Gå til innhold
  • Bli medlem

Stuttjukken

Passivt medlem
  • Innlegg

    627
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Stuttjukken

  1. Det er mykje positivt med at desse fjordane kom på UNESCO si verdsarvliste. Kanskje dempar dette den millitære aktiviteten på Undredalshalvøya mellom Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden på sikt. I nærområda til Nærøyfjorden, og truleg Geirangerfjorden óg, gnir mange seg i nevane og tenkjer på ein kraftig auke i turismen. Eg kan ikkje heilt sjå at desse fjordområda treng endå meir turistar enn det dei har i dag. Fleire dagar er turiststraumen så stor at kapasiteten på Flåmsbana tilsynslatande held på å bryta saman. Sjølv om det er positivt med mykje turisme i desse regionane, slik at fleire får syn for desse fjordområda. er eg eigentleg litt usikker på om områda tåler meir turisme. Uansett, eg set pris på at desse fjordområda synest lettare å taka vare på for ettertida, med sine plassar på verdsarvlista. Helsing Stuttjukken.
  2. Takk for opplysningen, Julia, sjølv om det var ein trist utgang på dette. Godt det er nokon her med tysk som morsmål. Helsing Stuttjukken.
  3. Kyr er nok nøydd å bøya av for eit drepande blikk uansett. Dei overlever jo ikkje det, så klart. Eg kjem nok ikkje til å treffa udødelege kyr, garantert. Mannevonde kyr er noko anna, og bøyer dei ikkje unna, er det fordi ein ikkje kan bruka eit drepande blikk. (I Åsedalen følgde kyrne til og med dei T-merka stiane). Helsing Stuttjukken.
  4. Det er trist med slike historiar. Eg er nok mykje for dårleg i tysk, men trur "erfroren" betyr noko slikt som "er frosen i hel". Stemmer det, Julia? Eg var inne på linken de noterte. Folk flest er nok kjent med at det er risikofyllt å tøya grensene. Dette vert likevel gjort, rett og slett sidan folk vert overivrige i engasjerte situasjonar. Då kan ikkje folk stoppast i å utføra irrasjonelle handlingar, og det er faktisk naturstridig óg. Difor vil det skje mange slike ting i all framtid. Helsing Stuttjukken, som kun forstår nokre tyske ord, men prøvde å lesa litt likevel.
  5. Kyr på stiane sender ein eit drepande blikk. Til slutt må kyrne bøya av. Send ikkje drepande blikk til jomfruene, for då vert de bergteken før de anar. Helsing Stuttjukken.
  6. Eg ser at ein Anders O. Skjelde frå Vikje (Bulken) har skrive her. Eg traff forresten naboane hans i går, Mons Lunde og syskenbarnet Knut Lunde (bur i Oslo). Eg hadde meg ein tur frå Flodvikane ved Hamlagrøvatnet, og gjekk inn i Lundaholmen, ei sjeldan vakker naturperle av ein støl i vakre omgivnader. De hadde gått turen mot Gullbotn i motsett retning. Frå den kanten er det nok letttare å staka ut kursen, då det er mykje lettare å justera seg i forhold til bratte stup og slikt. I området med Bergensbuene (geologisk bergarts-område) og vidare utover plar stupa snu seg mot aust, og er gjerne litt vonde å koma ut for når ein går frå vest. Kanskje det ikkje var så mykje av stupa likevel. Helsing Stuttjukken.
