 gonger i året. No er den gamle gardsvegen langs fjorden frå bilvegs ende i Ortnevik lenger ute og innover forbi fleire veglause gardar mot Sylvarnes rusta opp, og det gamle skulehuset der kan nyttast til overnatting. Dei siste 2-3 åra har fjellvandringa over Kleivfjellet teke seg litt opp. Det er god stølsveg/sti over fjellet, godt varda, og utan raude T-ar. Då eg gjekk turen, tok eg båten frå Otnevik til Sylvarnes og gjekk over fjellet til Solrenningen første dagen. Andre dagen bar det over forbi Urdanipi til Åsedalen. Tredje dagen bar det over til Rappen og ned på gamle stølsvegar til Arnafjorden vest for Vik. For å illustrera kor ukjend Sylvarnes var for fjellvandrarar i 1996, nemner eg at då andre fjellvandrarar på Solrenningen spurde kor eg hadde gått i frå då eg kom der i halvmørkna denne augustkvelden, sa eg at eg hadde gått frå Sylvarnes. Bortsett frå fjellvandrarane på hytta som kom frå Vik i Sogn, visste ikkje folk kor dette var. Nokre hadde ikkje høyrt namnet ein gong. Sylvarnes, kun ein dagsmarsj frå Solrenningen. God tur over Kleivfjellet, det største lokale høgfjellsplatået i Stølsheimen, der det lågaste punktet er vatnet på 1196 m.o.h. Dette er utanfor allfarveg. Helsing Stuttjukken. -
Bleia ovanfor Revsnes ved Sognefjorden kjenner eg godt til. Med 3 år som busett i Balestrand, lenger ute i fjorden, var Bleia eit fast landemerke å sjå lenger inne i fjorden. Eg har ikkje vore på Bleia, men har tenkt på det nokre gonger. Då vurderer eg det som ein 2-3 dagars tur, som inkluderer å vitja den veglause bygda Frønningen (ferje frå Kaupanger eller Gudvangen, sistnemnde stad berre om sommaren), og kanskje gå opp der i frå som dagstur, og overnatting i bygda før og etter turen. Framtida vil visa om dette vert noko av. Elles er Bleia å nå frå fjell-vegen mellom Aurland og Lærdal. Elles nemner eg som fleire her at gamle Revsnes ferjekai når ein til fots eller på sykkel utover den stengde vegen mellom Vindedalen (Lærdal) og Revsnes. Helsing Stuttjukken.
-
Eg ser at andre stader utanfor Sunnmøre, med fjellstykker som er spådd ein undergong med katastrofale følgjer, er nemnt. Eg nemner her 2 stk. som ikkje er nemnt her før. 1. Mofjorden, inst i Osterfjorden, nordaust for Bergen, har fjellklippen som heiter Slottet, og minnar om Preikestolen i Lysefjorden i Ryfylke. 2. Sidefjorden Finnafjorden på sørsida av Sognefjorden, vest i Vik kommune, har eit stort "laust" fjellstykke på austsida, sørvest for Fagerdalsnipi. Vassfylte og "botnlause" sprekker har utvida seg opp gjennom tidene. Til skilnad frå Stoplen i Høyanger og Bøttejuvet i Årdal, er dette fjellstykket lite kjend. Helsing Stuttjukken.
-
Når det gjeld terylensbuksene som høyrer til bussuniformen, så er det ikkje dei eg brukar på fjellturar, då dei ikkje er sterke nok, (sjølv om det eg skreiv kanskje kunne oppfattast slik). Når det gjeld eigenskapar som om buksa "pustar", er vindtett eller om den vert tung når den vert våt, skreiv eg sist at bruken av terylensbukser høyrer heime i godvêr, og ikkje i styggavêr. (Er sommardagen så varm at ein svettar skikkeleg, går ein gjerne i shorts). Som i det meste av tøy som er på marknaden, inngår kunstoff også her. Det er terylensbukser med høg andel ull, omkring halvparten, eg brukar på fjellturar, og ikkje slike full-polyester-bukser som t.d. "bilbuksa" til Dressmann, der ein gjerne kan ha grunn til bekymring for at kunststoffet "smeltar". Dei terylensbuksene eg brukar i dag, er frå eit restopplag frå Berserk, ein klesfabrikk som vart lagt ned for nokre år sidan, og som ikkje er å få ta i i dag. (Sidan eg var så "framsynt" at eg skaffa meg nokre bukser som var for store for meg den gongen, har eg framleis bukser som passar ei feitare utgåve av meg). I dag er terylensbukser som er slitesterk nok for ein fjelltur sjeldan vare, for det meste av det som finns høver kun som finbukser eller "bilbukser". Dei terylensbuksene eg brukar ute, tåler både "kjerr og kratt". Terylensbukser er lette, ja, men dei eg brukar er ikkje lettaste sort. "Terylensbuksas venner", ja. Eg må innrømma at eg humra litt for meg sjølv, då eg las innlegget, og trudde først at det var ein vits. For å gå frå spøk til alvor, hadde kanskje ikkje "Terylensbuksas venner" vore så dumt, så det går alltids an å gripa fatt i det. Med mine 39 år, hadde eg nestan sikkert vorte yngstemann. Å bruka terylensbukser på fjelltur er forsøket verd, så kom gjerne med tilbakemelding på det om det vert prøvd. Terylensbuksa må vera sterk nok, og ein må bruka det fleire gonger, før ein veit korleis det er. Mi røynsle med terylensbuksa gjorde at eg ikkje vil vera den forutan på fjellturar på godvêrdagar. Det er ingen fare for at terylensbukser i fjellet vert ein trend! Terylensbuksa vert stadig sjeldnare i framtida. Helsing Stuttjukken.
-
Eg ser at "fulvund" greip fatt i det eg skreiv om at området frå havet i vest til Nærøyfjorden i aust frå gammalt av heiter Stølsheimen. Tanken slo meg etter at eg hadde skrive dette at denne ordlyden kunne vera litt uheldig. Det er heilt rett at namnet Stølsheimen dukka opp omkring tida etter krigen. Veteran i Bergen Turlag, Birger Refsdal i Bergen (Eidsvågneset), fortalde meg korleis namnet Stølsheimen dukka opp på den tida. Før den tid vart eit avgrensa område i nordaustre dalføret ovanfor Steinsland i Modalen med stølen Steinslandsstølen i midten vart kalla for Steinslandsheimen fram til krigsåra. I Kjenn ditt land (seinare Bergen Turlag her vest), då veteranen Reidar Stiegler var mest aktiv i mellomkrigsåra, var dei på turar i områda innover frå Indre Osterfjorden og Masfjorden, og den gongen omtala dei området som Modalsheimen. Det er greitt å få presisert dette med alderen med namnet Stølsheimen. Mange av fjellområda rundt om i Norge har heller nye namn, og enkelte av fjellområda har fått namna sine fastslått dei siste 5-20 åra. Flott, "fulvund", og takk skal du ha for innlegget. Både du og andre er velkomen med innlegg. Helsing Stuttjukken.