Stuttjukken
Passivt medlem-
Innlegg
627 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av Stuttjukken
-
Sjøsamer, "vanlige samer", svensklappan´; eg trudde det var lulesamar som var i Tysfjorden, eg då. Lulesamar kom frå Sverige, ja, med namnet retta mot Luleå og det mange mil lange Lulevattnet i Norrbotten. Samane i Norrbotten hadde ofte sommarbeite i Tysfjord og Ofoten. Helsing Stuttjukken.
-
Vil tvinge flere fosser i rør / energipolitikk
Stuttjukken svarte på Tom sitt emne i Generelt om friluftsliv
Eg tenkte nett på det, men i steinalderen var det ikkje så mykje teknologi at dei trong byggja ut ei einaste elv. Det er jo samfunnsutviklinga som har resultert i at vassdraga vart utbygd, slik at det kunne produserast straum. Kanskje skulle me unnvært dette for naturen si skuld. Berre nokre strøtankar. Helsing Stuttjukken. -
Opptur - flott turbok for Sogn og Fjordane.
Stuttjukken svarte på Agnar sitt emne i Bøker - media - foredrag
Stemmer det, Agnar, for eg gløymde å notera at ho har skifta arbeid. Helsing Stuttjukken. -
Opptur - flott turbok for Sogn og Fjordane.
Stuttjukken svarte på Agnar sitt emne i Bøker - media - foredrag
Eg har tenkt å kjøpa boka "Opptur", Agnar. Eg høyrde om den for ei tid tilbake, og har fått litt tid til å gleda meg til boka kom ut. Forfattaren av boka, Anne Rudsengen, austlending som gjorde vestlending av seg, er ingen kven som helst. Ho arbeider hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Miljøvernavdelinga, på Leikanger i Sogn. Etter at Stølsheimen Landskapsvernområde vart oppretta, har ho arbeidd med forvaltninga av dette området og andre verneområde i Sogn og Fjordane. Ho har vore og er ein aktiv brukar av naturen i fylket, og er ein solid ressurs slik. På 1990-talet vart eg innkalla til møte med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, for å snakka med henne. Ho held på og utarbeida ein "Forvaltningsplan for Stølsheimen Landskapsvernområde" (kan tingast hjå Fylkesmannen der). Sidan oppsynsmannen for verneområdet, Nils Kvamme, kjende til meg, ba ho meg koma med biletmateriale frå Stølsheimen, som eg sat på. Allereie den gongen hadde eg halde på med fotoprosjektet midt i Stølsheimen i nokre år, (byrja i 1994, og no vonar eg heimesida mi snart er på nettet). Nokre bilete av meg vart brukt i planen. Under møtet opplevde eg at eg snakka med ei oppegåande og engasjert kvinne, levande oppteken av arbeidet sitt og naturen i Sogn og Fjordane. Sjølv om ho er tilflyttar, sit ho på meir kunnskap om naturen i Sogn og Fjordane enn mange som har budd der heile livet. For orden skuld nemner eg at eg ikkje har noko med biletmaterialet i boka hennar og gjera, og eg gler meg til og kjøpa den og sjå boka. Helsing Stuttjukken. -
Har gått 2 gonger frå Solrenningen, og over Urdeggi til Vatnane, Jarle, og det var litt skodde begge gongene. Skjebnen vil det vel slik. Helsing Stuttjukken.
-
Sjå etter temaforum i menyen her, og gå inn på "Bergen og omegn" og "Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjella", så kan de finna nokre tips. Ta turen innom ein bokhandel i Bergen, og skaff deg boka "Stølsheimen", av bl.a. Torhild Refsdal Aase, med mange godbitar. Er de medlem i DNT, sel Bergen Turlag boka til noko lågare pris til deg, (Tverrgt. 15/17, eller Markens Tverrgate om de vil). Det er kort veg frå Bergen til Stølsheimen, så god tur. Både mamma og barn har det fint der inne. Helsing Stuttjukken.
-
Hilde J, velkomen til oss på fjellforum. Helsing Stuttjukken.
