Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Passivt medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Kan tilrå Lowe Alpines Attack MX. Eg, som er 176 cm, har brukt denne sekken på 50 liter + til alt frå reiser til overnattingsturar med telt. Etter mitt syn er dette ein gjennomført sekk med eit stort bruksområde - prisen ligg på ein totusenlapp. Veldig fin sekk til dagsturar på ski når ein skal ha med seg dunjakke og litt større ting. Av negative ting så kunne eg tenkt meg litt fleire kompresjonsreimar i sidene.
  2. Har brukt Ortliebs PS17-type til mat gjennom mange år. I tillegg har eg brukt ein litt billegare Ortliebtype. Begge to er slitesterke og fine.
  3. Snøfritt der inne, ja. Gjekk innover frå Stusdalen for to veker sida (pinsehelga).
  4. krokavatnet

    SPD-pedal

    Fekk eit tips om at innfestinga måtte vera på det slakkaste i byrjinga, og det trur eg var lurt! Eitt og anna rundkast må eg vel gjennom likevel.
  5. krokavatnet

    SPD-pedal

    Har no fått sykla litt med SPD-system og kan ikkje seia anna enn at det fungerer veldig bra. Eg var i utgangspunktet spent på dette med inn- og utklikking, men det fungerte flott frå fyrste tur. Etter råd frå andre sykkelfolk enda eg opp med Shimanos rimelegaste pedal, M520. Skoa er óg frå Shimano og kosta heller ikkje skjorta - dei dyrare modellane passa meg dårleg då hælgrepet ikkje var bra.
  6. Personleg trur eg du finn betre hybridsyklar i den prisklassen andre stader. Hjå Oslo sportslager finn eg fleire syklar med betre utstyr enn den der. Her finn du eit veldig bra alternativ frå Sykkelbutikken i Bergen: http://www.sykkelbutikken.no/sykkel/hybrid_-atb/commencal-babylon-1/
  7. Kva butikk handla du frå og kva pose vart det?
  8. Samd med afe: Nammatj er eit veldig bra telt, men litt for kort til vinterbruk. Keron vert hakket betre.
  9. Hehe! Det trur eg ikkje dei gjer! Eg har skrytt ein del over mine importhistoriar, men ingen uniformerte har vore på døra mi til no!
  10. Eg har ein modell frå Norrøna som heiter Offtrack, men som i dag heiter Fjørå http://www.oslosportslager.no/produkt/norrona-fjora-flex-multisport-hanske-09-7189.aspx Desse hanskane er veldig gode til sykling, men eg brukar dei i tillegg til skiturar og som sommarhanske i høgfjellet. Dei nye er diverre ikkje laga i Schöller-materiale.
  11. Har Ingstad med Riva 3 og 10 mm oppbyggingsplate og er veldig nøgd. Oppå skia har eg Varg Skavl, men trur eg skal skaffa meg Scarpa T4 til neste sesong.
  12. Nei, 550'en har 3/4 glidelås, men viss den nye Phantom har heil glidelås så kan han vera eit betre val. Halv glidelås ville eg ikkje hatt på sommaren.
  13. Har veldig sans for fleecejakke med hette og Norrøna Narvik er nemnt over her. Den jakka er veldig god og utruleg slitesterk samanlikna med mi tilsvarande jakke frå Arc'teryx.
  14. Har ikkje Phantom 15 berre halv glidelås? Ein slik sovepose skal ein no bruka på sommaren og då er det greitt med heil opning. Har sjølv 550 og likar han veldig godt.
  15. Har du vore innom Sykkelbutikken i Bergen? Eg kjøpte sykkel der og fekk veldig god service. Min sambuar kjøpte ein veldig elegant hybrid frå Commencal i den prisklassen du skisserer (rett nok var begge syklane på tilbod).
  16. krokavatnet

    SPD-pedal

    Takk for gode innspel! Skal gje ein lyd når val av sko og pedal er gjort og når testtur er gjennomført!
  17. krokavatnet

