Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Passivt medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Eg har Akka Dome 3 og må seia meg godt nøgd med det, men eg har ikkje fått testa det ut på vinteren. Plunderet i toppen av Dome'en kan nok verta litt meir styr med vottar og sterk vind enn det er på sommaren. I tillegg likar eg ikkje innvendinge stangkanalar til vinterbruk (dette er diskutert ein del på forumet). Det fine med Akka Dome 3 er at teltet verkeleg er eit tremannstelt, og då reknar eg med at tomannsutgåva óg er laga for to! Liggelengda er i tillegg veldig bra, noko som har vore veldig kjekt på alle dei regnfulle turane dette teltet har vore med på i 2011. Vidare er teltet laga i polyesterduk og ikkje nylon. Det kan kanskje redusera styrken noko, men føremona er at denne duken ikkje strekkjer seg i regn. Mine Hillebergtelt i nylon må gjerne etterstrammast på regnvérsturar medan Akkateltet står like fint. To fortelt er veldig kjekt og generelt er teltet av god kvalitet og med fine løysingar. Noko lettvektstelt er det derimot ikkje.
  2. PHD skal vera bra greier, og eg trur det held vél så bra kvalitet som ME og Rab. Sjølv har eg fleire produkt frå dei to sistnemnde og desse er bra nok. Du kan óg vurdera tsjekkiske Sir Joseph. Det er bra saker.
  3. Takk for interessant framstilling av sportsbransjen og deira modellar. Sjølv har eg interesse av å sjå litt på desse utstyrsaktørane som profilerer seg på miljø. Det er to døme her som eg vil nemna. Det eine er Klättermusen som har eit materialval som absolutt er prisverdig. Derimot er ikkje produkta deira kortreiste, men på lik line med det meste anna produsert i Kina. Tidlegare produserte dei varene i Estland, noko som i miljøforstand ville gje meir meining. Vidare har amerikanske Patagonia som gjev prosentar av overskotet til miljøfond og som i tillegg har brukt mykje resirkulert materiale. Denne produsenten har no gått over til å produsera klede i Gore-tex og slik sett, truleg av kommersielle omsyn, bidrege til bruk av fluorkarbonhaldige material. Dette syner oss at det er store kostnader ved å ha ein miljøprofil. Litt det same ser me óg hjå ullprodusentane som er marknadsleiarar på verdsbasis, nemleg Smartwool og Icebreaker. Her er ulla klypt på New Zealand, frakta til Kina for strikking og produksjon og deretter distribuert rundt om i verda. Då er det kanskje ikkje så mykje att av miljøsida ved desse produkta. Litt avsporing frå teamet her, men eg kunne ikkje dy meg.
  4. Eg fekk nettopp ein kasse med Aclima Woolnet frå http://www.bottolfs-verksted.no/ (299,- per del. ).
  5. Fullt sett med Aclima Wool Net på veg i posten. Brynje har eg brukt mykje til alt mogleg. Det fungerer i grunn veldig bra, men gledar meg til å testa ullnetting (synteten skapar litt atomkrigsstemning i soveposen etter nokre dagar).
  6. krokavatnet

    Dunjakke

    Annapurna er ikkje noka jakke for fysisk aktivitet. Ytterstoffet fungerer bra til sitt føremål på denne (har hatt mi Annapurna i fire-fem år).
  7. Brukar Crocs kvar dag på kontoret og er aldri vekke frå jobb. Har ikkje merka noko slags problem når eg hentar kaffi eller går til lunsjrommet heller
  8. Den skråe endeveggen kan heilt klart vera ei utfordring. Det har eg opplevd mange gonger.
  9. Eg har brukt mitt Nammatj i såpass kraftig blest vinterstid at det var rett før ein bles over ende sjølv. Det gjekk fint sjølv om teltet fekk køyrt seg. Kva vindstyrke me hadde kan eg ikkje seia noko om. Nammatj gjorde i alle høve jobben.
  10. Ja, ein kan fint vaska ein Isbjørnpose. Det er óg mogleg å vaska dunposar, men meir styr (måtte ta min eigen no i sommar - same type som qwer993 har kjøpt). I tillegg kjekt med syntetpose på turar med bål, noko som er stas for ungane.