-
Sjå godt på innlegget til Jarle, med tur i sentrale Stølsheimen. Eg supplerer her med at de tek bussen frå Dale til Gullbrå, øvst i Eksingedalen, (tog frå Bergen). Rusla innover i dalføra mot aust og nord, nemleg Torvedalen og Grøndalen. Det er fleire gode fiskevatn i området, og mange uallminneleg vakre teltplassar ved vatn og elv, i fjellskog, kratt og lyng. Sjå etter bær her inne. Det er rikeleg. Med telt, kan dagsmarsjane verta så korte de berre ynskjer. Elles ligg Torvedalshytta her, og står open, med proviant. Turen kan de enda anten over og ned til Engjaland eller Myrkdalen på Vossestrand., eller de går Grøndalen og Sendedalen til Vikjafjellsvegen. Så er det bussen attende om Voss til Bergen. God tur, og gled dykk ute saman med den 6 år gamle jenta dykkar. Då eg var 6 år i 1972 gjekk eg turen Skjerjavatnet (Trefall i Eksingedalen) - Holskardvatnet (og fekk sjå vatnet urørt kort tid før utbyggjing) - Geitedalen - Rappen (nedlagt) - Åsedalen (hytte i bruk) - Halsetsstølen - Steinslandsheimen (nedlagt og neddemt) - Stølsvatnet - Steinsland i Modalen, med 3 overnattingar saman med foreldra. I fjor vart det eg som tok foreldra med til Vatnane i Arnafjordfjelli i Sogn, nordaust i Stølsheimen, ein 3-dagars-tur, heldigvis i tide medan foreldra mine kunne koma seg opp lange og steile sognaliar. Kjærleiken til fjellet går i arv, og no er det dykkar tur til å føra dette vidare til vetlajenta dykkar. Helsing Stuttjukken.
-
Står valet mellom å køyra solo eller å velja sofaen, -køyr solo. Helsing Stuttjukken.
-
I fotefari åt Gjest Baardsen, tett på Fresvikbreen.
Stuttjukken svarte på Stuttjukken sitt emne i Turrapporter
Terje Nummedal. Er du frå Nummedal i Seljadalen eller ein annan stad i Vik, eller kanskje frå Strónde? Eg kjem i frå nabokommunen til Vik, mot sørvest, nemleg frå Modalen på hi sio av Stølsheimen. Jordalen og fjella innover Fresvikhalvøya har eg kjent til lenge, og etterkvart som eg var i stand til å klara meg åleine i fjellet, drog eg fleire turar inn der i siste halvdel av 1990-åra. Eg har fleire turplanar i området der inne. De bur i Oslo, kvar hen? (Har sjølv budd på Sinsen og Uranienborg, nokre år. Gå gjerne inn på profil, der de finn e-post, m.m.). De finn nokre tema frå meg her inne, mest knytt til Stølsheimen. Helsing Stuttjukken. -
Vend nasa mot Nordvestlandet, som Svein skreiv. Forslaga mine nedover føreset at de har ubegrensa med tid til turen, så de vert nøydde til og sila ut mykje og velja noko. Kva med å starta med Ryfylkevegen frå Sandnes, og rv. 13 nordover forbi Tau, Sand, Sauda, Ekkjaskar, Seljestad, Odda. Her kan de starta med ein tur på Keisarstien frå Tokheim i Odda og gå over Folgefonni til Rosendal, 2-3-dagars-tur, og buss attende gjennom Folgefonntunnelen til Odda. Hald fram mot ferja Utne-Kvanndal, og køyr utover mot Øystese og Norheimsund i Hardanger. Få med dykk ein båttur til Botnen/Fyksesundet, og gå oppover stien til Hamlagrø, gjennom eit villt landskap. Returner over Skrott (1320 m.o.h.) og gå ned om Fitjadalen til Øystese. Trekk over Kvamskogen mot Trengereid (evt. avstikkar til Bergen), og køyr mot Dale og Evanger (evt. avstikkar til Voss). Ta av på Evanger og køyr inn Teigdalen og over fjellet til Eksingedalen, og dra opp til geite-gardane på Gullbrå øvst i dalen. Nytt høvet til nokre dagars vandring i Stølsheimen, og opplev t.d. Raudberget. Køyr ned Eksingedalen, gjennom tunnelen til Modalen (bør óg køyrast opp og ned att) og hald fram forbi fjellstauren "Slottet" til Romarheim. Køyr E 39 til Matre (Masfjorden), og ta av og køyr over Stordalen til Bjordal i Sogn og inn til Ortnevik. Overnatting hjå legendariske Anders Øvrebø. 