Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Stuttjukken

  1. Veit du kva, Arnt Flatmo. Du bur ikkje lenger unna meg, enn at me kunne truffe kvarandre, og sett oss ned med bileta dine og gode kart, og resonnert oss fram til namnet på mange Nord-Norske fjell, me to. Eg har budd 3 år på Sortland i Vesterålen for ei god stund sidan, og kunne hatt godt av å ruska litt opp i det som finns i den Nord-Norske fjellverda, og gjerne andre område for den saks skuld. I mellomtida kan du sjå på temaet Jiehkkevàrre (Lyngsalpane) under fjellområdet Troms, så veit du kvar neste flytur med fotoapparatet skal gå, nemleg flyruta Tromsø - Alta, eller Widerøe-ruta Tromsø - Sørkjosen (Nordreisa). Prøv óg flyruta Stokmarknes - Evenes, og Stokmarknes - Svolvær - Leknes - (Røst) - Bodø. Flyruta Oslo - Ålesund over Sunnmørsalpane er heller ingen dårleg idé. Å sjå tindane nærmast kitla under flykroppen er stadig like fascinerande, men når det er sagt er ingenting som å vera på tur inne i fjellområda. Gode bilete, Arnt. Din fjellkunnskap om Hordaland (og langt på veg heile jordkloden), Arnt, er uslåeleg, og kjekt for oss andre. Me gler oss til fleire bilete frå deg. Helsing Stuttjukken.
  2. Liknande transport meiner eg skjer til Glitterheim og Rondvassbu óg, og truleg nokre stader til. Sjølv om tanken er god, trur eg ikkje slike tiltak er i pakt med naturen, akkurat. Her vest vert motorisert transport komprimert til det mest naudsame. Bergen Turlag har mange hytter i Stølsheimen, som krev forsyningar av proviant, varer, ved, m.m. Fleire av hyttene ligg i Stølsheimen Landskapsvern-område. Varene vert køyrt opp anleggsvegen til Stølsvatnet og plassert der. På dispensasjon frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som er forvaltar av verne-området, får turlaget ein dag årleg (slutten av juni) til helikoptertransport av varene. Turlaget i Bergen er oppteken av å bruka så lite motorisert ferdsel som råd er, og det står det respekt av. Samstundes med transporten er det dugnad på hyttene. Dugnadsfolket vert ikkje transportert inn med helikopteret, så dei går inn til hyttene, sjølvsagt. Klart at det ideelt sett ikkje skulle forekome slikt i fjellet, men dette synest eg er greitt og naudsamt for at det skal fungera for dei fleste av fjellvandrarane, og er milelangt unna transport av folk og ryggsekkar til hyttene. Det vert supplert med varer innimellom elles i året óg, men turlaget sine folk er ofte innover i Stølsheimen og ber det med seg i sekkene sine då. Dobbeltmoral, eg har kanskje det.................................... Helsing Stuttjukken.
  3. Stormberg, ja, eg har sett produktene reklamert. Kvaliteten kjenner eg ikkje til, men det er uvesentleg. Både Stormberg og mange andre produsentar stoppar på xxl i storleiken, og det er mange x-ar for lite for runde og godslege fjellbamsar. Det er ikkje eit problem for meg, for eg får tak i det vil gå med til fjells i min storleik. Helsing Stuttjukken.
  4. Stuttjukken

    Ny fjellbukse

    Lett fjellbukse???? Til kalde vinterdagar kan du bruka ei tjukk og tung vadmels-bukse. Motstanden i ei tung bukse gjev god trim og styrkjer beina. Den eg har er omkring 5 kg., kanskje meir. (Det var no voldsamt kor alvorleg eg var no, Hehe, men det stemmer det som står over). Helsing Stuttjukken.
  5. Røykvender, ja........................................ Gode ting?! Elles tenkjer eg på ein gammal TV2-reklame om camping i styrtregn, der pølsene vart varma opp med hårfønaren, sidan bålet slokna i regnet. Røyklukt i kleda etter bålbrenning ute, er det ikkje så mykje anna å gjera med enn å gje kleda ein omgang i vaskemaskinen, men det er ikkje alltid at det er nok. Bålkosen må ikkje ofrast for det. Helsing Stuttjukken.