  7. Det er nok ingen eksakte ruter mellom Gullbotn og Høgabu. Her må ein velja om ein kun skal gå i terrenget, eller om ein skal gå lange vegstrekningar i Samnanger. Når eg ser på kartet, kan kanskje følgjande rute vurderast, mykje av ruta på fri hand i terrenget utan stiar. Det må takast høgde for at ein må gå lange omvegar for å omgåast høge stup i rotete terreng, stup som ikkje kjem fram gjennom kotane på kartet. Skulle eg gått frå Gullbotn til Høgabu, utan å gå på veg, ville eg prøvd følgjande rute: Gullbotn mot nord - Kråmyrane - sørenden av Skulstadvatnet - på sti til Holmavatnet - Nordviksætret nord for Fitjavatnet - nord for Vardane til Bogaskardet - aust-nordaust over Gråfjellet - mot nord over Storafjellet (Norheimsunds-kartet) - mot nord, vest for Smørtjørna - mot nordaust over ryggen søraust for Klenavatnet - mot nordaust og kryssa Herfangsgjelet - passera aust for osen sør i Herfangen - nordaust Herfangsdalen - Trekkja inn på T-merka sti som kjem frå Vaksdal/Herfindalen - over høgda til Høgabu. Slik kan ein unngå å treffa på veg undervegs mellom Gullbotn og Høgabu, men om det er så godt å gå er ein annan sak. Eg har ingen planar om å prøva akkurat dette sjølv, men i så fall hadde eg sett på denne ruta som eit eksperiment, som eg trur eg måtte justert mange gonger undervegs, nettopp pga. av at eg ikkje hadde kome fram forbi stupa som ikkje går fram av kartet. Likevel vil det nok vera mogleg å koma seg fram til slutt. Desse Bergensbuene gjer ikkje akkurat framkomsten i området enkelt, trur eg, men eg er sikker på at det går an. Sjølv har eg gått på Hananipa, og i Kjøndalen (Tjørndalen) ved Langhelle. Sjølv ville eg valt kombinasjon med veg. Via Samnanger ville det vorte mykje trasking på veg: Ruta er Gullbotn - Holmavatnet - Nordvik - Bjørkheim - Haukanes - Haga - over Tysselandsdalen til tveit innanfor Frøland - oppover dalen til regntunge Kvitingen - på T-merka sti til Høgabu. Eg trur helst eg ville gått via Vaksdal, og då er ruta følgjande: Gullbotn - Skulstadvatnet - Hananipa - Vindskardet - Kjøndalen (står Tjørndalen på kartet) - Langhelle - lurt meg gjennom Kjenestunnelen og etter stamvegen til Bogetunnelen - gamlevegen om Boge og Vaksdal - oppover i Herfindalen - på T-merka sti innover gjennom Herfangen til Høgabu. Lukke til. Helsing Stuttjukken.
  8. Var ein liten tur innover fjelldalen frå Nygard i Modalen nyleg, og traska innover bjørkeskogen og myrane forbi Steinavatnet, Nystølen (høyrer til Nåmdal for lokalkjende), Svartavatnet til Kvitavatnet, omkring 650 m.o.h. Framleis er det snøfenn heilt ned i denne låge høgda i nordvende skråningar. Elles er det greitt å gå til fots under 800 m.o.h. i Stølsheimen no. Dei fleste hyttene ligg på 8-900 m.o.h., og skulle vera grei å nå no. Det er best å venta litt til før de går til Volahytta, Tvinnestølen, Norddalshytta, Vardadalsbu og Skavlabu. Frå Svartavatnet hadde eg utsyn mot ruta Straume - Vardadalsbu (Seljestigen) vest for Steinslandsvatnet. Forholda der 4. juli var det berre ein ting å sei om, nemleg skiføre eit par veker til, for så nye to veker med vårløysing før den resterande snøen i fjellet er fast nok til å gå på der oppe. Nord for Gråsida og fleire stader innover er nok lengre vardestrekningar framleis under snøen. Eg vonar at det går mindre enn dei fire vekene eg trur til stien er farbar til fots på ordentleg vis. Når ein kan gå Seljestigen til fots, kan ein gå alle ruter i Stølsheimen til fots. Eg reknar med at ein kan gå til Solrenningen, Brydalen, Åsedalen, Vatnane, Selhamar og Torvedalen til fots no, men rekna med rikeleg med snø over høgdene. Kanskje må fjellovergangen ved Urdanipa (Solrenningen - Åsedalen) unngåast ei lita stund til, der alternativet er å gå om Steinslandsstølen, Berdalen og Halsetsstølen. Vest for Solrenningen er det for mykje snø til fotturar nett no. Når det er sagt, vil dei sprekaste klara dei mest krevande forhold, og kan gå kvar som helst, snø eller ikkje. Sjølv går eg til stølane i fjelldalane på denne tida, og har rikeleg med turmål sjølv. Toppane har eg tid til å venta med. Nokon fortalde at Stølsvatnet var så fullt at det rann over siste helga i juni. Det har vore sjeldan i fleire år no. No er pumpekraftverket på Nygard i Modalen starta opp. Mange kroner i kommunekassen er det mange som let seg blenda av. Sjølv tenkjer eg på sauene som vert avskårne frå å kryssa vadestaden sin i Lonevågen, aust i Skjerjavatnet bak Skjerjavasshovden i framtida, då vatnet vert fullt i lengre periodar enn nokon gong framover. Eit gammalt dyretrakk vert truleg stengt for godt, med unnatak for korte periodar. Trist, men sant. Eg har sjølv gått der på denne bortgøymde staden 2 gonger. (Skjerjavatnet, 964-944 m.o.h., ligg mellom Modalen og Eksingedalen, og er det største vatnet i Stølsheimen, ca. 1 mil langt, og er elles blant dei største vatna i Hordaland). God tur innover i Stølsheimen i sommar. Helsing Stuttjukken.
  9. Mangfaldiggjering av vardar. Vel, det er varde-skogar på Dalsnibba ved Geiranger, ved Polarsirkelen på Saltfjellet, og dei siste km. mot Nordkapp, og heilt sikkert fleire stader. Helsing Stuttjukken.