3 dagar i veka (må., on., fr.) går det hurtigferje til Vik i Sogn. Den går innom den spektakulære Finnafjorden på vegen. Frå Vik køyrer de til Vangsnes og tek ferja til Dragsvik, og køyrer innom Balestrand. Ta turen opp på Raudmelen over bygda, med fint utsyn innover Sognefjorden. Ta ein tur med ferja til Fjærland med eit par brearmar frå Jostedalsbreen. Køyr gjennom tunnelen til Lunde i Jølster. Ta gjerne turen over breen mellom Fjærland og Jølster, eller ein tur opp til Flatbrehytta. Så ber det vidare om Skei, Byrkjelo, Olden og Loen. Frå Loen kan de gå ein tur opp til Skålatårnet. Hald fram om Stryn og Hornindal til de nærmar dykk Hellesylt. Så ber det inn på Sunnmøre, og gjennom Norangsdalen til Øye (gå ein tur på Slogen) og Leknes ved Hjørundfjorden, Norges vakraste fjord, midt mellom Sunnmørsalpane. Som Svein skreiv, ta ferja og dra til Skår og Trandal. End opp med ferja i Standal, og køyr i land der. Ta ein avstikkar opp til Standalshytta, og gå opp på Kolåstinden. Køyr vidare frå Standal til Festøy, der ferja går over til Solavågen, og Ålesund er innan rekkevidde. Sjå elles på Svein sine forslag på Sunnmøre med Geiranger, Trollstigen, m.m. God tur nordover. Helsing Stuttjukken.
-
Eg fann Briancon på kartet, ca. 33 km. vest for Sestriere i Italia. "Sydfranske Alper", jaja, eg innrømmer at eg tenkte på Pyrinées, då eg las det. Me gler oss til bileta, når de er komen heim att. Nokre ord frå "Playa del Tunes", ein annan stad i same byen her vest. Helsing Stuttjukken.
-
Tur over Stølsheimens største høgfjellsplatå mot Sogn.
Stuttjukken publiserte et emne i Turrapporter
For nokre år sidan var eg på tur åleine over Kleivfjellet-platået på vestsida av Finnafjorden, i 1996. Eg reiste med båtruta Ortnevik - Sylvarnes - Finnafjorden - Geithus - Vik i Sogn, frå Ortnevik. Den skoddegrå seinsommarmorgonen gjekk i land på Sylvarnes, med von om at skodda skulle letta, noko den óg gjorde seinare på dagen. I dag kan ein gå den restaurerte gardstien frå Ortnevik (der bilvegen sluttar på Fitje), og gå ruta Ortnevik - Krogsnes - Alrek - Vetlesand - på ny trebru over elva Lokao til Stavedal - Hanekamb - Sylvarnes (- Vollevik). Båten går må., on. og fr. morgon frå Ortnevik, og om ettermiddagen frå Vikøyri (Vik i Sogn). I tillegg går den frå grendene til Ortnevik sundag kveld, (og kanskje var det ein tur til i helga?). No er det mogleg og overnatta i det gamle skulehuset på Sylvarnes, men det er ingen fascilitetar der, trur eg. Eg gjekk i land om føremiddagen og traff Reidar Hjortland, ein av dei 4 (i dag 3) som bur på Sylvarnes. Etter ein rusletur til Hanekamb-garden som då nyleg var fråflytta, bar det opp lia på varierande synleg stølsveg oppover. Det bar inn i Sylvarnesdalen, ei av dei vakraste fjelldalane eg nokosinne har sett i Stølsheimen, og eg har sett mange av desse dalane. Stølen i dalen hadde nokre temmeleg lange sel. Det bar vidare opp den bratte fjellskogen i vest, ein krevjande og beinhard oppstigning. Vel over tregrensa og oppe på fjellryggen bar det inn på stølsvegen som kom opp frå Hanekamb, og ein kan óg gå opp derifrå. Så var det berre og rusla stille og roleg oppover stien til Blaonipi, 1242 m.o.h., med eit skremande storslagent utsyn ned på Sognefjorden og grendene på begge sider. Disen hindra utsynet mot Jotunheimen og Breheimen den dagen, men det fekk våga seg. Det bar