-
Innlegg
102 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av marihøna
-
-
Pinsa er enno ikkje planlagt, og det er fleire alternativ for å få fylt den med turar. Eit alternativ er å ta turen til Trollstigen-området for nokre vårskiturar. Er det nokon som har oversikt over korleis det ligg an med snøforhold i området og opning av Trollstigen? Og korleis er toppane i området, bør eg vere veldig dreven på topptur-nedover-ski, eller går det greitt med heilt gjennomsnittleg erfaring?
-
Eg har scarp 1, men litt begrensa erfaring iom at eg ikkje har meir enn to netter i det så langt... Eg var nøgd med plassen til meg, og det er vel plass til 2 stykker der, men særleg romsleg er det ikkje. Med to personar er det ikkje plass til noko bagasje i teltet, og eg trur heller ikkje det er plass til to liggeunderlag i breidda anna enn akkurat der teltet er breiast.
-
Brynje nettingull, både over- og underdel, med 40 % rabatt. Testa i går, desse vert det fleire av!
-
Og så låg det jammen eit houdini varmeskjørt pakka inn under juletreet =)
- 23 svar
-
- 6
-
Eg har Deva 80l sekken i small (då er den vel ca.75l om eg ikkje hugser feil?). Har nytta den på 1 vekes teltturar i fjellet sommarstid, veit ikkje vekta på ferdig pakka sekk med alt, men kanskje litt i underkant av 20kg? Dei første turane sleit eg veldig med vonde punkt i korsryggen. Så fann eg ut at det er mogleg å justere vinkelen på hoftebeltet, og etter det har eg vore veldig nøgd. (Gregory har forøvrig ein veldig god tabell og beskriving av korleis ein skal måle rygglengde for å velge rett). Sekken veg jo litt i seg sjølv, så dersom tanken er å gå med halvtom sekk ville eg sett etter noko anna med mindre eigenvekt.
-
Det same kan ein vel seie om fotfolket; dersom ein tok bort dei som går reduserast den samla ferdselen - og dermed mindre slitasje. Ein stor svakheit med rapporten, slik eg ser det, er at den seier noko om slitasje frå sykkel og hest, men lite om slitasje frå dei som går. Rapporten seier noko om kva type stiar som vert raskt slitt med sykkel og hest, og kva type stiar som sannsynlegvis toler denne bruken godt - men den seier lite om korleis dei same stiane responderer på fotgjengarar.
-
Det er viktig å ikkje plukke berre dei delane av rapporten som passer med si eiga overbevising: "Imidlertid er stiene normalt brukt av flere brukergrupper enn syklister og hester, både folk til fots og beitedyr. Noen stier er nye, dvs. har vært i bruk i relativt kort tid, mens andre er gamle, etablerte stier. Noen stier brukes jevnt over i sesongen, mens andre har mye bruk konsentrert til korte tidsperioder. Vi har imidlertid et klart inntrykk av at det er den samlede ferdselen som er avgjørende for slitasje på vegetasjonen langs stiene."
-
Godt at de kan bekrefte at behovet mitt faktisk er reelt! Er det dette du har @jmtjs? http://www.jentesport.no/houdini-sleepwalker-varmeskjrt-vendbart-black-multi/ Det står presisert at det IKKJE er lite i storleiken, kva storleik har du, samanlikna med til vanleg?
-
Eg har, etter at den første "noko så latterleg - kva i svarte er vel poenget med dunskjørt"-forundringa ga seg, konkludert med at dette er noko eg "må" ha. Er det nokon som har erfaring med plagget som kan bekrefte, evt. avkrefte, dette? Og som har tips til konkrete modellar?
-
Du finn heile nyheitssaka får NINA, og lenke til rapporten her: http://www.nina.no/Aktuelt/Nyhetsartikkel/ArticleId/4163/Okt-bruk-av-turstier-sliter-pa-vegetasjon
-
Det viktigaste er uansett i mi meining vindskjerming. Med den på plass fungerer alt (og ein treng mykje mindre brensel). Eg ser ofte folk kome på tur med ny, flott og lett brennar, utan å ha tenkt at vindskjerming kan vere lurt. Med eit Trangia-sett er vindskjerming innebygd, så der er det greitt.
