Stuttjukken
Passivt medlem-
Innlegg
627 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Stuttjukken
-
Åleine på overnattingstur? Kva med å byrja med å ta 2-3 dagars fjelltur til turlagshytter i fjellområde med lite ferdsel utanfor sesong. Då kan det førekoma at ein er åleine på hytta, kanskje fleire netter på rad. Sjølv var eg eingong på ein tur i Stølsheimen med 3 overnattingar, åleine kvar natt, og såg ikkje folk på minst 3 døgn. Herleg! Eg reiste åleine på ein 2 vekers tur i Nord-Norge for ein del år sidan. To av nettene i Vest-Lofoten føregjekk i telt, og ei natt var under open himmel ikkje langt frå Nordkapp. Mørkt på Nord-Norge-turen, nei, det var jo midnattsol. Mørkt på nemnte tur i Stølsheimen, ja, samt regnbyger og litt skodde. Du nemnte Trollheimen. No er me inne i den årstida at i Trollheimen er det langt på veg lyst heile natta. Det er berre å ta turen. Kanskje dei finaste nettene i fjellet er dei du opplever åleine. Også i år vonar eg det vert minst ei natt åleine i fjellet på meg, og for meg er det med netter åleine i fjellet rein terapi. Helsing Stuttjukken.
-
Mennesket, eit framandelement? Faktisk ikkje, då det er ein del av skaparverket. I alle tyder har mennesket nytta seg av naturressursane, der graden av dette har vore i tråd med den til ein kvar tid teknologiske utvikling, med stor skilnad på stein-alderen og vår moderne tid. Derimot er det stor skilnad av å NYTTA seg av den naudsame del av naturressursane for det daglege brød, og det å UTNYTTA natur-ressursane for å tilfredstilla sine eigne krav til velferd og makelegheit. Tilrette-leggjing i naturen har vore på moten sidan 1800-talet (og kanskje litt før det óg, alt etter korleis ein ser det), først med t.d. opning av hotell i Vestlandsfjordane i tider då Slingsby klatra på Store Skagastølstind og mange andre norske fjell. Seinare vart det ein storstilt vegbyggjing høgt og lågt i landet, og sjølv mange støls- og fjell-område er fyllte opp med vegar, og tilhøyrande høgfjellshotell. Kraftutbyggjing er ein annan form for tilretteleggjing for det norske folk, og i seinare tid har få kunna unngått og leggja merke til at det må byggjast ut som aldri før, då det er for lite straum, seier dei som "veit". Ikkje berre meir vasskraft, men óg gasskraft, vindkraft, m.m. Så har ein tilretteleggjinga for friluftslivet. DNT har vore aktiv i mange år med hyttebyggjing og stianlegg, m.m., og dette føregår framleis. Stimerkinga er omstridd, og det bør den faktisk óg. For nokre er stimerkinga eit gode for å få folk til å ta seg fram i naturen, og andre skyr merkinga som pesten. Sjølv har eg vore med på stianlegg på ein sti frå garden der eg er i frå (Vestlandet). Mange turstiar er varda og merka slik at dei høge knausane er tekne i bruk, slik at det er synleg på lang avstand. Me valde ein annan metode. Det vart teke utgangspunkt i gamle markavegar til slåttemarkene i liane, for å ta vare på dei så dei ikkje grodde att. Deretter var det å følgja ein gammal oppgang til fjells, og føra stien mot ei av turlagshyttene i fjellområdet. Skogen vart rydda skånsamt for å skapa noko friare sikt. I fjellet sette me vardane akkurat der ein skulle gå, i staden for kun å setja dei oppå høge knausar for å lysa opp lang veg. Vardingen vart tettare, men gjekk så i eitt med terrenget at ein nestan ikkje skulle tru at dei var der i det heile, samstundes som at dei var lette å sjå og følgja. Det er svært ofte skodde i fjellområdet, men fjellvandrarar har sagt at denne tette og gode vardingen gjorde det lett å følgja stien i tett skodde. Oppå fjellet går ein mest berre på stein, stien er ikkje så mykje brukt pga. marsjlengda som er registrert på 8 timar, og det er forutan vardar og merking mest ikkje spor etter folk der oppe den dag i dag. Fleire av dei som har gått der har gjeve uttrykk for at ruta er så grei å finna og følgja, og sette pris på turen, og utsynet om vêret tillot det. Dette eg skriv her skal ikkje resultera i ein debatt om for eller mot stianlegg og stimerking, men vera eit døme på skånsam og terrengtilpassa sti-tilretteleggjing frå eiga røynsle. I skogen har det vist seg at til og med den talrike hjorten har "teke i bruk" stiane. Når det er sagt, er det komen så mange stiar og hytter i fjellet, at det ikkje trengs gå inflasjon i vidare aktivitet på dette området i dag. Somme område må framleis vera urørte, også for slik aktivitet, og framstå i den form det var før mennesket vandra inn i Norge. Det treng både me, dyrelivet og naturen elles. Kva så med gondolbaner til diverse fjelltoppar, i Jotunheimen og andre område. Vonar det ikkje vert noko av slike tankar. Eg ser inne i debatten at Alpane er nemnt i denne samanhengen. Der er det ikkje så reint få toppar det er bygd gondolbaner til. Eg har vore ein gong i Sveits, og opplevde det tindelandskapet som fantastisk. Her var det gondolbaner til den eine toppen etter den andre, som til Pilatus-toppen ved Luzern og Schilthorn ved Lauterbrunnen (Interlaken, Wengen). Sjølv var eg med toget! frå Interlaken til Jungfraujoch i Berner Oberland. Toget nådde rett nok ei stor høgd, men noko bragd for å ha vore til fjells i Alpane var det ikkje. Eg vonar at det ikkje vert slike tilstander i Norge. Så vel eg å la turane mine i skog fjell vera på naturen sine premissar. Somme gonger går eg på varda og merka stiar, og somme gonger på fri hand utanfor stiane. Med åra har eg lært å setja meir og meir pris på den urørte naturen, og vandra der utanfor dei velordna stiane. Som ein hjort......................... Helsing Stuttjukken.
