Gå til innhold
  • Bli medlem

Valder

Aktiv medlem
  • Innlegg

    49
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Valder

  1. Har hatt recon pack i snart 2 år no. Kva hoftebeltet angår så kan du stille det slik at det ikkje roterar, så det gir strengt tatt berre meir fleksibilitet for sekken. Juster 'svinginga' etter kvar du går. Ryggjusteringa på para ranger går ikkje kort nok til min rygg, så for meg var det berre recon som var alternativet. Ein 11-timars tur, tidvis i bratt stigning (måtte ta henda fatt) med 20 kg oppakning gikk problemfritt til tross for at eg ikkje hadde gått så langt på eit par år.
  2. Vertikalt inni sekken eller under sekken dersom det er dårleg plass inni, noko som ikkje skjer så ofte med recon-packen min.
  3. XXl er ikkje pliktig til å redusere prisane sine etter andres tilbud, det hadde nødvendigvis medført store tap.
  4. Skal gå ein tre-timars fjelltur neste veke, ca. 20kg i sekken og joggesko på beina, får sjå korleis det går. Turen består av eit kort, veldig bratt parti, ein lengre gåtur langs fjellryggen og ei litt slakkare rute ned igjen.
  5. Så lenge oppakninga er under 20 kg og været tillatar det går eg i joggesko sjølv. Kan ikkje sei eg ser på det som noko "nyheit". Største ulempen er kanskje moglegheita for å miste skoen i ei myr.
  6. Skal det følge med teltpluggar på Svalbard 3? Eg regna i utgangspunktete med at det ikkje gjer det, men vekta står oppgitt til 4,4 kg med 28 teltpluggar, så eg spør berre for sikkerheits-skuld. Rep-kittet består av: 2 stangledd, 2 mellomledd og eit tjukkare rør for å "spjelke" knekte stenger? Ikkje noko lappesaker e.l.? Nokon som har ei god bruksanvisning/ ein god metode for å sette opp teltet? Dårleg av helsport å ikkje inkludere ei bruksanvisning. Oppdaga til dømes at ein må sette inn stanga ved døyra først, ellers er det eit helvete å få opp teltet.
  7. Kvar finn du high camp til lavare pris?
  8. -Med mindre temperaturen kryper under null hadde eg ikkje ein gong vurdert ull, eller mellomlag i det heile tatt for den del. Stiller seg litt annerledes for niåringen då ungar frys lettare. Regntøy er praktisk om du ikkje likar å bli våt, men med mindre du investerar tusenvis av kroner i "pustande" skallbekledning er det umogleg å gå med. Personleg har eg med ein ullgensar og ei lett regnjakke eg tar på når eg sitter i ro, etter behov. -Ein form for skjul er lurt å ta med, spesielt dersom du ikkje er kjent i området, eksempelvis ein Jervenduk, denne er også fin å sitte i dersom det byrjar å regne. -Brukar papirkart sjølv, stort sett utan å kombinere med kompass, skjeldan behov for det dersom du følger oppmerka stiar, noko eg anbefalar sidan du har med barn. Prioriterar lett å bruke peng på ein nødpeilar over ein GPS. Skjul, kommunikasjonmoglegheiter og vatn er strengt tatt det einaste eg vil karakterisere som absolutt nødvendig.
  9. Valder