  6. På dagsturar på ski på kalde vinterdagar, brukar eg ei tjukk og tung vadmels-bukse, som er god og varm. Folk flest brukar lettare bukser, men motstanden i den tunge vadmelsbuksa gjev god trim i seg sjølv på skituren, og eg kjenner velværet av at eg har brukt den tunge skrotten min når turen er over. Til overnattingsturar med tung sekk, vert denne buksa noko for tung og hanskast med, så vadmels-buksa for vera til dagsturar med lett sekk. Vadmelsbuksa mi veg truleg 5 kg., kanskje meir. Helsing Stuttjukken.
  7. Turistforeningen sitt forslag til vintertøy har noko for seg. Om vinteren går ikkje eg på overnattingstur, og avstår frå lange fjellvandringar åleine på vinteren. Dagsturar derimot er greitt åleine på ski, når ein veit kva ein gjer. Er det skikkeleg kaldt, går eg med vadmelsdressen min, med ein skikkeleg tjukk og tung jakke og bukse, som eg kjøpte i romsleg storleik då eg budde nordaførr. Dette er for tungt å hanskast med på overnattingsturar, men genialt på ein dagstur, med lettare sekk. Nett no er det juni, så eg vonar at vinteren held seg unna ei lita stund til............... Helsing Stuttjukken.
  8. Stuttjukken

    Spm om støvler

    Fjellstøvlar treng du på turane dine så det er greitt å skaffa seg. I tillegg er det lurt og ha gode gummistøvlar med skikkeleg godt mønster i sålen (styr unna glatte seilerstøvlar o.l.), i dei tilfelle du veit at du skal gå gjennom mykje vått terreng, myr og slikt. Det fjellområdet eg går i har så mykje vått terreng at eg brukar gummistøvlar på mange turar. Når det er sagt, duger fjellstøvlar dei fleste stader, så gummistøvlar er kun eit supplerande alternativ når behovet kan oppstå. Støvlar er tunge, så valet om fjellstøvlar eller gummistøvlar bør vera teke før turen startar. Gummistøvlar støttar ikkje foten slik fjellstøvlar gjer, og det er viktig og vera klar over. God tur. Helsing Stuttjukken.
  9. Eg nemnte at Liadalsnipa har ein flatare tilkomst frå "baksida". Kanskje det verka som at eg meinte at det kunne vera lett å ta seg til toppen derifrå. Det har eg ingen formeining om, og om eg elles veit svært lite om Sunnmørsalpane, veit eg at slike ryggjer som Svein tok bilete av kan vera alt frå kurant og passera, til å vera som den kvassaste knivsegg som kun dei tøffaste klatrarane vågar seg på. Dette er berre ein liten detalj av alt som er med på å gjera Sunnmørsalpane fascinerande, og det er godt at det fjellområdet er nett slik det er i all sin villskap. For å ta ein paralell frå område som er nærare mine kantar, nemleg Nærøyfjorden. Reiser ein på fjorden med ferje eller båt, ser ein steile og loddrette berg rett opp frå fjorden, og øvst er toppane på 14-1500 m.o.h. Kven kan automatisk tenkja seg at det er flate fjellplatå, nestan som Hardangervidda i mini-miniatyr bakom kanten. Dei som har vore der veit det, men ikkje mange andre, for der er det ingen tilretteleggjing med hytter og merka stiar, og dermed liten ferdsel. Helsing Stuttjukken.