så innover Kleivfjellet, det største høgfjellsplatået i Stølsheimen, der Skjerjavatnet er det lågaste med sine 1196 m.o.h., og resten er over 1200 m.o.h., medan Kleivfjells-toppen er 1313 m.o.h. Platået er ikkje SÅ stort, men det opplevest som å gå over Vidda midt innpå her. Stien er godt varda med opprusta store vardar, gjort av Hanekambfolket, og er den best varda stien i Stølsheimen i dag, og er ikkje merka, for det trengs ikkje. Platået er snautt og nake med berg, lav og lyngmark, fleire vatn med snøfenn omkring "gamle som brear", og er som ein magnet på skodda som ligg ofte her ute. Folk har vorte sakna her inne, og det har vorte funne skjelett etter folk i Kleivfjellet årevis etterpå. Platået vart kryssa på 2 timar, inkludert matpause ved Skjerjavatnet. Så møtte eg stien frå Alrek på Storakleivi, og gjekk ned i Kvervet. Det bar ut den vakre og grøne Hanekambdalen til Hanekambstølen, og vidare nedover forbi Alreksstølen til Solrenningen (sjølvbetent hytte) nede i fjelldalen som kjem opp frå Modalen på Hordalandssida, fyllt med bjørkeskog. Alternativt kan ein gå frå Hanekambdalen og austover om det ikkje er for seint for dagen, og ein har krefter att. Passér sør for Budeievatnet og gå inn i Dunevollen og til kanten av stupet på Finnabotsgavlen, og sjå ned i dalkløfta. Så er det og dra seg opp på Skrivareggi, og vidare over Urdeggi (1262 m.o.h.), med utsyn ned i bortgøymde Tolleknivbotnen og inn i den så absolutt trolske Trollabotnen med sine brefonner sørover Urdeggi. For 2 år sidan såg eg i blåisen her inne, og det er ikkje noko som det er mykje av i Stølsheimen nett. Så er det og rusla ned gjennom Svartevassdalen og bort på det eventyrleg vakre Vatnane (lita ubetent hytte) i Arnafjordfjelli, med dei bjørkekledde holmane i Vatnavatni. Dermed så unngår de og sjå ein einaste raud T den dagen, om det er viktig. Dermed har ein gått delvis rundt den veglause naturperla Finnafjorden, som ein kan sjå ned i frå nord for Vatnane, og det er altså eit must. Då eg gjekk turen frå Sylvarnes, held eg fram frå Solrenningen og over Urdanipi til Åsedalen dagen etter. Siste dagen bar det over Tindafarangen til Rappen, og ned stølsvegen til Indrefjorden/Arnafjorden. Eg overnatta hjå kjende i Vik, og tok buss og ferjer via Balestrand og Høyanger til Ortnevik for å henta bilen, då dette var ein av dei dagane båten ikkje gjekk. Reidar Hjortland kunne den gongen fortelja at det ikkje gjekk folk over Kleivfjellet meir enn 3-4 gonger i året. No etter litt tilretteleggjing med opprusta gardsti ved fjorden og overnattings-moglegheiter i skulehuset (nedlagt som skule) på Sylvarnes, har det gått folk litt oftare over Kleivfjellet, viser hyttebøkene på Solrenningen. Kleivfjellet er staden, om ein vil gå ei trygg rute utanfor allfarveg og merka stiar i Stølsheimen. Eg gjekk åleine som vanleg, og det er slik eg har fått gått så mange ruter mange stader i heile Stølsheimen og områda rundt. Eg går ikkje mange gonger på dei same stadene. Eg går istadenfor mange stader. God tur til det jomfruelege Kleivfjellet i all sin villskap og venleik. Helsing Stuttjukken. -
Jarle, og eg som syntest at det såg ut som at de hadde teke biletet under namnet ditt i dei lyse anorthisitt-berga nært Gudvangen i Sogn. Så var det frå Dolomittane i Italia, og kalkfjella der har ein liknande lys farge som fjella i Gudvangen, som for det meste er dekka med lav og grasmark oppå. Då eg fekk sjå biletet i større målestokk, kom det seg. Eit flott bilete, Jarle. Helsing Stuttjukken.