    Turbukse

    Ta deg ein tur i sportsbutikkane i byen og finn noko på tilbud e.l. Siden det er snakk om ein familitur på denne tida av året er det ikkje nødvendig å legge så mykje peng i det, hadde ikkje forventa å bruke meir enn 2-300kr.
  10. Som ein tommelregel kjøper eg alltid fjellsko som er ein størrelse større enn det eg ellers brukar. Dersom du får gnagsår i str. 43 (du får på deg skoa men dei er for små til å gå med) er det rart om str 44 også blir for lite. Viktig å gå inn skoen skikkeleg, la den forme seg til foten.
  11. Bruker også Kiwi Beeswax, på mine M-77 militærstøvler. Godt eksempel på sko som tar lang tid å gå inn, men dei er enkle og solide og som martin.m har eg ingen bekymringer med å gå i vått terreng. Veit det er ein del som meiner lærsko skal dynkes i vatn mens du går dei inn, gjorde det sjølv i vinter mens eg skulle gå inn eit nytt par, men eg veit strengt tatt ikkje om det berre er BS (?).
  12. Bare å begynne å gå, ikkje ta dei på nokon langtur før du er sikker på at dei er skikkeleg inngått. Puss dei etter bruk eller med jevne mellomrom dersom dei ikkje blir brukt ofte.
  13. Ein del tilbud på http://sportsbutikken.no. Bla. Recon Pack til 4300 kr, 200 kr billigare enn XXL, wohoo.
  14. Med eit såpass høgt budsjett blir Norrøna Recon Pack eller Para Ranger aktuelle valg, men berre dersom du faktisk har behov for så mykje berekapasitet.
  15. Eg har ikkje prøvd den sjølv, men slik eg forstår det har den ganske tynt stoff. Trur ikkje du vil støte på problemet at noko slit mens du er på tur, men eg blir ikkje overraska om du må sende den til reparasjon etter å ha brukt den ei tund.
  16. Ang. tunge posar er vel den amerikanske militærposen kongen på haugen. Den består av 3 delar og veg nesten 5kg, og komprimerast veldig dårleg . Brukar du alle posane på ein gong skal den holde til 4t søvn med sokkar og lue på i -40. Står ingenting om at det er 4t behageleg søvn det er snakk om, men posen er veldig varm så vidt eg har forstått det.
  17. Hiver meg på her, er på utkikk etter det same.
  18. Har lenge vore på utkikk etter nytt turutstyr, i det siste har eg svippa innom sportsnett.no kvar dag for å sjå etter gode tilbud. Ser, som sagt at Nanok Domus Duo er på tilbud no (2399 kr), er dette eit godt teltkjøp? Bruksområde vil vere alt frå sommer til vinter, lite sannsynleg at det blir nokon viddeturar med det første, men ein forblåst fjelltopp, med ukjent mengde snø er ikkje uaktuelt.
  19. Går vidare utan regntøy/poncho, aukar tempoet hvis det blir kaldt.
  20. Da eg berre har moglegheit til å prøve Recon Pack, som ligg litt over budsjettet mitt, lurer eg på korleis rygg/reimjusteringa på Para Rangeren er i forhold. Eg er ganske lav (168cm) og Recon-packen er ein av dei få sekkane eg har prøvd som passar ryggen min samtidig som den er stor nok og verkar behageleg å gå med. Korleis er sekken ellers i forhold til Reckon Packen? Konstruksjon, lommer, glidelåser osv.
  21. Merk dykk forskjellen på 'pris', 'veiledande pris' og tilbud. Veiledande pris er prisen produsenten har satt på produktet, det er vanleg at butikkar sel varer til godt under veil. pris, utan at det nødvendigvis er på tilbud.
  22. Prøvde Norrøna Svalbard i dag, som eg var redd for så går bare rammejusteringa til 1.70, eg er 1.67-68. Får jo stramma den inn eindel med reimene, men er litt redd for at eg ikkje skal få justert den skikkelig. Nokon som har erfaring med dette? Nokon sekkar som har ramme som passar for folk under 1.70?
  23. Er ute etter noko eg kan bruke stort sett heile året til turar i fjell og mark. Tenkte først på skallbekledning ala Norrøna Dovre eller Recon Av sekkane eg har sett på synast eg Norrøna Svalbard 80 ser grei ut. Nokon som har erfaringer med desse produkta, eller har andre anbefalinger? Vil helst ikkje over 8-9k for alt. Er litt bekymra med tanke på pusting osv. i skallbekledninga, er softshell eit betre alternativ?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.