  10. Terylensbuksene eg brukar i fjellet er i ferd med å slitast, etter nokre års bruk. For tida er eg på jakt etter nye terylensbukser til fjellturane. Eg tok kontakt med Herremagasinet AS i Oslo (ved Gunerius), og dei skulle finna noko til meg og senda. Dei kan sjølvsagt ingenting om fjellbukser, men dei veit kva ei kraftig og solid terylensbukse er, og då butikksjefen der kjenner til meg, veit han kva eg treng. (At butikksjefen og eg sjølv har omtrent same storleik i bukser, gjer at han prøver buksene for meg, så slepper eg å reisa bort til Oslo sjølv for kun dette formålet, så for meg er det genialt). Når det gjeld terylensbukser, er det kun den sterkaste buksa som tel for meg, og ikkje den nest beste. Det skal verta spanande å sjå om buksene han finn fram verkeleg duger, men signala eg har fått så langt er lovande. Eg har ei sterk terylensbukse som er i minste laget, og nokre år gammal. Sidan den var litt for liten, har eg ikkje brukt den i fjellet, men kun brukt den noko elles. Eg hadde nett byrja å køyra buss då eg kjøpte den. Eg som er fullt utrusta med anlegg for å verta feit, vart rimeleg nok det av det fysisk rolege arbeidet dei første åra i bussen, og klappar mett og nøgd på kulemagen min, Hehe. Butikksjefen trudde han kunne skaffa rett storleik. Dei andre terylensbuksene eg brukar i fjellet, har gått ut av produksjon for fleire år sidan, og er ikkje å få tak i meir. Taklar buksa både forholda i fjellet som høver for terylens-bukser (fint vêr sommar og haust, fjellskog, myr og bratte oppstigningar), og kulemagen min som sprengjer steinhardt på buksene innanfrå, samt dei breie lårene mine og den breie bakenden, har eg funne den rette buksa for meg. Dette er sjeldan vare i dag. Mine røynsler med dei nye buksene kjem sikkert her seinare. For andre er det berre å våga å prøva, om dei fattar interesse. Så ser eg fram til ein ny fottursesong i kraftige og svært sterke terylensbukser. Dei vert nok ikkje berre brukt i fjellet, for eg går med terylensbukser heile tida, eg. Det er fleire år sidan at eg har gått med andre bukser enn terylensbukser, bevernylonsbukser og vadmelsbukser, same kva eg driv med. Vanen er så inngrodd for meg at den varer livet ut. Det er klart at sidan eg går med terylens-bukser nestan heile tida, er nok spranget til å gå med terylensbukser i fjellet lite. Har eg ikkje rett terylensbukse på, skiftar eg sjølvsagt til den mest solide før turen. Og eg er ingen gammal mann, og er framleis berre ein ungdoms fjellkar på 39 år, med fjellstøe standpunkt, vaner og røynsler, tursekk, fotoutstyr, kulemage og er stuttvaksen. Helsing Stuttjukken.
  11. Tenkte eg det ikkje. Liadalsnipa har ein langt flatare tilkomst frå "baksida". Dette har eg sett frå Sandhornet/Blåfjellet ved Folkestad/Dalsfjorden (skitur, mai 1988), men det vart mykje tydelegare på biletet ditt. Ta med eit bilete av den sett frå Håvold/Rjåneset, (og kanskje endåtil frå Kjelsundet i Gursken). Sunnmørsfjella har mange ansikt. Nok ein gong flotte bilete, Svein. Det er ein kar på nokre av bileta dine. Er det deg sjølv der sjølvutløysaren er brukt, eller er det ein turkamerat? Helsing Stuttjukken.
  12. Eg har ein kamerat som bur med familien sin i Katmandu, hovudstaden i Nepal. Dei kjem opprinneleg frå Eksingedalen og Vaksdal i Hordaland. Dei har heimeside med bilete frå Nepal med litt av folkelivet dei møter i kvardagen og i arbeidet, samt ein del fjellbilete, mest avstandsbilete mot Himalaya. Bileta er trivelege og sjå på. http://home.no.net/kjagull/ (om det verkar), eller søk på Kjartan Gullbrå. Helsing Stuttjukken.