-
Kristian, eg reknar med at de meinte i byrjinga av juLi. Eg har ikkje vore i dei franske Alpane, men eg har vore i sveitsiske Jungfrau. Eg fann ikkje Serre Chevaliére på kartet, men Christine nemnte la Grave nært OL-byane Grenoble og Albertville, og "skimetropolen" l´Alpe-d´Huez. Kartet fortel at Massif des Ecrins når opp i 4102 m.o.h., og mange toppar er over 3000 m.o.h., og sjølv nestan ned mot Nice og Monaco er det 2000-toppar som er høgare enn Galdhøpiggen. Eg reknar med at de har sett dette sjølv på kartet. (Huff, eg kan ikkje fransk, så namna er vanskelege og skriva). Ta turen innom Sestriere og OL-byen Torino i Italia, medan de er der i traktene. Det som kanskje er Europas høgaste fjellovergang (veg) er i dette området, litt lenger sør mot Nice, nemleg Col de la Bonette, 2802 m.o.h., mellom Jausiers og Auron/Isola. Eg kan nok ikkje koma med gode råd for bekledning som dekkjer forholda der nede. Så lenge det er fint vêr, er det varmt langt oppover i høgda, men frå eit visst nivå høgt oppe (mellom 2500 og 3500 m.o.h.) vil nok temperaturen falla temmeleg brått, trur eg. Det kan vera lunt i den sterke sola i høgda, men iskaldt med fleire kuldegrader i skuggen med is og frost få meter unna i slike høgder. Vêret kan vera lunefullt der fjella stig raskt frå lågare land, og her er Alpane vestvendt, men ein er sør for det vanlege vestavindsbeltet som me er vant med i Bergen. Ver budd på tordenvêr og kraftige regnskyll, og kanskje eit snøkast frå nordaust med mistralen frå Rhônedalen (Val de Rhône), om vinden oppstår på den tida. Så kjem sola fram att, med sin intense varme kort etterpå, og kleda turkar fort i heten. Ein må vera budd på all slags vêr og temperatur, men eg trur goretexen vert lite brukt på turen. God tur, og fortel om turen når de kjem att. Me er spente her på fjellforum. (Alt eg har skrive over er henta frå kartet). Helsing Stuttjukken.
-
Eg brukar og gå åleine i fjellet, i fjellområda mellom Hardanger og Sogn. No er det ikkje brear som særpreger desse fjellområda, men det finns litt breområde, og eg har gått i eit par av desse. Eg har kryssa små brearmar åleine, der brearmane er flate og utan sprekker, men eg har ikkje kryssa dei kvar som helst. Brearmane eg har kryssa er i Vossaskavlen sør for Myrdal og Grytaskarvbreen ved Fresvikbreen. Breane kryssa eg på staden der gamle buføre- og drifte-vegar kryssa dei, og det stod varder på begge sider av kvar ein kryssar brearmen. Dette er korte brekryssingar, unnagjort på få minutt. Turane vart på haustparten, og den gamle isen var oppe i dagen. Over Grytaskarvbreen viste fotspor kvar brearmen skulle kryssast, og dessutan var det spadd ut far i Langafonna like ved for å jaga sauene trygt over breen. Elles var breen på desse punktene utan nemneverdig trykk, slik at sprekkar og rørsle ikkje oppstår. Breane vart kryssa åleine der driftevegane har gått, men der går grensa for åleine-vandring på brear for meg. Skal eg derimot innover den vetle Fresvikbreen, vil eg ikkje gå åleine, men saman med andre på sikkert vis. Innover der finns det ein del sprekker. Sjølv om eg er opplært med at brear er farlege, synest eg ikkje at dei er det. Det kjem an på om ein har kunnskap om brevandring, og om ein brukar sunn fornuft. Eg har ingen brevandrings-kunnskap, og difor må eg setja grenser for meg sjølv i breområda. Tru ikkje at dette set ein stoppar for opplevingane mine i breområda. Sjølv om eg ikkje går innover breane, tek eg likefullt del i store naturopplevingar i områda ved Fresvikbreen. Og i Vossaskavlen gjekk eg opp snaue berg ved sidan av brefallet, og kunne stå på trygg grunn og nyta bresprekkene nokre meter unna. Helsing Stuttjukken.
