Vi er tre jenter som planlegg ein 3-4-dagars fjelltur i sommar. Vi vil gjerne overnatte på hytter (DNT eller andre), men har av økonomiske grunner tenkt å halde oss unna dei betjente hyttene. Ser at mange av hyttene i dei mest "vanlege" fjellområda (t.d. Jotunheimen, Hardangervidda, Sylane, Rondane) er betjente om sommaren, og at det kan vere vanskeleg å få til ein fornuftig (rund)tur dersom ein skal unngå desse.
Nokre "kriterie" for turen:
- max 2-3(-4) timar frå næraste flyplass, anten Oslo, Tr.heim eller Stavanger (nokon kjem med fly uansett kvar vi går). Har sannsynlegvis tilgang til bil, så er ikkje avhengig av kollektivtilbud.
- ubetjente/sjølvbetjente hytter (evt. billige betjente hytter)
- fjellkjensle, altså ikkje traske 4 dagar i skogen. Gjerne med ein topp som turmål ein av dagane
Om det er rundtur eller ikkje speler eigentleg ingen rolle, men det bør vere lett å kome tilbake til utgangspunktet/bilen dersom turen ikkje startar/slutter på same stad.
Her inne er det mange som veit mykje, og eg lurer på om nokon har nokre konkrete forslag til kvar vi kan gå?