  13. Flott å sjå Masdalskloven frå andre sida inne frå tindane innover Kolåshalvøya, Svein. Du får nok oppleva Molladalstindane frå denne kanten skyfritt ein gong, men då eg såg bileta dine, var det berre å nyta dramaet som oppstod mellom skyene, tindane og dei djupe u-dalane (Romedalen). Eg har kun sett Masdalskloven frå vegen nedanfor langs Vartdalstranda (ved Masdal) og frå Breisundet (ferja Hareid -Sulasundet, men synet av Masdalskloven har alltid imponert meg. Helsing Stuttjukken.
  14. Ein gong for mange år sidan, og eg var åleine ute i skogkanten og leika med noko i ein bekk. Skumringa hadde nett starta, og plutseleg kom reven gåande nokre få meter frå meg. Den som skvatt, det var meg, og ikkje reven. Kjekt minne å hugsa på, men det er likevel langt fram til han karen som besvimte, og vakna med ei gaupe! som stod på brystet, eller korleis det var no att. Kanskje minnet om denne reven eg opplevde ute den kvelden er eitt av dei mange ting som har resultert i at eg er roleg og avslappa på turar åleine, sjølv når skodda kom sigande................... Det er ingenting der ute som har gjort meg noko, ikkje eingong den kvelden i 1993 eg høyrde bjørnen kom på nært hald etter å ha skremd bort kyrne våre på skogs-beitene, sjølv om eg ikkje såg bjørnen sjølv. Spora etter bjørnen fann me i skogen heime i store mengder få dagar etterpå, både hol i maurtuer, ribba blåbærlyng, djupe spor i marka med bjørneklo-avtrykk, skamslegne kyr med djupe sår etter klør og eit oppete kalvefoster. Som rimeleg var gjekk me ikkje åleine i heime-skogen den næraste tida etter, og fleire spor etter bjørn fann me. Det er kanskje merkeleg, men eg ville ikkje ha livet av nokon bjørn etter desse opplevingane, men set pris på at bjørnen vart ein del av dyrelivet ein periode heime hjå oss i den vetle Vestlandsbygda, der mange framleis nektar på at bjørnen eksisterer. For meg var bjørnen ikkje noko skadedyr å ha i skogen, men derimot eit stort privilegium. Bjørnen har halde seg borte i nokre år no, men streifar sikkert innom att seinare. Skogen vår har ein attraktiv hola-botn som høver for skye dyr som bjørnen. Bjørnen har aldri gjort meg noko. Og framleis går eg åleine til skogs og i fjellet, noko eg vende meg til i nett dei åra bjørnen var aktiv i området. Eg er viss på at ein stad der ute går bjørnen og ruslar, bjørn i eintal, for dyret er sjeldan. Eg er takknemleg for at den finns der ute. Helsing Stuttjukken.
  15. Haugsdalen tur-retur, eller vidare om Bontveit, Frotveit, og kanskje endåtil Totland til Nesttun eller Elvaneset, eller................................ Me ventar spent. Helsing Stuttjukken.
  16. Fersk snørapport frå ein stad i Stølsheimen. Nokre jernbanefolk frå Voss var på isfiske på Svartavatnet (1061 m.o.h.) under bergveggen i Skjellinganosi, litt vest for Skjelingen på Vikjafjellet. Bileta tyder på at det er greitt å gå skiturar frå Vikjafjellet og inn i Stølsheimen (mot Selhamar eller Åsedalen) framleis. Sjå bileta på www.lokmartin.net, og klikk i menyen på "31. mai. Isfiske i høgfjellet". (Best å nemna det no, for sommaren nærmar seg i fjellet óg, sjølv om den kalde lufta bremser som best den kan). Det er nok ikkje lenge til raudsildra blomstrar, trur eg, og finns i bra mengder på hogg-skarvane nord for Skjellinganosi. Helsing Stuttjukken.
  17. Dersom du drog avgarde, Torgeir, var du nok heldig med vêret. Skyene løyste seg fint opp i kveld, og gløda framleis oppe i Gullfjellet, til nestan kl. 22.50. Med dei vind- og lufttrykk-forholda som er på midtre Vestlandet denne veka, er det truleg råd og ta seg ein sykkeltur fleire kveldar denne veka. Vêret vert nok skiftande, med lokale regbnbyger kvar ettermiddag, mest i markerte dalføre som går nord - sør. På øyane går ein truleg klar regnet, samt frå litt nord for Bergen. Vinden vil nok halda seg kald heile tida, men det verkar normalt sett varmare der vinden held seg unna. (Sjølv har eg kveldsvakter heile denne veka, og i kveld vart bussen parkert i Arna litt etter kl. 22.30.). Helsing Stuttjukken.