-
Eg har vore både våt og kald eg når eg har nådd hytta fleire gonger, og har opplevd oppvarma hytter, ja, men eg har likevel sett pris på den tomme og kalde hytta, sjølv om eg var våt og kald. Når eg går i gong med og henta vatn og fyra i omnen, vert kulden fort gløymd, lenge før hytta er varm. Sjenerande handlingar som å dra av seg vått tøy, og skifta til tørt kan eg fint klara utan andre til stades, og eg skiftar ikkje før veden i omnen er tent på likevel. Å henta vatn er det første eg gjer, så eg vert ferdig utomhus. Mange hytter har aggregatstraum til lyspunkter i dag, men er åleine på hytta rører eg ikkje dette, men brukar stearinlys. Eg likar meg best i hytter utan slikt, der ein nyttar stearinlys, kokeapparat på gass, og vedomn. Proviantering er praktisk på hyttene, og er kalla for sjølvbeteningshytter, men hyttene som eg trivest best på er dei minste ubetente hyttene (utan proviant). I Stølsheimen er Vatnane i Arnafjordfjelli mi favoritthytte, ubetent hytte med beskjedent besøk, og utanfor dei merka stirutene, heilt idéell som eit ledd i ein fleirdagars tur i Stølsheimen, der ein desse 2 dagane ein går via Vatnane forlet dei merka stiane og brukar kart, kompass, sunn fornuft og fjellvantheit i dette området. Kanskje det er folk på Vatnane, men halvparten av gongane eg har vore der, har 6-sengs-hytta vore tom, og der inne er sjansen for å treffa andre ute i terrenget liten. Heilt herleg, synest eg. Helsing Stuttjukken.
-
Sjekk merkene de sjølv har føreslått i innlegget og nokre til, mrtn, når de ser etter ei heilårsbukse. Skulle det vera interessant med ei supplerande godvêrsbukse om sommaren, kan de sjå litt på temaet "Terylensbukse som fjellbukse", under utstyr eller turtøy. Helsing Stuttjukken.
-
For klatreinteresserte er det mange fjellveggar og klatra i omkring Fortun. Eg klatrar ikkje, men eg har vore ein tur frå Berdalsbandet og vandra ut på høgberget Hjorten sør for Fortun, og sett rett ned på Skagen, Bjørk og innover Fortunsdalen, med flott skue mot den eine fjellveggen etter den andre. Torodd, eg har gått frå Berdalen og ned om Fuglesteg til Fortun 2 gonger, Fuglesteg er ein vakker høgdagard over Fortun med sogesus. Skulle gjerne vore der att og sett arbeidet som har vorte lagt ned der sidan eg var der i 1986 og -87. Helsing Stuttjukken.
-
Nord-Norge har ein del særlover, ikkje minst Finnmark. Den gongen eg budde på Sortland i Vesterålen (1990-93), heitte det at moltene kun var tillete plukka av Finnmark sine eigne innbyggjarar (anten det var nordmenn, samar eller kvenar). Alle som budde frå Troms og sørover hadde ikkje lov til og plukka molter, ikkje eingong for å eta dei på staden. Forbodet var heilt totalt, men om det mjuka opp i dag anar eg ingenting om. Dessutan var det forbod mot molteplukking på alt "moltebærland", eigd av private, finns i Nordland, Troms og Finnmark. Eg høyrde historiar om grunneigarar som skaut og traff folk i foten, som så vidt hadde trakka ut på myrane, og hadde posar med. (Kor sant dette var veit eg ikkje). Det gjekk iallfall hardt for seg når det var noko. Helsing Stuttjukken.
-
Eg ser de har forstått det, Robinson. No er det ein del år sidan eg var på telttur i fjellet, men å stressa fram til neste hytte i full fart for og nå middagen på ei betent hytte, eller å koma tidleg fram for å få først plass på ei sjølvbeteningshytte, og tidleg middag, nei det har eg aldri gidda. Eg går til hyttene for å få tak over hovudet, då eg ikkje gidd og ta med teltet og all mat sjølv. Medan folk går og går for å koma fram til neste hytte i ein fart, slår eg ned på farten, og stundom forlet eg stiane og vandrar gjerne i andre dalføre og over toppane om eg vil det. Så har eg åleine i fjellet, slik eg trivest best. Trur de eg vil vera framme ved hytta kl. 16.30. t.d.? Nei, når eg er til fjells, vil eg nyta kvelden óg ute i terrenget. For meg held det og nå hytta til det eg er mørkt, og det har hendt at det har vorte nestan heilt mørkt fleire gonger. Så kjem eg inn i hytta, folk er ferdige med maten, og eg kan styra med maten for meg sjølv, før eg kryp til køys. Er hytta tom for folk når eg kjem i halvmørkna er det reine lukka for meg, som då eg kom inn til Solrenningshytta i Stølsheimen ein regnvåt og skoddefull haustkveld. Hytta var tom og kald, så det var berre å henta vatn, fyra i omnen, laga mat, m.m. Og eg koste meg godt. Kvifor stressa avgarde til hyttene, for det har eg aldri skjønt. Når eg er til fjells, vil eg vera ute, lenge, gjerne til det er mørkt. Det er betre å nyta kveldssola ved seli på Halsetsstølen i Stølsheimen, for så og rusla inn til hytta i Åsedalen den siste timen i skumringa, framfor og vera på hytta i timevis før det er mørkt. Hyttene er for meg ein stad og overnatta, og ikkje eit hotell. Helsing Stuttjukken.
