Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Passivt medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Samekniv - og så ei samanleggbar sag. Kniven ordnar opptenningsveden medan saga ordnar kveldskubbane.
  2. Så vidt eg veit opererer ikkje amerikanarane med desse inndelingane. Eg har sjølv britiske soveposar og dei har heller ikkje dette påført.
  3. Har hatt stor suksess med underklede frå Dale. Veldig komfortabel ullkvalitet. Trøyene deira kom dårleg ut i friluftsmotebladet Ute, men så er eg usikker på om testpanalet har testa kleda i vestlandsk siparegn.
  4. Helsport Alta Jr i kombinasjon med eit lite saueskinn yar fungert flott for oss. I tillegg har me brukt Sorel-sko med uttakbare innersko med stort hell.
  5. Utan at det er mi sak så stiller eg meg det same spørsmålet
  6. Somme hevdar at det er for få festepunkt på utsida av Bora'en, men det er feil. Eg har festa alt frå pakkposar, fiskestong, samekniv, underlag og andre ting utan at det har vore noko problem. Felles for begge sekkane er at dei har kompresjonsreimer med stikkspenner, noko som fungerer veldig bra. Sidan ingen andre har nemnt det her så må eg berre få nemna den lange frontlomma på Bora'en. Veldig, veldig praktisk. Og så er Bora'en minst ein kilo lettare enn Alpinisten.
  7. Testar hevdar vel at Alpinisten er betre for dei tyngste børene, men sjølv har eg berre peiling på Bora'en. Når eg vurderte ny sekk fall Alpinisten ut av lista fordi han var for stor og at både reimar og hoftebelte var overdimensjonert, særskilt med tanke på skiturar. Volumet på Bora'en har synt seg å vera tilstrekkeleg til det meste, jamvel til familieturar der ein pakkar med seg lavvo, eit par soveposar, laurdagsgodt, bamsar, etc. Sekken er i tillegg veldig flott utforma og difor lett å pakka i. Meiner eg har nemnt det før på forumet, men sekken manglar lyftehandtak i front.
  8. Easton og DAC er vel dei beste, men eg kjøpte stenger frå Helsport til mitt Hillebergtelt etter at begge stengene var knekt. Det finst sikkert betre alternativ enn det Helsport har og eg kunne sjølvsagt kjøpt nye frå Hilleberg. Likevel valde eg Helsport sine då deira prisar var gode - i tillegg var servicen deira god (det gjekk ikkje mange dagar etter at eg hadde sendt dei ein e-post før stengene kom med posten). Stengene har fungert fint til no - både sommar og vinter.
  9. Når du nemner Berghaus så kjem eg på deira Expedition 80 som visstnok skal vera veldig bra - denne hadde hjå Ute i Bergen til litt over 2000-lappen.
  10. Oi! Dette var flott!
  11. Ja! Marsipan er obligatorisk på vintertur!
  12. Hadde Osprey Argon med i vurderinga når eg kjøpte min siste sekk, men eg fekk nyss om at han får nok ved bører på 25 kilo. Når ein fyrst skal ha såpass stor sekk tykkjer eg det var litt svakt. Denali Pro er sikkert konge, men dyr. Ein seriøs butikk eg var innom sa at 'du vert ikkje skuffa om du kjøper Bora sjølv om det sikkert finst andre gode sekkar'. Eg er heller positivt overraska så langt (kjøpte sekken i april) då han er svært god på ryggen og veldig lett å pakka i.
  13. Ein skikkelg god og mørkbrend kokekaffi og så ein trekopp til å drikka han i (ai...det vart visst to ting...)
  14. Mitt subjektive framlegg: Arc'teryx Bora 95
  15. Nei, skal du ha med sekken under vatn så kjem ein ikkje utanom tette pakkposar - har nemleg prøvd å 'bada' med ryggsekk i ei stri vårelv.....
  16. Nja...Arc'Teryx har ein serie sekkar som er heilt vasstette, men desse kostar grotesk mykje. Sjølv har eg ein ny Bora og heller ikkje denne held tett. Difor pakkar eg alt i vasstette posar. Legg merke til at desse såkalla sprutsikre glidelåsane er eit svakt punkt då det dannar seg eit par mm stort hol der dei to glidelåshovuda møtes. For Bora gjeld dette tre stader på sekken.