  18. Du har kanskje vore der før, men kva med å sykla Skjolden - Mørkridsdalen, Góppn - Jøstedalen (Gaupne - Jostedal), Hafslo - Veitastrondi (Tungestølen), Sogndal - Fimreite, eller eit litt meir spenstig forslag: Parkér og ta ferja frå Amlabukti (Kaupanger) til Frønningen, og sykla på grusvegane i skogane der borte, til Åsen og Buene. God tur, somme meldingar tyder på godt vêr til helga. Helsing Stuttjukken.
  19. Det er fleire artige der nede i Ryfylke. Eg hugsar ikkje akkurat kvar den var, men den er truleg ikkje langt frå Årdal i Ryfylke. Eg tenkjer på steinklippen Skomakarnibbå. Lokale folk veit nok meir om dette. Helsing Stuttjukken.
  20. Tragisk hending, ja. For ganske nøyaktig 17 år sidan, i slutten av mai i 1988, gjekk ei veninne av meg og eg på kveldstur opp frå Rotevatnet og over Rotsethornet, og ned att på Rotset. Turstien ned att frå Rotsethornet var mildt sagt bratt, hugsar eg, og er ein litt uforsiktig nedover fjellsida der, risikerer ein eit skikkeleg fall her. Ein stad hugsar eg at for å koma ned ein kort bergvegg utan synlege festepunkt i farten, var det til å ta tak i eit tre og nærmast fira seg ned. Dette kan vera annleis i dag, då det har gått tusenvis av folk der sidan då eg var der, i tider som Volda-student i eitt år. Helsing Stuttjukken.
  21. Arnt (Flatmo, trur eg). Du nemnte på tur til Rambera og Nummestolane. Kontakt Torstein Hønsi i Vik, som drifter heimesida www.vikjavev.com. Han har gått eindel oppe i Ramberatraktene, og kan nok gje deg eindel tips. Elles nemner eg at du, Arnt, har ei flott heimeside som eg har følgt med på i fleire år. Helsing Stuttjukken.
  22. Den var fin. Eg skal prøva å hugsa den. Helsing Stuttjukken.
  23. Morten, mange takk for flotte bilete frå soloppgongen i Vest-Jotunheimen. Helsing Stuttjukken.
  24. Har du tid til det på turen til Lofoten, og du er i Vest-Lofoten, ta båt-turen ut i havet og opplev øysamfunna Værøy og Røst. Værøy har sine grøne og snaue fjell i 4-500 meters høgde, der dei reiser seg stolte og store ute i havet. Røstlandet, der folka bur når kun 11 m.o.h., men endå lenger ute er det små øyar med eigendommelege og stolte fjell, som står oppreist for Atlanterhavs-stormane. Denne spesielle kombinasjonen av hav og fjell som ein finn her ute, er det lite av i Norge. Røst er som eit Færøyane i miniatyr. Røst og Værøy kan óg nåast med ferje frå Bodø. Røst har flyplass, men flyplassen på Værøy har vore stengt sidan flyulukka der ute. Ytterst i øyriket ved Røst tronar Skomvær fyr i frontlinja frå Norske-kysten mot Nord-Atlanteren. Helsing Stuttjukken.
  25. Nok ein gong imponerande og flotte bilete frå di hand, Svein. Eg var ein tur i Vellesæterdalen og opp til Gullmorvatnet hausten 1987, og hugsar framleis det fantastiske tindelandskapet på Rånahalvøya med dei bratte og vilt oppsprukne botnbreane nedanfor. Regndalstindane, Brunstadtindane og Urkedalstindane som står på kartet ditt, eg hugsar dei namna endå. Helsing Stuttjukken.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.