-
Turtips i Stølsheimen akkurat no i månadskiftet mai - juni: 1. Fottur; Kalvedalen i Fjonfjella vest for Romarheimsdalen (og vest for sentrale Stølsheimen). Det er nok langt på veg farbart til fots der no, men ver obs elvar i vårflaum. 2. Skitur; Helland i Modalen - Skavlabu - Vardadalsbu - Norddalen - Ortnevik. 3. Skitur; Straume i Modalen (til fots opp lia, og berer ski) - Vardadalsbu - Norddalen - Ortnevik. 4. Skitur; Evanger/Brekkhus - Vålahytta - Tvinnestølen - Voss (til fots ned frå fjellet). Andre stader i Stølsheimen er det full vårløysing no, så ver obs opne elvar og utrygge snøbruer. Snart er det sommar! Helsing Stuttjukken.
-
DNT "folk" - Runde og sosiale?
Stuttjukken svarte på Fridtjof N. sitt emne i Generelt om friluftsliv
Kva er så eg i karakteristikken over? Pubertal; ikkje det eg veit. Sosial; av og til som folk flest. Rund; både fysisk og i sak/diskusjon. Feit; passar glimrande fysisk på meg. Helsing Stuttjukken. -
Eg kjenner til ein kar som rigga til ein teltleir inne i Vossefjella, eit stykke frå folk. Han skulle bu der i eit heilt år, og kun leva av jakt og fiske, og eit proviantlager med langtidshaldbare matvarer. Han hadde poteter og mjøl (bakte brød sjølv), m.m. Han var mykje på jakt om hausten, og fiska mykje. Gjennom vinteren held han seg mykje i ro, først og framst pga. vêret, men óg for å redusera på fysisk aktivitet for å redusera energibehovet/matbehovet. Han greidde seg godt i fjellet heile dette året (juni-97 - juni-98). Han hadde mykje besøk fram til vêret vart for dårleg mot vinteren. Sjølv var eg der inne i slutten av november-97, og hadde med bl.a. brus, som han kunne ha til jul. I teltet hadde han omn, og store vedlager utanfor. Teltet hans var godt og varmt, det, då eg var innom. Han venta besøk, så eg overnatta i Torvedalen mellom Eksingedalen og Vossestrand. Nett då var det kaldt, frost og nokre cm. nysnø, lite vinterleg til å vera så seint på hausten i fjellet. Dette som står over er ikkje direkte overførbart til ein langvarig fjelltur, med reale marsjar kvar dag, men det er verd å tenkja over. Er ein innstilt på å leva av det ein finn i naturen, og la vera å ha mat med, vil folk flest greia seg godt i 2-4 dagar, og tida varierer frå person til person. Det er likevel ikkje tilrådeleg, då lange og krevjande dagsmarsjar krev så store energitilførsle at det er vanskeleg å få i seg nok gjennom bærplukking. Får ein kilovis med fisk, går det betre, men om det er verd å ta sjansen på er ein annan sak. Det same gjeld jakta. Det er mykje som skal klaffa, men det er klart at det kan gå, men det går ikkje sånn heilt utan vidare. Går ein tom for energi, og tøyer den tilstanden for lenge, kan ein risikera og oppleva at ein stoppar opp og at beina ikkje klarar å bera ein. Dette går over etter ein solid tilførsle av energi, men ein kan verta hemma av etterverknadene ei god stund etter. Er de kun i god form, utan eit kilo for mykje på kroppen, er det større grunn til å tenkja seg om. Då er det betre å tenkja slik at ein kan ha med litt energirik proviant, i kategorien sunn mat, som ein kan supplera med i tillegg til det ein finn av mat ute. God form er bra, men som Svein skriv, er det greitt å ha noko feittlager å tæra på før ein slik tur. Om det held med 5 kg. eller ein ynskjer t.d. 25 kg. ekstra på kroppen, velgjer ein sjølv. Når eg er til fjells, har eg med meg litt knekkebrød (helst med havre) og pålegg, sjokolade, og evt. basis kjøtvarer for bruk på hyttene eg overnattar på, men dei store mengdene i sekken er det ikkje snakk om. Proviant finn eg på dei fleste hyttene i Sør-Norge, (men ingen i Nord-Norge, som eg har høyrt om, så langt). Er det snakk om telttur, aukar eg mengda mat i sekken. Elles har eg rikeleg med feittreserver å tæra på, og i forhold til Fedon sine tilrådingar, har eg 60 kg. ekstra på kroppen. Oj, korleis kan ein klara å gå til fjells med det? Jau, eg gjer det iallfall, men tempoet er bedageleg då, men så har eg det ikkje travelt. Etter ein skikkeleg frukost, går eg heile dagen til neste opphaldstad, somme gonger med ei skive eller litt sjokolade, og somme dagar utan ein matbit undervegs. Eg presiserer at dette er meg, som har godt med feittreserver. Niste for turen er viktig for fjellvandrarar flest. Når det er sagt, kjem eg over store mengder blåbær, kan eg eta og fråtsa lenge. Nam............! Middag vert det når dagsmarsjen er over. God tur, men det er lurt å ha litt ekstra i sekken, sjølv om ein lever mest på det ein finn ute i naturen. Helsing Stuttjukken.
