Mange fine turar i området. Det enklaste er kanskje å få skyss innpå fjellet, og så gå seg ned til sivilisasjonen att.
Nokre forslag vi ofte tek i påska:
1) utgangspunkt Fokstua: gå opp mot Fokstuguhø, renn ned mot Breidjordet (på baksida av Haustgravhøin) og framover mot Dombås. Her kan du anten køyre ned mot skitrekket, eller halde på høgda og gå/renne nordover og kome ned mot Fokstua for å hente bilen. Om du vil ha ein kortare tur er det jo berre å renne ned til bilen frå Fokstuguhø, istaden for å ta turen rundt =)
2) utgangspunkt Nysætra: gå opp mot Grisungvatna, og følg Grøndalen framover. Hald deg på austsida av dalen, og gå opp i skaret mellom Grønsæterhø og Måsåhøi, og renn ned til Dombås.
3) utgangspunkt Turrhaug: gå opp Grønsætra, og opp i skaret mellom Grønsæterhø og Måsåhøi. Gå innover Grøndalen, og kryss over til Strålsjøen. Tilbake meir eller mindre same veg.
4) utgangspunkt Myrin (på veg innover Dalsidevegen på Lesja): gå opp til Reindølsætrin, mot Strålsjøen, kryss Grøndalen og opp i skaret mellom Grønsæterhø og Måsåhøi, og renn ned til Dombås.
5) utgangspunkt Bøsætra (på veg opp Slådalsvegen på Lesja): gå opp langs Hattremsådalen, og opp mot Veslskjervedalen og innover mot Skjervekroken, over Kjølen og ned til bilen. Eller ta turen rett opp på Kjølen og renn ned =)