  11. Ein tur i desemberkulda er verkeleg å tilrå. Opplevinga av lyset på den tida er magisk etter mitt syn (så sant der klårvér!!)
  12. Personleg tykkjer eg det er greitt med syntetiske posar til dei små. Årsaka er at det ikkje er reint fåe kakaokoppar som har kvelva utover inne i teltet... Då er det kjekt at ein berre kan hiva posen i vaskemaskina etterpå.
  13. Kjenner meg att i det. Klättermusen er ikkje det beste for sommarhalvåret. Eg tykkjer jakka mi vert for heit til det sjølv om det er eit trelagsmateriale. Mykje forsterking, lommer og detaljar gjer óg sitt til at dei tørkar sakte. Lengda på Brede er grei, men ikkje meir. Far min kjøpte i haust Arc'teryx Theta SV, og den jakka såg verkeleg bra ut. Har du vurdert den?
  14. Har testa ut Klättermusen og kan seia at dei ikkje er meir slitesterke enn andre produkt, men kleda har derimot mange flotte detaljar som funkar i ruskevér. Hetta er veldig bra!
  15. Ettersom det er Vibram som produserer sålen så er det nok der problemet ligg for mine sko. Det einaste fottyet eg har per i dag som verkeleg heng på blaut stein er mine Muck Boot-gummistøvlar. Samd med borgern om at det nok truleg er ulik gummiblanding innimellom.
  16. Har hatt det same problemet med Alfa Bever og Bever Pro. Dette var skuffande ettersom fyrstegenerasjon Bever Pro var heilt kanon i blautt steinterreng. Men dette er eit Vibram-problem så då gjeld det kanskje over heile fjøla?
  17. Ettersom du stort sett ligg utan telt og fyrer bål ville eg gått for ein syntetpose - gjerne frå Isbjørn!
  18. Du bør nok gå for lengde 200, for det er kjedeleg med for kort sovepose. Desse posane tek ein del plass i sekken og har høg vekt, men gjer jobben. Sjølv har eg hatt ein Tyin-pose frå Ajungilak (Arctic) som eg ikkje brukar lenger. Årsaka er at denne posen samlar veldig mykje kondens innvendig i fyllet, noko eg ikkje har opplevd med dunposen min. Kanskje nokon av dei som har Tyin 5-season kan svara på om dette framleis er eit problem? Alternativt kan du sjå på posane frå Isbjørn.
  19. Sporet ser katteaktig ut - korleis var ganglaget? Gaupene går i ei bein line.
  20. Jau, men prinsippet er det same for BC-støvlar som for 75 mm.
  21. Eg brukar Varg Skavl som er ein storleik større enn det eg brukar i fjellsko. I desse har eg ein tynn innersokk av ull og tova ulluddar. På utsida har eg Yeti-gamasjar, noko som fungerer flott i kaldt vér.
  22. Klättermusen har klaff over glidelås, men kostar.
  23. 50 prosent på alt i butikken til MX Sport i Åsane (Bergen) i helga. Det var bra utplukka, men me fekk tak i ein del bra saker.
  24. Eg har ikkje prøvd nokon av desse syklane, men denne White-modellen ser flott ut. Det eg er kritisk til er at han er levert med eit ganske smalt styre og tillegg er Furious Fred-dekka noko du må rekna med å byta ut. Råma er det sikkert mange meiningar om, men krank og hjulsett held høg kvalitet. I tillegg ser bremsane veldig bra ut.
  25. Det er mogleg eg tek feil i høve desse glidelåsane, men eg ville sjekka dette ut i ein butikk og fått prøvd produktet på. Dette er ei dyr (og tung) bukse og då meiner eg detaljane må vera på stell. Sjølv har eg ei GT-jakke som har vanleg glidelås i front med ein smal klaff både innvendig og utvendig. Ettersom desse ikkje kan stengast med borrelås kjem regnet rimeleg lett gjennom. Dette var ei jakke som eg kjøpte på nett og då la eg ikkje merke til denne mangelen før jakka var brukt ei stund.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.