Gå til innhold
  • Bli medlem

krokavatnet

Passivt medlem
  • Innlegg

    429
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av krokavatnet

  1. Eg vurderte denne, men enda opp med noko anna. Årsaka var at buksa er tung og at det berre er ei lomme. I tillegg kunne eg ikkje heilt sjå at stramminga nede vil tetta godt nok rundt skoa, men det kan vera eg tek feil der. Vidare er eg skeptisk til glidelåsane i sidene som eg lurer på om ville vera tette nok. Glidelåsane var ikkje av den vasstette typen og klaffen over og under har heller ikkje borrelås. Ei bukse som er såpass tung kunne godt hatt stikklommer og to lårlommer. Materialet trur eg derimot er bra saker - fungerer i alle høve i jakka eg har.
  2. Eg har reklamert på ein del ting og aldri synt kvittering. I alle tilfella har eg gått rett til produsent, men då har det dreia seg om skandinaviske produsentar. Kanskje importør er rett kanal når det gjeld produsentar frå andre land. Andre på forumet har nemnt at jamvel gigantar som The North Face og Arc'teryx har vore greie med service.
  3. Isbjørn er norskprodusert. Utover det er det ikkje mange att, men Rottefella held vel stand? Mange produsentar skriv ikkje ein gong kvar deira produkt er laga. Mine saker frå Aklima og Klättermusen er ikkje påført produksjonsland. Elles ser eg at mange har ein delt produksjon slik som til dømes produsentar av dunprodukt. Både Rab og Marmot får sine dyrare modellar sydd i Kina medan posane vert fyllt med dun i høvesvis England og USA.
  4. Er 176 og har pose som er 200 lang. Det fungerer veldig fint og ville ikkje hatt kortare pose.
  5. Unna'en er fin ved at ein kan slå det opp og deretter lukeparkera det akkurat der ein vil. Eg har brukt Unna ein del no og er generelt godt nøgd med teltet. Eit par små ulemper er det sjølvsagt, men det gjer ikkje all verda. Klaffen over glidelåsen i ytterteltet køyrer seg ofte fast og det kunne vore ventil på båe sider i toppen. Utover Unna brukar eg óg eit einmanns frå TNF, men Unna er generelt meir komfortabelt og som oftast det som vert med i sekken.
  6. Veldig fint område. Kan óg leggja til Matrefjella som eit fint område og som heller ikkje er så langt frå Bergen.
  7. Eg har brukt modellen som er nest på denne sida lenge: http://www.globallsport.no/footlab.htm Desse trekkjer ikkje vatn og har vore brukt i Alfa Bever. Kjøper desse neste gong óg.
  8. Den nye Bora'en har ein meir romsleg sekkepose enn tidlegare modell.
  9. http://www.tindevegen.no/
  10. Eg kjøpte min Bora 95 til full pris, men har kome over det no Sekken har innfridd så det held. I butikken vart det sagt at det kanskje finst betre sekkar, men at ein ikkje vert skuffa om ein kjøper Bora'en. Det har stemt veldig bra for meg dei to åra eg har hatt han.
  11. Har mang ein gong lege på kanten av Bøttejuvet (ikkje Bøttajuvet som kommentatoren seier) og sett ned og det er faktisk like heftig som på tv! Men eg kan ikkje forstå at nokon torer å kasta seg utfor der - heilt utruleg at nokon har det i seg. For eigen del var det artig å sjå at dei faktisk gjekk denne ruta til fots, men det skal seiast at det ikkje er særskilt langt. Snøen såg ut til å bera godt og på sommarstid er det om lag ein og halv time frå parkering til varden på toppen. På vegen opp passerte dei ein støl, noko eg la godt merke til då dette nesten var min andre heim i ungdomen! Artig at selet fekk sine "15 minutes" (eller seconds) på riksdekkjande tv
  12. Hehe, litt skeptisk til denne når eg les produktteksten: "- PitZips ™ - Underarm glidelås som strekker seg inn i kroppen for Aggressive Utlufting". (vonar det berre er ukritisk bruk av google translator her...)
  13. Alternativt kan du sjå på finn.no
  14. Ja, det har óg to inngangar.
  15. Eg har både eit grønt og eit raudt telt frå Hilleberg, men har vel eigentleg ikkje tenkt over kven av dei som slepp inn mest lys. Det vil seia at det for min del ikkje har spela noka rolle.
  16. Har eit einmannstelt frå TNF med denne type innertelt og det er kanondigg å sova i om sommaren. Det kan verta trekkfullt og eg har opplevd at det har vorte vél kaldt på nevane når eg prøvd å lesa bok i dette teltet
  17. Samd med dei som nemner utvalet av sportsbutikkar. Burde vel vera interessant å fanga opp interessen for spesialbutikkar kontra varehus med standardmerkje?
  18. Eg nemnde Kaitum 2 i mitt fyrste innlegg. Det har ein lettare duk og stenger enn Nammatj, men rette gavlar i båe endar.
  19. Nammatj er på mange måtar eit veldig bra telt. Det er solid, enkelt å montera, lett og med god ventilasjon. Ulempene er, som mange har nemnt på forumet tidlegare, den skråe veggen i fotenden. Denne legg det seg snø på og då krympar liggelengda etterkvart som natta sig på. Opplevde dette på ny i helga med mitt Nammatj 3 og er no meir og meir overtydd om at eg treng eit med rette gavlar i båe endar. Kanskje Kaitum 2 kunne vera eit vél så bra alternativ? No har eg hatt mitt Nammatj i over ti år så eg kan i alle høve ikkje klaga på kvaliteten.
  20. Ettersom du allereie er på Hilleberggaleien er det vel ikkje berre lett å gå over til noko anna... No veit eg ikkje heilt kva du skal bruka teltet til (sommar eller vinter - begge deler?), men Nammatj GT kan vera aktuelt dersom du er komfortabel med skrå vegg i fotenden. Hilleberg Nammatj GT 2: http://www.brukassport.no/index.php?nr=90&case=4&id=179&idkategori=72&startrow= Hilleberg Nammatj GT 3: http://www.fjellsport.no/telt-1/telt/hilleberg-nammatj-3-gt-telt-gronn.html evt kan du sjå på Kaitum 3 dersom du vil ha rette gavlar og to små fortelt: http://www.brukassport.no/index.php?nr=90&case=4&id=177&idkategori=72&startrow=
  21. Eg har sjølv gått i den retninga. Så sant det ikkje striregnar eller sluddar går eg i ein soft shell-dress under marsj, men har med tettare klede i sekken. Ei soft shell-jakke med hette er eit veldig greitt plagg.
  22. Eg pleier ikkje å fyra bål i veldig traffikerte turområde, men er generelt veldig glad i bålfyring. Dersom det let seg gjera brukar eg gamle bålgroper og passar på at eg sjølv (og andre!) tek med seg alt bos heim. I moråde langt frå folk tykkjer eg det er artig når eg kjem over ein gamal bålplass. Det er ikkje så mange som tek seg tid til å fyra opp eit kaffibål eller som ligg ute og fyrer bål i seine nattetimar.
  23. Dels samd i kritikken av Platou, men eg har fått god service på skihandel og i tillegg har dei skaffa meg ting som ikkje var i butikken med velvilje. Outdoor kunne ikkje hjelpa meg der... men eg har gjort gode kjøp hjå dei og fått god service generelt.
  24. Platou og Ute er bra butikkar.
  25. Helsport har vel ikkje gjort anna enn å kopiera Hilleberg dei siste åra.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.