-
Atlanterhavsvegen - Flakstad. Flakstad, kor é det hen? (Vest-Lofoten, trudde eg). Derimot heiter det Farstad, der ute i havgapet nord for Molde. Like ved er staden Hustad, som er rota til det kjende kystnamnet Hustadvika, der havet sine dønningar bryt med kvitt skum over undervass-skjæra i det ureine farvatnet innanfor Atlanten. Området er svært spanande for sykkelturar, men ver merksam på den sterke vinden som er vanleg her ute. Når det stilnar av er det godt å vera på Romsdalskysten. Stopp ved minnesteinen for dei skipbrotne på Hustadvika ved Hustad kyrkje. Så ber det utover til Bud, med steinstøtta for Riksdagen eingong på 1500-talet. Parker sykkelen i Harøysundet, og ta deg ein båttur utover til det fråflytta fiskeværet Bjørnsund, ein fortryllande stad. Så er det berre å sykla mot Elnæsvågja (Elnesvågen). Ta ut frå Malmefjorden og sykla rundt ved Gjendem (avstikkar opp til Gjendemsfjellet) og Julsundet, og innover langs fjorden til Molde, som alternativ til over skardet. Kva med å halda fram ytterst på kysten? Ta ferja frå Hollingholm til Aukra, og sykla over til Småge. Ta neste ferje til Finnøya, og gjerna ein avstikkar til Ona. Hald fram med ferja frå Sandøya (Myklebust) til Brattvåg i Haram. Så er turen kort til Tennfjorden, Skodje, Spjelkavika og Ålesund. Eller du vil sykla austover om Vatne, Vestre, Rekdal, Fiksdal og Tomrefjorden til Vestnes (ferje til Molde). Ein kan óg sykla over Midsund til Molde. Frå Vestnes kan ein trekkja innover Romsdalsfjorden mot Vikebukt og Åndalsnes, og der er som kjent Trollstigen, Trolltindane med Trollveggen, Romsdalshorn, Vengetindane, m.m. Ein sykkeltur med kystlandskap og tindar/høgfjell i skjønn foreining. Turen kan halda fram inn i evigheita.............................. Helsing Stuttjukken.
-
I fotefari åt Gjest Baardsen, tett på Fresvikbreen.
Stuttjukken svarte på Stuttjukken sitt emne i Turrapporter
Jordalen har mange eigarar. Samanlikna med store dalar på Austlandet, er Jordalen eit kort dalføre på vel 2 mil. Likevel forsyner 3 kommunar seg av dalen, og tidlegare var det 4 kommunar i Jordalen. -Strekningen Nærøydalen - Jordalen gard - Nåsen gard - Sendo (støl) og Kaostaidn (Kåstein støl) ligg i Voss kommune. -Strekningen Røyrdotten - Breiddalen (buføreveg over Rimstigen til Bakka ved Nærøyfjorden) ligg i Aurland kommune. -Strekningen Nedstedalen - Preststølen - Øvstedalen - Vikjadalen ligg i Vik kommune. Før låg strekningen Nedstedalen - Preststølen - Øvstedalen i Leikanger kommune, då Fresvik og Feios høyrde til Leikanger, fram til at bygdene med fjella deira vart overført til Vik for nokre år sidan. Vikjadalen har lenge høyrt til Vik, til bl.a. storgarden Vange i Flatbygdi i Vik, der dei truleg framleis bufører gjeldkyrne (kyr som ikkje mjølkar) sine over Enne(-bakken) til Vikjadalen. Voss ligg i hordaland, og dei andre kommunane i Sogn. Då Fresvikjene buførte i Fresvik-Jordalen (gamle Leikanger sin del av Jordalen), var breen mykje større enn no, og slik opplevde nok Gjest Baardsen det óg. I dag er kryssinga av brearmen Grytaskarvbreen på berre 2-300 meter. Før var det nok snakk om over det doble, og truleg fleire brearmar, mot dei 2 i dag, og den andre er Langafonnbreen som heng bratt ned mot eit vatn. Langafonnbreen kan vera skummel og kryssa når snøfonna er steinhard etter nattefrost, dersom vatnet er ope. Det går godt an å mista festet og ramla nedover i vatnet. Anten får ein gå når snøfonna er mjuk i varmen, eller ha med isøks og stegjern her. Då stølsdrifta var i gong for lenge sidan, ramla ein hest ned i ein sprekk i Grytaskarvbreen, og kom fram ut av lang tid etterpå. Litt har eg fått høyra frå Fresvikjene. Helsing Stuttjukken. -
Tross stillheita denne desemberdagen ved brefoten og blåisen, høyrdest det ein innbilt knaking mellom isblokkene. Julestria var visst i gong der inne. Helsing Stuttjukken.
-
I fotefari åt Gjest Baardsen, tett på Fresvikbreen.
Stuttjukken svarte på Stuttjukken sitt emne i Turrapporter
Det er fine sykkelruter og trekkja innover frå Nærøydalen og innover Jordalen, samt frå Stalheim og innover Brekkedalen, med veg over Tverraldskardet og ned i Jordalen. Ein kan sykla inn det eine dalføret og ned att det andre. Det er lite biltrafikk, men for bilistane har vegane bomavgift ovanfor gardane. Dessutan kan ein sykla frå Vik/Vangsnes og innover langs fjorden forbi Feios til Fresvik, og opp til stølen Engi. Det er fleire uopplyste tunnelar, så hugs lykt. Fresvikbreen har nok lite sprekkar inne over platået, men det er godt med sprekker i brefalla, noko eg har sett både nede frå Engi, og frå Langafjellet, 1511 m.o.h. Dei fleste brevandrarane her går over til den kvasse ryggen (som ein tind) på austsida, nemleg Huldakyrkja ovanfor Huldabotnen. Eg ville ikkje teke sjansen på å gå åleine over breen, i motsetnad til at ein kan gjera det på den gamle buførevegen sør for breen. Kartet fortel at Fresvikbreen er 1648 m.o.h. breen har minka kraftig dei siste åra, og er nok lågare no. Det spørst om ikkje at ein her har det same fenomenet, som med Galdhøpiggen, og den tidlegare høgaste Glittertind, med breen oppå fjellet. Litt vest for breen