-
Innlegg
102 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av marihøna
-
Inspirert av m.a. Miamaria si lovprising av teltet vart det impulsbestilling av Tarptent Scarp1. Out of Stock, så det er vel berre å finne fram den store tuben med tolmod og smøre på i tjukke lag.
-
- 22 svar
-
- 3
-
Nikon har òg ein "tursikker" modell med utskiftbar optikk, mogleg det har kome nyare modell etter sist eg kikke gjennom jungelen http://www.lydogbilde.no/test/nikon-1-aw1 Sjølv har eg Panasonic Lumix FT5 som tur- og padlekamera. Det har ikkje utskiftbar optikk, men eg tykkjer bileta vert bra.
-
Såvidt eg kan skjønne ut frå det som står her (https://buy.garmin.com/nb-NO/NO/prod523862.html), så dekker dette 1:50000-kartet heile landet på ein brikke. Men eg stusser litt på det som står under Krav: - Merk: Nedlastingen installeres direkte på enheten eller microSD-/SD-kortet og er ikke tilgjengelig på datamaskinen. - Du må ha en enhet med spor for microSD- eller SD-kort for at du skal kunne vise og bruke kartene på dette kortet. Kart på microSD-/SD-kort kan ikke kopieres eller vises på en datamaskin. Betyr dette at det ikkje er mogleg å sjå kartet i BaseCamp for å planleggje turen? Eller betyr det at GPS-en må vere plugga til for å sjå kartet? Nokon som veit?
-
Ortlieb kartmappe A3, Thule samanleggbart kajakkstativ, gelesittepute til såre rumper og eit par helsportreimer. Alt kjøpt fra fjellsport.no med fjellforumrabatt =)
-
Går ikkje stanga tvers over heilt ned til spissen av forteltet/bakken på Orion? På Venus stikk denne berre litt utanfor dei andre stengene på båe sider, noko som gjer at fortelta er avhengig av plugg for å ikkje vere ei laus fille, men som òg betyr at heile forteltet kan brettast bort for fantastisk utsikt =)
- 15 svar
-
- 1
-
Hmm, eg har alltid tenkt på bardunane som eit tillegg til pluggfesta i hjørnene, altså anten berre pluggar i hjørna eller pluggar i hjørna + bardunar. Å bruke berre bardunane har eg ikkje tenkt på som eit alternativ før, men då har eg noko å prøve neste gong eg er ute, istaden for å irritere meg over dårleg pluggfeste =)
-
Nei, trur ikkje det er tapa sømar på det. Exped Venus II extreme trur eg akkurat denne versjonen heiter. Kjøpt i 2010.
-
Ny kajakk! NDK Pilgrim Expedition i raudt, kvitt og svart. No gler eg meg til mai!
-
Eg har Exped Venus II, og er veldig nøgd med det. Dersom du skal bruke det åleine er det god plass - bagasje inne i teltet eller eine forteltet og matlaging i det andre forteltet. For meg (172cm høg) er det god sittehøgde. Ein stor fordel med dette teltet er at det går an å rulle til side heile forteltet på båe sider, og ha det som ein tunnell med berre tak (litt dårleg forklart...) På biletet nedanfor er halve forteltet rulla til side. Når det gjeld kor sjølvståande det er, så er eg litt meir delt. Det er ikkje noko problem å bruke det med berre 4 pluggar (ein i kvart hjørne), men for å få dratt ut fortelta er det behov for 2 pluggar til (1 i spissen av kvart fortelt). Eg tykkjer det er vanskeleg å få satt opp teltet skikkeleg dersom eg ikkje får godt feste til desse 4/6 pluggane, det er ingenting som tvinger hjørna frå kvarandre, om du skjønner kva eg meiner. For å få stramma det opp i litt blautt vêr er det behov for minst 4 bardunar i tillegg, i alle fall tykkjer eg at ytterduken heng innpå innerteltet utan bardunbruk.
