-
Innlegg
429 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Forum
Artikler
Intervju
Støttemedlem?
Community Map
Alt skrevet av krokavatnet
-
Som heilårstelt vil Nammatj og Kaitum vera betre val enn Nallo.
-
[b]55-65 liters sekk - anbefalinger?[/b]
krokavatnet svarte på Eple sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Eg har ein Lowe Alpine Attack MX 50 + 10 som eg brukar til korte overnattingsturar og dagsturar. Dette er ein veldig god sekk som held høg kvalitet: http://lowealpine.com/eng/prod_app_det.php?catid=9&itemid=306&type=man -
Har gått over til Yeti Extrem denne sesongen på mine skisko i str 44 (75 mm). Til dette kjøpte eg XL, men ser at eg fint kunne klart meg med L.
-
Mitt tremannstelt frå Hilleberg er for lite for tre, men utmerka for to.
-
Romarheim som i Romarheimsdalen? Kvar då?
-
Tursekk; Gregory Palisades 80 eller Osprey Argon 85?
krokavatnet svarte på Ferskingen sitt emne i Bære- og fraktsystemer
Oslo sportslager køyrer ofte kampanje på Palisade til litt over totusenlappen. -
Det er mange modellar å velja i, men Brynje Classic i 100% ull er gode. Toler veldig mange rundar i vaskemaskina og fungerer ypperleg til tur og (ute)trening. Sportsnett har desse.
-
Har hatt same problem med min Tyin Arctic. Han vert suppande blaut på innsida av ytterstoffet, men har ikkje hatt problem med at resten av posen vert blaut når eg har pakka han ned. Turkompisen har ein eldre Tyin Elite der dette ikkje skjer. Løysinga mi vart ny sovepose!
-
Pass på å kjøpa eit telt som har ordentleg ventilasjon. Desse amerikanske dome-telta har knøttsmåe ventilar.
-
Argon'en er heilt sikkert spekka med mange fine detaljar, men eg var skeptisk til dei litt pinglete kompresjonsreimane på sidene og alle desse elastiske lommene. Eg kan i alle høve gå god for Bora'en - kjøpte min i vår og har fått brukt han ganske mykje både på bart føre og på skitur. I tillegg har eg fått prøvd han med svært tung last, men då ikkje til dei heilt store distansane. Hoftebeltet er, etter mitt syn, det beste med nettopp denne sekken.
-
Ja, eg les at det var noko med svaien i ryggen på Argon'en som gjorde at han ikkje var så god til dei tyngre børene. Men som sondre T.L skriv så har Osprey veldig mange interessante løysingar, men når eg vurderte Argon opp i mot Bora 95 så tykte eg at sistnemnde verka meir solid.
-
Har ikkje så mykje å koma med, men vurderte denne sekken når eg skulle kjøpa ny. Valet fall heller på Bora 95 ettersom eg høyrde at Argon'en bukka under ved om lag 20 kilo. Det vart litt for spinkelt for ein sekk som har eit volm på 110 liter.
-
Vurderte sterkt Sea to Summit-gamasjane som dei hadde på XXL og som Lompa nemner, men kjøpte heller Yeti-gamasjar frå england. Andre gode gamasjar der ute er variantane frå Black Diamond (Apline??). Har óg gått grundig lei av gamasjar med strikk.
-
Fekk brukt min Rab Summit 900 sist helg, men det er litt tidleg å trekkja konklusjonar enno. Likevel merka eg at dunpose var mykje meir komfortabelt å ligga i når nattetemperaturen steig, for dun verkar nesten som å ha ein innebygd termostat. Dersom eg hadde hatt vinterpose i syntet - med temperatur rundt null - ville det vorte altfor heitt og klamt. Det var uansett kanon å få sesongens fyrste skitur med overnatting! Gledar meg til neste tur.
-
Støttar Hugo på at Hilleberg er enklare å slå opp i ruskevér. Eg har eit Nammatj 3 som eg greier slå opp ganske så greitt sjølv om vinden hyler infernalsk (med tjukke vottar). Kanskje Nammatj 2 hadde vore eit bra telt til deg, Andreas2? Du sparar ein del vekt óg kontra TNF M25.
-
Ja, ser at denne modellen var noko anna. Problemet er vel at utvalet av skistøvlar er rimeleg lite og at fåe av dei er spesielt heite. Sjølv har eg Varg Skavl som er kjøpt for store slik at eg får plass til skikkelege ullsolar og ulluddar inni. Dette har funka veldig bra for min del, men viss det er snakk om BC så er det mange som skryt av Alfa Skarvet.
-
Meiner det var desse Lars Monsen testa og skreiv om i 365-boka. Det var i alle høve ein Fischer-modell som ikkje akkurat fekk dei beste skussmål.
-
MrRH: Mogleg eg ikkje les nøye nok, men kva type ski vart det? Har du plater under Voilé-bindingane? Eg vurderer sjølv Ingstad, men kanskje med Rottefella Chilli - er det nokon som trur det vil funka? Bruksområdet er då meir for bratt terreng og gjerne i skog (har vanlege fjellski til andre ting). På skofronten køyrer eg Varg Skavl.
-
Samd i det: God lufting er avgjerande, for ein må nesten kunna fyra opp primusen inne, men stormmatter hadde vore kjekt. Eg har óg eit Nammatj 3 som har synt seg som eit glimrande vintertelt gjennom snart ti år.
-
Når det gjeld britiske nettbutikkar så har eg handla frå www.towerridge.co.uk og www.jackson-sports.com med stort hell. Dei reknar ut frakt alt etter kor stor sendinga er. Eg har óg handla frå Cotswold, men der var frakta dyr (betalte meir i frakt enn kva produktet kosta).
-
Xero 250 /350 Hvilkken størrelse til mann 180cm
krokavatnet svarte på fiskekongen sitt emne i Soveposer og liggeunderlag
Eg har Xero 500 og er svært nøgd med posen, men eg har XL trass i at eg er 176. Grunnen til det er at eg hadde ein annan ME-pose i std, men denne var altfor kort. I sportsbutikkane meinte dei sjølvsagt at XL var altfor lang. -
Eg såg ei veldig fin Fiskars bogesag på butikk for ei stund sida - er det nokon som har kjennskap til kvaliteten der? Det var ei hendig lita sag som ville fått plass i dagstursekken.
-
Har brukt både ME og Sir Joseph, men held ein knapp på sistnemnde. Produkta frå Sir Joseph er kortreiste ettersom dei brukar aust-europeisk dun og elles syr alle kleda i Turnov, Tsjekkia. MH og ME får kleda sydd i Asia og det er heller ikkje like lett å finna kvar duna kjem frå. Skulle eg kjøpt dunjakke ville eg gått får Spantik frå Sir Joseph.
-
Hei, Eg har nettopp kjøpt denne posen, men ikkje fått brukt han enno. Posen er visst 188 cm innvendig, noko som kan verta i kortaste laget for deg. Sjølv er eg 176 og opplever at lengda på posen er ganske så perfekt for meg. Posen er elles ganske rommeleg ettersom han er designa for vinterbruk, men han veg likevel ikkje meir enn 1800 g totalt. Det skal gå an å få Summit 900 i ekstra lengde. Sjekk med www.towerridge.co.uk - dei svarar kjapt på e-post.