ligg fjellet Nummestolane, 1640 m.o.h., på austsida av Seljadalen i Vik. Tiner ein ned Fresvikbreen, trur eg Nummestolane er det høgaste faste fjellet vest for Nærøyfjorden. Det er mange som, i motsetnad til meg, kjenner til sjølve Fresvikbreen. Kontakt Torstein Hønsi i Vik, han som har heimesida på søkjeordet "Vikjavev", med støls- og fjell-bilete frå området. Du kan óg kontakta Svein Ulvund på Voss, med heimesida på søkjeordet "Voss Now", der du kan finna fram bilete frå Fresvikbreen og Huldakyrkja (og høgdene rundt Nærøyfjorden, Vossefjella, Bergensbanen, m.m.). Desse kan leda deg vidare til fleire som kjenner Fresvikbreen. Sjekk óg ut heimesida til Grunde Engan med søkje-ordet "Sognafoto". Så har de arbeid i timar med å sjekka ut desse sidene, sider som eg ser på fast. Skal ein til Fresvikbreen på ski om vinteren, går dei fleste frå nordenden av Vikjafjellet (Fossestølen, om vegen er brøytt over fjellet), og inntil Muravatnet, over isen, over ved Svelgavatnet nord for Blåfjell, ned i Øvstedalen, opp att mot nordaust til Fresvikvarden og opp fjellsida nord for dalen og inn på breplatået ein stad. Ein kan gå på ski frå Nåsen i Jordalen, og innover heile dalføret. Ein kan gå frå Skard i Fresvik, over Jordalskardet, Langafjellet (1511), Rjupeskarv/Gryteskarv og opp på breen vest for Syringane. Alle vinterrutene er lange. Sjå Arnt Flatmo sine bilete frå skituren Vikjafjellet - Fresvikbreen, heimeside med søkjeord "Hordaland mountain". Dei fleste som går frå Jordalen til Dyrdal ved Nærøyfjorden, går frå Leitevatnet ovanfor Fresvik-stølen Øvstedalen, og byrjar på buførevegen austover, forlet denne tidleg og går forbi Styvisdalsvatna, ned Styvisdalen sør for Handadalseggi med nemnte steinmur av eit fangstgjerde, og forbi Hjølmo, Drego og Dregalii til Dyrdal ved Nærøyfjorden, (avhengig av båt- eller ferje-anløp). Eg gjekk ikkje den vegen. Tenkte at ruta eg gjekk skulle vera hemmeleg..................nei, eg berre tulla. Eg gjekk opp frå Breiddalen støl og fulgde buførevegen mot Bakka ved Nærøy-fjorden til Vardane, toppen av Rimstigen. Så gjekk opp på Vasseteggi i nord, 1474 m.o.h., fulgde ryggen austover forbi eit bogastille og ned på Rimstigfjellet ved fjorden, 1296 m.o.h. Det bar vidare ned ryggen mot nord til inn i Breiskredklovi attmed Breiskrednosi, med liknande utsyn som Kjell-Inge har som bilete frå profilen sin. Der er det eit mektig utsyn ned i Nærøyfjorden. Så var det å kryssa platået nordover og gå ned den bratte fjellsida til stølen Vassete. Nedgangen er ikkje god pga. langsgåande hamrar ovanfor Vassete, men opningar finns sørvest for stølen, (gå like aust for bekken på kartet). Frå Vassete er det god stølsveg nedover dalen forbi Hjølmo og Drego til Dyrdal. Vassete er ei svært vakker naturperle, og verd å oppleva. Andre turtips i området er følgjande: -Vikjadalen i Jordalen - Ennebakken - Seljadalen i Vik. -Tenoldlii eller Grønsberg i Vik - Rambera (1623 m.o.h.) - Nummestolane (1640). -Toppane Blåfjell (1548) og Tverrbotnanuten (1611). -Dyrdal - Torisstølen (ovanfor Drego) - Handadalen - Jordalskardet - Fresvik. -Bakka ved Nærøyfjorden - Rimstigen - Vardane - Breidalen/Jordalen. -Nåsen i Jordalen - Berdalen - Muravatnet/Vollafjellet - Gravvotn - Fyrjadn - Vik. -Holo i Myrkdalen - Grungane - Dueskardet - Ytredalsvatnet - Urdaskardet - Nåsen. -Feios - Feiosdalføret mot Svartavatnet under nordsida av Fresvikbreen. -Jordalen-garden - Slettedalen - Giljanipi (1501) - Bakkanosi (1398). Osv. Eg har prøvd den første og sjuande rute ovanfor, samt små brotsykker på nokre av dei andre, men har tenkt å gå meir her inne. Sist eg var i området, var i slutten av oktober i fjor. Då gjekk eg frå grusvegen frå Vikjafjellet og austover mot Muravatnet, og over i Kvanndalen på vestsida av Muravatnet. Det var ca. 10 cm. nysnø, sol og fint vêr, og flott utsyn ned i Sognefjorden. Julia, Fresvikhalvøya ligg fjellstøtt der i vest den, så den er nok der når de får tid til ein tur der til. Eg gler meg til boka dykkar kjem ut. Helsing Stuttjukken. -
Det var tidleg haustmorgon i Sogndal. Eg hadde overnatta hjå ein kamerat, og drog no med snøggbåten frå Fjøra (Sogndal) til Vangsnes. Drosjen til Fresvik var tinga. Vel framme på stølen Engi (300 m.o.h.) i Fresvik, skein soli mildt og fint oppe i brefallet i Fresvikbreen ovanfor Huldabotnen (Storedalen). Eit kjøleg drag gjekk gjennom Tundalen, og var med på å halda tempoet litt oppe. Det trongst då turen var lang. Skogen gav seg fort i Tundalen, og stien var lettgått. Vel inne i dalbotnen ventar oppstigningen frå 750 til 1350 m.o.h. På veg opp av Tundalen kom ein opp i solskinet og varmen. Den gamle buførevegen svinga seg oppover lenge. Vel oppe i Rjupaskarv, 1350 m.o.h., endra landskapet seg totalt. Fresvikbreen sende ut brearmane sine i mange retningar. Det var stein og snaufjell utan gras. Skulle tru ein var ved Jostedalsbreen eller på Svalbard her oppe i einsemdi. Brearmane Grytaskarvbreen og Langafonni vart kryssa den solrike septemberdagen. Begge brearmane er trygge for fri ferdsel utan tau, i motsetnad til sjølve hovudbreen (Fresvikbreen), nokre hundre meter unna. Eit fortyllande