  17. Sole! God demping og så trekkjer dei heller ikkje vatn.
  18. Sekkar er sjeldan særskilt vasstette så det er betre å investera i nokre skikkelege vasstette pakksekkar i staden. Min gamle Norrøna Stetind i bmoull/polyester frå tidleg 90-tal var ganske så vasstett, men alt eg har hatt i ettertid har ikkje tolt vatn - særskilt ikkje Norrøna sine.
  19. Kanskje litt på sida, men om du vurderer gummistøvlar så kan eg gå god for Muck boots. Betre fotty til slaps og småturar har eg aldri hatt: Veldig godt grep, lette å få på, heite og generelt komfortable. Til tyngre bører har dei derimot ikkje så mykje for seg - då er det fjellsko som gjeld. Men somme tider - i alle høve på Vestlandet - er det dagar der det berre er gummistøvlar som gjeld.
  20. Gamma AR frå Arc'teryx ser etter mitt syn veldig bra ut, men eg er stor tilhengar av soft shell laga i Schöller-materiale. Har brukt bukser i slikt materiale frå to ulike merkje og er heilfrelst.
  21. Kjøpte Bora 95 i vår, men då til full pris... Men det viktigaste er at eg ikkje angrar på det. Sekken er veldig god på mange måtar: Rommeleg, lett å pakka i, fantastisk hoftebelte, stor loklomme, stor frontlomme som er kanonpraktisk og generelt godt handverk. Minuset er at det burde vore lyftehandtak framme. I fleire testar står det at det burde vore fleire festepunkt på utsida, men det er ikkje samd i. Tre kompresjonsremmer på kvar side gjer at evt kan stroppa frast pakkposar, fotostativ og andre ting utan problem.
  22. Hei, Har brukt Helsport Bardu Mini med stor suksess. Ein veldig fin barnepose, men eg trur denne har skifta namn. Sjekk www.helsport.no
  23. Brukte tidlegare trelags Gore-tex til alt, men har dei seinare år brukt mest soft shell. Eg har to herlege bukser i Schoeller-materiale og desse er framifrå: For det fyrste er dei vindtette nok og for det andre er dei komfortable sjølv om det vert ganske så fuktige. I motsetnad til tex-bukser er soft shell-en mykje meir komfortabel å ta på seg om morgonen i teltet. Det at materialet er elastisk gjer sitt til at det vert vanskeleg å gå over til andre ting. Likevel vert dei for heite om sommaren og vekta er óg noko for høg. Det set seg i tillegg lettare lukt i slike plagg enn i GT-plagg, men det er ikkje noko stort problem. Vanskeleg å seia at det eine eller det andre er best, men det er ikkje tvil om at soft shell-bukse er det eg brukar oftast på tur. Arc'teryx har ein ny variant som ser bra ut og som heller ikkje er så verst når det gjeld pris: http://vpg.no/eshop/pub/engine.php?id=2387
  24. Eit anna alternativ kan vera Gregory Whitney 95 som dei har hjå Marius Fjellsport. Deira pris meiner eg er 3900,- og då sparar ein litt sett i høve til sportslageret. Samd i at bæresystemet er avgjerande, men det det er ikkje greitt med ein sekk som er for liten sjølv om han sit aldri så godt.
  25. Brukar sjølv Bora 95 til turar der eg ikkje berre har min bagasje å bera på og sekken fungerer flott til det (fekk plass til alt lavvoutstyret og utstyr for to oppi). Dei gode kompresjonsreimane (med stikkspenner) gjer det i tillegg lett å stroppa fast ein pakkpose på sida om det trengst, og det hevbare loket utvidar kapasiteten enno meir. Til familebruk ville eg difor gått for 95'en. Tenkte at Bora'en ville vera litt for trong for mitt bruk, men eg er overraska over kor lett det er å pakka i han. I botnen får eg plass til både min og femåringens sovepose og så må eg nemna den geniale frontlomma - veldig praktisk når ein er på farten. Den ytre loklomma er óg veldig smart: Glidelåsen går midt oppå slik at ikkje mistar noko ut når ein leitar etter ting. Hoftebeltet er i verdsklasse! Det einaste minuset så langt (det kan henda eg oppdagar fleire ting etterkvart) er at det burde vore eit lyftehandtak i front og ikkje berre i nakkegropa.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.