    SPD-pedal

    Har tenkt å kjøpa SPD-pedalar til min nye terrengsykkel og lurer på kva eg skal kjøpa. Ser at det er skilnad i pris på dei ulike modellane frå Shimano - frå 299 til nesten 900 (eg vil ikkje ha noko dyrare enn XT). Har det noko føre seg å kjøpa XT-pedalar som kostar mellom 750 og 900 kroner når ein kan få andre frå 299 til 500? I tillegg må eg ha sko, men dei lyt nesten prøvast så avgjersla må takast i butikk. Likevel er eg takksam for innspel på kva eg bør legga (mest) pengar i: Sko eller pedalar. Bruksområdet er treningsturar på grus (ofte i bratt terreng) tre til fire gonger i veka + somme lengre sykkelturar i samband med helg.
  18. Har ein slik halvhøg terrengsko med Gore-Tex frå La Sportiva. Desse er i 43,5 og er ikkje meir enn akkurat passelege. Mine Alfa Bever er i 43 og passar perfekt.
  19. Eg har brukt Muck Boots gjennom fleire sesongar og kan ikkje anna enn skryta over desse støvlane. Dei er heilt utruleg gode å ha på seg i issørpe og anna sølevér då dei held føtene gode og heite. I tillegg er dei ekstremt lette å få av og på; eit mjukt skaft kombinert med hempe bak er veldig greitt. Vidare gjev yttersålane godt grep på blaut stein så støvlane har vorte brukt ein del i haustfjellet med lett sekk. Etter mitt syn er Muck Boots eit godt kjøp dersom ein treng tette støvlar. Merk at støvlane treng lang tid på å tørka når dei fyrst har vorte blaute og at det helst ikkje bør vera for heitt i véret når dei skal brukast. Tenkjer å skaffa meg eit kraftigare og høgare par Muck Boots til hausten.
  20. Har ein gong drukke vatn frå ein bekk som vart filtrert gjennom eit reinkadaver. Dette var i nærare 1500 meters høgde og temperaturen var ganske låg trass i at det var sommar. Kadaveret oppdaga me ikkje før me hadde drukke eit par koppar vatn og når skodda letta..... Heldigvis vart ingen av oss dårlege.
  21. Hestra har slike som fungerer flott.
  22. Kva type ytterstoff er det på di jakke? Mi har ei litt ru overflate, men eg meiner eg såg ein modell i ein butikk her i Bergen som var glattare.
  23. Jakka mi frå 2008 er ei jakke som eg fekk i erstatning for ei tidlegare jakke som fall fullstendig frå kvarandre på innsida! Utsida var heilt fin.... Friluftsliv hadde ein test av Bredejakka for nokre år sidan og der var visst problemet noko av det same. Eg har i tillegg soft shell-buksa Mithril som har ein saumkvalitet som er heilt på styr, men eg gadd ikkje reklamera på ho ettesom eg reparerte ho sjølv. Problemet no er å avgjera kva eg skal gjera, for det kan henda at Klättermusen berre kallar det for normal slitasje. Men når eg har hatt tre plagg frå same overprisa merkje som alle har hatt feil, veit ikkje om eg vil kjøpa meir Klättermusenutstyr. Kva (års)modellar er det du har, aker?
  24. Eg er 176 og har XL-posen. Den passar meg utmerka.
  25. Er det andre inne på forumet som har tenkt at dei skulle legga litt pengar i eit produkt som skulle vera både kompromisslaust og haldbart for deretter å verta noko skuffa? Saka er at eg har ei svindyr Klättermusenjakke av typen Brede som berre er halvanna år gamal (kom i hus hausten 2008). Denne jakka er no full av nuppar i ytterstoffet og det ser ut til at ho i tillegg brygger på delaminering. Jakka er sjølvsagt brukt, men mest i høgfjellet haust og vinter. Til sommarbruk er denne jakka for tung og heit. Mitt spørsmål er då om det er fleire på forumet som har liknande opplevingar med Klättermusenutstyr? Dette er trass alt eit merkje som profilerer seg med ekstremt haldbare produkt, men som i realiteten tapar så det syng når eg samanliknar med andre friluftsklede.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.