is- og bre-landskap breidde seg utover rundt meg. At denne vetle Fresvikbreen kunne omgje seg med så mykje "arktisk" landskap. I sør reiser Langafjellet seg, 1511 m.o.h., og bak den ligg Handadalseggi, 1431 m.o.h. På Handadalseggi er det eit fleire hundre meter langt fangstgjerde, brukt for over 1000 år sidan. Fangstfolk skremde reinen langs desse steingjerdene og fulgde gjerdet mot stupet og datt utfor. Dei daude dyra vart drege ned til Nærøyfjorden. Kanskje var denne verksemdi grunnen til namna Drego, Dregalii og Dyrdal. Gamle fangsgjerde er det fleire av her inne, og somme av dei forsvinn inni Fresvikbreen. Dette tyder at breen var mindre eller borte i denne tida. Elles må det nemnast at Langafjellet har flott utsyn mot Fresvikbreen, og litt nord for fjellet utsyn ned på Sognefjorden og Sogndal Flyplass på Haukåsen (der TV2 sin Farmen 3 vart spelt inn). Etter at Fresvikbreen vart passert, bar det ned ein flott fjelldal. Etter at den store Fresvikvarden var passert bar det ned i ein stadig grønare dal. I kveldinga var Fresvik-Jordalen nådd, med sine mange stølar. I den siste rest av sollys og raude skyer var det berre å sjå mot det staselege Blåfjellet, 1548 m.o.h. Vel nede til Fresvik-stølen Øvstedalen, 870 m.o.h., var det berre å rusla nedover grusvegen nedover dalen forbi stølane til eg var ned att til bilen, som har stått der sidan dagen før. Då gjekk eg over fjellet og ned til Dyrdal i Nærøyfjorden, og tok ferja til Kaupanger, og drog til Sogndal. Gjest Baardsen held fram nedover Jordalen, og gjekk over Naoli (Nåli) til Sivle (der diktaren Per Sivle ættar frå) og Stalheim. Det gjorde Dag Lindebjerg med film-teamet óg, som vart send ut på NRK for ei tid tilbake. God tur til eit område utan tilretteleggjing, og med lite ferdsel. Her får de vera åleine om de vil. (Snakk til om de vil vita meir om dette området. Det er mykje eg ikkje veit, og eg har ikkje gått innover Fresvikbreen endå (det gjer eg ikkje åleine), men eg kan fortelja det eg veit). Julia, ta med deg Morten til Jordalen og Fresvikbreen. Etter Lærdalstunnelen er turen kort frå Skrautvål, og nokre minutt forbi Gudvangen, på fylkesgrensa, køyrer de opp til høgre (mot nord). Der ventar eventyret. For å ha nemnt det; frå mange toppar på Fresvikhalvøya mot Nærøyfjorden, ser de mykje av Jotunheimen der ute frå, og Jotunheimen ser flott ut derifrå. Ta bilete til den fine heimesida dykkar. Helsing Stuttjukken.
-
Eg har ikkje gått i Lyngsalpane, men eg har fare gjennom Gàivuodna (Kåfjord) fleire gonger, då eg budde nordaførr, og betrakta Lyngfjellan (somme seier det) frå austsida av Lyngen-fjorden. Dette området er det mest storslagne tinde-landskapet i Nord-Norge, trur eg. Sist eg såg Lyngfjellan (1993) kom eg frå Finnmark (Tana - Tromsø), vêret var ustadig. Vel ut av Rotsundet mot Lyngen braut skydekket opp, regnet roa seg og kveldssola skein skarpt og lyste opp dei snø- og bre-kledde Lyngfjellan. Tindane skein så kvitt og skarpt i kapp med sola. Og ikkje nok med det, dette var i slutten av mai, og då sola braut gjennom, vart lufta varma opp, og den kvelden eksploderte knoppane på bjørkeskogen ved Lyngen, og skogen vart grøn på ein kveldstime. Våren kom på eit blunk. Dette klarar ein ikkje å tru går an, før ein har opplevd det. Sjølv har eg sett dette to gonger. Det er eit verkeleg eventyr, og denne gongen var Lyngfjellan ein verdig kulisse. Dette gløymer eg aldri, og er blant mine kjære minner i naturen. Jiekkevàrre, ja, 1833 m.o.h., mellom Ullsfjorden og Lyngen, sørlege del av Lyngfjellan, vest for Furuflaten. Dette er eit av dei største fjella i landet, med kort veg frå fjord til topp, kanskje nr. to. Eg veit berre om Store Kalkjin i Sunndal som er større, 1880 m.o.h., etter forutsetjingane eg legg til grunn, som mest mogleg direkte frå sjø til topp, med minst mogleg avsatsar undervegs. Det er fjellet si reisning frå sjøen (eller elv i dalbotnen) eg tenkjer på. Første gongen eg så Lyngfjellan kome eg frå Tromsø, med ferjene over Ullsfjorden og Lyngen. Eg vart imponert av synet den gongen óg, i 1989. Som ein kuriositet nemner eg at ferjene til Bjørklids Ferjerederi (trur det heitte noko slikt) var oppkalt etter toppar i Lyngfjellan. Ullsfjordferja heitte då Goalsevàrre, og Lyngsferja heitte Jæggevàrre ("fornorsking" av Jiekkevàrre). Eg er einig med Espen i at bileta frå pb er flotte, og at landskapet er fantastisk og storslagent. Lyngfjellan er som Sunnmørsalpane med ein ekstra høg tind inni området, men tregrensa er mykje lågare, og bre-landskapet er villare og meir voldsam. Midnattsol og mørketid følgjer med på kjøpet. Er det tindelandskap i Norge som kan sidestillast med Sunnmørsalpane og Lofoten, så er det Lyngfjellan. Ta turen nordover og opplev Lyngfjellan, anten ein ser på frå fjordane, eller tek turen til topps på ski eller klatrar der, eller går til fots. Hugs telt, då området er fritt for hytter, o.l. ovanfor busetnaden på strandflaten. De som går til topps, hugs óg å oppleva panoramaet over Lyngfjellan frå både vestsida av Ullsfjorden og austsida av Lyngen. Dermed er det uutslettelege inntrykket frå området komplett. Helsing Stuttjukken.