  10. Eg må nemna om tradisjonen på førskulelærarutdanninga i Bergen. Kvart år er dei ute på ein 3-dagars-tur i Stølsheimen, og går ruta Vikjafjell/Bjergane - Selhamar - Åsedalen - Indrefjord (Arnafjorden ved Vik i Sogn). Dette har vore ein del av det faglege for dette studiet i mange år no, takka vera ein faglærar på studiet som likar å gå i Stølsheimen. Sjølv møtte eg studentane ved "Stabburet" på Hestfjellet mellom Åsedalen og Indrefjord, ein septemberdag for 6 år sidan. Dette var iallfall spreke ungdommar, spør de meg. Sjølv gjekk eg åleine som vanleg. Dagen før gjekk eg opp frå Nese i Arnafjorden, via Rosete til Vatnane, 4 timar inkl. lang pause. Så gjekk eg ruta Vatnane - Dagvatnet - (obs. fjellhyllesti til) Hestfjellstølen - Langavatnet - over Hestfjellet - "Stabburet" - Barnavatnet - Jørendalen - Fuglavatnet - Rappen - Svartebotn - Englandsøyskardet - nordover Valsvikdalen (eit stykke unna Bjergane) - Valsviksstølen - Hedlane - ned for Dale - Valsvik i Framfjorden (Arnafjorden), nært 10 timar. Så finn de nestan nøyaktig rute på kartet (Balestrand og Myrkdalen). Helsing Stuttjukken.
  11. Nedbygging av kraftregulering har faktisk hendt her i landet. Dette skjedde faktisk i Kaldevatni i Ulvikfjella, litt sør for Myrdal, for nokre år sidan. Ei demning vart fjerna, og flest mogleg spor vart fjerna. Så går det nok over hundre år før randsona rundt vatnet er regenerert, i høgfjellsvatna på omkring 1250 m.o.h. Spør de meg, så trur eg ikkje at dette kjem til å skje ein einaste gong til i Norge, dessverre, men ein draum hadde det vore, då. Helsing Stuttjukken.
  12. Eg har ikkje padla i Nærøy- og Aurlands-fjorden, men eg har reist mykje på fjordane der. Teltplassar burde ikkje vera vanskeleg. Prøv ved Holmo, Styvi, Dyrdal, m.fl. Det er fleire stader de bør gå i land, som Undredal, Stigen, Dyrdal, Styvi, Bakka, m.m. Kva med å ta nokre fjellturar opopover frå fjorden? Eg kan tilrå Dyrdal - Dregalii - Drego - Hjølmo - Vassete. Det var ein perle av ein tur eg gjekk for ein del år sidan, og tok første ferja frå Kaupanger, og returnerte med siste ferja frå Gudvangen til Kaupanger. (Ferjeanløp på veglause stader må tingast hjå Fjord1, og ferja går i dag berre i turistrute om sommaren etter at Lærdalstunnelen opna. Kun dagavgangen mellom Gudvangen og Aurland/Flåm går heile året). No skal no de padla, då. De kan óg padla bort i Fronneset, rett utanfor Flåm. Der kan de gå opp Frondalen til Grindaflethytta, og returnera dagen etter, eller berre ta ein dagstur så langt de ynskjer. Turen gjennom Frondalen står på lista mi over ruter eg har tenkt å gå i framtida. Dei veglause stadene som Stigen, Styvi og Dyrdal er fråflytte i dag, men det er folk der mykje av sommarhalvåret. På Styvi er det folketomt kun midt på vinteren. Styvi skal vera ein spanande stad å gå opp til. Kva med å padla ut Aurlandsfjorden til Fresvik eller Frønningen, og vitja desse grendene. Vær obs. straumen der Aurlandsfjorden møter Sognefjorden. Ha ein triveleg padletur! Helsing Stuttjukken.
  13. Vel framme frå Jonshøgdi (Kvamskogen) til Høgabu, går det stiar vidare mot Kvitingen (Samnanger), Vaksdal, Dale, Li og Småbrekke (begge i Bergsdalen). Å halda fram mot Dale eller Småbrekke er fine ruter. Om sommaren må Bergsdalsbussen tingast, tlf.: 56 39 38 40, då det ikkje er "faste" avganger. (Har køyrt denne ruta ein sommar (2003), og kjenner ruta godt. Det var den sommaren eg parkerte bussen i Bergsdalen etter siste ruta, skifta til turtøy og spaserte til t.d. Liastølen og Dystingen, før eg køyrde bussen ned att i Staveneset (Vaksdal) og parkerte for kvelden). Treng de overnatting i Bergsdalen, kontakt Helge Terje Fosse på Li (der stien møter vegen etter brua, og litt til venstre). Dermed kan de halda fram dag 3, t.d. frå Berge eller Holeberg (Alexander Grieg-hytta) og over fjellet til Bolstadøyri, (tog/buss til Bergen eller Voss). (Om de vil er det berre å fortsetja rett nordover via Eksingedalen og Modalen til Sognefjorden, 4-5 dagar til). God tur frå Jonshøgdi til Høgabu, og vidare. Helsing Stuttjukken.