-
3 sesongers dunpose til dame
marihøna svarte på Sovjetunionen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Eg har ein Dreamcatcher 650-pose (standardmodell, damemodellen vart for kort), og eg er veldig nøgd med den. "Strikk"-opplegget på midten er bra, går fint å krølle seg saman utan å føle at det vert trangt. Eg har stort sett nytta den i telt i høgfjellet om sommaren, men sludd på Finse i juli kan vel streng tatt karakteriserast som haustvêr.. Eg nyttar stort sett ein lakenpose i silke i tillegg, så det auker vel temperaturgrensa noko, og eg har ikkje hatt behov for å ikle meg superundertøy el.l. i posen. Eg har til gode å fryse i den enno, og til innomhus overnatting er den på grensa til for varm! Glidelåsen går heilt rundt fotenden, så det er ikkje noko problem å opne posen heilt for å nytte som dyne. Når det gjeld temperaturgrensa så meiner eg at eg høyrte ein eller annan stad at temperaturgrensene etter EN13537 er ganske realistiske, eller kanskje litt "pysete" (berekna for sør-europearar?), i motsetning til HelSport sine temperaturgrenser som er berekna for vikingar. På standardutgaven av denne soveposen er komfort oppgitt til -6, så komfort 0 er "damekomfortemperaturen". Eg er i alle fall godt nøgd med posen min, kombinert med downmat er nattesøvnen sikra =) -
Panasonic Lumix FT5, så får vi håpe kameraet leverer det testane lover..
-
Eg har funne denne: http://kso2.lantmateriet.se/#. Eg har ikkje fått nytta denne veldig mykje, så eg veit ikkje alt av funksjonalitet, men kartet ser i alle fall ut til å vere tilsvarande norgeskart.
- 3 svar
-
- 3
-
Den nyaste versjonen trur eg finnast både med og utan bakgrunnslys. Eg har ein eldre versjon utan bakgrunnslys, og er veldig fornøgd med denne. Kan absolutt anbefalast i staden for x kg bøker i sekken =)
-
No er det bekrefta: http://www.rovdata.no/Nyheter/Nyhetsartikkel/tabid/3764/ArticleId/2217/Ulvevalper-pavist-i-Ostmarka.aspx
-
Trur det kan vere blomsterlav.
-
fotokonkurranse 2013 FOTOKONKURRANSE 2013 - Tråd for innsendelse av bilder
marihøna svarte på Kjell Iver sitt emne i Foto/Video
- 339 svar
-
- 1
-
Eg kjem inn på www.andersj.se utan problem og feilmeldingar, og alt innhald ser ut til å vere intakt =)
-
25 % på alle Hilleberg-telt på sportsnett i helga
-
Har du sett på telt frå Exped? Eg har exped venus II extreme (http://www.exped.com/exped/web/exped_homepage_int.nsf/0/9C1604779B74B993C1257857003BBA5A?opendocument), og er nøgd med dette. Dette teltet har to fortelt, så då har du plass til hunden i det eine og bagasje i det andre. Om du er på tur aleine har du i tillegg god plass til bagasje inne i teltet. To stykker på tur med kvar sin store sekk er heller ikkje noko problem, men då er det meste av plassen teke til anten bagasje eller liggeunderlag, og det er lite plass til overs til matlaging og andre aktivitetar inne i teltet. Eg har førebels berre nytta det på sommarstid, men har høyrt dette teltet skal fungere som vintertelt òg. Dette er ei kryssing mellom tunell- og kuppeltelt, så sjølv om du i utgangspunktet er skeptisk til kuppeltelt kan det kanskje vere aktuelt.
-
Har du sett på soveposer frå Mountain Equipment? Dei har damesoveposar med både kort lengde og litt anna passform, t.d: http://www.oslosportslager.no/produkt/mountain-equipment-dreamcatcher-850-dunsovepose-175-cm-dame-25153.aspx. Eg har Dreamcatcher650 (3-sesongspose for meg), og eg er veldig fornøgd med den. Eg har ikkje fått prøvd den ned mot temperaturgrensa enno, men den er i alle fall meir enn varm nok til hytteturar vinterstid, og trur temperaturgrensene her er litt meir realistiske enn HelSport sine..
-
Første tur i Bymarka (Trondheim) - tror jeg så en jerv??!
marihøna svarte på Skognaut sitt emne i Generelt om friluftsliv
Jerven i Bymarka er visst ein gammal kjenning! http://www.rovdata.no/Nyheter/Nyhetsartikkel/tabid/3764/ArticleId/1681/Jervetispa-er-fortsatt-i-Bymarka.aspx -
Gassbenner og/eller multifuel til stormkjøkken
marihøna svarte på hallvardb sitt emne i Primus og kokesystem
Eg har multifuelbrenner til Trangia (ikkje X2-versjonen), og denne gamle typen kan ikkje nyttast med gass. Mogleg dette er endra på den nye versjonen, men det kan vere verdt å undersøke dersom det å kunne nytte gass er viktig for deg. -
Fantastisk flotte sokker og votter. Veldig smart med den fingeropninga. Har du oppskrift/mønster på desse?
-
Sportsbua i Trondheim har masse tilbud for tida (flyttesalg), m.a. Mountain Equipment soveposer til -40%