-
Eg ser at det har vore ein debatt omkring allemannsretten. Måtte den diskusjonen aldri stilna av så lenge det finns mørke skyer i horisonten som kan trua denne. Eg viser til innlegg om konflikten mellom grunneigarinteresser og allemannsretten, under temaet "Bompengar i fjellet", for å sleppa å repetera alt det opp att. Eg meinar at avgift på den frie eigen-bruken av naturen, tydeleg eller skjult/innbakt ikkje kan aksepterast i det heile. Det som derimot er greit, er å betala for tenester, som overnatting på hytter i fjellet (uansett eigar, om det er DNT, Staten, private, osv.), fjelltur-guiding, og andre tenester. Forutsetningen er at folk må kunna velja sjølv, og kunna vera kvar dei måtte ynskja å vera i norsk natur og norske fjell, utan å betala for det. Kven kjenner ikkje til diskusjonen om avgift på teltplassar ved DNT-hyttene, løypeavgift i preparerte skiløyper, og tilkomsten til Nordkapp-platået? Det er slike ting som er døme på uting, og direkte åtak på allemannsretten. (Sjølv om eg er medlem av DNT, synest eg at teltavgift er ein uting). På garden der eg er ifrå har me ordna i stand turstiar for fleire tusen kroner, men å ta betalt av folk som går der på eigenhand meinar eg er eit åtak på allemannsretten, så det vil eg rett og slett ikkje. Stiane ordna me istand nettopp for at fjellvandrarar skulle gå der, og ikkje for å plaga folk med avgifter. Skal det betalast for noko der, måtte det vera guide-tenester, og ikkje bruk av naturen. (Sjølv det å ta betaling for guide-tenester gjev meg nestan dårleg samvit, og no er det fleire år sidan sist). Bruken av naturen er fri, og eg vonar at me kan slå fast at bruken av naturen (friluftsliv) er fri, også om hundre, jau, mange hundre år. Me må vera vakne for allemannsretten, og kjempa for å ta vare på den for all framtid, også me i Fjellforum. Det vert garantert ikkje lettare å ta vare på allemannsretten i framtida. Vårt sterkaste bidrag er at me er der ute, og brukar naturen, alt etter tida me kan disponera. Der ute er drivkrafta til å stå på! Helsing Stuttjukken.
-
Det stemmer det, Svein, at Grøtet, som er aust for Synnylvsfjorden, ikkje ligg inne i Sunnmørsalpane, då Sunnmørsalpane først byrjar vest for fjorden, og er avgrensa til innpå dei to halvøyane på begge sider av Hjørundfjorden. Har vore for lenge borte frå Sunnmøre no, skjønar eg, så det får eg gjera noko med. Helsing Stuttjukken.
-
Valdresfly-a, -en, -e. Ein tidlegare sjåførkollega av meg, no pensjonist, ein av dei mange lokale Stende (Steinde) bortom elva på Ulnes (like nord for Fagernes mot Vestre Slidre), seier iallfall "Valdresflye". Helsing Stuttjukken.
-
Nok ei frydefull turskildring har funne vegen gjennom tastaturet hjå Svein. Bileta minnar meg om den gongen for nokre år sidan eg stod oppe Brydalsfjellet (mellom 1000 og 1100 m.o.h.) ovanfor Ortnevik ein vår-ettermiddag (utan skodde), med utsyn mot Sognefjorden og Skagastølstindane, og nordover mot Nordfjord (vel halvvegs til der du var). Skilnaden var at det var stygg brotskare ned frå fjellet, så skiene måtte av, dessverre. Turen enda frå ein vakker støl og ned i nyutsprunge bjørkeskog. Nede i Ortnevik var fruktblomstringa i gong. Det dufta herleg av vår. Takk for bileta, Svein, og eg nyter det du viser frå Sunnmørsalpane i fulle drag. Helsing Stuttjukken.
-
Vil tvinge flere fosser i rør / energipolitikk
Stuttjukken svarte på Tom sitt emne i Generelt om friluftsliv
Kaldavatni i Ulvikfjella sør for Myrdal var utbygde før i tida. Kraftproduksjonen vart avvikla, og for få år sidan vart den vetle, gamle demninga fjerna. Endå vil nok spora frå tappesona vera synleg i kanskje 200 år framover idet det ca. 1250 meter høge vatnet ved Kaldevasshytta, men tiltaket vart gjort. Prisverdig var det. (I Støls-heimen ventar me på at vegen til prøvedriftområdet ved Raudberget vert fjerna og "tilbakeført til naturen". Eg trur det ikkje før eg ser det). Helsing Stuttjukken. -
Var på skitur frå Vikjafjellet, gjennom Stølsheimen til Modalen, 17.-19. juni, 1997. Heite sommardagar og rótasnø i fjellet, men deilig fruktsuppe på dei tomme hyttene i lyse sommarnetter. Har ikkje prøvd med havregryn, men burde kanskje det. Eg trur eg likar rottegift, eg.............................. Helsing Stuttjukken.
-
Vil tvinge flere fosser i rør / energipolitikk
Stuttjukken svarte på Tom sitt emne i Generelt om friluftsliv
Vasskraft og damanlegg, kolkraft, kjernekraft, vindkraft, osv.................................... I vår vart me glade, naturvernarane i Indre Osterfjorden. Det vart endeleg vedtek at saman med fleire vassdrag, vart Hesjedals- og Øvstedals-vassdraget i Stamnes- og Bolstad-bygdene (Vaksdal og Voss kommunar) verna mot ktaftutbyggjing. Over 10 år med kamp mot kraftutbyggjing der vart kruna med siger, med "Vernelaget for Hesjedalsvassdraget" som pådrivar. Tru ikkje at tida for kraftutbyggjingar er forbi. Difor er slike vern kjærkomne. Som Anita Vik på Stamnes seier: "Me gler oss øve at Hesjedalsvassdraje é verna, og takk fø da". (Ho snakkar nestan lik dialekt med meg). Her er eit dikt ho skreiv til Hesjedalsvassdraget: Elva Er det Som gjev krafta si Til meg. Støtt står eg På fjellgrunn - Livsåra i landskapet Kviskrar stendig Nye bodskapar Tagalt Gjennom tidene Anita Vik, Stamnes. For å setja dette med elvar i rør i perspektiv. Helsing Stuttjukken. -
"Hvor dyrkes alle disse grønnsaker?" Det veit eg ikkje. Eg dyrkar mine i åkeren (litt tidleg endå, kald vår no vestpå), og somme høver i drivhus. Tidlegare jordbruksskule-student. (Godt å vera fri for mobilen når ein er til fjells). Hesling Stuttjukken.