  14. Dei som eig fjellet, eller har eigd fjellet der fjellområdet har vorte t.d. statsallmenning, m.m., har som oftast rett. Slik er det óg på Skagen-gardane i Fortun. Helsing Stuttjukken.
  15. Skagastøl eller Skardstøl/Skarsstøl? Fortvil ikkje, det heiter Skagastøl og Skagastølstindane. Namnet har si rot i gardsnamnet Skagen i Fortun, 1 km. nord for vegaskiftet ved butikken. Garden ligg innover vegen mot Fortunsdalen (Bjørk) og Nørdstedalsæter. Rett etter koplingsstasjonen, med mykje kraftlinjesurr, ligg garden Skagen på ein haug til høgre. Der bur det nokre trivelege folk med namnet Skagen og Samnøy (sistnemnde inngift frå Fusa i Hordaland). Dei seier Skarsstølen kun om stølen sin, og Skagastølstindane om fjella. Skarsstølen ligg ved Turtagrø, litt over ein km. frå Turtagrø mot Årdal. Det går ein 100-200 meter lang traktorveg opp til stølen. Parker nede ved vegen mot Årdal, og gå opp traktorvegen til den flotte stølen. Hugs å lat att alle grindar, då det beitar kyr her. Her er det finast om kvelden rett før solnedgang, når ein set framfor selet og nyter solnedgangen. Hugs å snu dykk og nyt den glødande kveldssola på Fannaråki og Skagastølstindane med eit dryss av nysnø lengst oppe. Ta turen oppå haugen skrått til venstre opp frå stølen og nyt panoramautsynet mot Fannaråki og Skagastølstindane. Skarsstølen er eit glimrande utgangspunkt for turar til Dyrhaugsryggen og Dyrhaugstindane, der de går gjennom søkket bak stølen og deretter opp den lange ryggen mot høgre. Det heiter Skagastølstindane!! Helsing Stuttjukken.
  16. Sagflis kan kjøpast, ja. Dessutan er sagflis avfall ved sagbruk o.l., der de kan ta kontakt for å høyra om de kan ta med noko i nokre sekkar. Sagar de ved sjølv, så ta vare på sagflisen til utedoen din. Helsing Stuttjukken.
  17. Hiv på rikeleg med rubb (sagflis) i utedoen din. Helsing Stuttjukken.
  18. Det var heldigvis garantert ikkje nokon isbjørn, iallfall. Det opplevde både Stein P. Aasheim og Lars Monsen og få på besøk, men det var henhaldsvis på Svalbard og i Canada. Helsing Stuttjukken.
  19. Mine forslag er gaupe eller jerv. Dette er berre forslag, så det treng ikkje å stemma. Sjølv har eg sett spor etter jerv, og høyrt både gaupe og bjørn. Helsing Stuttjukken.
  20. Jarle, eg har allereie vore innom Arna Bokhandel på Øyrane Torg i Arna, og no tingar dei denne boka inn til butikken. Den kjem om nokre dagar. Boka er dyr (ca. 450 kr.), men me som VIL ha boka diskuterer ikkje pris her. Boka er verd kvar krone. Helsing Stuttjukken.
  21. Gullfjellstoppen, ja. 30. juni, om kvelden gløda sola der oppe til ca. kl. 23.15, slik eg såg den frå Garnes (ved Arna), rett etter arbeidstid. Du hadde nok ein fin tur, Jarle. Helsing Stuttjukken.
  22. Ut frå biletet har Ragnar fiska i sjøen, så langt eg kan sjå på steinen over vasspeigelen (flo - fjøre). Fleire har nemnt abboren i innlegga her. Det trudde no eg var ein ferskvassfisk. Går den i brakkvatn, forresten? (Det er mykje eg ikkje veit, her borte i abborfri sone på Vestlandet). Helsing Stuttjukken.
  23. Eg har ikkje gått gjennom Bukkelægeret, eg, men eg kan ikkje forstå anna enn at det må vera greitt for hundene og ta seg fram der på denne legendariske ruta. Eg har sett på bilete at det er bratt i Bukkelægeret, men hundene klarar nok dette fint. Helsing Stuttjukken.
  24. Oj, eg visste at Norrøna er dyr, men ikkje så dyr at debatten rulla vidare innan dyre bilar og korleis ein skal skaffa seg millionar av kroner................. Helsing Stuttjukken.
  25. Stå på, Torgeir. Eg trur de vinn løpet Jotunheimen rundt, kanskje med rekord som ingen andre enn de sjølv slår sidan. Helsing Stuttjukken.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.