-
Gå over Stølsheimens Tak, og sjå inn i Jotunheimen, til kyst og hav, Byfjellene (Bergen), mot Sunnhordland, Folgefonna, Hardangerjøkulen, "Bergensbanen", Breheimen, Sunnfjord, Ålfotbreen, m.m. Følg ruta Straume i Modalen - Vardadalsbu, og opplev utsynet frå Taket, 1211 m.o.h., Sæterfjellet, 1191 m.o.h., og Gråsida, 1165 m.o.h. Helsing Stuttjukken.
-
Kaldakari, Kalda Kari, vonar ho er kald nok for dei utbyggjingskåte for helikopter, kafé og kanskje gondol, slik at planane vert skrinnlagt. Eg har drive på med stirydding og stimerking i liten målestokk, men dette er altfor voldsamt og realiera i sårbar bre-natur. Idéen om Kaldakari kom for ein del år sidan. Kanskje samfunnet etterkvart er så absurd at veitastrendingane må ty til slike tiltak for og overleva. Det må gå an og tilretteleggja for folk i utgangsstrok, slik at dei kan skaffa seg levemåten i denne bygda utan slike drastiske tiltak. Veitastrendingane prøver å få dette til, då tradisjonell jordbruk ikkje kastar nok av seg lenger til og leva av. Det skal ikkje slåast hendene av veitastrendingane, men det trengst tiltak slik at veitastrendingane kan livnæra seg godt utan slike prosjekt. Absurd samfunn, ja. Helsing Stuttjukken.
-
Eg er ikkje kjend med fiskevatn i Vest-Jotunheimen, men kan kanskje få deg på sporet likevel. Kvifor ikkje kombinera høgt og lågt på turen, det er ikkje lang veg frå klatreveggane i Hurrungane og ned til Lustrafjorden, der de kan prøva fjordfisket. Kontakt Turtagrø Hotell, Sognefjellshytta og bomvakta på fjellvegen Årdal - Turtagrø, så kan kanskje dei vita om gode fiskevatn i nærleiken. De kan óg kontakta grunneigarane inntil Hurrungane om fiskevatn. Sjølv kjenner eg ein triveleg grunneigar på Skagen i Fortun, garden som er grunnlaget for namnet Skagastølstindane. Slå opp i telefonkatalogen for Sogn og Fjordane, Luster kommune, og finn fram til Svein Arvid Skagen. Han fortel deg det han veit, og rettleider deg vidare til andre lokale folk i området som veit meir enn han. Svein Arvid og Signy Haldis Skagen er ein triveleg bondefamilie i Fortun, på ein gard der dottra og svigersonen (Wenche (tidlegare Skagen) og Øyvind Samnøy) truleg har overteke drifta. Dei har halde ved like stølen Skagastølen (Skarsstølen), som ligg ovanfor vegen mot Årdal, vel 1 km. frå Turtagrø, der eg har vore fleire gonger, og fått traska både til hytta på Bandet under Store Skagastølstind, og oppover Dyrhaugsryggen, samt Fannaråki og andre turmål. Køyrer eg over Sognefjellet eller Årdalsfjellet, stoppar eg framleis på Skarsstølen og nytar den flotte seinsommarstemninga frå selsbøen på Skarsstølen, før eg køyrer vidare. Der kan eg berre sjå oppover og nyta synet av både Fannaråki og Skagastølstindane med eit dryss av nysnø i glødande kveldssol........................ God tur med tau og fiskesnøre. Helsing Stuttjukken.