-
Toppnamn, ja. Som student i "Vøldinje" (Volda) i 1987-88, hugsar eg nokre artige frå kartet for Sunnmørsalpane framleis. Her er nokre: Skårasalen (tur der til vart den gongen berre med tanken), Konehornet, Kvistadkjerringane, Kjerringkjeftane. (Eit fjell med fullkome toppform og middels bratte sider er Gjendemsfjellet ved Molde). Eg seier ikkje meir. Helsing Stuttjukken.
-
Kva som er mi sterkaste fjelloppleving, anar eg ikkje. Der kunne eg stoppa innlegget..................................... Det er haustmorgon, og eg vaknar tidleg på Vatnane, nord i Stølsheimen. Det er første gongen eg er på Vatnane, (1994). Sola skin gyllent, og lyser opp seli på stølen Vatnane. Den ikkje-provianterte hytta på stølen hadde eg åleine den natta, (plass til 6). Det bar vestover på gras og lyngmark oppover mot vest. Snart opnar utsynet seg, der eg ser rett ned i den tronge og veglause Finnafjorden (sidefjord på sørsida midt langs Sognefjorden) vest i Vik kommune. Der sette eg med ned for å oppleva utsynet, lenge............ Denne septemberdagen er det såvidt sola når ned i Finnabotnen, og skin i rause 15. minutt, eit par dagar før "mørketida" byrjar. På Finden og Tåa er det flott haustsol. Det er stille, både på fjorden langt der nede og i fjellet. Det er svært luftig her ute, og difor er utsynet over fjordlandskapet storslagent. Eg måtte berre vera der, lenge............. Eg ruslar vidare oppover mot den stolte dama i Stølsheimen, med namnet Fagerdalsnipi, 1245 m.o.h. Undervegs såg eg mange svarte ramnar rundt eit framskote berg over fjorden. Snart var eg der, og utsynet ned i Finnabotnen vart endå meir fantastisk. Seinare fekk eg vita at eg hadde vore på Ramnaberget, der namnet høver uallminneleg godt. Det bar oppå toppen av den stolte dama av eit fjell. Utsynet fornektar seg ikkje, og det var berre å vinka til Fresvikbreen, Urdanostind, Falketind, Store Skagastølstind, Fannaråki, og Jostedalsbreen i all si velde med dronninga Lodalskåpa på tronen over breen. Det bar vidare nordover langs Finnafjorden, og snart var eg der ved noko stort som eg hadde høyrt om. Eit nestan loddrett jutulhogg skar seg inn nord for Fagerdalsnipi. Så såg eg ned i den villaste kløfta eg har sett ned i så langt i livet. Kløfta var voldsam og gav eit uutsletteleg inntrykk. Eg vart ikkje redd, men fryktsam og reagerte med respekt. Først var det ca. 300 meter fritt fall, og deretter styggbratt og trongt ned til Finnafjorden. Hogget er kalla for Torskanesglyvrao. Så bar det nordaustover til dei litt lågare toppane ut mot Storfjorden (Sogne-fjorden). Framme på kanten mot ytst i Arnafjorden (mellom Finnafjorden og Vik) bar det no ned att i bygdi, der turen gjekk ned den lange lia til dei veglause gardane på Otterskred. Vel nede vart det båtskyss inn att til veg lenger inne i Arnafjorden. Ein tur med kolossale inntrykk var over. Sidan har området ved Vatnane vore mitt favorittområde i Stølsheimen, som eg har vore i mange gonger sidan. Vil eg vera åleine i fjellet, er sjansen stor for det her. Iallfall har eg ikkje treft meir enn 2 andre på hytta her inne. Hytta på Vatnane (890 m.o.h.) høyrer til Bergen Turlag (DNT), er utan proviant, og er eit alternativ til provianterte hytter med merka stiar og kort veg frå bilvegar. Her merkar dei ikkje stiane. Stølsvegane frå Arnafjorden er i god stand, og greie å følgja, men det er stor stigning oppover, (dog litt under halv-parten av stigningen frå Loen til Skålatårnet). Hyttene Åsedalen og Solrenningen ligg nokre timars gange (dagsmarsj til sistnemnte) frå Vatnane. Her må ein bruka kartet og finna fram sjølv. Det finns sporadiske sauetrakk og restar etter gamle stølvegar. Korte strekk kan vera vonde å gå, om ein treff på bratte steinurder. Vel, fjellvante greier seg godt her, også dei som ikkje har vore her før. Merka stiar kjem ein ikkje til før ein nærmar seg dei andre hyttene. Eg har sjølv gått til Vatnane saman med turlagsfolk som har vore i heile Stølsheimen, unnateke her, for så å høyra at området ved Vatnane var noko av det flottaste han hadde opplevd. Foreldra mine vert ikkje yngre med åra. Det måtte verta i fjor (2004), og det vart det, heldigvis. Dei klarte å gå opp den lange lia til stølen Rosete, (halvvegs opp til Vatnane), sjølv om dagen gjekk med. Me 3 klarte å finna plass for natta i det opne og private selet. Dag to bar det over fjellryggen og ned til Vatnane, og etter-middagen vart nytta til ein tur for å sjå Finnafjorden, kort veg frå Vatnane. Dag tre bar det ned ei anna li attende til Arnafjorden. Dei var takknemlege for å sjå området ved Vatnane medan dei endå kunne klara denne turen, og dei óg syntest at dette området var blant det flottaste dei hadde sett i Stølsheimen, og forstod kvifor eg likte å gå der inne. Få stader i fjellet lever eg meg så djupt inn i, og vert eg så i eitt med, som nettopp ver Vatnane. Der kjenner eg at eg lever, som evigheita.......................................... Helsing Stuttjukken.