-
Tja, eg trur framleis batterisparings-funksjonen gjer noko med nøyaktigheita, i alle fall på gamle 60 csx. Og eg er ikkje den einaste som har merka dette. Gjorde eit lite googlesøk og fann m.a. desse utsagna på diverse fora: "Be forewarned, that the use of Battery Saver mode is known to mess with your accuracy." "So the battery-saver mode of 60CSx appears to increase the errors by a factor of around 3. " Og det er ikkje det at eg sit og ser på GPS-en medan eg har pause, men at eg ser på sporloggen når eg kjem heim, og oppdager at eg plutseleg har hatt pause litt på båe sidane av elva =)
-
Eg har fleire termokoppar, men er framleis på søken etter den perfekte som tilfredstiller alle tre kriteria mine (god å drikke av, held på varmen, heilt tett). Til no har eg testa Contiga To Go (god å drikke av, heilt tett), Bodum presskannekopp (god å drikke av, held på varmen) og Lifeventure (held på varmen, heilt tett). Med andre ord, ikkje enkelt dette... Fann denne testen på TV2, kanskje stanley-koppen er svaret? http://testbasen.tv2.no/test/423/test-av-termokopper
-
Tja, eg trur faktisk det verker inn (i alle fall på min GPS..). Når sporloggen vart dårlegare kvar gong eg nytta straumspare-fuksjonen velgjer i alle fall eg å tru at denne funksjonen gjer noko med måten posisjon vert registrert på. Om GPS-en nyttar færre satelittar til å berekne posisjon eller kva det kan vere skal eg ikkje meine mykje om, for det tekniske kan eg ingenting om, men nøyaktigheita gjekk i alle fall ned.
-
På min GPS (ein gamal Garmin 60csx) er det ein straumspare-funksjon gøymt i menyen ein stad. Eg har nytta denne nokre gongar, og opplevde at sporloggen vart mykje meir unøyaktig, i tillegg til å "hoppe" mykje og langt fram og tilbake i pauser. Kan det vere noko slik som er skrudd på som standard?
-
Eg har prøvd meg litt med tørking av blåbær i ein tilsvarande tørkar frå Clas Ohlson, og mi erfaring er at dei må ligge LENGE. Trur eg hadde dei til tørk i 2-3 døgn, før eg la dei utover på eit brett på benken for litt siste lufttørking før eg putta dei i boks. Trur det har noko med skalet/vokslaget på blåbæra, som gjer at dei held godt på vatnet. Eg har aldri tørka noko før, og har altså ingen erfaring med slikt, så den lange tørketida er sjølvsagt med atterhald om at eg kan ha gjort noko riv ruskande galt. Prøvde forøvrig å tørke mangoskiver i same tørker, og dei vart tørre over natta.
-
Trangia triangel og vindskjerm, så får vi sjå om multifuelbrennaren kan få ein ny vår som "sjølvstendig" brennar ved store middagar =)
-
Optimus Nova - frå Trangia-variant til sjølvstendig
marihøna svarte på marihøna sitt emne i Primus og kokesystem
Den hadde eg ikkje tenkt på, supert! -
Optimus Nova - frå Trangia-variant til sjølvstendig
marihøna publiserte et emne i Primus og kokesystem
Eg har ein eldre variant av Trangia-multifuelbrennaren (trur det er ein Optimus Nova?). Den vart kjøpt som ein Trangia-multifuelbrennar, altså utan bein. Etter at eg kjøpte gassbrennar til Trangia har multifuelsaken nesten ikkje vore i bruk, men innimellom tenkjer eg at det hadde vore kjekt med to brennarar når det skal lagast mat til fleire. Er det mogleg å få tak i bein (og evt. andre delar som trengs) slik at denne Trangia-tilpassa brennaren kan gjerast sjølvståande og nyttast utan Trangia-settet? -
Dette forumet har dårleg innverknad på meg... Vart plutseleg bestilt Jetboil Zip med presskanne-lokk frå XXL... og for å sleppe å betale frakt måtte eg berre ta med ein turwok frå Eagle products og ein Trangia 4,5l kjele i same slengen. Akkurat dei to siste tingane har eg faktisk tenkt på ei stund, så då var det vel kanskje på tide? Har forøvrig fått Tarptent Scarp1 som eg bestilte, og gler meg til å teste det ut på padletur rundtom Tarva i helga!
-
Netthandel ingen hindring, så om du har tips om aktuelle produkt i nettbutikk er det heilt greitt. Fysisk butikk i Trondheim var helst for å kunne tafse litt på førehand =)
-
Har planer om å tilpasse og bytte ut nokre teltbardunar etterkvart. Kvar kan ein få tak i metervare med snor som eignar seg til dette (gjerne med refleks)? Gjerne butikkar i Trondheim, om nokon her i byen selg slikt.
-
Eg meiner at skeget skal vere heilt inne i kajakken når det ikkje er i bruk. Dei aller fleste skeg har eit lite hol der det bør knytast fast ein taustump for å ta tak dersom det har sett seg fast, så eg tviler på at det er meininga at det skal stikke ut slik.
- 56 svar
-
- 2