-
Party på hyttene i fjellet har eg sett fleire gonger. Vanlegvis har det vore roleg det eg har sett, men ikkje alltid. Så vandrar eg innover i Stølsheimen i haustregnet, og tek inn i ei tom og kald hytte i halvmørknet. Våt som ei kråke finn eg fram stearinlys og fyrstikker og tenner på. Så er det å gå i gong med vedfyring, og henta meir ved med tanke på neste gong det kjem folk. Vatn vert bore inn. Først når eg ikkje skal henta meir ute tek eg av det våte tøyet og skiftar, ordnar til senga, varmar opp vatn, finn fram mat i proviantlageret der det finns, og går i gong med middagen. Så set eg ved bordet og nyt middagen åleine i lyset frå stearinlysa, medan regnet trommar på vindauga, (med von om betre vêr i morgon), og inne er hytta vorten varm. Det kom ingen fleire den kvelden. Der inne i fjelldalen hadde eg eit party for meg sjølv, og nytte det å vera åleine på hytta. (Koste meg "glugg i hel"). Drikke? Friskt fjellvatn frå Krokelvi utanfor hytta. Herleg. (Turminner frå Solrenningen i Stølsheimen, september 1995, turen Stølsvatnet (Modalen) - Solrenningen - Vatnane - Åsedalen - Stølsvatnet, der alle 3 hyttene var tomme for folk, vêret var skiftande, og eg ikkje såg folk på over 3 døgn, då eg møtte 3 karar på tur frå Stølvatnet til Åsedalen som opplevde hardt vêr med snøvêr 2 dagar etter at eg gjekk på same staden). Mobiltelefon hadde eg ikkje den gongen, og eg visste knapt nok kva det var for å sei det slik. Jau, eg er ein einstøing, og takk for det! Helsing Stuttjukken.
-
Når eg er ute i naturen/til fjells, er noko av det beste med det å koma vekk frå folk, same kor mykje Telenor reklamerer med at mobildekninga no er så god at dei bringer folk nærare kvarandre. Skulle eg av ulike grunnar vera nøydd til å ha mobil-telefonen med på tur, gjer eg det motvillig. Dei turane eg går utan mobiltelefon, er dei turane eg kjenner meg mest fri. Risikoen, kva med den? Tenk om det skjer noko? Det har eg faktisk opplevd nokre gonger. Ein gong fekk eg så vondt i foten at eg lurte på om eg kom meg fram til hytta før det vart mørkt. Ein annan gong gjekk eg saman med andre, der vedkomande vart sjuk i fjellet. Det vart over-natting ute, og den andre var ute av stand til å gå dagen etter. Nett den gongen var mobilen med, men eg visste at det ikkje var noko vits i. Eg brukar å sei at eg går turar i Stølsheimen, den største "radioskyggen" i verda, når temaet er mobil-dekning. (Dei siste åra har dekningen kome seg litt i Stølsheimen, men det kjenner eg til berre pga. det andre har fortalt, og sjekkar det ikkje sjølv). Då var det kun ein ting å gjera, nemleg å setja mat, utstyr og sekkar att i fjellet hjå turkameraten, pakka han inn så godt som råd var, og ta beina fatt ned til bygda ved fjorden. Nokre timar seinare var situasjonen ordna opp i, med helikopterfrakt til sjukehus. I dag er han frisk og fin. Sjølv etter dette meiner eg at mobilen er noko ein må klara seg utan, anten ein er åleine på tur til fjells eller saman med andre. Kva grunnar som skal til for at eg skal ha mobilen med på turen. Dømet mitt her er om eg må tinga drosje når turen er slutt, men då er turen slutt før eg ringjer. For nokre år sidan gjekk eg skituren Hodnaberg (Hamlagrø) - Torfinno - Timaglaset - Gråsio - Hjelle ved Voss, og tinga drosje attende til den parkerte bilen. For meg er ikkje mobilen noko sikringsutstyr, og i fjellet vil eg ikkje koma nærare folk som ikkje allereie er der. Er eg ein einstøing? Jau, det er eg, og takk og pris for det! Men eg kan óg vera på tur saman med andre. Helsing Stuttjukken.
-
Mange ser på det å gå åleine i fjellet som galskap. Kanskje kjem dei med peike-fingeren og viser til fjellvetreglane. Tenk kor lite turar til fjells det hadde vorte om eg skulle venta til andre vart med. Takk og pris for at eg er vant til å vera åleine på fjelltur, og kan ta ut når eg får tid til det, og vêret er slik eg ynskjer. Eg har opplevd å ikkje sjå folk på over 3 døgn på fottur, og over 2 døgn på skitur. Det er ikkje annleis enn det blant mange av de andre i Fjellforumet, og somme av dykk har nok vore åleine utan å sjå folk i mykje lenger tid enn dette. Stundom er det heilt herleg å oppleva fjellet åleine. Eg nemner om ein fjellkar eg kjenner til som budde åleine i telt i Stølsheimen i eit heilt år, og levde av jakt og fiske. Midt på vinteren såg han ikkje folk på fleire veker. Som han sa, hadde han byrja å "snakka rype-språket" som eit resultat av fråvær av menneskeleg kontakt. Helsing Stuttjukken.
-
Hvorfor er Norrøna dyrere enn Bergans?
Stuttjukken svarte på kristian100 sitt emne i Alt annet utstyr
Namnet og varemerket Norrøna er dyrt nok i seg sjølv, før kledeproduksjonen er i gong. Helsing Stuttjukken, (han som går med terylensbukser til fjells).